Prop. 1 S Tillegg 2 (2011–2012)

FOR BUDSJETTÅRET 2012 Endringar av Prop. 1 S om statsbudsjettet for 2012 under Landbruks- og matdepartementet

Til innhaldsliste

2 Omtale av forslaga til endringar i statsbudsjettet for 2012

Kap 1148 Naturskade – erstatningar

Post 71 Naturskade, erstatningar

Det er forventa at mange av naturskadesakene vil kome til utbetaling i 2012. Ansvaret ved årsskiftet 2011/2012 er rekna ut til å bli på om lag 66 mill. kroner. Basert på føresetnaden om at 2012 elles blir eit gjennomsnittleg år med omsyn til naturskadar, har Statens landbruksforvaltning estimert eit løyvingsbehov på 150 mill. kroner og eit ansvar ved utgangen av 2012 på 77 mill. kroner. På bakgrunn av dei nye tala foreslår departementet ei løyving for 2012 på 150 mill. kroner, mot 88 mill. kroner i Prop. 1 S, samt ei tilsegnsfullmakt på 77 mill. kroner, mot 37,5 mill. kroner i Prop. 1 S.

Kap 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.

Post 71 Tilskott til erstatningar m.m.

Det dårlege veret i 2011 gjer det nødvendig å auke budsjettforslaget for erstatningar til avlingsskadar for 2012.

Statens landbruksforvaltning har, på grunnlag av anslag frå kommunar og fylke, anslått at samla utbetaling for avlingsskadar i 2012, basert på føresetnaden om at 2012 elles blir eit gjennomsnittleg år med omsyn til avlingsskadar og andre forhold som er omfatta av ordninga, vil liggje på totalt 70 mill. kroner. På bakgrunn av dei nye tala foreslår departementet ei løyving for 2012 på 70 mill. kroner, mot 40 mill. kroner i Prop. 1 S.

Til forsida