Ot.prp. nr. 82 (2002-2003)

Lov om endringar i lov 20. desember 1985 nr. 108 om folkebibliotek

Til innhaldsliste

3 Høyringsnotatet hausten 2002

3.1 Innleiing

Eit høyringsnotat med forslag til lovendringar vart 1. oktober 2002 sendt til rundt 600 høyringsinstansar som omfatta kommunar, fylkeskommunar, sentrale institusjonar og organisasjonar.

Bakgrunnen var ønsket om å gjere nokre snarlege justeringar i lova utan å vente på ein eventuell større lovrevisjon som det nødvendigvis vil ta lengre tid å utgreie og førebu. Mellom anna var det i abm-meldinga drøfta visse lovendringar, og også i St.meld. nr. 31 (2000-2001) Kommune, fylke, stat - en bedre oppgavefordeling, oppgåvefordelingsmeldinga, var det varsla at Kulturdepartementet ville kome tilbake med forslag til eit par endringar i folkebiblioteklova.

3.2 Forslaget i høyringsnotatet

Lovendringsforslaget gjaldt i hovudsak følgjande punkt:

  • Folkebiblioteklova § 4 første ledd om kommunale folkebibliotek. I staden for å påleggje kommunane å ha folkebibliotek ville ein påleggje dei å yte folkebibliotektenester, for å leggje til rette for meir fleksible organisatoriske løysingar.

  • Folkebiblioteklova § 8 om fylkesbibliotek. Forslaget ville fjerne kravet om eit fylkesbibliotek i kvart fylke og kravet om at fylkesbiblioteket skal vere knytt til eit folkebibliotek.

  • Folkebiblioteklova § 9 første ledd. Lovpålegget om at fylkesbiblioteka skal ha ansvaret for fjernlånsverksemda, vart foreslått oppheva saman med pålegget om å ha ein felles plan for å skaffe og oppbevare litteratur og føresegna om at fylkesbiblioteka kan drive mobil bibliotekteneste.

  • Folkebiblioteklova §§ 5 og 8, som pålegg kvar kommune og fylkeskommune å ha fagutdanna biblioteksjef og fylkesbiblioteksjef, vart foreslått fjerna som ei oppfølging av prinsippa i oppgåvefordelingsmeldinga.

  • Tilvisinga til Statens bibliotektilsyn i § 13 vart foreslått fjerna.

Det vart i høyringsnotatet også foreslått mindre tekniske endringar i §§ 2, 3 og 10.

Forslaget i høyringsnotatet til endring av §§ 4 og 8 ville innebere ei opning for kommunane til samlokalisering av folkebibliotek over kommunegrensene og ei opning for fylkeskommunane til å organisere dei regionale folkebibliotektenestene utan å halde på eit fylkesbibliotek som ei eiga eining. Ein ville med dette oppmode til at ein skulle finne fram til slike samarbeidskonstellasjonar og organiseringsmodellar som det lokalt eller regionalt ligg best til rette for, og ein ville stimulere til meir bruk av interkommunale løysingar for organisering av folkebibliotektenester.

I forslaget vart det foreslått å fjerne pålegget i § 9 om at fylkesbiblioteka skal ta seg av oppgåver i samband med fjernlån, lånesamarbeid og sin del av ein felles plan for innkjøp og oppbevaring av litteratur. Ein ville med dette leggje til rette for å prøve ut ulike former for organisering av desse tenestene. Det vart også foreslått å fjerne formuleringa om at fylkesbiblioteket kan drive utlån frå bokbuss eller bokbåt i § 9 andre ledd, då denne lovteknisk sett er overflødig.

Departementet ville leggje til rette for prioritering av dei viktige oppgåvene med omsyn til opplæring og rådgjeving når det gjeld høve til å utnytte den teknologiske utviklinga, både når det gjeld direkte fjernlånsamarbeid og tilgang til og bruk av elektroniske publikasjonar, og auka fokus på fylkeskommunens rolle som utviklingsaktør.

Til grunn for forslaget i høyringsnotatet om å fjerne kompetansekravet til biblioteksjefar i §§ 5 og 8 låg synspunkt som er i samsvar med prinsippa i oppgåvefordelingsmeldinga, der det er skrive under punkt 5.2.2:

«Regler om at kommunesektoren må ansette kvalifisert personell og sørge for nødvendig opplæring og etterutdanning må som utgangspunkt fjernes. Dette bygger på en forståelse av at når kommunesektoren er tillagt ansvaret for å løse en oppgave, vil kommunene og fylkeskommunene også være ansvarlig for å ansette nødvendig og tilstrekkelig personell med adekvat kompetanse.»

I vedlegg 5 til meldinga vart det vist til folkebiblioteklova §§ 5 og 8 og uttala at:

«Kulturdepartementet vil fremme forslag om at kravet om fagutdannet biblioteksjef fjernes.»

Like eins var forslaget i notatet om at fylkesbiblioteket ikkje skal vere knytt til eit folkebibliotek, ei oppfølging av oppgåvefordelingsmeldinga, vedlegg 5, der det heiter:

«Kulturdepartementet vil fremme forslag om at det ikke lenger skal være et krav at fylkesbiblioteket skal være knyttet til et folkebibliotek.»

3.3 Høyringsinstansane sine synspunkt

Departementet fekk inn over 250 høyringsfråsegner, og forslaga vart debatterte i media. Oversikt over høyringsinstansar som uttala seg, følgjer som vedlegg.

Hovudtendensen i høyringsfråsegnene er at ein ber om at berre dei heilt nødvendige endringane i folkebiblioteklova § 13, som følgje av at Statens bibliotektilsyn ikkje eksisterer frå 1. januar 2003, vert gjennomførte no, og at dei materielle endringane vert utsette til konsekvensane er utgreidde i ein større samanheng.

Mange av høyringsfråsegnene og også debatten i media gav uttrykk for stor uro i samband med dei foreslåtte endringane i folkebiblioteklova § 4. Mange støtta prinsippa om auka sjølvstyre og meir samarbeid med andre kommunar, fylkeskommunar og statlege instansar, men uttrykte samstundes frykt for at den foreslåtte endringa ville føre til eit dårlegare bibliotektilbod, og at konsekvensen ville verte eit svært ulikt bibliotektilbod i kommunane. Bakgrunnen for dette synspunktet er at mange kommunar slit med dårleg økonomi, og at dei derfor i sine budsjett må prioritere lovpålagte oppgåver. Dette går ut over andre tenester.

Vidare peika forslaget om å fjerne kompetansekravet i §§ 5 og 8 seg ut som ei endring det var stor motstand mot. Fleirtalet av høyringsinstansane meinte at ein bør halde på kompetansekravet, anten slik det er i dag, eller ved at lovpålegget vert endra til eit krav om at kommunen skal ha personale med bibliotekfagleg kompetanse knytt til sitt bibliotektilbod. Bakgrunnen er mellom anna at dei tilsette ved bibliotek, og særleg større bibliotek, må ha god fagleg kompetanse, til dømes på grunn av nye medium og innføring av IKT. Statens bibliotektilsyn var imot forslaget om å fjerne kompetansekravet fordi det er viktig å halde oppe kompetansen i kommunane, og fordi ein ved å fjerne kravet også fjernar den obligatoriske kompetansehevinga for dei biblioteksjefane som ikkje er fagutdanna. Interimsstyret for ABM-utvikling meinte at heller ikkje dagens krav om fagutdanning sikrar kompetansen i kommunane, og at eit generelt etter- og videreutdanningstilbod innanfor biblioteksektoren vil femne om også biblioteksjefar utan fagutdanning.

3.4 Departementets vurderingar

Departementet har vurdert dei innkomne høyringsfråsegnene på bakgrunn av dei prinsippa som er nemnde ovanfor, og som vart lagde til grunn for den foreslåtte lovendringa på dette området. På dette grunnlag har departementet kome til at det er for tidleg å gjennomføre nokre av dei forslaga til endringar som vart lagde fram i høyringsnotatet, særleg med tanke på det planlagde utgreiingsarbeidet. Fleire av høyringsinstansane peika på at det er forhasta å endre lovgrunnlaget for tenester som verkar direkte på biblioteknettverket, og som vil ha verknad på utviklinga av det saumlause bibliotektilbodet.

Særleg var det stor motstand mot å fjerne kravet om folkebibliotek i kvar kommune ved i staden å knyte kravet til tenestetilbodet. Departementets nærmare vurderingar av desse innspela er gjevne i punkt 4.1.

Eit stort fleirtal av dei høyringsinstansane som kom med innspel, åtvara mot å fjerne kompetansekravet til biblioteksjefar i kommunar og ved fylkesbibliotek. Mange meinte at å fjerne kompetansekravet i ei tid då biblioteka har store behov for ny og oppdatert kompetanse, til dømes innanfor IKT og i samband med etterutdanningsreformene, vil gje uheldige signal. I ei omstillingstid der ein har nær sagt uavgrensa tilgang til informasjon, er det nødvendig med profesjonell hjelp til å finne relevant og kvalitetsmessig tilfang. Departementet har vurdert dei innkomne fråsegnene og vil på bakgrunn av desse gjere framlegg om å halde på kompetansekravet til konsekvensane av å fjerne det er betre utgreidde i samband med utviklinga mot det saumlause bibliotek.

Då eventuelle endringar i lovverket som ei oppfølging av den komande utgreiinga vil kunne ta tid, finn departementet det likevel tenleg å endre lova på nokre område på det noverande tidspunkt. Mellom anna vil ein leggje betre til rette for forsøksverksemd med samarbeidskonstellasjonar som eventuelt vil kunne følgjast opp med ytterlegare endringar i neste runde.