Ot.prp. nr. 97 (2005-2006)

Om lov om endringar i lov 25. september 1992 nr. 107 om kommuner og fylkeskommuner m.m. (statleg tilsyn med kommunesektoren)

Til innhaldsliste

10 Økonomiske og administrative konsekvensar

10.1 Generelt

Departementet finn det tenleg å dele dette kapitlet i to delar. Først blir det gjort greie for moglege indirekte konsekvensar av framlegget frå departementet til nye lovføresegner. Departementet ser på desse som dei mest sentrale konsekvensane. Deretter blir det gjort greie for direkte konsekvensar av lovframlegget.

10.2 Indirekte konsekvensar

10.2.1 Enklare for innbyggjarane

Innbyggjarane og rettsbrukarane vil som følgje av framlegget frå departementet få eitt felles system for statleg tilsyn med kommunesektoren å rette seg etter. Dette gir fordelar med omsyn til attkjenning og føreseielege saksbehandlingsprosedyrar. På same måten vil felles tilsynsreglar for ulike tilsynssystem gjere reglane meir einsarta når det gjeld innrettinga av tilsynet, kor langt tilsynet rekk, og høve til å bruke pålegg eller andre sanksjonar. Eventuelle lovreglar i særlovgivinga vil, dersom det er motstrid mellom desse og reglane i kommunelova, gå føre reglane i kommunelova.

10.2.2 Formålseffektivitet i tilsynet

Departementet føreslår at det blir innført felles reglar og prosedyrar for korleis tilsyn med kommunesektoren skal gjennomførast. Slike felles reglar vil gjere gjennomføringa av tilsynet meir systematisk og einskapleg – på tvers av sektorar og fylke.

Reglane inkluderer ei presisering og avgrensing av kva tilsyn er og skal vere. I dag er tilsynsomgrepet uklart definert, samstundes som tilsynet blir ulikt praktisert. Uklare forhold rundt tilsynsfunksjonen kan vere eit problem for effektiviteten i tilsyna, på den måten at svakt definerte styringssystem gjer tilsynsorgana usikre når det gjeld oppdrag, metode og reaksjonsmiddel. Ei tydeleggjering av tilsynsomgrepet vil sikre meir einsarta tilsynspraksis og samstundes sikre at tilsynet fokuserer på det som er formålet med verksemda, nemleg å kontrollere lovlegskapen av måten kommunen oppfyller pliktene sine på.

Departementet føreslår vidare at val av område som krev statleg tilsyn, må byggje på risiko- og sårbarheitsanalysar, og val av tilsyn som verkemiddel må i tillegg kunne forsvarast gjennom kost-nytteanalysar. Desse to analyseverktøya må også nyttast av departementa og fylkesmannen i innrettinga og gjennomføringa av tilsyn med kommunesektoren. Dette vil sikre at tilsynet rettar seg mot dei områda der behovet er størst. Desse føresetnadene ser ein likevel ikkje som tenleg å lovfeste.

Dei reglane som departementet føreslår blir tekne inn i kommunelova, inneheld også føresegner om samordning av statleg tilsyn med kommunesektoren. Fylkesmannen blir gitt kompetanse til å samordne statleg tilsyn med kommunane. Både praktiske sider ved tilsynsarbeidet og bruken tilsynet gjer av reaksjonar, inngår i denne samordninga. Fylkesmannen skal etablere og vidareutvikle samordningsmekanismar som er knytte til praktiske sider ved tilsynet og bruken av reaksjonar, og det skal vere ein dialog i regi av fylkesmannen ved bruk av pålegg eller andre sanksjonar. Dessutan skal tilsynsmyndigheita ved bruk av pålegg eller andre sanksjonar i førevegen vurdere dei verknadene desse kan ha for resten av verksemda til kommunen. Ein må bruke ressursar i samband med vurderinga til fylkesmannen og statleg sektortilsyn av dei verknadene pålegga eller andre sanksjonar kan ha. I tillegg til at fylkesmannen og sektortilsyn i førevegen skal ha dialog med kommunen, vil dette kunne seinke prosessane rundt bruken av pålegg eller andre sanksjonar. Kor store ressursar og kor mykje tid som må brukast på desse samordningsmekanismane, vil vere avhengig av det praktiske innhaldet i og omfanget av samordninga.

Ein kan gå ut frå at praktiske samordningstiltak som koordinering av tilsynsbesøk og utveksling av informasjon mellom dei ulike tilsynsmyndigheitene kan medverke til å gjere den statlege tilsynsverksemda meir formålseffektiv. Samordningstiltaka vil ikkje ha direkte konsekvensar for budsjettet. Omfanget av statlege midlar som blir nytta til tilsyn, går ein ut frå ikkje blir endra som følgje av framlegga, men midlane vil bli nytta på ein meir effektiv og rasjonell måte.

Det vil vidare bli nødvendig å bruke ressursar i samband med framlegget frå departementet om at kommunane skal ha rett til å klage på vedtak om pålegg etter reglane i forvaltningslova kap. VI. Det ser i dag ut til å vere ulike oppfatningar av i kor stor grad ein kommune kan klage på pålegg (og andre sanksjonar) etter føresegnene i forvaltningslova. Føresegna slår fast at kommunane har klagerett. Ved å vise til heile kapitlet vil også føresegnene om omgjering (§ 35) og sakskostnader (§ 36) gjelde. For dei sektorane der klagerett i dag ikkje blir praktisert, blir det nødvendig å bruke ressursar på behandling av klager. Ressursbehovet vil vere avhengig av i kor stor grad kommunane utnyttar høvet til å klage.

10.2.3 Prioriteringseffektivitet i kommunane

I kapittel 2 legg departementet til grunn at framlegga som er knytte til avgrensing og definisjon av tilsyn, verkemiddelbruk og samordning, vil medverke til ein viss auke av handlingsrommet for kommunane. Det er eit generelt syn at nærleiken kommunane har til innbyggjarane sine, gir dei gode høve til å sikre betre samsvar mellom ressursbruk og behov, det vil seie prioriteringseffektivitet. Derfor kan ein vente at eit slikt større handlingsrom for kommunane over tid vil gi auka prioriteringseffektivitet i kommunane.

I kapittel 6 føreslår departementet at tilsynet skal avgrensast til å vere lovlegskapstilsyn. Tilsynet blir avgrensa til å gjelde kontroll med lovlegskapen av oppfyllinga kommunen har av plikter som er pålagde i lov eller i medhald av lov. Tilsynet blir underlagt dei same avgrensingane som domstolane når det gjeld å overprøve det frie skjønet til kommunen. Departementet legg til grunn at dette vil gi kommunane større handlingsrom til å tilpasse tenesteproduksjonen til lokale behov og preferansar, ved at det ikkje skal vere tilsyn som femner vidare enn lovlegskapstilsyn.

Departementet føreslår vidare i kapittel 9 at rettleiing ikkje skal vere ein del av sjølve tilsynsverksemda. Rettleiing som er knytt til tilsyn, kan i praksis bli ei meir skjult og indirekte form for styring. Ein klarare definisjon av kva tilsyn er, vil såleis kunne auke handlingsrommet for kommunane. Så lenge kommunen ikkje bryt lova, står kommunen fritt til å følgje eller ignorere dei råda som fylkesmannen gir, og kommunen står fritt til sjølv å velje rådgivar og alternative måtar å oppfylle krava i lova på.

Vidare vil samordning av dei praktiske sidene ved tilsynet kunne medverke til å redusere ressursbruken i kommunane i samband med tilsyn. For det første unngår ein at ulike pålegg motverkar kvarandre. Når ein får samordna verkemiddelbruken til tilsynet, kan ein rekne med at det vil redusere uønskte vridingseffektar av tilsynet på dei prioriteringane kommunane har, til dømes som følgje av at det på somme område i større grad blir nytta pålegg og andre sanksjonar enn på andre område.

10.3 Direkte konsekvensar

Departementet føreslår i kapittel 2 at det bør takast ein samla gjennomgang av tilsynsordningane ein har i dag, for å vurdere om tilsyn er nødvendig og tenleg. Slik departementet ser det, skal det vere eit mål at statleg tilsyn med kommunesektoren blir meir målretta og effektivt. Ein samla gjennomgang av tilsynsordningane vil vise dei moglege reduksjonane i tilsynet. Desse kan ikkje talfestast på førehand, men dersom ein går ut frå at ein eventuell reduksjon av tilsyn vil gi tilsvarande reduksjon i ressursbehovet knytt til tilsyn, kan ein reduksjon av tilsyn gi innsparingar i staten og kommunane. Det er ikkje mogleg å seie noko meir konkret om dette før ein har teke denne gjennomgangen. Eventuelle reduksjonar i rommet for tilsyn vil elles vere avhengig av endringar i det aktuelle regelverket. Konsekvensane vil bli nærmare vurderte.

Til forsida