Praktisering av sjølvkostprinsippet i kommunane

Telemarksforsking har gått gjennom forvaltningsrevisjonsrapportar for å kartleggja feil og manglar på utvalde sjølvkostområde i kommunane.

Telemarksforsking har gått gjennom forvaltningsrevisjonsrapportar for å kartleggja feil og manglar på utvalde sjølvkostområde i kommunane.

Telemarksforsking har identifisert ein del viktige problemområde. Dokumentasjon av sjølvkost er av varierande kvalitet, og det er slett ikkje alltid mogleg å seia om kommunane reknar rett eller ikkje.

Eit hovudfunn er at ting er på rett veg: Praksis vert meir i tråd med retningslinene over tid. Dei mest alvorlege feila finn me nok rundt bruk av sjølvkostfond. Alt i alt er det mykje som vert gjort feil. På VAR-området fører dette med seg at innbyggjarane i mange tilfelle betalar meir enn sjølvkost.