Ot.prp. nr. 9 (2003-2004)

Om lov om endringar i lov 13. juni 1969 nr. 25 om trudomssamfunn og ymist anna og lov 12. juni 1981 nr. 64 om tilskott til livssynssamfunn

Til innhaldsliste

Forslag til lov om endringar i lov 13. juni 1969 nr. 25 om trudomssamfunn og ymist anna og lov 12. juni 1981 nr. 64 om tilskott til livssynssamfunn

I

I lov 13. juni 1969 nr. 25 om trudomssamfunn og ymist anna skal ny § 19b lyde:

Departementet kan gjeva føresegner om plikt til å opplysa om fødselsnummer for kvar einskild medlem og organisasjonsnummer for trudomssamfunnet til bruk i saker om tilskot etter §§ 19 og 19 a. Desse opplysningane kan jamførast med opplysningar frå Det sentrale folkeregisteret, andre trudoms- og livsynssamfunn og medlemsregisteret til Den norske kyrkja så langt dette er teneleg for å kontrollera at vilkåra for tilskot er oppfylde.

Lov 16. juni 1989 nr. 54 om offisiell statistikk og Statistisk Sentralbyrå § 2-2 gjeld ikkje for opplysningar som er gjevne etter føresegner med heimel i første leddet.

II

I lov 12. juni 1981 nr. 64 om tilskott til livssynssamfunn skal § 5 nytt tredje og fjerde ledd lyde:

Departementet kan gjeva føresegner om plikt til å opplysa om fødselsnummer for kvar einskild medlem og organisasjonsnummer for livsynssamfunnet til bruk i saker om tilskot etter første ledd. Desse opplysningane kan jamførast med opplysningar frå Det sentrale folkeregisteret, andre trudoms- og livsynssamfunn og medlemsregisteret til Den norske kyrkja så langt dette er teneleg for å kontrollera at vilkåra for tilskot er oppfylde.

Lov 16. juni 1989 nr. 54 om offisiell statistikk og Statistisk Sentralbyrå § 2-2 gjeld ikkje for opplysningar som er gjevne etter føresegner med heimel i tredje leddet.

III

Lova gjeld frå den tid Kongen fastset.