Ot.prp. nr. 95 (1998-99)

Om lov om endringar i lov 24. juni 1994 nr. 39 om sjøfarten (sjølova) og i enkelte andre lover

Til innhaldsliste

3 Korleis endringane verkar inn på anna regelverk

3.1 Lov 12. juni 1987 nr. 48 om norsk internasjonalt skipsregister

Framlegget til endringar i sjølova § 1 vil verke inn på høvet til å registrere skip i NIS, sidan NIS-lova § 1 nr. 1 viser til sjølova § 1. Dette inneber at det blir opna for at EØS-borgarar, selskap og verksemder som er stifta i samsvar med regelverket i eit land knytt til EØS-avtalen kan registrere skip i NIS dersom ein har oppfylt vilkåra i framlegget til den nye føresegna i sjølova § 1, tredje leddet.

3.2 Endring i fiskerilovgivinga

Dei endringane det er gjort framlegg om, verkar inn på fiskerilovgivinga. Der blir det i fleire samanhengar vist til sjølova § 1 om når eit skip er å rekne som norsk. EØS-avtalen gir Noreg høve til å halde fast på den noverande lovgivinga innanfor fiskerinæringa. Då EØS-avtalen blei inngått, blei det gitt unntak frå det allmenne forbodet mot å diskriminere på bakgrunn av nasjonalitet i forhold til fiskefartøy. Skal dette stå ved lag, må det gjerast ei endring i dei føresegnene i fiskerilovgivinga som viser til sjølova § 1. Dette kan ordnast ved at ein i dei aktuelle føresegnene gjer unntak for føresegna i sjølova § 1 tredje leddet. På bakgrunn av dette blir det gjort framlegg om endringar i lov 3. juni 1983 nr. 40 om saltvannsfiske m.v. § 1, i lov 17. juni 1966 nr. 19 om Norges fiskerigrense og om forbud mot at utlendinger driver fiske m.v. innenfor fiskerigrensen § 2 samt i lov 26. mars 1999 nr. 15 om retten til å delta i fiske og fangst § 2.