Prop. 1 S Tillegg 4 (2010–2011)

FOR BUDSJETTÅRET 2011 Endring av Prop. 1 S om statsbudsjettet for 2011 (Fullmakt til å ta opp statslån o.a., og saldering av statsbudsjettet for 2011)

Til innhaldsliste

4 Statens gjeldsforvaltning

4.1 Målsetjing for statens gjeldsforvaltning

Målsetjinga for statens gjeldsforvaltning er først og fremst å dekkje staten sitt lånebehov til så låge kostnader som mogleg. Når ein vurderer lånekostnadene, tek ein samstundes omsyn til risikoen staten tek på seg i samband med låneopptaka.

I utforminga av låneprogrammet tel òg omsynet til ein velfungerande finansmarknad. Statspapira tener til vanleg rolla som referanselån i marknaden og kan mellom anna nyttast ved prising av andre finansielle instrument, t.d. finansielle derivat og private obligasjonar. Statens tilbod av statsobligasjonar medverkar på denne måten til ein effektiv kapitalmarknad i Noreg.

4.2 Hovudtrekk ved opplåningsstrategien

Statens alminnelege lånebehov er relativt lite, og det vert difor lagt vekt på å konsentrere opplåninga om eit fåtal lån som blir spreidde over fleire løpetidssegment opp til 9-11 år, slik at kvart lån kan byggjast opp til eit relativt stort volum. Med denne strategien prøver staten å medverke til ein likvid og velfungerande andrehandsmarknad. God likviditet reduserer risikoen til investorane og dermed også avkastningskravet deira. Ei viss spreiing av opplåninga på fleire løpetider gjev truleg gunstige lånevilkår for staten samla sett, samstundes som det gjev ei samanhengande kredittrisikofri rentekurve som aktørane i marknaden etterspør.

Ein slik opplåningsstrategi treng likevel ikkje alltid gje dei lågaste lånekostnadane i kvar enkelt auksjon. I visse periodar, der ein til dømes har vedvarande høg etterspørsel etter eitt av låna eller eitt bestemt løpetidssegment, kan det vere formålstenelig å avvike frå strategien. I tillegg fungerer den ikkje alltid like godt i ein marknad dominert av svært store investorar med vedvarande plasseringsbehov.

Saman med Noregs Bank vurderer Finansdepartementet regelmessig instrumentbruken i forvaltninga av statsgjelda. Dersom ein skal vurdere ei endring i fordelinga mellom ulike instrument eller ein introduksjon av nye instrument må ein ta omsyn til lånekostnader, risiko, gjennomføringa av den likviditetspolitiske styringa og omsynet til behovet for referanselån i den norske marknaden.

Som ledd i forvaltninga av eksisterande lån kan det frå tid til anna vere aktuelt å kjøpe tilbake obligasjonar. Det kan til dømes vere eit obligasjonslån som har så kort gjenståande løpetid at det ikkje lenger tener som referanselån i marknaden, eller det kan vere eit obligasjonslån som marknaden er lite interessert i. Eventuelle tilbakekjøp vert rekna som ekstraordinære avdrag som vert nedskrivne mot det aktuelle lånet.

Opptak av langsiktige obligasjonslån samtidig som ein inngår rentebyteavtalar (swappar) som effektivt gjer om rentebindinga frå lang til kort, er eit alternativ til opptak av kortsiktige marknadslån. Skilnaden mellom swaprenta og den renta staten betaler på marknadslån, er normalt større for lange løpetider. Om staten emitterte langsiktig og byte til seg kort rente, kunne difor den totale rentekostnaden verte lågare enn ved direkte emisjon av korte papir1. Eit hovudmål med den kortsiktige opplåninga er å medverke til at det finst ei komplett rentekurve for risikofrie lån i den norske finansmarknaden. Dette inneber at det og bør vere tilstrekkeleg mange kortsiktige statspapir i marknaden.

Departementet legg vekt på å gje aktørane i marknaden god informasjon om staten sitt låneprogram. Kalender for auksjonar i statsobligasjonar og statskassevekslar vert normalt publisert for eitt år om gongen i desember året før. Kalenderen er ikkje bindande, dvs. at auksjonar kan avlysast eller supplerast. Informasjon om utviklinga i statsgjelda vert publisert kvartalsvis på Finansdepartementet si internettside.

4.3 Rentebyteavtalar

Finansdepartementet nyttar rentebyteavtalar i gjeldsforvaltninga for å redusere rentebindinga på gjelda i høve til det som følgjer direkte av den strategien der ein spreier opplåninga over rentekurva frå 0 til 10 år. Bruk av rentebyteavtalar gjev staten fleksibilitet til å endre gjennomsnittleg rentebinding på gjeldsporteføljen utan at opplåningsstrategien vert endra.

Historiske tal viser at marknadsrentene normalt stig med løpetida. Over tid vil difor staten kunne oppnå lågare rentekostnader ved å redusere rentebindinga på statsgjelda. For å redusere rentebindinga nyttar staten rentebytteavtalar der staten mottek ei fast langsiktig rente og betalar ei kortsiktig rente.

Noregs Bank utfører dei operative funksjonane i samband med inngåing av rentebyteavtalar, medan dei kommersielle avgjerdene vert tekne av Finansdepartementet. Staten avstår frå å inngå avtalar i perioden frå og med sju verkedagar før eit rentemøte i Noregs Bank til og med den dagen renteavgjerda blir kunngjord. Departementet legg vekt på at avtalane vert så økonomisk gunstige som mogleg for staten, og at ein ikkje i monaleg grad påverkar marknadsprisane eller på annan måte påverkar marknaden på ein uheldig måte.

Departementet har til no inngått rammeavtalar med 18 motpartar. Desse avtalane regulerer rammene for rentebyteavtalane. Departementet inngår berre rammeavtalar med motpartar som har tilfredsstillande kredittvurdering hos dei største kredittvurderingsselskapa, jf. avsnitt 4.4.3.

Ved utgangen av 3. kvartal var det samla inngått avtalar for vel 120 mrd. kroner med 13 ulike motpartar. Hovudstolen har vore på mellom 200 og 900 mill. kroner, med løpetider frå 5 til 10 år. På Finansdepartementets internettside finn ein ei oversikt over statens rentebyteavtalar.

4.4 Styring av risiko

Når ein vurderer lånekostnadene, må ein samstundes ta omsyn til ulike risiki i samband med staten si opplåning. Nedanfor skildrar ein kort dei ulike typane risiko som staten er eksponert for, og korleis dei vert følgde opp i forvaltninga. Generelt vurderer departementet risikonivået i statsgjeldforvaltninga som lågt.

4.4.1 Byteordninga

Ordninga med byte av statspapir mot OMF inneber at staten i avtaleperioden vert sitjande med OMF samstundes som ein har gjeve frå seg sikre statspapir. Det er lite truleg at staten vil li tap sjølv om banken som er motpart skulle misleghalde sine skyldnader. Dersom kredittføretaket som har utferda obligasjonar med fortrinnsrett òg mislegheld skyldnadene, har staten trygd i dei underliggjande verdiane.

Byteavtalane er utforma slik at staten sit med trygd for ei større verd enn dei statspapira som er levert i byte. Verdien av OMF vert fastsett etter dei same prinsippa som ein nyttar for papir som er pantsette til fordel for Noregs Bank, og vert avkorta etter dei same reglane som gjeld for bankar sine lån i Noregs Bank. Tilleggstrygda er blant anna avhengig av kva kredittvurdering ein OMF har. Dersom kredittvurderinga vert endra i løpet av avtaleperioden, kan det ved rullering gjerast ei endring i avkortingsmassen.

Verdien av OMF (justert for avkortinga) som staten mottok ved avtaleinngåinga skal ha same marknadsverdi som dei statskassevekslane som deltakarane mottek.

4.4.2 Renterisiko

Renterisiko er risikoen for tap eller vinst som følgje av at marknadsrentene endrar seg, og risikoen er såleis avhengig av kor lang periode renta på eit renteberande papir eller ein portefølje er bunden for. Di lengre gjennomsnittleg rentebinding ein gjeldsportefølje har, di meir sikker vert storleiken på dei nominelle rentebetalingane framover. På den andre sida fører lang rentebinding til at risikoen aukar for at renta på gjeldsporteføljen vert høgare enn renta i marknaden dersom marknadsrenta fell.

Ein uventa endring i rentenivået som slår ut i auka netto renteutgifter for staten, ville i utgangspunktet kunne krevje innstrammingar på budsjettet. Statsgjeldsforvaltarar i dei fleste land innrettar difor lånepolitikken slik at ein søkjer å avgrense dei årlege variasjonane i nettoutgiftene på statens gjeld og fordringar. Generelt vil renterisiko vere eit problem for staten dersom varierande netto renteutgifter gjer at handlingsrommet i statsbudsjettet blir påverka. I Noreg er handlingsrommet skjerma mot kortsiktige variasjonar i rentenivået, ved at det strukturelle underskotet på statsbudsjettet også er korrigert for variasjonar i renteinntektene og renteutgiftene. Det vert korrigert for skilnaden mellom det berekna normalnivået og dei faktiske rentestraumane.

Tabell 4.1 Rentebinding og durasjon på den marknadsomsette gjelda. År

31.12.07

31.12.08

31.12.09

30.09.10

Rentebinding ekskl. rentebyteavtalar

4,0

3,1

2,4

2,2

Rentebinding inkl. rentebyteavtalar

2,4

1,7

1,3

1,2

Durasjon ekskl. rentebyteavtalar

3,5

2,7

1,9

2,0

Durasjon inkl. rentebyteavtalar

2,1

1,5

1,0

1,1

Memo:

Samla volum rentebyteavtalar, mrd. kroner

59,6

79,4

104,3

118,3

Kjelde: Finansdepartementet.

I marknaden vert ofte durasjon nytta som eit kvantitativt mål på renterisiko. Dette er eit mål der ein i tillegg til rentebinding tek omsyn til noverdien av betalingar av renter og avdrag fram til forfall. Durasjon gjev meir informasjon om korleis marknadsverdien av gjelda vert påverka ved endringar i marknadsrentene enn det rentebinding gjer. For staten, som budsjetterer og fører rekneskap etter kontantprinsippet, og normalt ikkje legg vekt på endringar i marknadsverdiar, kan det vere formålsteneleg å bruke rentebinding som mål på renteeksponeringa.

Figur 4.1 Utviklinga i renteeksponeringa på marknadsgjelda1,
år

Figur 4.1 Utviklinga i renteeksponeringa på marknadsgjelda1, år

1 Inkludert rentebyteavtalar frå 2005.

Kjelde: Finansdepartementet.

4.4.3 Andre typar risiko

I statens alminnelege gjeldsforvaltning er kredittrisiko berre knytt til rentebyteavtalar. Når det gjeld kredittrisikoen for OMF-ordninga viser ein til omtalen ovanfor. Når ein rentebyteavtale vert inngått, har den normalt ein marknadsverdi på null. Etter dette tidspunktet vil endringar i marknadsrenta føre til at avtalen får ein positiv verdi for ein av avtalepartane og negativ verdi for den andre. Den avtaleparten som har eit tilgodehavande (positiv marknadsverdi) på den andre parten, er i prinsippet eksponert for kredittrisiko som følgje av faren for at motparten mislegheld avtalen. Kredittrisikoen vil vere avgrensa til den marknadsverdien avtalen har på ulike tidspunkt. I vurderinga av kredittrisikoen må ein ta omsyn til svingingane i rentenivået, restløpetida til avtalane og motpartens betalingsevne. Det er ikkje knytt kredittrisiko til sjølve hovudstolen i avtalen.

Departementet inngår rentebyteavtalar berre med motpartar som har tilfredsstillande kredittvurdering hos dei største kredittvurderingsselskapa (Standard & Poor’s og Moody’s) på avtaletidspunktet. Ein vil ikkje inngå avtalar med motpartar som har lågare kredittrating enn BBB hos Standard & Poor’s og/eller Baa2 hos Moody’s. For å minske statens potensielle kredittrisiko knytt til slike avtalar, krev staten trygd i form av eit kontantinnskot dersom tilgodehavande kjem over ein viss terskelverdi. Terskelverdien varierer med den kredittvurderinga motparten har hos dei største kredittvurderingsselskapa. Departementet har etablert slike avtalar med alle motpartar det no vert inngått rentebyteavtalar med. På denne måten vert kreditteksponeringa halden på eit relativt lågt nivå. Dersom kredittvurderinga til ein motpart vert lågare enn BBB hos Standard & Poors og/eller Baa2 hos Moody’s, har staten i tillegg rett til å avslutte og gjere opp avtalen.

Operasjonell risiko er risikoen for feil i samband med den praktiske gjennomføringa av ei betaling, ein transaksjon eller ein handel, eller i samband med andre konkrete operasjonar i forvaltninga av statsgjelda. Denne risikoen søkjer ein å avgrense mellom anna gjennom gode rutinar og klar ansvarsfordeling.

Refinansieringsrisiko er risikoen for at ein ikkje lenger får ta opp nye lån når dei gamle forfell, eller at ein då må ta opp nye lån til vesentleg dårlegare vilkår. For den norske staten sin del reknar ein denne risikoen som svært liten.

4.5 Pleie av statspapirmarknaden

Finansdepartementet legg vekt på å sikre tilstrekkeleg likviditet i den norske marknaden for statskassevekslar og statsobligasjonar. Ein marknad har god likviditet når ein kan kjøpe og selje for eit monaleg beløp i eit verdipapir på kort varsel utan at det har særleg effekt på marknadsprisen. Ekstreme situasjonar, slike som ein har hatt dei siste åra, viser verdien av å ha ein godt fungerande marknad.

Investorane legg gjennomgåande vekt på kunnskap om realisasjonsverdien av dei finansielle investeringane sine. Dersom andrehandsmarknaden for eit lån har god likviditet, kan investorane leggje til grunn at kursane i andrehandsmarknaden er ein god indikasjon på realisasjonsverdien. Det vil dei normalt premiere med ein reduksjon i avkastningskravet. God likviditet krev mellom anna eit visst uteståande volum i kvart av låna. For å skape ein oversiktleg og likvid marknad konsentrerer staten opplåninga si om eit fåtal avdragsfrie lån som gradvis blir bygde opp til relativt store volum.

Staten har eit avgrensa lånebehov i høve til dei fleste andre statar, og uteståande volum av innanlandske statspapir har vore relativt lite. Dette har påverka både omsetninga og likviditeten i marknaden.

For å fremje likviditeten i statspapirmarknaden har Noregs Bank på vegne av Finansdepartementet inngått avtalar med meklarar (såkalla primærhandlaravtalar). Desse avtalane sikrar at det til ei kvar tid blir stilt kjøps- og salskursar på Oslo Børs sitt elektroniske system for andrehandshandel for eit visst minstevolum i kvart av låna. Primærhandlaravtalane set maksimumsgrenser for skilnaden mellom kjøps- og salskursane. I tillegg til å stille prisar på Oslo Børs stiller primærhandlarane på spørsmål prisar overfor kvarandre og investorar, oftast for større volum og med mindre skilnad mellom kjøps- og salskursar. Den største delen av omsetninga i andrehandsmarknaden skjer på denne måten. All omsetning der eit medlem av Oslo Børs er part, vert rapportert i børsens handelssystem seinast ved slutten av dagen.

Primærhandlaravtalane gjev og primærhandlarane tilgang til å låne statspapir frå staten i ein kort periode ved bruk av gjenkjøpsavtalar (såkalla repo-tilgang). Lånetilgangen er med på å redusere risikoen primærhandlarane tek på seg. Utnyttinga av reporammene gjev ein god indikasjon på handelsaktivitet og etterspørsel i dei ulike låna. Reporamma for statsobligasjonar vart i januar utvida med til saman 4,2 mrd. kroner og er no 29 mrd.

Eigarsamansetjinga har òg innverknad på kor god likviditeten er i andrehandsmarknaden. Eigarsamansetjinga av norske statspapir har endra seg dei siste åra, jf. figur 4.2. Den utanlandske eigardelen av norske statsobligasjonar auka frå 40 pst. ved utgangen av 2002 til 63 pst. i 3. kvartal 2010. Fleire av dei utanlandske investorane har eit stort og vedvarande plasseringsbehov, og er difor lite villige til å selje papir i marknaden. Dersom ein investor eig ein monaleg del av uteståande volum i eitt eller fleire lån, kan dette få negative konsekvensar for likviditeten i marknaden.

Figur 4.2 Eigarar av norske statsobligasjonar. Prosent.

Figur 4.2 Eigarar av norske statsobligasjonar. Prosent.

Kjelde: Verdipapirsentralen

Fotnotar

1.

Dei to alternativa er ikkje direkte samanliknbare. Opptak av eit langt lån saman med ein swap, vil låse marginen til interbankrenta for løpetida på lånet, medan marginen vil bli fastsett på nytt ved kvar emisjon av kortsiktige marknadslån.

Til forsida