Ot.prp. nr. 83 (2003-2004)

Om lov om oppheving av lov 18. juni 1971 nr. 79 om Norsk språkråd

Til innhaldsliste

2 Kort om bakgrunnen

På bakgrunn av den orienteringa som Stortinget fekk i samband med budsjettbehandlinga hausten 2002, innleidde Kultur- og kyrkjedepartementet i 2003 ein prosess for å omdanna Norsk språkråd til eit meir utoverretta kompetanseorgan for norsk språk, jf. St.prp. nr. 1 (2002-2003) for Kultur- og kyrkjedepartementet (budsjettproposisjonen for 2003).

Norsk språkråd har sjølv i fleire samanhengar peikt på behovet for funksjonelle og organisatoriske endringar, og spørsmålet vart første gongen presentert for Stortinget i St.meld. nr. 13 (1997-98) Målbruk i offentleg teneste,jf. Innst. S. nr. 174 (1997-98). I St.meld. nr. 9 (2001-2002) Målbruk i offentleg tenesteer det gjort kort greie for korleis saka vart behandla i dei etterfølgjande åra, jf. Innst. S. nr. 109 (2001-2002).

I St.meld. nr. 48 (2002-2003) Kulturpolitikk fram mot 2014(kulturmeldinga), fremja 29. august 2003, gav departementet ein oppdatert statusrapport etter at omdanningsarbeidet for alvor var kome i gang på nyåret 2003. Saka er også kort omtalt i St.prp. nr. 1 (2003-2004) for Kultur- og kyrkjedepartementet (budsjettproposisjonen for 2004).

Departementet har lagt til grunn at den omtalte omdannings- eller omleggingsprosessen må ha som utgangspunkt at det er tale om å etablera ein ny institusjon i staden for Norsk språkråd. Det er også vist til at eit rådsorgan av Norsk språkråds type ikkje nødvendigvis er den mest tenlege modellen for organisering og forankring av den nye institusjonen.

I kulturmeldinga vart det varsla at departementet i løpet av 2004 ville koma tilbake til Stortinget med spørsmålet om den formelle organiseringa og styringa av den nye institusjonen. Meldinga viser i den samanhengen til at Norsk språkråd i si tid vart oppretta ved eiga lov, og såleis ikkje kan avviklast før lova er endra eller oppheva. Gjennom behandling av innstillinga frå familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om kulturmeldinga, Innst. S. nr. 155 (2003-2004), har Stortinget stadfesta si støtte til skipinga av det nye kompetansesenteret for norsk språk, og det heiter at komiteen ventar på at departementet kjem tilbake til Stortinget med ei sak om dette.