Ot.prp. nr. 81 (2003-2004)

Om lov om endringar i lov 13. juni 1997 nr. 53 om tilsyn med erverv i dagspresse og kringkasting

Til innhaldsliste

9 Merknader til dei einskilde paragrafane

Til § 3 Lovens saklige virkeområde

I den første setninga er omgrepet «foretak som utgir dagsavis» skifta ut med det noko vidare omgrepet «foretak som driver dagspresse» i samsvar med gjeldande praksis og omgrepsbruken elles i lova (jf § 3 andre setning og §§ 7 og 9). Omgrepet «dagsavis» er i forarbeida avgrensa til aviser som kjem ut minst fire gonger i veka, medan dagspresseomgrepet òg omfattar aviser som ikkje kjem ut så ofte. 1 For å gjere verkeområdet for lova klart og harmonisere omgrepsbruken meiner departementet at lova berre bør nytte omgrepa «dagspresse» og «dagspresseforetak». Endringa er difor språkleg og inneber inga realitetsendring.

Omgrepet «kringkasting» er vidare spalta opp i omgrepa «fjernsyn og radio» utan at dette inneber noka realitetsendring. Endringa er gjort for å markere at fjernsyn og radio skal vurderast som sjølvstendige marknader i høve til inngrepsheimelen i § 9.

Framlegget utvidar verkeområdet for lova til òg å omfatte elektroniske medium. Heimelen for Kongen til å utvide verkeområdet er difor teken ut. Den nærmare avgrensinga av kva for elektroniske medieføretak som vil vere omfatta av lova må byggje på ei tolking av lovføremålet, jf § 1. Avgrensinga samsvarar med framlegget til Konvergensutvalet (NOU 1999. 26). Fjernsyn og radio kan langt på veg òg bli definerte som elektroniske medium, men skal i høve til systemet i lova reknast som særskilde sektorar. Departementet viser til drøftinga under pkt. 6.1.

Føretaksomgrepet byggjer på det tilsvarande omgrepet i konkurranselova. Dette er igjen inspirert av konkurranselovgivinga i EU. Praksis frå konkurransefeltet kan difor vere ein relevant tolkingsfaktor i høve til dette omgrepet.

Til § 4 Lovens stedlige virkeområde

Verkeområdet skal etter endringa ikkje berre knyte seg til oppkjøp, men òg samarbeidsavtalar. Endringa er gjort som følgje av nytt sjette ledd i § 9.

Til § 7 Tilsynsmyndighetens oppgaver

I overskrifta er omgrepet «tilsynsorgan» bytta ut med omgrepet «tilsynsmyndighet» for å bringe regelen i samsvar med dei andre reglane i lova.

Som følgje av samanslåinga av tilsyn på mediesektoren vert namnet på tilsynet endra frå «Eigarskapstilsynet» til «Medietilsynet». I Ot.prp. nr. 40(2003-2004) «Om lov om endringar i einskilde lover som følgje av etableringa av Medietilsynet» har departementet gjort framlegg om namneendringar i dei lovene som det nye Medietilsynet skal forvalte. I denne samanhengen vert namnet på tilsynsorganet difor berre endra der det vert gjort framlegg om lovendringar.

I samsvar med § 3 i lovframlegget er omgrepet «kringkasting» erstatta av omgrepa «fjernsyn» og «radio», samstundes som elektroniske medium er lagt til.

Alternativet om å «bidra til å skape større åpenhet ...»har først og fremst samanheng med drifta av Medieregisteret.

Til § 8 Klagenemnd

I gjeldande lov er det fastsett at klagenemnda skal ha tre medlemmer med varamedlemmer. Ved nyoppnemning av klagenemnda for perioden 2003-2006 har departementet lagt til grunn at det er tilstrekkeleg med to varamedlemmer som ikkje er personlege. Lova er likevel ikkje heilt klår på dette punktet i dag. Departementet gjer difor framlegg om å presisere i lova at Klagenemnda berre skal ha to - ikkje personlege - varamedlemmer.

Til § 9 Inngrep mot erverv av eierandel

I første leddet er omgrepet «kringkasting» spalta opp i omgrepa «fjernsyn» og «radio» for å markere inndelinga i dei ulike mediesektorane, jf framlegget til ny § 10 og ny § 11. Vidare slår lovforslaget uttrykkeleg fast at det berre er høve til å gjere inngrep ut frå eigarstillinga på nasjonalt og regionalt nivå, jf. omtalen i pkt. 3.1.

§ 9 er den sentrale heimelen for å gripe inn mot oppkjøp. Regelen fører vidare dei to vilkåra for å gripe inn; at det ligg føre ei sterk («betydelig») eigarstilling og at denne eigarstillinga er i strid med lovføremålet. Begge vilkåra må tolkast i lys av dei utfyllande reglane i §§ 10 og 11, sjølv om desse etter ordlyden berre gjeld vilkåret «betydelig eierstilling».

Heimelen til å gripe inn mot oppkjøp inneheld ikkje noko krav om at oppkjøparen skal oppnå kontroll i det oppkjøpte føretaket, sjølv om det oftast ikkje vil vere aktuelt å gripe inn mot oppkjøp der oppkjøparen ikkje oppnår kontroll. Det kan likevel vere aktuelt å gripe inn mot minoritetsoppkjøp ved såkalla krysseigarskap (jf § 10 bokstav e), eller dersom eitt einskilt føretak aleine har ein marknadsdel på om lag 40 pst. i den aktuelle mediemarknaden.

Elektroniske medium er ikkje omfatta av § 9 eller dei utfyllande reglene i §§ 10 og 11, ettersom departementet legg til grunn at slike medium per i dag ikkje kan reknast som nokon eigen mediemarknad etter medieeigarskapslova, jf. omtalen i pkt. 6.1.

Tredje leddet i lovframlegget er nytt og gjev Medietilsynet heimel til å vedta mellombels forbod. Regelen inneheld to vilkår. For det første må det vere rimeleg grunn til å tru at vilkåra for inngrep er til stades, d.t. at oppkjøpet vil gje kjøparen ei sterk eigarstilling i mediemarknaden i strid med lovføremålet i § 1. For det andre må Medietilsynet meine at eit mellombels forbod er naudsynt for å kunne gjennomføre eit eventuelt seinare vedtak om inngrep. Departementet legg til grunn at nedlegging av mellombelse forbod må skje etter ei konkret vurdering der omsynet til å kunne gjennomføre eventuelle seinare vedtak vert vurdert mot føretaka sine behov for å gjennomføre strukturendringar. Eit mellombels forbod vil først og fremst vere aktuelt der oppkjøparen nærmar seg eigarskapsgrensene i §§ 10 eller 11. Dei aller fleste oppkjøpa vil difor kunne gjennomførast utan hinder av heimelen til å nedleggje mellombels forbod. For å sikre effektiv kontroll må vilkåra for mellombelse forbod likevel ikkje vere for strenge.

Regelen gjev òg tilsynet heimel til å vedta «andre tiltak» som er naudsynte for å kunne gjennomføre eit seinare vedtak om inngrep. Til dømes kan det vere aktuelt å leggje visse grenser på oppkjøparen sin råderett over eigardelane og aktiva. Regelen er utforma etter mønster frå konkurranselova § 3-11 fjerde ledd, slik at praksis etter konkurranselova kan vere relevant som tolkingsfaktor.

Regelen i § 9 fjerde ledd gjev Medietilsynet ei plikt til å freista å komme fram til ei minneleg løysing med oppkjøparen, eller den inngrepet elles er tenkt retta mot. I lovframlegget vert det slått fast at regelen ikkje gjeld der Medietilsynet grip inn med eit mellombels forbod etter fjerde leddet.

Sjette leddet er nytt og gjev tilsynet heimel til å gripe inn mot samarbeidsavtalar«som gir en avtalepart samme eller tilsvarende innflytelse over det redaksjonelle produktet som et erverv». Målet om eigarmangfald i media er basert på føresetnaden om at eigarskapen kan påverke dei redaksjonelle produkta, mellom anna ved at eigarane tilset redaktør, definerer dei overordna måla for selskapa, rammene for verksemda, fordelinga av ressursane osb. Nokre former for samarbeidsavtalar kan gje avtalepartane same type innverknad på dei redaksjonelle produkta som eit oppkjøp.

Vilkåra for inngrep vil vere dei same som ved oppkjøp, d.t. at samarbeidspartane kvar for seg eller samla må ha eller få ei sterk stilling i marknaden nasjonalt eller regionalt i strid med lovføremålet i § 1. Departementet legg likevel til grunn at regelen først og fremst vil vere ein sikringsventil ved ordningar som ligg nært opp til oppkjøp og som gir endringar av varig karakter. Regelen bør praktiserast med varsemd. Inngrep bør berre gjerast i klare tilfelle.

Til § 10 Nasjonale eierskapsbegrensninger

Paragraf 10 i lovframlegget er ny og fastset nasjonale grenser for eigarskap i ulike mediemarknader. Regelen inneber ei kodifisering av grenser som tidlegare berre gjekk fram av forarbeida til lova (dagspressa), eller av praksis i tilsynet (radio og fjernsyn). Grensa vert heva frå 1/3 (eller 33 pst.) til 40 pst. av dei einskilde marknadene. Regelen klargjer òg at lokalradio og lokalfjernsyn ikkje vert rekna som separate marknader i høve til medieeigarskapslova.

Etter ordlyden er regelen knytt til vilkåret om sterk eigarstilling på nasjonalt plan. Det er likevel ein sterk presumpsjon for at ei sterk eigarstilling etter alternativa i a) til d) òg vil vere i strid med lovføremålet. Motstridsvilkåret vil i desse tilfella meir ha karakter av ein unntaksregel enn eit sjølvstendig vilkår. Når det i lovteksten er sett konkrete grenser er det eit utrykk for at eigarkonsentrasjon ut over desse grensene i regelen òg vil vere i strid med lovføremålet. Tilsynet må likevel gjere ei konkret vurdering av om motstridsvilkåret er oppfylt i kvart tilfelle.

Bokstav d) og e) i framlegget inneheld nasjonale grenser for multimedieeigarskap. Her er grensene utforma etter eit trappetrinnsystem der det er fastsett grenser for kor mykje ein aktør kan eige i fleire mediesektorar. Dette er eit anna system enn gjeldande regulering der Medietilsynet etter skjønn kan nedjustere grensene innanfor dei enkelte mediesektorane dersom ein aktør òg har omfattande eigarinteresser i andre mediesektorar.

Når det gjeld grensa for krysseigarskap i bokstav f), vert vurderinga av om eigarstillinga er i strid med lovføremålet meir skjønnsmessig enn tilfellet er for alternativa a) til e). Det nye er at regelen er utvida til også å gjelde for fjernsyn og radio. Føremålet med regelen er å oppretthalde ein situasjon med tre store uavhengige aktørar i den norske mediemarknaden. Dette inneber at det først og fremst vil vere grunn til å gripe inn mot oppkjøp som i røynda vil innebere ein reduksjon frå tre til to store uavhengige aktørar i marknaden. Tilsynet skal såleis ikkje gripe inn mot oppkjøp eller samanslåingar som i praksis inneber etablering av ein fjerde stor aktør på marknaden. Tilsynet skal heller ikkje gripe inn mot oppkjøp eller samanslåing av to store uavhengige aktørar dersom det er fleire enn tre store uavhengige aktørar i marknaden. Departementet viser til drøftinga under pkt. 4.3 og til Ot.prp. nr. 30 (1996-97) s. 20-21.

Til § 11. Regionale eierskapsbegrensninger

Regelen er ny og inneheld eigarskapsgrenser på regionalt plan. Sjølv om det etter framlegget ikkje er heimel til å gripe inn mot eigarskapskonsentrasjon på lokalt nivå, skal lokalaviser trekkjast inn ved fastsettinga av det samla dagsopplaget i regionen. Det vil dessutan framleis vere høve til å gjere inngrep mot oppkjøp av lokalaviser dersom ein aktør overstiger eigarskapsgrensene i regelen.

Regelen fastset ei regional eigarskapsgrense på 60 prosent innanfor dagspressa. Ei sterk eigarstilling etter § 11 vil normalt også vere i strid med lovføremålet. Medietilsynet må likevel vurdere i kvart tilfelle om oppkjøpet er i strid med lovføremålet.

Det vert gjort framlegg om Kongen fastset medieregionane i forskrift.

Til § 12 Forhåndsklarering

§ 12 i lovframlegget byggjer på § 10 i gjeldande lov. Regelen inneheld justeringar som følgje av endringar elles i lova samt nokre presiseringar og inneber difor ingen materielle endringar.

Første ledd, tredje setning lyder i dag: «Dersom det varsles inngrep, gjelder fristen i § 9 siste ledd for tilsynets videre behandling.»Denne setninga er fjerna ettersom ho kan vere noko forvirrande og ikkje seier meir enn det som alt følgjer av § 9.

Til § 13 Opplysningsplikt m.v.

Regelen om opplysningsplikt byggjer på § 11 i gjeldande lov, men er tilpassa framlegga om endringar i dei andre reglane. Bokstav c) er lagt til for å gje ein klarare heimel for innhenting av opplysningar i samband med oppdateringa av Medieregisteret. Departementet legg til grunn at regelen er i samsvar med gjeldande rett og at han difor ikkje inneber ei reell utviding.

I tredje ledd i lovframlegget er det gjort ei mindre endring som inneber at meldeplikt òg kan påleggjast privatpersonar og andre føretak enn reine medieføretak. Regelen vil mellom anna vere naudsynt dersom oppkjøp vert gjort av føretak som enno ikkje har eigardelar i noko medieføretak.

Til § 15. Tvangssalg

I denne regelen, som bygger på § 13 i gjeldande lov, er det berre gjort ei mindre endring for å presisere at høvet til tvangssal berre gjeld ved vedtak om sal av eigardelar etter § 9. Omgrepa «aksjer» og «andeler» er dessutan erstatta av omgrepet «eierandeler» for å gjere omgrepsbruken konsistent i høve til dei andre reglane i lova.

Fotnotar

1.

NOU 1995: 3 s. 26

Til forsida