Ot.prp. nr. 9 (2003-2004)

Om lov om endringar i lov 13. juni 1969 nr. 25 om trudomssamfunn og ymist anna og lov 12. juni 1981 nr. 64 om tilskott til livssynssamfunn

Til innhaldsliste

6 Merknader til dei einskilde paragrafane

Endringar i lov om trudomssamfunn og ymist anna, ny § 19 b):

Føresegna skal sikre at både registrerte og uregistrerte trudomssamfunn skal sende inn oversikt over fødselsnummer for medlemmer som har krav på tilskot, og organisasjonsnummer for trudomssamfunnet. Pålegget om å gi opplysningar som er nødvendige for å utarbeide offisiell statistikk, gjeld ikkje for desse opplysningane.

Endringar i lov om tilskott til livssynssamfunn, § 5 nytt tredje og fjerde ledd:

Føresegna svarar til føresegna i lov om trudomssamfunn § 19 b).