Ot.prp. nr. 92 (2003-2004)

Om lov om endringar i lov 16. juni 1972 nr. 47 om kontroll med markedsføring og avtalevilkår (markedsføringsloven)

Til innhaldsliste

5 Merknader til dei enkelte føresegnene

Til § 2 b

Første leddblir foreslått endra ved å erstatte «forbrukere» med «fysiske personer». Med fysiske personar meiner vi alle levande menneske. Ein e-post blir rekna som sendt til ein fysisk person når den elektronisk adressa lyder på eit bestemt personnamn, til dømes ola.normann@firma.no. Det gjeld uansett om mottakaren er forbrukar, næringsdrivande eller arbeidstakar. Også meir ubestemte e-postadresser som det står ein fysisk person bak, til dømes daglegleiar@firma.no, eller it-sjef@firma.no er å rekne for å høre til fysiske personar etter denne førsegna.

Det som derimot ikkje blir omfatta av føresegna er marknadsføringsmeldingar til juridiske personar. Døme på juridiske personar er selskap, burettslag og stiftingar. Det blir framleis lov å sende elektronisk reklame til postmottak og liknande som det ikkje er bedt om, som ikkje er retta til ein bestemt person. Det typiske er bedriftsadresser av typen postmottak@firma.no, salsmottak@firma.noeller info@firma.no. Dette gjeld også overfor enkeltpersonføretak, sjølv om det i realiteten er èin person som står bak firmaet.

Tvilstilfelle kan oppstå der e-postadressa inneheld forkortingar, slik at ein vanskeleg kan sjå om adressa hører til ein fysisk person eller sjølve bedrifta. Eit eksempel kan være pst@firma.no. Den same problemstillinga oppstår ved utsending av tekstmelding til mobiltelefon, der telefonnummeret i seg sjølv ikkje viser om det hører til ein juridisk eller fysisk person. Om det ikkje er sikkert at mottakaren er ein juridisk person, må avsendaren i slike tilfelle innhente samtykke frå mottakeren før den elektroniske reklamen kan sendast.

Ordlyden er også endra ved at «tekstmelding til mobiltelefon» i dømet er stroken. Dette er ei redaksjonell følgje av at elektronisk post no er foreslått definert i fjerde ledd, og tekstmelding til mobiltelefon er omfatta i omgrepet. Sjå merknadene under pkt. 3.2.3.

Om forståinga av føregna elles viser departementet til forarbeida til § 2 b, Ot.prp. nr. 62 (1999-2000).

Andre leddblir også foreslått endra slik at «forbrukeren» erstattes med «den fysiske personen». Det er ei nødvendig følgje av endringa i første ledd.

Tredje leddinneheld ein ny unntaksregel frå kravet til førehandssamtykke i første ledd. Føresegna gjeld marknadsføring til eigne kundar ved hjelp av elektronisk post slik omgrepet er definert i fjerde ledd.

For at unntaket skal kome til bruk, må det liggje føre eit eksisterande kundeforhold. Grunnvilkåret er at det er gjort ein avtale om kjøp av eit produkt eller ei teneste. Kva som helst eingongskjøp er ikkje nok til at det kan seiast å liggje føre eit kundeforhold. Enkeltkjøp er ofte å sjå som eit avslutta forhold. Ein må her vurdere om handelen gjer det naturleg med vidare kontakt mellom den næringsdrivande og kunden. Reklamefremstøyten må også skje innan rimeleg tid etter salet, elles er kundeforholdet å rekne som avslutta. Sjå merknadene under pkt. 3.2.3.

«Den næringsdrivende» omfattar berre den fysiske eller juridiske personen kunden har gjort avtalen med. Det betyr at unntaket ikkje gjeld for til dømes underleverandørar eller dotterselskap. Marknadsføringa kan berre gjelde den næringsdrivandes eigne produkt eller tenester.

Unntaksregelen føreset at den elektroniske adressa er samla inn i samsvar med reglane i personopplysningsloven, ettersom ei individuell e-postadresse er å sjå som ei personopplysning. Det vil m.a. seie at det skal opplysast kva e-postadressa skal brukast til og at det er frivillig å gi frå seg adressa, jf. personopplysningsloven § 19. Bedrifter som allereie har lister over kundar i eksisterande kundeforhold før denne fråsegna tek til å gjelde, kan såleis ikkje nytte desse listene til å sende ut e-postreklame, dersom det ikkje ved innsamlinga blei opplyst at adressene skal nyttast til e-postmarknadsføring.

Marknadsføringa kan berre gjelde tilsvarande ytingar som kundeforholdet er etablert på. Ein må her sjå på den faktiske likskapen mellom produkta og kundens rettkomne forventningar om å bli kontakta i marknadsføringsærend. Til dømes kan det ved kjøp av bil sendast uoppmoda e-postreklame for andre bilar, men ikkje for rekvisita, tilbehør eller tenesteytingar relatert til bilar. Departementet viser til merknadene under pkt. 3.2.3.

Kunden skal « enkelt og gebyrfritt» kunne be seg fri frå markedsføringsmeldingar til si e-postadresse, både når den elektroniske adressa blir samla inn, og eventuelt seinere ved kvar enkelt marknadsføringsmelding. I kravet om at det skal vere gebyrfritt, ligg det at kunden ikkje skal belastast med kostnader ut over det ei tilsvarande melding normalt vil koste. Det vil vere opp til kvar enkelt næringsdrivande å finne metodar for korleis dette skal gjerast. Til dømes kan kvar e-postmelding innehalde ei lenkje som forbrukaren enkelt kan klikke på for å stoppe vidare utsending av reklame.

Fjerde ledd inneheld ein ny definisjon av omgrepet «elektronisk post». Definisjonen svarer til direktivet om personvern og elektronisk kommunikasjon artikkel 2 bokstav h. I tillegg til «vanleg» e-post blir tekst- og multimediemeldingar til mobiltelefon (SMS og MMS) omfatta. Definisjonen «elektronisk post» omfattar derimot ikkje til dømes vanleg fjernsynsreklame, fordi det her ikkje er tale om individuelt adresserte meldingar.

Femte ledd inneheld ei ny tilvising til ehandelsloven (lov 23. mai 2003 nr. 35) § 9 om tenesteytarens opplysningsplikt ved elektronisk marknadsføring. Tilvisinga er gjort for å klargjere samanhengen mellom markedsføringsloven § 2 b og ehandelsloven § 9. Den sistnemnde føresegna inneheld allereie ei tilvising til markedsføringsloven.

Til § 9 g

Ordlyden i første ledd er foreslått endra slik at han avspeglar realitetane etter at EFTAs overvakningsorgan og EFTA-statane sin faste komité har bytt roller. Sjå pkt. 3.8.2 over.

Til § 11

Det blir foreslått å bytte ut «varamenn» med «varamedlemmer», «formann» med «leder» og «varaformann» med «lederens vara». Sjå pkt. 3.8.5 over.

Til § 12

Det blir foreslått endringar i andre ledd. Med endringane blir ein inkurie retta. Departementet viser til pkt. 3.8.3 over.

Det blir også foreslått endringar i fjerde ledd, som byttar ut uttrykk som ikkje er kjønnsnøytrale. Sjå pkt. 3.8.5 over.

Til § 13

Det blir foreslått endringar i sjette ledd som rettar opp ein inkurie og innfører eit kjønnsnøytralt uttrykk. Sjå pkt. 3.8.4 og 3.8.5 over.

Til forsida