Ot.prp. nr. 92 (2003-2004)

Om lov om endringar i lov 16. juni 1972 nr. 47 om kontroll med markedsføring og avtalevilkår (markedsføringsloven)

Til innhaldsliste

4 Økonomiske og administrative konsekvensar

For næringsdrivande som sender ut elektronisk reklame vil forslaget seie at dei i utgangspunktet må innhente førehandssamtykke frå ein vidare personkrins enn i dag. Dei må også ha oversikt over kva personar som har gitt samtykke. Dette kan bety auka kostnader til administrasjon, og eventuelt reduserte inntekter fordi det blir færre personar å sende elektronisk reklame til enn i dag. På den andre side vil neppe dei personane som ikkje ønskjer e-postmarknadsføring kjøpe nokon produkt via denne salskanalen. Unntaket for eksisterande kundeforhold opnar også for reklameutsendingar i større grad enn i dag.

På mottakarsida vil forslaget truleg få positive økonomiske og administrative konsekvensar. Næringsdrivande som er fysiske personar og arbeidstakarar vil venteleg få færre uønskte marknadsføringsmeldingar, noko som inneber innsparingar både av tid, lågare kostnader ved å opplaste e-postmeldingar, og mindre behov for tekniske løysingar som stoppar uønskt e-postreklame og liknande («spamfilter» o.a.).

Forbrukarombodet fører i dag tilsyn med markedsføringsloven § 2 b. Det blir foreslått dels ei utviding av forbodet, ved at det omfattar marknadsføring til andre enn forbrukarar. Dels blir det foreslått ei innsnevring, ved at det blir innført eit unntak for eksisterande kundeforhold. Unntaket for kundeforhold kan føre til at det oppstår ein del nye avgrensingsspørsmål. Etter forslaget her vil Forbrukarombodet ikkje handheve forbodet overfor andre enn forbrukarar, slik at det neppe vil føre til store endringar i forhold til dagens handheving av føresegna. Det er derfor grunn til å tru at det ikkje er behov for å tilføre Forbrukarombodet auka ressursar.

Til forsida