Ot.prp. nr. 84 (2008-2009)

Om lov om endringar i helsepersonelloven m.m. (oppfølging av born som pårørande)

Til innhaldsliste

8 Endring i pasientrettighetsloven § 2-6 femte leden - fristar for krav om sjuketransport

8.1 Gjeldande rett

Lov 2. juli 1999 nr. 63 om pasientrettar (pasientrettighetsloven) § 2-6 femte leden, gjev i dag heimel til å gje forskrift om dekking av reise- og opphaldsutgifter for pasientar og utgifter til nødvendig følgje. Gjeldande forskrift av 4. juli 2008 nr. 788 om rett til dekking av utgifter når pasientar reiser til undersøking eller behandling (sjuketransportforskrifta), vart gjort gjeldande 1. september 2008.

Då utgiftene til reise- og opphaldsutgifter tidlegare vart refunderte med heimel i lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd (folketrygdlova), fastsette folketrygdlova § 22-13 ein frist på seks månader for å fremja krav. Pasientrettighetsloven § 2-6 femte leden gjev likevel ikkje heimel til å fastsetja fristar for å setja fram krav. Etter dagens regelverk gjeld difor den alminnelege foreldingsfristen på tre år.

8.2 Høyringsforslaget frå departementet og høyringa

I samband med høyringa av forslaget til sjuketransportforskrift føreslo departementet å endra pasientrettighetsloven § 2-6 femte leden, slik at det vert gjeve heimel til å fastsetja fristar for å setja fram krav etter regelverket.

Departementet fekk 57 høyringssvar, av desse var det 14 høyringsinstansar som ikkje hadde merknader. Ingen høyringsinstansar var imot at pasientrettighetsloven § 2-6 femte leden vert endra slik at det vert gjeve heimel til å fastsetja fristar for å setja fram krav.

Fleire høyringsinstansar, mellom andre Statens helsetilsyn, Arbeids- og velferdsdirektoratet og Den norske legeforening, stødde forslaget om at det vert teke inn ein heimel til å fastsetja fristar for å setja fram krav.

8.3 Departementet sine vurderingar og forslag

Departementet meiner at det i praksis vil vera vanskeleg å behandla og etterprøva krav som er opptil tre år gamle. Departementet meiner det er naturleg å vidareføra den gamle fristføresegna på seks månader, som var innarbeidd som frist ved behandling av krav etter regelverket.

Behovet for fristføresegner har også ei side til eigendelsordninga, i og med at det i denne ordninga er ein frist på 6 månader for å få refundert eigendelar som er betalte etter at frikortgrensa er nådd.

I samsvar med høyringa føreslår departementet eit tillegg i pasientrettighetsloven § 2-6 femte leden som opnar for at det kan fastsetjast fristar for å setja fram krav etter regelverket for sjuketransport.

Til forsida