Prop. 1 S (2012–2013)

FOR BUDSJETTÅRET 2013 — Utgiftskapittel: 1100–1161 Inntektskapittel: 4100–4162, 5576, 5651, 5652

Til innhaldsliste

Del 4
Særskilde tema

10 Sektorovergripande miljøpolitikk

Det er ei kontinuerleg oppgåve for styresmaktene å sørgje for at det samla offentlege verkemiddelapparatet blir innretta mot å nå nasjonale miljøpolitiske mål og at det gir positive miljøeffektar. Norsk landbruk forvaltar store deler av norsk natur, gjennom jordbruk, skogbruk, reindrift og anna aktivitet. For å unngå utarming av naturen og for å sikre at dagens befolkning og framtidige generasjonar har tilgang til nok og trygg mat, tømmer, energi og andre varer og tenester, må landbruket ha eit langsiktig perspektiv og drivast på ein miljømessig berekraftig måte.

Miljøomsyn og langsiktig ressursforvaltning er difor ein integrert del av arbeidet til Landbruks- og matdepartementet. Departementet sin miljøstrategi for perioden 2008-2015 legg vekt på korleis departementet kan styrkje og utvikle miljøinnsatsen i landbruket, og med dette følgje opp miljøpolitikken til regjeringa.

Sidan landbrukets miljøpåverking avheng av ei rekke samanhengar i naturen og sjølvstendige val gjort av bøndene om produksjonsvolum, metodar, bruk av gjødsel osv, er det vanskeleg å setje miljømål som lèt seg måle i naturen, og samstundes isolere effektane av tiltak frå andre prosessar og forhold. Det blir arbeidd med å utvikle rapporteringa på miljøresultat i landbruket vidare, blant anna med indikatorar som måler effekt av tiltak og verkemiddel. Ei gruppe som blei nedsett av partane i jordbruksavtalen i 2011 har utarbeidd eit forslag til ny rapporteringsstruktur for miljøprogramsatsinga i jordbruket som omfattar miljøtema, programmål og indikatorar. Landbruks- og matdepartementet tek råda i rapporten med i det vidare arbeidet med mål- og resultatstyring, i samband med oppfølginga av Meld. St. 9 (2011-2012) Landbruks og matpolitikken.

Resultatet frå miljøarbeidet i landbruks- og matsektoren er nærmare omtalt under kat. 15.20 Forsking og innovasjon, kat. 15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak, og under kap. 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m. Det blir òg vist til informasjon om oppnådde resultat i Prop. 122 S (2011-2012) Jordbruksoppgjøret 2012 og SSB-rapport 2011/43 Jordbruk og miljø – tilstand og utvikling 2011.

Bevaring av mangfald og friluftsliv i naturen

I miljøstrategien har departementet slått fast at det er eit mål at kulturlandskapet og verdifulle naturverdiar skal sikrast gjennom eit aktivt landbruk, og det er òg eit mål at det blir lagt til rette for at verkemidla i naturmangfaldloven kan verke saman med verkemidla i landbruks- og matpolitikken. Systema som er bygde opp med Nasjonalt miljøprogram, Regionale miljøprogram (RMP), Spesielle miljøtiltak i landbruket (SMIL) og obligatorisk miljøplan, bidreg til dette. I tillegg kjem verkemiddel knytt til Utvalde kulturlandskap i jordbruket, dei norske verdsarvområda, kulturminne m.m.

Departementet bidreg til bevaring og berekraftig bruk av landbrukets genetiske ressursar gjennom internasjonalt og nordisk samarbeid, kontakt med næringsaktørar og tiltak for å stimulere næring, bønder og frivillige aktørar til å ta i bruk dette mangfaldet.

Gjennom skogpolitikken står mellom anna arbeidet med skogbruksplanlegging, miljøregistrering i skog (MiS-prosjektet) og landskogtakseringa sentralt, i tillegg til FoU knytt til skogbruk og biologisk mangfald. Samarbeid med miljøstyresmaktene om frivillig vern og vidareutvikling av miljøstandardar i skogbruket er to sentrale tilnærmingar for å ta vare på naturmangfaldet i skogen.

Eit sterkt jordvern er viktig for nasjonal sjølvforsyning av mat og bevaring av landbruksavhengig biologisk mangfald. Bevaring av jordsmonnet er òg særs viktig i klimasamanheng på grunn av karboninnhaldet i jorda. Regjeringa sitt mål om ei årlig omdisponering på maksimalt 6 000 dekar er eit viktig bidrag til å sikre eit sterkt og langsiktig jordvern.

Areal og vegar i landbruket er viktige for friluftsliv og grønt reiseliv. Det er derfor eit mål at behova til landbruksnæringa og friluftslivet blir kombinerte. Eit tettare samarbeid mellom landbruk, kommunar og frivillige organisasjonar om utforminga av vegar og stigar og vidareutvikling av friluftslivstilbod i kulturlandskap, skog og utmark står sentralt.

Bevaring og bruk av kulturminne

Jordbruket sitt kulturlandskap inneheld eit stort mangfald av kulturminne og kulturmiljø, og landbruket er ein viktig formidlar av kultur gjennom framhald av kunnskap om tradisjonell byggeskikk, materialbruk og tradisjonell handverkkompetanse, mattradisjonar og andre kulturhistoriske verdiar. Delar av jordbruksdrifta (for eksempel pløying, grøfting og nydyrking) kan vere ein trussel mot kulturminne. Spesielt gjeld dette automatisk freda kulturminne, både dei ein finn over og under bakkenivå. Landbrukets bygningar representerer store bruksressursar, men òg vesentlege utfordringar knytt til å sikre og auke bruken, finne gode løysningar ved endringsbehov og sikre nødvendig vedlikehald.

Eit godt samarbeid mellom kulturminnesektoren og landbrukssektoren er avgjerande for å bevare kulturminne i jordbruket. Det har blitt etablert fleire ordningar som bidreg til ivaretaking av kulturminne dei siste tiåra. Ivaretaking av kulturminne er ei prioritering for SMIL- og RMP-midlane, og det finst eigne midlar til Utvalde kulturlandskap i jordbruket som bidreg til bevaring og bruk av kulturminne.

Reint hav og vatn og eit giftfritt miljø

Tidligare utsleppsproblem frå gjødsellager og siloar er i stor grad løyst, og fosforbruken i landbruket er langt betre tilpassa plantenes opptak no enn tidligare. Avrenning av næringsstoff frå jordbruksareala held fram og er ei utfordring for vasskvalitet i utsette vassdrag og kystområde. Mildare vintre med kortare frostperiodar har medverka til å auke utfordringa knytt til avrenning. I tråd med målet i vassforskrifta om god økologisk tilstand, arbeider landbruksstyresmaktene på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå med å følgje opp ansvaret, mellom anna med iverksetting av nødvendige tiltak i landbruket. Det blir òg gjort ein innsats for å kvalitetssikre kunnskap med omsyn til effektar og kostnader av tiltak innan landbrukssektoren.

Kjemiske plantevernmiddel kan ha uønskja effektar på helse og miljø. Ein ny handlingsplan for perioden 2010-2014 vidarefører tidligare fastlagde mål om redusert bruk og risiko ved plantevernmiddel.

Regjeringa har som mål at 15 pst. av matproduksjonen og matforbruket skal vere økologisk innan 2020, jf. Soria Moria-erklæringa. Satsinga på dette området skjer med utgangspunkt i handlingsplanen til Landbruks- og matdepartementet Økonomisk, agronomisk – økologisk! Rettleiing og kompetanseutvikling i heile verdikjeda er viktig for å styrkje den økologisk produksjonen.

Eit stabilt klima og rein luft

I 2009 la Regjeringa fram St.meld. nr. 39 (2008-2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen. Meldinga viser korleis landbruks- og matsektoren må tilpasse seg klimaendringar og kan bidra til å redusere klimagassutslepp. Meldinga følgjast opp i Meld. St. 21 (2011-2012) Norsk klimapolitikk.

Optimal utnytting av husdyrgjødsel bidreg til å minke klimagassutsleppa, minke behovet for handelsgjødsel og eit betre vassmiljø. Endra jordarbeiding (redusert haustpløying) og meir miljøvenleg handtering av husdyrgjødsel er sentrale tiltak som både minkar klimagassutslepp og betrar vassmiljøet.

I dag er det nokre få gardsbaserte anlegg for biogass i drift i Noreg. Dette motsvarer bruk av ca 1 pst. av gjødsla. Investeringsstøtte og meir forsking er viktig for å auke produksjonen av biogass og dermed senke utsleppa av klimagass frå norsk jordbruk.

Bioenergi frå skogen er eit viktig bidrag til Regjeringa sitt mål om inntil 14 TWh fornybar energi innan 2020. Mykje av skogen som kan bli teken ut i dei næraste 40-50 åra ligg i område med dårleg vegdekning og vanskelege driftsforhold. Eit lønsamt skogbruk og satsing på bioenergi krev god infrastruktur tilpassa moderne driftsutstyr. Auka bruk av tremateriale kan erstatte meir klimabelastande byggemateriale.

Skog og skogforvaltning er eit sentralt tema i forhandlingane om eit nytt internasjonalt klimaregime, og Landbruks- og matdepartementet deltok òg i 2011 i den norske forhandlingsdelegasjonen til møte under klimakonvensjonen (UNFCCC). Noreg er òg ein pådrivar for internasjonalt samarbeid om berekraftig skogforvaltning.

Miljø- og samfunnsansvar i offentlege anskaffingar

Landbruks- og matdepartementet har innført miljøleiing, og til hjelp i dette arbeidet er det utarbeidd ein kortfatta handlingsplan. Hovudmålsetjinga er at departementet skal gjennomføre oppgåvene med ein så liten miljøpåverknad som mogleg. Omsynet til miljøet skal sikrast i planlegging og utføringa av alle innkjøps-, drifts- og produksjonsaktivitetar i departementet. I handlingsplanen er det spesielt fokusert på avfall, transport, energi og innkjøp. Landbruks- og matdepartementet vil bruke miljøkriteria til Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) i anskaffingar der det er etablert verktøy for dette, og elles følgje opp bruk av desse i anskaffingar på område der departementet deltek i fellesavtalar i regjeringskvartalet. Departementet deltek i eit felles prosjekt som har til formål å implementere eit felles EMAS-registrert miljøleiingssystem i regjeringskvartalet. Dette skal vere gjennomført i løpet av 2012. Det er etablert fleire møterom til bruk for telefonkonferansar, noko som er med på å redusere reiseverksemda. I forbindelse med flytting til nye lokale i 2012 vil det bli innført tekniske tiltak for å redusere mengda av uavhenta utskrifter for å redusere bruken av papir. Departementet har teke i bruk alle returordningane for avfall som finst i regjeringskvartalet. Landbruks- og matdepartementet er òg pådrivar overfor eksterne tenesteleverandørar når det gjeld miljøomsyn.

11 Likestilling

Næringslivet er avhengig av nyskaping og av at ein tek i bruk mangfaldet av ressursar. Det er eit mål i landbrukspolitikken at kvinner og menn skal ha same moglegheiter til å drive næringsverksemd innanfor landbruk og i tilknytte næringar.

Kvinner har i lengre tid blitt prioriterte ved tildeling av midlar til bygdeutvikling (BU-midlar), og kvinner har i det seinare markert seg positivt innanfor etablering av nye bygdenæringar i landbruket og økologisk landbruk. Det er òg verdt å merke seg at kvinner i landbruket i dag har lengre utdanning og større lønnsinntekt utanfor garden enn menn.

Strategi for likestilling i landbrukssektoren frå 2007 ligg til grunn for næringa sitt arbeid med likestilling. Strategien har mål om 40 pst. kvinneleg representasjon både når det gjeld eigarskap, næringsutøving og deltaking i styrande organ i landbrukssektoren.

Regjeringa sin Handlingsplan for meir entreprenørskap blant kvinner frå 2008 er ei felles satsing frå sju departement. Målet er at vesentleg fleire kvinner skal bli entreprenørar og at delen kvinner skal vere 40 pst. innan 2013. Landbruks- og matdepartementet har bede Innovasjon Noreg arbeide for ein vekst i delen kvinner innanfor selskapets program og tenester der det er aktuelt. Innovasjon Noreg skal vidare arbeide for å auke delen kvinner i styrer og leiing for verksemder som mottek støtte og framskaffe relevant statistikk for utviklinga innanfor aktuelle område. Ei midtvegsevaluering av handlingsplanen utarbeidd av NIFU i juni 2011, viser at departementa og verkemiddelapparatet har følgt opp planen godt.

Kvinner eig i dag 25 pst. av alle landbrukseigendomar. Kvinner driver og eig ofte dei mindre gardsbruka. Landbruksteljinga frå 2010 viser at menn eig 80,4 pst. av jordbruksbedriftene, mens 13,5 pst. er eigd av kvinner. Andre eigarformer er upersonlege og utgjer 6 pst. av jordbruksbedriftene. For skogareal er tendensen om lag den same. Menn eig 61,2 pst. av det produktive arealet, mens 17,8 pst. er eigd av kvinner og 21,1 pst. er upersonlege eigarar.

Det har vore ei positiv utvikling i delen etablerartilskott og BU-midlar som går til kvinner de seinare åra. I 2011 var kvinnedelen på 48 pst. for bygdeutviklingsmidla og 74 pst. for etablererstipendene. Kvinnedelen av BU-midlar som går til tradisjonelt landbruk er tilnærmet 40 pst, mens kvinnedelen av tildelt beløp for bygdenæringar auka frå 58 pst. i 2010 til 70 pst. Trendundersøkingar viser ein forholdsvis høg kvinnedel i næringar som Inn på tunet, gardsturisme/grønt reiseliv og økologisk drift. Det blir arbeidd med eit betre dokumentasjonsgrunnlag for utviklinga i desse næringane generelt.

Som ein del av satsinga for å rekruttere ungdom inn i næringa, har avtalepartane sett av 4,5 mill. kroner til eit treårig nasjonalt prosjekt Velg landbruk. Prosjektet skal arbeide for å styrkje rekrutteringa til landbruksutdanning på alle nivå. Prosjektansvar er lagt til Noregs Bondelag. Prosjektet blir sett i samanheng med andre midlar til rekruttering og kompetanse i landbruket.

Fylkeskommunane får 20 mill. kroner til arbeid med rekruttering, likestilling og kompetanseheving i landbruket. Ordninga skal tilpassast regionale utfordringar på området både innan tradisjonelt landbruk og bygdenæringar. Den fylkesvise fordelinga av midlane er basert på den same fordelingsnøkkelen som blir nytta for de fylkesvise BU-midlane.

Midlane blir forvalta med bakgrunn i regionale strategiar for landbruksbasert næringsutvikling, og fylkeskommunanes strategi- og plandokument på området. Enkelte fylke har utarbeidd eigne strategiar og handlingsplanar for bruken av midlane regionalt.

I 2011 er tilskottsmidlane hovudsakleg nytta til kompetansehevande kurs og tiltak av kortare varigheit innan det tradisjonelle landbruket og bygdenæringane. Det er òg tildelt midlar til tiltak for å auke rekrutteringa til næringa og til vidaregåande opplæring og vaksenopplæring innan naturbruksfag.

Arbeidet med likestilling i reindrifta krev innsats frå fleire aktørar. Dette gjeld både frå det offentlege ved utforming av virkemiddel, frå næringa sjølv og frå næringsorganisasjonen. I 2010 var det til saman 70 kvinnelege innehavarar av siidaandelar. Dette utgjer 13 pst. av totalen på 538 siidaandelar. Kvinnene som står oppført med rein i melding om reindrift eig 25 pst. av det totale reintalet. Det er blitt etablert ulike ordningar for å styrkje likestillinga i reindrifta, for eksempel gjennom høgare tilskott til siidaandeler der ei kvinne står som einaste leiar, tilskott ved avløysing ved svangerskap/fødsel, ektefelle-/sambuartillegg og innrettinga av fagbrevordninga. I tillegg er det kvart år sett av midlar til kvinneretta tiltak over reindriftsavtalen som blir forvalta av Reindriftsforvaltninga.

Avtalepartane ser det som viktig at man framleis nyttar ulike verkemiddel for å oppnå auka likestilling i reindrifta. Sjølv om eit slikt arbeid må bli sett i et meir langsiktig perspektiv, er det viktig at det blir arbeidd kontinuerleg med målrettea tiltak. Dei øyremerka kvinneretta midlane gir moglegheiter for et slikt arbeid. Reindriftsforvaltninga skal gå gjennom retningslinjene for bruk av kvinnemidlane. Retningslinjene vil bli behandla av styret for Reindriftas utviklingsfond (RUD). Dei nye retningslinjene skal danne grunnlaget for bruk av dei framtidige kvinneretta midlane.

Partane avtaler oppfølgingstiltak mellom anna med bakgrunn i bl.a. rapporten Likestilling i reindriften.

For omtale av likestilling i forvaltninga, sjå del III.

12 Tilsetjingsvilkår for leiarar i heileigde statlege verksemder

Statskog SF

Utgifter til:

Kroner

Lønn, adm. dir.

1 172 000

Pensjonsutgifter

156 000

Anna godtgjersle1

136 000

1 Anna godtgjersle gjeld fri bil, telefon og aviser

Staur Gård AS

Utgifter til:

Kroner

Lønn, dagleg leiar

701 043

Pensjonsutgifter

81 144

Elektronisk kommunikasjon

6 000

13 Standardiserte nøkkeltal for forvaltningsorgan med særskilde fullmakter (nettobudsjetterte verksemder)

Frå og med statsbudsjettet for 2010 har departementet presentert standardiserte nøkkeltal for forvaltningsorgan med særskilte fullmakter (nettobudsjetterte verksemder) som departementet har ansvaret for. Dette gjeld følgjande verksemder:

  • Veterinærinstituttet

  • Bioforsk

  • Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF)

  • Norsk institutt for skog og landskap

Hensikta med nøkkeltala er i første rekke å forbetre kontroll og innsyn frå Stortinget og regjeringa ved å presentere same type informasjon som blir gitt for dei bruttobudsjetterte verksemdene i dei ordinære oppstillingane i statsbudsjettet og statsrekneskapen. Framstillinga er basert på kontantprinsippet for gjeldande budsjettår, samt rekneskapstala for dei tre siste åra. Nærmare omtale av status for den enkelte verksemda går fram av kap. 1137 post 51.

Kort beskriving av tabellmaterialet

Tabell 1 under kvart enkelt organ gir ei oversikt over utgifter og inntekter etter art: Formålet med tabellen er å vise verksemdas brutto utgifter og inntekter basert på kontantprinsippet og artsinndelt etter same prinsipp som gjeld for dei bruttobudsjetterte verksemdene.

Tabell 2 under kvart enkelt organ gir ei oversikt over inntekter etter inntektskjelde: Dei fleste nettobudsjetterte verksemder har fleire inntektskjelder og formålet med tabell 2 er å gi ein oversikt over dei ulike inntektskjeldene.

Tabell 3 under kvart enkelt organ gir ei oversikt over verksemdas kontantbehaldning per 31. desember med spesifikasjon av dei formål kontantbehaldningane skal nyttast til: Formålet med tabellane er å vise dei samla overføringane til neste budsjettår og samansetninga av overføringane.

Det kan vere gjort omklassifiseringar mellom rekneskapslinjer samanlikna med det som er presentert i tidlegare års fagproposisjonar, fordi noen av forvaltningsorgana med særskilte fullmakter i løpet av 2011 har gått over til å føre rekneskapa etter dei statlege anbefalte rekneskapsstandardane (SRS).

Veterinærinstituttet

Tabell 13.1 Utgifter og inntekter fordelt etter art

Utgifter/inntekter

(i 1 000 kr)

31.12.2009

31.12.2010

31.12.2011

Budsjett 2012

1. Utgifter

Driftsutgifter

Lønnsutgifter

197 527

207 158

208 456

214 469

Varer og tenester

123 098

118 469

147 703

153 399

Sum driftsutgifter

320 625

325 627

356 159

367 868

Investeringsutgifter

Investeringar, større utstyrskjøp og vedlikehald

0

0

0

0

Sum investeringsutgifter

0

0

0

0

Overføringar frå verksemda

Utbetalingar til andre statlege rekneskap

0

0

0

0

Andre utbetalingar

0

0

0

0

Sum overføringsutgifter

0

0

0

0

Finansielle aktivitetar

Kjøp av aksjar og eigardelar

0

25

0

0

Andre finansielle utgifter

0

0

0

0

Sum finansielle utgifter

0

25

0

0

Sum utgifter

320 625

325 652

356 159

367 868

2. Inntekter

Driftsinntekter

Inntekter frå sal av varer og tenester

170 671

165 741

192 956

212 918

Inntekter frå avgifter, gebyr og lisensar

0

0

0

Refusjonar

7 580

9 575

10 001

4 597

Andre driftsinntekter

4 177

16 235

9 507

0

Sum driftsinntekter

182 428

191 551

212 464

217 515

Investeringsinntekter

Sal av varige driftsmiddel

0

0

0

0

Sum investeringsinntekter

0

0

0

0

Overføringar til verksemda

Inntekter frå statlege løyvingar

134 172

145 663

147 320

150 915

Andre innbetalingar

0

0

0

Sum overføringsinntekter

134 172

145 663

147 320

150 915

Finansielle aktivitetar

Innbetalingar ved sal av aksjar og eigardelar

0

0

0

0

Andre finansielle inntekter

72

-4

18

0

Sum finansielle inntekter

72

-4

18

0

Sum inntekter

316 672

337 210

359 802

368 431

Sum nettoendring i kontantbehaldninga

- 3 953

11 558

3 643

563

Tabell 13.2 Inntekter etter inntektskjelde

Inntektskjelde

Rekneskap (i 1 000 kr)

31.12.2009

31.12.2010

31.12.2011

Budsjett 2012

Løyvingar til finansiering av statsoppdraget

Løyvingar frå fagdepartement

83 845

91 033

88 897

89 306

Løyvingar frå andre departement

37 900

39 115

40 487

42 240

Løyvingar frå andre statlege forvaltningsorgan

0

0

0

0

Tildelingar frå Noregs forskingsråd

12 427

15 515

17 936

19 369

Sum løyvingar

134 172

145 663

147 320

150 915

Offentlege og private bidrag

Bidrag frå kommunar og fylkeskommunar

0

0

0

0

Bidrag frå private

0

0

0

0

Tildelingar frå internasjonale organisasjonar

4 293

3 760

5 993

12 886

Sum bidrag

4 293

3 760

5 993

12 886

Oppdragsinntekter mv.

Oppdrag frå statlege verksemder

103 290

73 557

94 597

95 000

Oppdrag frå kommunale og fylkeskommunale verksemder

0

0

0

0

Oppdrag frå private

0

0

0

0

Andre inntekter1

74 917

114 230

111 892

109 630

Sum oppdragsinntekter mv.

178 207

187 787

206 489

204 630

Sum inntekter

316 672

337 210

359 802

368 431

1 «Andre inntekter» inkluderer finanspostar og andre tidsavgrensingar

Tabell 13.3 Forholdet mellom kontantbehaldning, oppsamla kostnader og avsetningar i perioden 2009-2011

Rekneskapspost

Rekneskap (i 1 000 kr)

Endring

31.12.2009

31.12.2010

31.12.2011

2010 til 2011

Kontantbehaldning

Behaldning på oppgjørskonto i Noregs Bank

62 592

74 150

77 793

3 643

Behaldning på andre bankkonti

0

0

0

Andre kontantbehaldningar

10

10

10

0

Sum kontantar og kontantekvivalentar

62 602

74 160

77 803

3 643

Avsetningar til dekning av oppsamla kostnader som har forfall i neste budsjettår

Feriepengar mv.

17 162

18 107

18 738

631

Skattetrekk og offentlege avgifter

16 623

16 846

16 805

-41

Gjeld til leverandørar

1 793

5 617

9 272

3 655

Gjeld til oppdragsgjevarar

20 196

22 472

19 267

-3 205

Anna netto gjeld/fordring som har forfall i neste budsjettår

766

86

78

-8

Sum til dekning av oppsamla kostnader som har forfall i neste budsjettår

56 540

64 128

64 160

1 032

Avsetningar til dekning av planlagde tiltak der kostnadene heilt eller delvis vil bli dekt i framtidige budsjettår

Prosjekt finansiert av Noregs forskingsråd

0

0

0

0

Større påbegynte, fleirårige investeringsprosjekt av grunnløyvinga frå fagdepartementet

0

0

0

0

Konkrete påbegynte, ikkje fullførte prosjekt finansiert av grunnløyvinga frå fagdepartementet

0

0

0

0

Andre avsetningar til vedtekne formål, som ikkje er sett i gang

0

4 211

3 625

-586

Konkrete påbegynte, ikkje fullførte prosjekt finansiert av løyvingar frå andre departement

0

0

1 650

1 650

Sum avsetningar til planlagde tiltak i framtidige budsjettår

0

4 211

5 275

1 064

Andre avsetningar

Avsetningar til andre formål/ ikkje spesifiserte formål

919

738

738

0

Fri verksemdskapital

4 066

6 133

7 627

1 494

Sum andre avsetningar

4 985

6 871

8 365

1 494

Langsiktig gjeld (netto)

Langsiktig forplikting knytt til anleggsmidlar

1 077

-50

3

53

Anna langsiktig gjeld

0

0

0

0

Sum langsiktig gjeld

1 077

-50

3

53

Sum nettogjeld og forpliktingar

62 602

74 160

77 803

3 643

Bioforsk

Tabell 13.4 Utgifter og inntekter fordelt etter art

Utgifter/inntekter

(i 1 000 kr)

31.12.2009

31.12.2010

31.12.2011

Budsjett 2012

1. Utgifter

Driftsutgifter

Lønnsutgifter

215 781

240 537

231 758

241 028

Varer og tenester

169 430

195 223

156 370

161 061

Sum driftsutgifter

385 211

435 760

388 128

402 089

Investeringsutgifter

Investeringar, større utstyrskjøp og vedlikehald

-405

39 013

17 197

15 000

Sum investeringsutgifter

-405

39 013

17 197

15 000

Overføringar frå verksemda

Utbetalingar til andre statlege rekneskap

0

0

0

0

Andre utbetalingar

0

0

35 331

0

Sum overføringsutgifter

0

0

35 331

0

Finansielle aktivitetar

Kjøp av aksjar og eigardelar

-645

0

0

0

Andre finansielle utgifter

357

7

21

0

Sum finansielle utgifter

-288

7

21

0

Sum utgifter

384 518

474 780

440 677

417 089

2. Inntekter

Driftsinntekter

Inntekter frå sal av varer og tenester

214 923

256 506

279 054

260 000

Inntekter frå avgifter, gebyr og lisensar

0

0

0

0

Refusjonar

0

0

6 610

0

Andre driftsinntekter

3 242

3 366

8

20 000

Sum driftsinntekter

218 165

259 872

285 672

280 000

Investeringsinntekter

Sal av varige driftsmiddel

0

0

0

0

Sum investeringsinntekter

0

0

0

0

Overføringar til verksemda

Inntekter frå statlege løyvingar

167 822

173 703

164 109

175 000

Andre innbetalingar

37 758

4 969

59

9 000

Sum overføringsinntekter

205 580

178 672

164 168

184 000

Finansielle aktivitetar

Innbetalingar ved sal av aksjar og eigardelar

0

0

0

0

Andre finansielle inntekter

0

0

106

0

Sum finansielle inntekter

0

0

106

0

Sum inntekter

423 745

438 544

449 946

464 000

Sum nettoendring i kontantbehaldninga

39 227

-36 236

9 269

46 911

Tabell 13.5 Inntekter etter inntektskjelde

Inntektskjelde

Rekneskap (i 1 000 kr)

31.12.2009

31.12.2010

31.12.2011

Budsjett 2012

Løyvingar til finansiering av statsoppdraget

Løyvingar frå fagdepartement

130 636

87 683

83 579

86 000

Løyvingar frå andre departement

840

810

44 861

840

Løyvingar frå andre statlege forvaltningsorgan

0

0

0

0

Tildelingar frå Noregs forskingsråd

105 154

113 046

115 505

120 000

Sum løyvingar

236 630

201 539

243 945

206 840

Offentlege og private bidrag

Bidrag frå kommunar og fylkeskommunar

0

0

0

0

Bidrag frå private

0

0

0

0

Tildelingar frå internasjonale organisasjonar

12 257

24 687

17 221

25 000

Sum bidrag

12 257

24 687

17 221

25 000

Oppdragsinntekter mv.

Oppdrag frå statlege verksemder

56 875

62 870

76 205

76 000

Oppdrag frå kommunale og fylkeskommunale verksemder

21 150

25 850

10 191

25 000

Oppdrag frå private

91 810

117 450

91 040

125 000

Andre inntekter1

5 023

6 148

11 344

6 160

Sum oppdragsinntekter mv.

174 858

212 318

188 780

232 160

Sum inntekter

423 745

438 544

449 946

464 000

1 Andre inntekter inkluderer finanspostar og andre tidsavgrensingar

Tabell 13.6 Forholdet mellom kontantbehaldning, oppsamla kostnader og avsetningar i perioden 2009-2011

Rekneskapspost

Rekneskap (i 1 000 kr)

Endring

31.12.2009

31.12.2010

31.12.2011

2010 til 2011

Kontantbehaldning

Behaldning på oppgjørskonto i Noregs Bank

138 003

106 257

109 195

2 938

Behaldning på andre bankkonti

-76

-4 566

1 748

6 314

Andre kontantbehaldningar

0

18

18

Sum kontantar og kontantekvivalentar

137 927

101 691

110 961

9 270

Avsetningar til dekning av oppsamla kostnader som har forfall i neste budsjettår

Feriepengar mv.

24 760

20 423

21 388

965

Skattetrekk og offentlege avgifter

2 478

3 394

16 898

13 504

Gjeld til leverandørar

43 643

34 760

34 055

-705

Gjeld til oppdragsgjevarar

0

0

0

0

Anna netto gjeld/fordring som har forfall i neste budsjettår

0

0

0

0

Sum til dekning av oppsamla kostnader som har forfall i neste budsjettår

70 881

58 577

72 341

13 764

Avsetningar til dekning av planlagde tiltak der kostnadene heilt eller delvis vil bli dekt i framtidige budsjettår

Prosjekt finansiert av Noregs forskingsråd

18 550

13 806

14 193

387

Større påbegynte, fleirårige investeringsprosjekt av grunnløyvinga frå fagdepartement

12 943

17 901

13 033

-4 868

Konkrete påbegynte, ikkje fullførte prosjekt finansiert av grunnløyvinga frå fagdepartementet

0

0

0

0

Andre avsetningar til vedtekne formål, som ikkje er sett i gang

510

510

510

0

Konkrete påbegynte, ikkje fullførte prosjekt finansiert av løyvingar frå andre departement

0

0

0

0

Sum avsetningar til planlagde tiltak i framtidige budsjettår

32 003

32 217

27 736

-4 481

Andre avsetningar

Avsetningar til andre formål/ ikkje spesifiserte formål

0

0

0

0

Fri verksemdskapital

34 812

10 884

10 884

0

Sum andre avsetningar

34 812

10 884

10 884

0

Langsiktig gjeld (netto)

Langsiktig forplikting knytt til anleggsmidlar

231

13

0

-13

Anna langsiktig gjeld

0

0

0

0

Sum langsiktig gjeld

231

13

0

-13

Sum nettogjeld og forpliktingar

137 927

101 691

110 961

9 270

Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF)

Tabell 13.7 Utgifter og inntekter fordelt etter art

Utgifter/inntekter

Rekneskap (i 1 000 kr)

31.12.2009

31.12.2010

31.12.2011

Budsjett 2012

1. Utgifter

Driftsutgifter

Lønnsutgifter

37 236

40 647

41 575

44 833

Varer og tenester

11 925

11 332

10 028

11 511

Sum driftsutgifter

49 161

51 979

51 603

56 344

Investeringsutgifter

Investeringar, større utstyrskjøp og vedlikehald

438

0

158

0

Sum investeringsutgifter

438

0

158

0

Overføringar frå verksemda

Utbetalingar til andre statlege rekneskap

0

0

0

0

Andre utbetalingar

0

0

0

0

Sum overføringsutgifter

0

0

0

0

Finansielle aktivitetar

Kjøp av aksjar og eigardelar

0

3

0

0

Andre finansielle utgifter

0

0

0

0

Sum finansielle utgifter

0

3

0

0

Sum utgifter

49 599

51 982

51 761

56 344

2. Inntekter

Driftsinntekter

Inntekter frå sal av varer og tenester

15 123

15 876

17 648

21 163

Inntekter frå avgifter, gebyr og lisensar

0

0

0

0

Refusjonar

0

0

0

0

Andre driftsinntekter

0

0

0

0

Sum driftsinntekter

15 123

15 876

17 648

21 163

Investeringsinntekter

Sal av varige driftsmiddel

0

0

0

0

Sum investeringsinntekter

0

0

0

0

Overføringar til verksemda

Inntekter frå statlege løyvingar

33 435

34 889

35 628

35 781

Andre innbetalingar

0

0

0

0

Sum overføringsinntekter

33 435

34 889

35 628

35 781

Finansielle aktivitetar

Innbetalingar ved sal av aksjar og eigardelar

0

0

0

0

Andre finansielle inntekter

0

0

0

0

Sum finansielle inntekter

0

0

0

0

Sum inntekter

48 558

50 765

53 276

56 944

Sum nettoendring i kontantbehaldninga

- 1 041

-1 217

1 515

600

Tabell 13.8 Inntekter etter inntektskjelde

Inntektskjelde

Rekneskap (i 1 000 kr)

31.12.2009

31.12.2010

31.12.2011

Budsjett 2012

Løyvingar til finansiering av statsoppdraget

Løyvingar frå fagdepartement

22 909

23 481

23 142

23 141

Løyvingar frå andre departement

0

0

0

0

Løyvingar frå andre statlege forvaltningsorgan

0

0

0

0

Tildelingar frå Noregs forskingsråd

10 526

11 408

12 486

12 640

Sum løyvingar

33 435

34 889

35 628

35 781

Offentlege og private bidrag

Bidrag frå kommunar og fylkeskommunar

0

0

0

0

Bidrag frå private

0

0

0

0

Tildelingar frå internasjonale organisasjonar

0

0

0

0

Sum bidrag

0

0

0

0

Oppdragsinntekter mv.

Oppdrag frå statlege verksemder

12 233

11 864

12 072

13 063

Oppdrag frå kommunale og fylkeskommunale verksemder

28

88

330

0

Oppdrag frå private

1 889

3 132

5 082

7 400

Andre inntekter1

973

792

164

700

Sum oppdragsinntekter mv.

15 123

15 876

17 348

21 163

Sum inntekter

48 558

50 765

53 276

56 944

1 «Andre inntekter» inkluderer finanspostar og andre tidsavgrensingar

Tabell 13.9 Forholdet mellom kontantbehaldning, oppsamla kostnader og avsetningar i perioden 2009-2011

Rekneskapspost

Rekneskap (i 1 000 kr)

Endring

31.12.2009

31.12.2010

31.12.2011

2010 til 2011

Kontantbehaldning

Behaldning på oppgjørskonto i Noregs Bank

22 913

21 696

23 211

1 515

Behaldning på andre bankkonti

0

0

0

0

Andre kontantbehaldningar

0

0

0

0

Sum kontantar og kontantekvivalentar

22 913

21 696

23 211

1 515

Avsetningar til dekning av oppsamla kostnader som har forfall i neste budsjettår

Feriepengar mv.

4 907

4 891

4 846

-45

Skattetrekk og offentlege avgifter

2 641

2 734

3 316

582

Gjeld til leverandørar

940

1 131

655

-476

Gjeld til oppdragsgjevarar

1 256

-1 580

1 709

3 289

Anna netto gjeld/fordring som har forfall i neste budsjettår

-2 540

-1 235

-3 498

-2 263

Sum til dekning av oppsamla kostnader som har forfall i neste budsjettår

7 204

5 940

7 028

1 088

Avsetningar til dekning av planlagde tiltak der kostnadene heilt eller delvis vil bli dekt i framtidige budsjettår

Prosjekt finansiert av Noregs forskingsråd

0

0

0

0

Større påbegynte, fleirårige investeringsprosjekt av grunnløyvinga frå fagdepartement

0

0

0

0

Konkrete påbegynte, ikkje fullførte prosjekt finansiert av grunnløyvinga frå fagdepartementet

0

0

0

0

Andre avsetningar til vedtekne formål, som ikkje er sett i gang

0

0

0

0

Konkrete påbegynte, ikkje fullførte prosjekt finansiert av løyvingar frå andre departement

0

0

0

0

Sum avsetningar til planlagde tiltak i framtidige budsjettår

0

0

0

0

Andre avsetningar

Avsetningar til andre formål/ikkje spesifiserte formål

0

0

0

0

Fri verksemdskapital

14 019

14 412

15 122

710

Sum andre avsetningar

14 019

14 412

15 122

710

Langsiktig gjeld (netto)

Langsiktig forplikting knytt til anleggsmidlar

0

0

0

0

Anna langsiktig gjeld

1 690

1 344

1 061

-283

Sum langsiktig gjeld

1 690

1 344

1 061

- 283

Sum nettogjeld og forpliktingar

22 913

21 696

23 211

1 515

Norsk institutt for skog og landskap

Tabell 13.10 Utgifter og inntekter fordelt etter art

Utgifter/inntekter

(i 1 000 kr)

31.12.2009

31.12.2010

31.12.2011

Budsjett 2012

1. Utgifter

Driftsutgifter

Lønnsutgifter

120 238

134 958

138 110

146 000

Varer og tenester

60 026

55 264

53 559

59 204

Sum driftsutgifter

180 264

190 222

191 669

205 204

Investeringsutgifter

Investeringar, større utstyrskjøp og vedlikehald

4 643

2 887

4 938

5 000

Sum investeringsutgifter

4 643

2 887

4 938

5 000

Overføringar frå verksemda

Utbetalingar til andre statlege rekneskap

10 847

8 614

2 601

7 000

Andre utbetalingar

4 001

5 373

6 760

6 300

Sum overføringsutgifter

14 848

13 987

9 361

13 300

Finansielle aktivitetar

Kjøp av aksjar og eigardelar

0

0

0

0

Andre finansielle utgifter

0

0

0

0

Sum finansielle utgifter

0

0

0

0

Sum utgifter

199 755

207 096

205 968

223 504

2. Inntekter

Driftsinntekter

Inntekter frå sal av varer og tenester

23 210

41 236

26 949

34 500

Inntekter frå avgifter, gebyr og lisensar

0

0

0

0

Refusjonar

1 090

995

981

0

Andre driftsinntekter

561

666

1 287

1 500

Sum driftsinntekter

24 861

42 897

29 217

36 000

Investeringsinntekter

Sal av varige driftsmiddel

0

0

0

0

Sum investeringsinntekter

0

0

0

0

Overføringar til verksemda

Inntekter frå statlege løyvingar

170 242

177 241

184 079

171 904

Andre innbetalingar

4 937

5 459

11 093

14 500

Sum overføringsinntekter

175 179

182 700

195 172

186 404

Finansielle aktivitetar

Innbetalingar ved sal av aksjar og eigardelar

0

0

0

0

Andre finansielle inntekter

0

0

61

0

Sum finansielle inntekter

0

0

61

0

Sum inntekter

200 040

225 597

224 450

222 404

Sum nettoendring i kontantbehaldninga

285

18 501

18 482

-1 100

Tabell 13.11 Inntekter etter inntektskjelde

Inntektskjelde

Rekneskap (i 1 000 kr)

31.12.2009

31.12.2010

31.12.2011

Budsjett 2012

Løyvingar til finansiering av statsoppdraget

Løyvingar frå fagdepartement

106 657

113 170

132 868

115 448

Løyvingar frå andre departement

0

400

400

0

Løyvingar frå andre statlege forvaltningsorgan

26 774

25 631

10 057

17 100

Tildelingar frå Noregs forskingsråd

36 811

38 039

40 754

39 356

Sum løyvingar

170 242

177 240

184 079

171 904

Offentlege og private bidrag

Bidrag frå kommunar og fylkeskommunar

0

0

1 546

0

Bidrag frå private

0

0

4 816

0

Tildelingar frå internasjonale organisasjonar

4 937

5 449

4 731

14 500

Sum bidrag

4 937

5 449

11 093

14 500

Oppdragsinntekter mv.

Oppdrag frå statlege verksemder

11 454

26 642

20 438

26 000

Oppdrag frå kommunale og fylkeskommunale verksemder

5 555

38

528

0

Oppdrag frå private

6 579

10 622

6 224

8 500

Andre inntekter1

1 273

5 596

2 088

1 500

Sum oppdragsinntekter mv.

24 861

42 898

29 278

36 000

Sum inntekter

200 040

225 587

224 450

222 404

1 Andre inntekter inkluderer finanspostar og andre tidsavgrensingar

Tabell 13.12 Forholdet mellom kontantbehaldning, oppsamla kostnader og avsetningar i perioden 2008-2010

Rekneskapspost

Rekneskap (i 1 000 kr)

Endring

31.12.2009

31.12.2010

31.12.2011

2009 til 2010

Kontantbehaldning

Behaldning på oppgjørskonto i Noregs Bank

48 171

66 593

88 669

22 076

Behaldning på andre bankkonti

3 545

3 623

0

-3 623

Andre kontantbehaldningar

0

0

29

29

Sum kontantar og kontantekvivalentar

51 716

70 216

88 698

18 482

Avsetningar til dekning av oppsamla kostnader som har forfall i neste budsjettår1

Feriepengar mv.

10 435

11 442

11 547

105

Skattetrekk og offentlege avgifter

9 745

9 406

10 281

875

Gjeld til leverandørar

8 419

9 335

11 548

2 213

Gjeld til oppdragsgjevarar

0

0

0

0

Anna netto gjeld/fordring som har forfall i neste budsjettår

0

0

2 795

2 795

Sum til dekning av oppsamla kostnader som har forfall i neste budsjettår

28 599

30 183

36 171

5 988

Avsetningar til dekning av planlagde tiltak der kostnadene heilt eller delvis vil bli dekt i framtidige budsjettår

Prosjekt finansiert av Noregs forskingsråd

1 635

5 353

3 719

-1 634

Større påbegynte, fleirårige investeringsprosjekt av grunnløyvinga frå fagdepartement

21 782

19 990

19 529

-461

Konkrete påbegynte, ikkje fullførte prosjekt finansiert av grunnløyvinga frå fagdepartementet

7 898

10 804

9 261

-1 543

Andre avsetningar til vedtekne formål, som ikkje er sett i gang

6 334

13 741

14 389

648

Konkrete påbegynte, ikkje fullførte prosjekt finansiert av -løyvingar frå andre departement

0

0

0

0

Sum avsetningar til planlagde tiltak i framtidige budsjettår

37 649

49 888

46 898

-2 990

Andre avsetningar

Avsetningar til andre formål/ikkje spesifiserte formål

2 000

2 000

5 283

3 283

Fri verksemdskapital1

-16 532

-11 855

346

12 201

Sum andre avsetningar

-14 532

- 9 855

5 629

15 484

Langsiktig gjeld (netto)

Langsiktig forplikting knytt til anleggsmidlar

0

0

0

0

Anna langsiktig gjeld

0

0

0

0

Sum langsiktig gjeld

0

0

0

0

Sum nettogjeld og forpliktingar

51 716

70 216

88 698

18 482

1 Tal for 2010 er noko omgrupperte samanlikna med tilsvarande tabell i Meld. St. 3 (2010-2011). Tala samsvarar med tabellari Landbruks- og matdepartementet sin fagproposisjon til Prop. 1 S (2011-2012).