Ot.prp. nr. 96 (2008-2009)

Om lov om kommunale krisesentertilbod (krisesenterlova)

Til innhaldsliste

12 Merknader til dei enkelte paragrafane

Til § 1 Formålet med lova

Formålet med lova er å sikre at kvinner, menn og barn som er utsette for vald eller truslar om vald i nære relasjonar, får eit godt og heilskapleg krisesentertilbod. Det ligg også i dette at det er eit formål å fremje likestilling mellom kjønna ved å verne kvinner mot vald utøvd av menn. Sjølv om også valdsutsette menn har behov for eit krisesentertilbod, er det viktig at det ikkje tek fokuset bort frå at vald i nære relasjonar i det alt vesentlege rammar kvinner.

Utforminga av lovteksten er kjønnsspesifikk. Rekkjefølgja «kvinner, menn og barn» er valt for å understreke at det er kvinner som er hovudbrukargruppa. «Barn» er teke med i opprekninga for å synleggjere barn som brukarar av krisesentertilbodet.

Formålet med denne lova er å sikre eit godt og heilskapleg tilbod både til noverande brukargrupper og til andre som i framtida vil ha behov for eit krisesentertilbod. Kvinner, menn og barn som er utsette for menneskehandel og valdtekt frå andre enn ein nærståande person, utgjer i dag brukargrupper ved krisesentra. Lova bør ikkje tolkast eller praktiserast slik at det eksisterande krisesentertilbodet blir forringa for visse brukargrupper. Tvert imot er det eit formål å styrkje tilbodet totalt sett, men hovudmålgruppa skal vere som definert i § 1.

Til § 2 Krav til krisesentertilbodet

Det følgjer av føresegna første ledd at kommunen skal ha ansvar for at det føreligg eit krisesentertilbod som kan brukast av personar som er utsette for vald eller truslar om vald frå nære personar, og som har behov for rådgjeving eller eit mellombels butilbod. Lovforslaget seier at alle kommunar skal ha ein beredskap for personar som blir utsette for vald i nære relasjonar, både akutte kriseløysingar og oppfølgjing. Sjå kapittel 4.3.1 og 6.1.1.

Med «vald» er det i denne lova meint alle former for vald eller truslar om bruk av vald, skremmande opptreden, anna omsynslaus åtferd eller anna påtvinga avgrensing i livsutfaldinga til ein person. Det valdsomgrepet som er nytta i lova, omfattar mellom anna fysisk vald som slag, spark, dytting, lugging, klyping med meir, seksuelle overgrep og andre former for krenkingar, nedverdigande eller umenneskeleg behandling, medrekna psykisk vald. Med psykisk vald er det i denne lova meint alle måtar å skade, skremme, audmjuka eller andre måtar å krenkje ein person på som er eigna til å gi personen ein følelse av frykt, avmakt, skuld, skam eller mindreverd med meir. Det kan for eksempel omfatte truslar om valdsbruk eller truslar om andre former for straff/sanksjonar, verbal trakassering og kjenslemessig manipulering. Valdsomgrepet omfattar vidare vald i form av sosial kontroll og kontroll av økonomiske ressursar, medrekna sosial isolering eller anna avgrensing av kontakten med omverda, og avgrensing i kontrollen med og tilgangen til personen sine eigne eller til felles økonomiske ressursar. Det som er nemnt her, er døme, og altså inga uttømmande liste over handlingar som vil bli ramma av lova.

Med «nære relasjonar» er det meint relasjonar som nemnd i straffelova 1902 § 219 og andre nære relasjonar der dei involverte gjerne har eller har hatt gjensidige plikter overfor kvarandre og/eller har vore avhengige av kvarandre. Slike relasjonar kan omfatte noverande eller tidlegare ektemakar, partnarar, sambuarar eller kjærastar, familie/slekt til valdsutøvaren, familie/slekt til den valdsutsette, medlemmer av same husstand som den valdsutsette, eller personar som har omsorg for den valdsutsette. Barn som er blitt utsette for vald direkte eller ved å ha vore eksponerte for vald mot omsorgspersonar eller sysken ved at dei har sett, høyrt eller på annan måte opplevd valdsbruken, er også omfatta av omgrepet «vald i nære relasjonar». Likeins vil kvinner, menn og barn som er utsette for tvangsekteskap og kjønnslemlesting, vere omfatta av omgrepet «vald i nære relasjonar». Utsette for valdtekt eller menneskehandel kan også være utsette for vald i nære relasjonar, jf. kapittel 5.1.

Føresegna sitt andre ledd stiller krav til kva tilbodet skal omfatte. Tilbodet skal gi brukarane støtte, rettleiing og hjelp til å ta kontakt med andre deler av tenesteapparatet. Krisetilbodet skal omfatte eit heildøgns krisesenter eller eit tilsvarande trygt butilbod (a), eit dagtilbod (b), ein døgnope krisetelefon (c), og eit tilbod om oppfølgjing i reetableringsfasen (d). Krisesentertilbodet skal bestå av alle dei fire tenestene.

Kommunen kan sjølv velje korleis ein vil drive og organisere tilbodet, og kan til dømes delta i interkommunalt samarbeid. Føresetnaden er likevel at kommunen organiserer krisesentertilbodet på ein tenleg og tilfredsstillande måte ut frå dei behova brukarane har, sjå merknad til § 3.

Det er meint å opne for ein viss fleksibilitet for kommunane når det gjeld kva praktiske løysingar ein vil velje, ut frå det brukarbehovet som finst i den aktuelle kommunen (dei aktuelle kommunane). Eit tilbod som skal svare til eit krisesenter, må i same grad som tilbodet på eit krisesenter imøtekomme brukarane sine behov for støtte, råd og rettleiing av kvalifiserte tilsette. Kommunen bør i størst mogleg grad samlokalisere bu- og dagtilbodet, slik at kompetansen blir samla.

Tilbodet kommunen er pålagt å sørgje for etter føresegna andre ledd bokstav a til d, har til formål å gi brukarane støtte, rettleiing og hjelp til å ta kontakt med andre deler av tenesteapparatet. Med hjelp til å ta kontakt med andre delar av tenesteapparatet er det meint at den valdsutsette får informasjon om tenester og ytingar frå andre offentlege og private instansar som vedkommande kan ha behov for, og at den valdsutsette får hjelp med å kontakte desse instansane. Andre instansar kan vere legekontor, spesialisthelsetenester, politi, advokat, NAV, barnevernet, skule og barnehage, jf. kapittel 2.3. Lista er ikkje uttømmande.

Det bør vere rom for å følgje brukarar til møte med slike instansar.

Etter føresegna andre ledd bokstav a, skal butilbodet være gratis. Det skal ikkje krevjast betaling for opphaldet, med unntak av eventuelle utgifter til mat til kostpris. Butilbodet skal vere tilgjengeleg 24 timar i døgnet alle dagar i året. Kravet om at butilbodet skal være trygt, vil være oppfylt ved at butilbodet til kvinner og menn skal være fysisk åtskilte jf. femte ledd, og at krava til fysisk sikring av lokale, jf. forskrift med heimel i føresegna sjette ledd, er oppfylt.

Butilbodet skal vere eit lågterskeltilbod. Med dette er det m.a. meint eit beredskapstilbod som menneske i ein krisesituasjon kan oppsøkje direkte utan timeavtale eller tilvising frå andre tenester, jf. tredje ledd.

Dagtilbodet skal retta seg mot brukarar som treng støtte, råd og rettleiing, men som ikkje har behov for eit butilbod. Dagtilbodet er også meint for tidlegare brukarar av eit butilbod som har behov for oppfølgjing i ein reetableringsfase.

Telefontilbodet er meint for brukarar som treng ein stad å vende seg til for å få hjelp, informasjon og rettleiing. Telefontilbodet skal vere tilgjengeleg 24 timar i døgnet alle dagar i året. Personar som vender seg til telefonvakta, kan vere anonyme.

Tilbodet om støtte i ein reetableringsfase må sjåast i samanheng med det kommunale hjelpeapparatet elles. Kommunen har plikt til å samordne tenester og tilbod, sjå merknad til § 4. Tilbod om støtte i ein reetableringsfase vil i hovudsak dreie seg om tiltak og tenester som allereie følgjer av det gjeldande regelverket. Til dømes har kommunehelsetenesta både etter kommunehelsetenestelova og etter pasientrettslova plikt til å tilby brukarar av krisesentertilbodet forsvarleg og adekvat helsehjelp, medrekna den oppfølgjinga dei har behov for. Tilsvarande gjeld føresegnene i sosialtenestelova om plikt til å yte tenester og setje i verk tiltak, med visse unntak, for alle som oppheld seg i riket, jf. § 1-2. Ein del brukarar av krisesentertilbodet vil vere innvandrarar som nyleg er komne til landet, og som er omfatta av ordningane i introduksjonslova, ordningar som mellom anna omfattar norskopplæring og introduksjonsprogram. Mange vil også ha behov for behandling i spesialisthelsetenesta og for tiltak frå politiet. Kommunane skal leggje til rette for godt samarbeid med kommunale og statlege instansar som brukarar kan ha behov for tenester frå, jf. § 4.

Oppfølgjing i reetableringsfasen kan også givast i form av mindre spesialiserte tiltak, til dømes oppfølgjingssamtalar, heimebesøk og sosiale tiltak. Ein kan også organisere sjølvhjelpsgrupper og støttenettverk der brukarane får høve til å dra nytte av erfaringar andre brukarar har, og av meistringsstrategiar som andre brukarar har nytta.

Kommunen skal sørgje for god kvalitet på tilbodet. Med «god kvalitet» på krisesentertilbodet er det meint at tilbodet må oppfylle visse standardar fagleg og innhaldsmessig og også reint fysisk, det vil seie at sjølve lokala og plasseringa av lokala må høve for formålet. Tilrådingane frå Europarådet kan her vere ei rettesnor, jf. kapittel 3.1.2.

At butilbodet til kvinner og butilbodet til menn skal vere «fysisk skilde», inneber at kvinner og menn ikkje skal bu saman eller ha felles opphaldsrom. Det er ein grunnleggjande føresetnad for eit godt krisesentertilbod at kvinner kan kjenne seg trygge ved at butilbodet til kvinner og butilbodet til menn er fysisk skilde.

Det er viktig at det er tilsette på eit krisesenter eller ved eit tilsvarande bu- og dagtilbod som har kompetanse til å ta vare på kvinner, menn og barn utsette for vald i nære relasjonar, på ein måte som kjem brukarane sine behov i møte. Lovforslaget § 2 sjette ledd som gir heimel for å gi forskrift om krav til kompetanse hos dei som arbeider ved krisesentertilbodet og krav til fysisk sikring av lokale, skal sikre dette.

Til § 3 Eit individuelt tilrettelagt tilbod

Kommunen skal i størst mogleg grad leggje tilbodet til rette for den enkelte brukar. Med «individuelt tilrettelagt» er det meint at tilbodet skal leggjast til rette slik at det så langt råd er kjem den enkelte brukaren sine behov i møte. Det gjeld innhaldet i tilbodet, det vil seie kva slags tiltak brukaren får tilbod om, men også den praktiske tilrettelegginga og høvet til brukarmedverknad. Individuell tilrettelegging kan vere aktuelt på bakgrunn av kriterium som kjønn, alder, etnisitet, språk, funksjonsnedsetjing, valdserfaringar eller andre forhold. I formuleringa «så langt råd er» ligg det at kommunen har høve til å vurdere krava til individuell tilpassing i kvart enkelt tilfelle.

Andre ledd viser til at barn har særskilde behov. Med formuleringa «å ta vare på barn på ein god måte» er det meint at kommunen skal sørgje for at tilbodet til barn i størst mogleg grad blir lagt til rette slik at kvart enkelt barn får dekt sine behov ut frå alder og personlegdom, og at barn får dei rettane dei har etter anna regelverk. Tiltak overfor eit barn skal setjast i verk i samarbeid med barnet sin omsorgsperson. Kriteria som er vist til i avsnittet over, vil også være relevante i forhold til når barna skal takast vare på. Se særleg omtale av barn under kapittel 7.1.2.

§ 3 tredje ledd pålegg kommunen ei plikt til å sørgje for at brukarar som har behov for det, får tilgang til kvalifisert tolk. Det er viktig at brukarar av eit krisesentertilbod får tilgang til tolk dersom det er nødvendig for at brukaren skal få eit fullgodt utbyte av tilbodet. Det skal nyttast godkjende «kvalifiserte tolkar», det vil seie upartiske personar med kvalifikasjonar som tilfredsstiller krava til oppføring i Nasjonalt tolkeregister, og som kan nyttast som munnleg mellomledd i samtalar mellom personar som ikkje snakkar same språk. Barn og foreldre skal ikkje nyttast som tolkar for kvarandre. Ein brukar kan ha behov for tolk også av andre grunnar enn språklege forskjellar; til dømes skal det kunne nyttast teiknspråktolk dersom vedkommande er høyrselshemma. Kommunen si plikt til å sørgje for tilgang til tolk omfattar også brukarar som er barn.

Til § 4 Samordning av tenester

Kommunen skal sørgje for at krisesentertilbodet blir samordna med andre delar av tenesteapparatet.

Det er opp til kommunen korleis samordninga av tenester for brukarar av krisesentertilbodet skal organiserast. Når kommunen er pålagd ei plikt til å sørgje for samordning av tenestene, er det ein føresetnad at andre tenester og instansar samarbeider. Sjå til dømes sosialtenestelova §§ 3-2 og 3-3, kommunehelsetenestelova § 1-4 og barnevernlova § 3-2, som inneheld reglar for samarbeid mellom instansar og samordning av tenester. Også politiet og utlendingsstyresmaktene kan vere aktuelle instansar å samarbeide med.

Fleire føresegner i andre regelverk gir rett til individuell plan for personar som har behov for langvarige og koordinerte tenester. Eit krisesentertilbod skal vere eit kortvarig tilbod, og det vil derfor som utgangspunkt ikkje vere eit ansvar for tilbodet å utforme og følgje opp ein slik plan. Det kan på den andre sida vere behov for å koordinere krisesentertilbodet med andre meir langvarige tenestetilbod som blir gitt til brukaren, til dømes tenester etter sosialtenestelova eller kommunehelsetenestelova. Slike tilbod må då koordinerast med krisesentertilbodet i den perioden vedkommande er brukar, slik at dei tilsette på krisesenteret tek del i arbeidet med planen saman med brukaren. Retten til individuell plan omfattar også barn og vil til dømes kunne vere relevant for barn som er under langvarige barneverntiltak eller tiltak innanfor barne- og ungdomspsykiatrien.

Til § 5 Teieplikt

Denne lova regulerer kommunane sitt ansvar for å sørgje for eit krisesentertilbod, ikkje forholdet mellom kommunen/tilbodet og den enkelte tilsette. Det er likevel tatt med ei føresegn om teieplikt som rettar seg direkte mot medarbeidarar/tilsette. Ein tilsett på eit krisesenter eller ved eit tilsvarande bu- og dagtilbod vil etter denne lova vere å rekne som ein person «som utfører tjeneste eller arbeid for et forvaltningsorgan», jf. forvaltningslova § 13, ettersom dei utfører oppgåver på vegner av kommunen, men det er likevel ønskelig med ei skjerpa teieplikt. Ei streng teieplikt er eit sentralt element i det eksisterande krisesentertilbodet og er med på å imøtekomme brukarane sitt behov for å kjenne seg trygge i forhold til frykta for truslar om vald og nye overgrep.

Føresegna i § 5 svarer til føresegna i barnevernlova § 6-7 første og andre ledd og føresegna i sosialtenestelova § 8-8 første og andre ledd. Desse føresegnene inneheld ei utvida teieplikt i forhold til teieplikta etter forvaltningslova § 13, ettersom også fødestad, fødselsdato, personnummer, statsborgarforhold, sivilstand, yrke, bustad, arbeidsstad og andre opplysningar som kan røpe forhold som gjeld brukaren, er tekne med. Det er eit nødvendig tryggingstiltak å verne brukarane gjennom ei utvida teieplikt. Behovet for ei utvida teieplikt er minst like stort på dette området som til dømes i barnevernet, ettersom mange brukarar er utsette for truslar retta mot liv og helse.

Tredje ledd i § 5 i forslaget gir eit avgrensa høve for tilsette på eit krisesenter til å gi informasjon som er underlagd teieplikt, til andre forvaltningsorgan. Føresegna svarer til føresegnene i barnevernlova § 6-7 tredje ledd og sosialtenestelova § 8-8 tredje ledd. Ein bør alltid først prøve å innhente samtykke frå brukaren til å gi vidare personfølsame opplysningar. Dersom brukaren samtykkjer, blir ikkje tredje ledd gjort gjeldande. Slikt samtykke bør givast skriftleg, og det bør presiserast kva opplysningar det er aktuelt å gi vidare, til kva instans (instansar), og for kva formål.

Med formuleringa «nødvendig for å fremme tilbodets oppgåver etter lova her» er det meint at det å gi ut opplysningane må vere nødvendig for at eit krisesenter eller eit tilsvarande tilbod skal få gjennomført oppgåvene sine i samsvar med formålet med lova, jf. § 1. «Nødvendig» er eit strengt krav. Kan oppgåvene løysast på annan måte, skal opplysningane ikkje givast vidare. Eit alternativ er anonymisering av opplysningane, slik at ei sak som er knytt til ein brukar, til dømes blir drøfta anonymt eller på generelt grunnlag med andre instansar og tenester. Alle opplysningar som kan identifisere personen, må då haldast utanfor. Kva opplysningar som kan føre til at personen blir identifisert, vil variere frå sak til sak, mellom anna i forhold til om det er tale om ein liten tettstad der mange kjenner kvarandre, eller ein større by.

Opplysningar som er underlagde teieplikt, kan givast vidare for å førebyggje «vesentleg fare for livet eller alvorleg skade på helsa til nokon». Det er ikkje tilstrekkeleg at det ligg føre ein fare eller risiko; faren må vere «vesentleg», og ein skade på helsa til nokon må kunne karakteriserast som «alvorleg». Elles gjeld dei allmenne retningslinjene knytte til nødretten.

Teieplikta gjeld også i forholdet mellom ein brukar av tilbodet og ein (valdsutøvande) partnar/ektemake.

Den eine av foreldra sin rett til opplysningar om barn som er på eit krisesenter med den andre av foreldra, er drøfta i kapittel 8.2.3.

Til § 6 Opplysningar til barneverntenesta

Føresegna omhandlar opplysningsplikt til barneverntenesta. Til liks med føresegna om teieplikt er dette ei føresegn som rettar seg direkte mot alle tilsette ved krisesentertilbodet, jf. forslaget § 2 andre ledd, enten dei er tilsette på eit krisesenter eller ved eit tilsvarande bu- og dagtilbod, eller arbeider i telefontenesten eller med reetablering. Føresegna er flytta frå barnevernlova § 6-4 a av omsyn til konsekvens i rettssystemet.

Første ledd gir ei oppmoding om å vere merksam på forhold som kan føre til tiltak frå barneverntenesta si side. Dersom tilsette på eit krisesenter eller ved eit tilsvarande bu- og dagtilbod blir merksame på slike forhold, men utan at vilkåra for opplysningsplikt ligg føre, bør dette takast opp med omsorgspersonen til barnet, og vedkommande bør oppmodast til sjølv å ta kontakt med barneverntenesta for å undersøkje om det er mogleg å setje i verk hjelpetiltak retta mot barnet og familien.

Dersom det er grunn til å tru at eit barn blir mishandla i heimen, eller at det ligg føre andre former for alvorleg omsorgssvikt, har tilsette og medarbeidarar på eit krisesenter eller ved eit tilsvarande bu- og dagtilbod opplysningsplikt til barneverntenesta. Opplysningsplikta går føre teieplikta. Uttrykket «grunn til å tru» indikerer eit lågt beviskrav. Det er barneverntenesta, og ikkje tilsette på eit krisesenter eller ved eit tilsvarande bu- og dagtilbod, som skal undersøkje og vurdere om meldinga gir grunnlag for tiltak i det aktuelle tilfellet, jf. barnevernlova § 4-3. Men mistanken må gjelde alvorlege forhold («at et barn blir mishandlet i hjemmet eller det foreligger andre former for alvorlig omsorgssvikt» eller «når et barn har vist vedvarende alvorlige atferdsvansker», som det heiter i barnevernlova § 6-4 andre ledd). Vilkåret vil til dømes kunne vere oppfylt i tilfelle der mor og barn flyttar heim til ein valdeleg partner, og det finst ein risiko for at barnet skal bli utsett for vald, anten direkte eller ved å bli eksponert for valdsbruk mellom foreldra eller omsorgspersonane.

Det er viktig at opplysningsplikta blir etterlevd i alle tilfelle der vilkåra er oppfylte, og at ein ikkje av omsyn til foreldra er tilbakehalden med å melde frå til barneverntenesta. Omsynet til barnet skal her gå føre omsynet til foreldra. Det er viktig at kunnskap om opplysningsplikta overfor barnevernet blir kjend blant alle tilsette på krisesentra eller ved tilsvarande bu- og dagtilbod. Rundskriv Q-24/2005 Barnevernet og taushetsplikten, opplysningsretten og opplysningspliktengir her god rettleiing.

Til § 7 Politiattest

Dette er ei føresegn som og rettar seg direkte mot personar som skal bli tilsette, engasjerte eller på anna måte har oppgåver etter denne lova som inneber kontakt med brukarar. Føresegna handlar om krav til framlegg av politiattest ved tilsetjing i eller oppdrag for eit krisesenter eller eit tilsvarande bu- og dagtilbod. Føresegna er utforma i tråd med eit forslag til felles føresegn om politiattest, jf. høyringsnotatet frå Justis- og politidepartementet om politiattest for personar som skal ha oppgåver knytte til mindreårige, sjå dei generelle merknadene i kapittel 8.3.

Til § 8 Internkontroll

Føresegna omhandlar krav om internkontroll og er utforma etter mal frå barnevernlova § 2-1 andre ledd, jf. kapittel 9.1.

Til § 9 Statleg tilsyn

Føresegna omhandlar tilsyn med kommunen sitt ansvar etter denne lova. Fylkesmannen skal føre tilsyn med at kommunen utfører dei oppgåvene som kommunen er pålagde etter lova. Elles gjeld reglane om statleg tilsyn med kommunane etter kommunelova kapittel 10 A, jf. kapittel 9.2.

Til § 10 Bruk av lova på Svalbard

Føresegna omhandlar korleis lova skal nyttast på Svalbard. I utgangspunktet vil denne lova ikkje gjelde på Svalbard, med mindre det er særskilt fastsett i forskrift, jf. svalbardlova § 2. Føresegna gir forskriftsheimel for Kongen til å gjere lova gjeldande på Svalbard, med høve til å fastsetje særlege reglar der det blir teke omsyn til forholda på staden.

Til § 11 Ikraftsetjing og overgangsreglar

Departementet kan gi nærmare overgangsreglar i forskrift.

Til § 12 Endring i anna lovgjeving

Barnevernlova § 6-4 a blir føreslått oppheva og erstatta med § 6 i denne lova.

Til forsida