Prop. 1 S Tillegg 4 (2010–2011)

FOR BUDSJETTÅRET 2011 Endring av Prop. 1 S om statsbudsjettet for 2011 (Fullmakt til å ta opp statslån o.a., og saldering av statsbudsjettet for 2011)

Til innhaldsliste

3 Sentrale utviklingstrekk i marknaden

Svak makroøkonomisk utvikling internasjonalt gjer at sentralbankane framleis held styringsrentene låge. Styringsrentene i både euroområdet, USA og Storbritannia har vore uendra i over eitt år og ligg på det lågaste nivået ein har sett i moderne tid. I tråd med at den økonomiske situasjonen ser noko betre ut i Noreg, har Noregs Bank sidan oktober 2009 heva renta med til saman 0,75 prosentpoeng frå botnnivået på 1,25 prosent.

Det er forventningar i marknaden til at dei kortsiktige styringsrentene etter kvart skal normalisere seg. Utviklinga i rentene i marknaden tyder imidlertid på at ein ventar at denne normaliseringa kjem seinare enn det ein tidlegare rekna med. Nivået på langsiktige statsrenter i Noreg, Tyskland og USA har falle med om lag eitt prosentpoeng det siste året. Land i EU med store budsjettunderskot og store lånebehov har imidlertid opplevd aukande renter. Dette gjeld i størst grad Hellas, Irland og Portugal. Greske statsobligasjonar har hausten 2010 eit risikopåslag over tyske statsobligasjonar på om lag 7 prosentpoeng for lån med løpetid på ti år. Påslaget var tidligare på over 9 prosentpoeng. For å å skape ro i marknadene har EU-kommisjonen oppretta eit fond som kan gje lån til statar i EU som har vanskar med å ta opp lån på vanleg måte.

Kredittpremiane for private låntakarar fall noko på slutten av 2009, men har etter dette i hovudsak vore stabile. Emisjonsaktiviteten i den norske obligasjonsmarknaden har vore noko lågare i 2010 enn i 2009.

Til forsida