Ot.prp. nr. 82 (2002-2003)

Lov om endringar i lov 20. desember 1985 nr. 108 om folkebibliotek

Til innhaldsliste

6 Merknader til dei enkelte føresegnene i lovforslaget

Til § 4 andre ledd:

Forslaget til endring av § 4 andre ledd inneber at kommunane i tillegg til samarbeid med annan kommune eller fylkeskommune også kan samarbeide med statlege institusjonar om folkebibliotektenester. Det kan til dømes vere nyttig å sjå på høvet til å samarbeide nærare med høgskolar eller statlege arkivinstitusjonar.

Departementet finn det nødvendig å leggje til rette for viktige forsøk og utprøving av nye samarbeidskonstellasjonar ved å opne for å gjere unnatak frå kravet i første ledd om at alle kommunar skal ha eit bibliotek. ABM-utvikling vil kunne gjere unnatak frå kravet saman med tildeling av prosjektmidlar til utprøving av driftsfellesskap eller etter eigen søknad. Denne forsøksordninga følgjer ikkje føresegnene i lov av 26. juni 1992 nr. 87 om forsøk i offentleg forvaltning.

Til § 8:

Framlegget om å fjerne kravet om at fylkesbiblioteket skal vere knytt til eit folkebibliotek, opnar for alternative organisatoriske løysingar.

Ein gjer framlegg om å leggje til rette for utvida forsøksverksemd med omsyn til organisering av fylkesbiblioteka, som for dei kommunale folkebiblioteka, ved å opne for å gjere unnatak frå kravet om at det skal vere eit fylkesbibliotek i kvar fylkeskommune. Dette inneber at fylkeskommunen mellom anna kan prøve ut ei ordning der ein ikkje har fylkesbibliotek som eiga eining.

Til § 13:

Statens bibliotektilsyn vert teke ut av lovteksten, sidan institusjonen frå januar 2003 er slått saman med Riksbibliotektenesta og Norsk museumsutvikling til det nye organet ABM-utvikling. I lovteksten vert det slått fast at det er ABM-utvikling som er ansvarleg for dei statlege folkebibliotekoppgåvene.