Ot.prp. nr. 89 (2002-2003)

Om lov om endringar i folketrygdlova (refusjon for svangerskapskontroll utført av jordmor i privat praksis)

Til innhaldsliste

4 Status for jordmortenesta i kommunane

I følgje Statistikk for kommunehelsetenesta (SSB) har talet på utførte årsverk av jordmødrer auka med 75 prosent frå 1994, året før jordmortenesta blei ein obligatorisk del av kommunehelsetenesta, og fram til i dag. Medan talet på utførte årsverk i følgje statistikken var 160 i 1994, var årsverkinnsatsen 279 i 2001. Den kommunale jordmortenesta har dermed eit avgrensa omfang, med om lag 0,6 årsverk per kommune i gjennomsnitt. I 2001 var 13 prosent av jordmorstillingane i kommunane ledige. 63 kommunar mangla eiga jordmorteneste. Av desse sikra 43 av kommunane jordmorteneste gjennom samarbeid med andre kommunar eller spesialisthelsetenester, medan 20 kommunar ikkje gav tilbod om jordmorteneste.

Departementet har ikkje oversikt over kor mange jordmødrer som i dag utfører jordmorteneste i privat praksis. Den norske jordmorforening opplyser at dei kjenner til 10 jordmødrer som driv svangerskapsomsorg i privat praksis med full eigenbetaling: I 2002 blei det utbetalt 442 000 kroner i refusjon til privatpraktiserande jordmødrer i samband med fødslar utanfor institusjon mv., jf. folketrygdlova § 5-12. Desse utbetalingane gjeld i hovudsak jordmødrer som primært har fast stilling i kommunehelsetenesta.

Til forsida