Ot.prp. nr. 82 (2002-2003)

Lov om endringar i lov 20. desember 1985 nr. 108 om folkebibliotek

Til innhaldsliste

4 Lovendringsforslaga i proposisjonen

4.1 Organisering av folkebibliotektenester - folkebiblioteklova §§ 4 og 8

Det er kommunane som har ansvaret for dei lokale folkebiblioteka, medan det er fylkeskommunen som har ansvaret for fylkesbiblioteka, jf. folkebiblioteklova § 2. Kapittel II i lova gjev nærare reglar for dei kommunale folkebiblioteka, og § 4 slår fast at alle kommunar skal ha eit folkebibliotek til dei formåla som er nemnde i kap. I. I § 4 andre ledd er det gjeve høve til heilt eller delvis driftsfellesskap med annan kommune eller fylkeskommune. Kommunen skal fastsetje reglement for folkebiblioteket på grunnlag av retningslinjer gjevne av departementet. Etter § 5 skal alle kommunar ha fagutdanna biblioteksjef.

Etter folkebiblioteklova § 8 første ledd skal alle fylkeskommunar ha eit fylkesbibliotek. Fylkesbiblioteket skal leiast av ein fagutdanna biblioteksjef og vere knytt til eit folkebibliotek. På grunnlag av retningslinjer gjevne av departementet fastset fylkeskommunen reglement for drifta av fylkesbiblioteket etter § 8 andre ledd. Fylkesbiblioteka har ei rekkje lovpålagde oppgåver som går fram av folkebiblioteklova §§ 9 til 11. Mellom anna har dei ansvaret for fjernlånsverksemda i fylket, organiseringa av lånesamarbeidet mellom biblioteka og sin del av den felles planen for å skaffe og oppbevare litteratur.

Som nemnt innleiingsvis er biblioteka inne i ei omstillingstid som gjer at dei bør stimulerast til å utvikle nye og alternative samarbeids- og samordningsmodellar for organisering av bibliotektenester, både på lokalt og regionalt nivå. Særleg er det viktig at dei mange små bibliotekeiningane på kommunenivå kan utvikle samarbeid over kommunegrensene.

Statleg regelverk retta mot sektoren vart gjennomgått i samband med oppgåvefordelingsmeldinga, med tanke på å gje kommunar og fylkeskommunar større handlingsrom, høve til å sjå ulike sektorar i samanheng og å sjå organisasjon og planlegging samla. Som nemnt ovanfor i punkt 1.3 vart det gjeve signal om at Kulturdepartementet ville fremme forslag om å fjerne dette kravet, noko Stortinget slutta seg til.

For å få til eit tids- og kvalitetsmessig bibliotektilbod rundt om i landet vurderer departementet det slik at bibliotekfeltet bør utviklast mot større, og fagleg og økonomisk sterkare folkebibliotekeiningar. Departementet la derfor fram eit forslag om å fjerne kravet om eit bibliotek i kvar kommune og erstatte det med eit krav om at kvar kommune skulle vere ansvarleg for dei lokale folkebibliotektenestene.

Mange av høyringsfråsegnene og debatten i media var knytte til forslaga om endringar i folkebiblioteklova § 4 om kommunale folkebibliotek, fordi ein frykta at ei slik lovendring ville medføre at kommunane ville leggje ned folkebiblioteka og sende innbyggjarane til nabokommunens bibliotek for å spare pengar. Mange såg føre seg ei rasering av biblioteknettverket som ville resultere i eit langt dårlegare bibliotektilbod. Ein del av det som kom fram i debatten, bygde på feil forståing av forslaget, då ein trudde at kommunane ville stå fritt til å kutte tilskotet til folkebibliotektilbodet. Det faktiske forholdet var at også etter forslaget ville kommunane ha plikt til å gje eit bibliotektilbod. Dersom ein kommune skulle finne at det ville vere ei rasjonell løysing å samarbeide med nabokommunen om bibliotekdrifta, ville dette måtte byggje på ei økonomisk forpliktande avtale.

Det er departementets vurdering at dei ressursane som vert løyvde til bibliotekdrift, betre vil kunne nyttast til eit tidsmessig bibliotektilbod ved utvida samarbeid med andre institusjonar. I dag vert mange små folkebibliotek drivne på sparebluss med mangelfulle tilbod og avgrensa opningstider. Ein føresetnad for at biblioteka skal utvikle seg i takt med krav i tida, er nytenking og drøftingar av grunnleggjande spørsmål på bibliotekfeltet. Når ein god del høyringsinstansar peika på bibliotekets viktige rolle som møteplass, er departementet samd i dette, men eit godt og tidsmessig bibliotektilbod må vege tyngre. Eit bibliotek som kommunen ikkje ser seg råd til å halde ope i meir enn nokre timar i veka, gjer ikkje stor nytte korkje som møteplass eller som ein stad å låne bøker.

Departementet har vurdert dei innkomne høyringsfråsegnene på bakgrunn av dei prinsippa som er nemnde ovanfor i kap. 1, og som vart lagde til grunn for den foreslåtte lovendringa på dette området, og er kome fram til at det er for tidleg å følgje opp forslaget. Ein vil ikkje på det noverande tidspunkt gjere slike endringar i lovverket som kan gje signal om at kommunane og fylkeskommunane står friare til å spare inn på løyvingane til biblioteksektoren, når tankane bak forslaget er ei fagleg kvalitetsreform, ikkje ei rasjonaliseringsreform. Det er viktig at dei samarbeidsformene som kjem i stand, har utgangspunkt i at ein ønskjer å utvikle gode bibliotektilbod. Når det er teke til orde for eit større utgreiingsarbeid på bibliotekfeltet i nær framtid, finn departementet det no formålstenleg å leggje til rette for breiare forsøksverksemd med sikte på meir samarbeid på biblioteksektoren ved å ta inn ein heimel for unnatak frå kravet om at kvar kommune skal ha eit folkebibliotek og kvar fylkeskommune skal ha eit fylkesbibliotek.

Vidare ser departementet store fordelar ved å opne for samarbeid med statlege institusjonar og gjer framlegg om ei lovendring som opnar for slikt samarbeid. Somme stader ligg det til rette for å samarbeide - kan henda òg samorganisere - med museums- eller arkivfunksjonar for på den måten å få til eit større fagmiljø innanfor nærskylde funksjonar og dermed også betre tenester for innbyggjarane.

Kravet om at fylkesbiblioteket skal vere knytt til eit folkebibliotek, er foreslått fjerna for å gje fylkeskommunen noko større handlingsrom med omsyn til organisering av dei regionale folkebibliotektenestene.

4.2 Statlege folkebibliotektenester - folkebiblioteklova § 13

I folkebiblioteklova § 13 er det fastsett at det er Statens bibliotektilsyn som ivaretek statens oppgåver etter folkebiblioteklova, etter retningslinjer gjevne av departementet. Etter andre ledd skal Statens bibliotektilsyn leiast av ein direktør utnemnt av Kongen.

Som ei oppfølging av signal gjeve i abm-meldinga vart Statens bibliotektilsyn slått saman med Riksbibliotektenesta og Norsk museumsutvikling til det nye ABM-utvikling - Statens senter for arkiv, bibliotek og museum frå 1. januar 2003. Dette medfører at tilvisinga til Statens bibliotektilsyn i folkebiblioteklova § 13 må fjernast.

I høyringsrunden kom det ikkje fram nokon motstand mot dette forslaget. Tvert om rådde det store fleirtalet av høyringsinstansane departementet til å gjere endringa i folkebiblioteklova § 13, men utsetje dei andre endringane.

Endringsforslaget fastset at ABM-utvikling er ansvarleg for å løyse statlege folkebibliotekoppgåver. Ei lovendring i tråd med forslaget vil ikkje innebere ei endring av dei oppgåvene som i dag er eit statleg ansvar.