Ot.prp. nr. 9 (2003-2004)

Om lov om endringar i lov 13. juni 1969 nr. 25 om trudomssamfunn og ymist anna og lov 12. juni 1981 nr. 64 om tilskott til livssynssamfunn

Til innhaldsliste

2 Bakgrunn, gjeldande rett og forslag til endringar

Tilskot til trudoms- og livssynssamfunn skal sikre økonomisk lik behandling mellom Den norske kyrkja og andre trudoms- og livssynssamfunn. Tilskotsordninga har heimel i lov, jf. lov 13. juni 1969 nr. 25 om trudomssamfunn og ymist anna, og lov 12. juni 1981 nr. 64 om tilskott til livssynssamfunn. Det blir gitt tilskot pr. medlem. Tilskotet skal vera så stort at det etter måten svarar om lag til det som staten har budsjettert til Den norske kyrkja, og skal utreknast etter kor mange som høyrer til samfunnet. Alle trudoms- og livsynssamfunn som får statleg tilskot, kan kvart år krevje tilsvarande tilskot frå kommunar der det bur nokon som høyrer til samfunnet. Dette tilskotet blir utrekna med grunnlag i dei budsjetterte utlegg kommunen har til Den norske kyrkja.

I St.prp. nr. 1 (2002-2003) heiter det:

«Fylkesmennene gjennomfører stikkprøvekontroller av medlemslister. Fylkesmannen i Oslo og Akershus har i den forbindelse opplyst at det er avdekket store uregelmessigheter ved kontroll av utvalgte medlemslister. Et betydelig antall medlemmer er dobbeltregistrert, både internt i trossamfunnet og eksternt i to eller flere trossamfunn.

................

Kultur- og kirkedepartementet tar sikte på å utarbeide slikt lovendringsforslag etter at Stortinget har ferdigbehandlet budsjettproposisjonen. Brønnøysundregistrene har gjennomført et forprosjekt i 2002, og det tas sikte på at omleggingen skal påbegynnes i 2003 etter at nødvendige lovendringer foreligger. Siktemålet med omleggingen er å sikre korrekt rapportering av antall medlemmer i tros- og livssynssamfunn som mottar offentlig tilskudd.»

I lov om trudomssamfunn og ymist anna § 7 heiter det: «Den som ikkje er norsk riksborgar og heller ikkje har bustad i riket, vert ikkje rekna for å høyra til norsk trudomssamfunn etter denne lov.» I medhald av § 8 kan ingen «etter denne lov samstundes høyra til registerført trudomssamfunn og Den norske kyrkja, eller meir enn eit registerført trudomssamfunn.» Vidare heiter det i § 19a om uregistrerte trudomssamfunn: «Tilskot kan berre krevjast for medlemmer som ikkje samstundes høyrer til Den norske kyrkja, eller eit anna samfunn som får tilskot etter lova her eller etter lova om tilskot til livssynssamfunn.» I lov om tilskott til livssynssamfunn § 5 heiter det: «Tilskot kan berre krevjast for medlemmer som er norske riksborgarar eller som har bustad i riket, og som ikkje samstundes høyrer til Den norske kyrkja, eller eit anna samfunn som får tilskot etter lova her eller etter lov av 13. juni 1969 nr. 25 om trudomssamfunn og ymist anna.»

Forskrift om trossamfunn fastset at trudomssamfunnet skal gi opplysning om talet på medlemmer. Forskrift om tilskot til uregistrerte trudomssamfunn og forskrift om tilskot til livssynssamfunn fastset òg at søknad om statstilskot skal gi opplysningar om talet på medlemmer med rett til tilskot; i første søknaden skal talet vere stadfest av advokat eller statsautorisert/registert revisor. Alle tre forskriftene fastset at kommunen kan be om å få medlemslister som gir opplysningar om namn, fødselsdato og bustad for dei medlemmene det blir kravt tilskot for.

I dag blir relativt mange medlemmer av trudoms- og livssynssamfunn førte opp med feil namn, eller namnet er skrivi på forskjellig vis i ulike register. For å kunne samanlikne opplysningar i fleire register er det derfor ein føresetnad at medlemmer i trudoms- og livssynssamfunn blir identifiserte med fødselsnummer.

For å få betre grunnlag for og kontroll med utrekning av tilskot til trudoms- og livssynssamfunn foreslår Kultur- og kyrkjedepartementet å krevje innsendt fødselsnummer for kvar enkelt medlem som utløyser statstilskot. Oversiktene skal sendast til fylkesmannen i det fylket der samfunnet har hovudsetet sitt. Det skal ikkje sendast inn opplysningar om namn på enkeltmedlemmer.

På grunnlag av innsende oversikter skal det kontrollerast at ein person berre er medlem av eitt trudoms- eller livssynssamfunn, at fødselsnummeret er oppført i Det sentrale folkeregisteret i tråd med dei krava som er fastsette for tilskotsordninga, og at vedkomande ikkje høyrer til Den norske kyrkja. Krav om fødselsnummer er nødvendig for å avdekkje eventuell dobbelregistrering eller andre feil.

Ved eventuelle feil i innrapporterte medlemsoversikter vil dei trudoms- og livssynssamfunna dette gjeld og Den norske kyrkja få høve til å rette opp medlemsoversiktene.

Forskrift om Den norske kirkes medlemsregister § 5 fastset at medlemsregisteret ikkje skal brukast til den kontrollen offentlege organ utfører etter lov om trudomssamfunn. Forskrifta vil bli endra slik at det vil vere mogeleg å kontrollere om det ligg føre medlemskap både i Den norske kyrkja og i eitt eller fleire trudoms- eller livssynssamfunn.