Ot.prp. nr. 82 (2002-2003)

Lov om endringar i lov 20. desember 1985 nr. 108 om folkebibliotek

Til innhaldsliste

2 Utviklingsarbeid på bibliotekfeltet

I St.meld. nr. 22 (1999-2000) Kjelder til kunnskap og oppleving, den såkalla abm-meldinga, la departementet fram tanken om å integrere Statens bibliotektilsyn og Norsk museumsutvikling i eit nytt fellesorgan som også skulle arbeide med arkivspørsmål. Arbeidstittelen var ABM-utvikling - Kulturdepartementets samordningsorgan for arkiv, bibliotek og museum. På bibliotekfeltet viste meldinga til dei mange nye utfordringane folkebiblioteka står overfor i samband med utnytting av ny teknologi, desentralisert utdanning, fjernlånstenester, innhenting og bearbeiding av informasjon og tilgang til databasar. Konklusjonen var at folkebiblioteka burde stimulerast til å utvikle nye og alternative samarbeids- og samordningsmodellar, og at det særleg var viktig at dei mange små bibliotekeiningane på kommunenivå kunne utvikle samarbeid på tvers av kommunegrensene.

I meldinga vart det vidare vist til behovet for tettare samhandling mellom folkebiblioteka og fag- og forskingsbiblioteka. Det ideelle målet, heitte det, var å få til eit tilnærma saumlaust bibliotektilbod, dvs. at brukarane ikkje skal måtte tenkje på kva type bibliotek dei vender seg til når dei treng bibliotektenester. I Innst. S. nr. 46 (2000-2001) frå familie-, kultur- og administrasjonskomiteen vart det dessutan peika på at det var behov for eit sektor- og departementsovergripande nasjonalt koordineringsansvar for heile bibliotekområdet. Det vart her vist til eit tidlegare framlegg om å slå Statens bibliotektilsyn saman med Riksbibliotektenesta. Denne tanken vart teken opp av kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen i Innst. S. nr. 337 (2000-2001). Komiteen viste til framlegget i abm-meldinga om eit fellesorgan for arkiv, bibliotek og museum og såg det som ein føresetnad at regjeringa i samband med dette gjennomførte ei samanslåing av Statens bibliotektilsyn og Riksbibliotektenesta.

I samsvar med dette foreslo Kulturdepartementet i budsjettframlegget for 2002 å opprette det nye fellesorganet ikkje berre som eit tverrsektorielt samordningsorgan innanfor departementets ansvarsområde, men som eit departementsovergripande organ for heile arkiv-, bibliotek- og museumsfeltet. Det vart i 2002 gjennomført ein utgreiings- og omdanningsprosess, og institusjonen er formelt etablert og i operativ funksjon frå 1. januar 2003 under namnet ABM-utvikling - Statens senter for arkiv, bibliotek og museum. ABM-utvikling har hovudtilknyting til Kultur- og kyrkjedepartementet, men i samsvar med føresetnadene er det i vedtektene fastsett at institusjonen skal arbeide på tvers av departementale og andre administrative grenselinjer, og at institusjonen kan ha direkte dialog med ulike fagdepartement og fagetatar. Etableringa av ABM-utvikling inneber samstundes at Norsk museumsutvikling, Riksbibliotektenesta og Statens bibliotektilsyn er avvikla. Lovparagrafen som omtaler Statens bibliotektilsyn, må derfor endrast.

Som ledd i arbeidet med å følgje opp tanken om eit fellesorgan for arkiv, bibliotek og museum hadde Kulturdepartementet hausten 2000 oppnemnt eit utval av ekspertar frå Sverige, Danmark og Noreg for å evaluere Statens bibliotektilsyn og Norsk museumsutvikling. I evalueringsrapporten frå april 2001 vart det tilrådd å redefinere det mandatet som Statens bibliotektilsyn hadde arbeidd etter, slik at det kunne leggjast mykje sterkare kraft i arbeidet med sentralt initierte utviklingstiltak på bibliotekområdet. Det måtte eventuelt skapast rom for dette ved å tone ned andre oppgåver, mellom anna dei tradisjonelle tilsynsfunksjonane. Utvalet meinte også at det var behov for eit sentralorgan som var i stand til å arbeide meir heilhjarta og kraftfullt for å utvikle og gjennomføre heilskaplege, strategiske tiltak for ein samla biblioteksektor.

Departementet meiner det no er lagt til rette for dette ved at Statens bibliotektilsyn er slått saman med Riksbibliotektenesta innanfor ramma av ABM-utvikling. Den nye institusjonen representerer eit meir tidstilpassa instrument i den statlege bibliotekpolitikken, med eit vidare virkefelt og eit større handlingsrom enn dei tidlegare institusjonane hadde kvar for seg. Dette vil mellom anna gjere det lettare å utgreie, utvikle og utprøve framtidsretta og samanhengande tiltak på bibliotekfeltet spesielt og abm-området generelt.

Abm-meldinga viste til at hovudfunksjonen til biblioteka framleis vil vere å skaffe og låne ut prenta materiale i ei eller anna form til ulike kategoriar brukarar, men at det likevel kan kome store endringar på fleire felt i åra frametter. Den overgripande utfordringa, heitte det, vil verte å utvikle tenestetilbod til ei brukargruppe med auka utdanningsnivå og høgare krav til tenestene. Den viktigaste endringsfaktoren vil vere auka bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi. Meldinga slo fast at dette vil stille store krav til nytenking og kreativitet i høve organiseringa av og innhaldet i bibliotektenestene.

Desse utfordringane vart også sterkt framheva i den nemnde evalueringsrapporten. Det heitte her at det vil krevjast av alle bibliotek at dei tilpassar seg endra rammevilkår, og at nye teknologiske løysingar, nye tenester, nye organisasjonsformer og ny kompetanse må utviklast. Folkebiblioteka må stimulerast til å organisere nye tenester, til å utvikle samarbeidet over kommunegrensene, til å syte for etter- og videreutdanning av personalet og for eit tettare samspel med fagbiblioteka.

Ei sentral problemstilling er ifølgje utvalet at nettverkssamfunnet skaper nye arbeidsmåtar og krev ei kompetanse- og tenesteutvikling som det er særleg vanskeleg for dei små bibliotekeiningane å realisere kvar for seg. Kravet frå brukarane vil vere eit bibliotek som lever opp til dagens standard, noko dei små einingane i lengda ikkje kan gjere åleine. Dei må inngå alliansar og ha støtte frå sterke regionale bibliotek, ei rolle dei noverande fylkesbiblioteka ikkje fullt ut kan fylle, ifølgje utvalet. Folkebiblioteka må også inngå i nettverk og nyte godt av regionalt eller nasjonalt utvikla elektroniske tenester.

Evalueringsutvalet konkluderte med at det i eigna form bør gjennomførast eit fagleg utgreiingsarbeid med utgangspunkt i den strategien som er skissert i abm-meldinga, eit utgreiingsarbeid som grunnleggjande definerer kva roller biblioteka skal spele i dagens og morgondagens informasjons- og kunnskapssamfunn. Dei problemstillingane som er konkretiserte i meldinga, bør alle inngå i utgreiinga, eller det kan utarbeidast delutgreiingar for kva strategiar som skal følgjast på dei enkelte områda.

I den prosjektskissa for etablering av ABM-utvikling som departementet utarbeidde hausten 2001, er den nye institusjonen pålagd å følgje opp rapporten frå evalueringsutvalet. Det heiter mellom anna at ABM-utvikling særleg skal gripe fatt i dei nye utfordringane og framtidsutsiktene som framstår som sentrale i informasjons- og kunnskapssamfunnet, vidare at ABM-utvikling skal formulere dei aktuelle hovudutfordringane for arbeidet innanfor kvar av dei tre delsektorane og utvikle ein strategi for korleis desse skal handterast, med tilhøyrande grep for å omsetje strategien i praktisk handling.

I notatet med framlegg til endringar i lov om folkebibliotek som departementet sende på høyring hausten 2002, er det vist til at ein i nær framtid vil setje i gang ei større utgreiing og evaluering av heile folkebiblioteklova, og at ein her også vil ta opp spørsmålet om ei ny lov som omfattar alle typar bibliotek for å setje tanken om eit saumlaust bibliotektilbod ut i livet.

Tanken om ei felles lov for heile biblioteksektoren var mellom anna reist i eit brev av 20. desember 2001 frå Norsk Bibliotekforening til kulturministeren. I januar 2002 fekk Senter for bibliotekutvikling ved Høgskolen i Oslo i oppdrag å greie ut spørsmålet om å utvide folkebiblioteklova til også å omfatte statlege fag- og forskingsbibliotek. Utgreiingsrapporten har tittelen »En sømløs biblioteklov for sømløse bibliotektjenester?» Rapporten drøfter ein del underliggjande forhold som må avklarast og endrast for å leggje til rette for eit slikt lovverk, og viser at lovgjeving i seg sjølv berre er eitt av fleire verkemiddel på vegen mot å realisere visjonen om det saumlause biblioteket. Utgreiaren meiner likevel at ei slik lov kan vere formålstenleg for å halde målet i sikte og sikre at utviklinga går i ønskt retning.

Tanken om ei felles biblioteklov finn ein også i rapporten frå eit utval som på oppdrag frå Statens bibliotektilsyn i 2001 greidde ut spørsmålet om kva rolle fylkesbiblioteket bør spele i eit framtidig biblioteksystem. Statens bibliotektilsyn sende rapporten på høyring og konkluderte i ei oppsummering av høyringsfråsegnene i august 2002 med å tilrå overfor departementet at det vert sett i gang eit arbeid med ein full revisjon av biblioteklova. Det heitte likevel at spørsmålet om å utvide verkeområdet for lova til å femne om fleire bibliotektypar, måtte vurderast på eit breiare grunnlag enn den nemnde utgreiinga, og at ein ikkje minst måtte høyre alle dei instansar utanfor gjeldande folkebiblioteklov som ei eventuell slik utviding ville vedkome.

Det må utgreiast nærmare kva for verkemiddel som kan vera formålstenlege for å leggje til rette for eit meir samordna og saumlaust biblioteksystem. Om ei felles lovgjeving vil vere vegen å gå, er enno eit ope spørsmål. Kultur- og kyrkjedepartementet vil i samråd med Utdannings- og forskingsdepartementet og ABM-utvikling - Statens senter for arkiv bibliotek og museum vurdera korleis eit vidare utgreiings- og utviklingsarbeid på bibliotekfeltet skal leggjast opp.