Prop. 109 S (2011–2012)

Utbygging og finansiering av rv 13 Ryfylkesambandet (Ryfast) og fastsetjing av styrings- og kostnadsramme for E39 Eiganestunnelen i Rogaland

Til innhaldsliste

8 Samferdselsdepartementet si vurdering

Samferdselsdepartementet viser til at Ryfast vil gi ferjefritt vegsamband mellom Nord-Jæren og Ryfylke og eit nytt fastlandssamband mellom Hundvåg og Stavanger sentrum der det i dag er kapasitetsproblem på Bybrua. Når Ryfast blir opna for trafikk, vil ferjesambanda Lauvvik – Oanes og Stavanger – Tau bli lagt ned. Desse utgjer i dag sambandet mellom Ryfylkekommunane Suldal, Hjelmeland, Strand og Forsand med til saman om lag 18 000 innbyggjarar og Nord-Jæren inkl. regionsenteret Stavanger, E39, Stavanger lufthamn Sola, Risavika hamn og Godsterminalen ved Ganddal.

Samferdselsdepartementet viser vidare til at Rogaland fylkesting har gått inn for 20 – 30 års bompengeperiode (etterskotsinnkrevjing) for Ryfast. Det prosjektet med lengst bompengeperiode som er lagt fram dei siste åra, er Finnfast, der det blei lagt til grunn ein periode for etterskotsinnkrevjinga på “vel 20 år” (St.prp. nr. 38 (2005-2006)). For fv 469 Hidra fastlandssamband i Vest-Agder blei det lagt til grunn 19 år. Med 30 års bompengeperiode blir finansieringsopplegget svært sårbart. Bompengeinntektene blir ikkje tilstrekkelege til å betala ned på bompengelånet i vesentleg grad dei første 15 – 16 åra etter at prosjektet er opna for trafikk. Vidare blir uvissa knytt til trafikk, renter, prisstigning m.m. større dess lengre bompengeperioden er, jf. m.a. St.meld. nr. 32 (1988-89) Norsk veg- og vegtrafikkplan 1990-93 og St.meld. nr. 46 (1990-91) Om endring i rammebetingelser for bompengeprosjekter. I desse stortingsmeldingane er bompengeprioden avgrensa til 15 år. Det blir likevel opna for at innkrevjingsperiode på inntil 20 år kan vurderast i spesielle tilfelle. Dette har vore gjort i enkelte ferjeavløysingsprosjekt. For ferjeavløysingsprosjekt er alternativet i realiteten å betala ferjebillett så lenge sambandet blir oppretthalde. Samstundes har det også vore eit politisk ønske om å avgrensa lengda på bompengeperioden av omsyn til trafikantane. Departementet tilrår at det blir lagt opp til ein bompengeperiode på om lag 20 år.

Det første delprosjektet i “Ryfylkepakka” var fastlandssambandet til Finnøy (Finnfast) som blei opna for trafikk i oktober 2009. På bakgrunn av vesentleg høgare trafikk enn lagt til grunn i bompengeproposisjonen blei takstane sette ned frå 1. juli 2011, jf. Prop. 119 S (2010-2011). Sjølv om Ryfast ikkje kan samanliknast direkte med Finnfast, meiner departementet at utviklinga for Finnfast gir ein indikasjon på høg betalingsvilje ved etablering av faste vegsamband i denne regionen.

Ved behandlinga av finansieringsopplegget i februar 2011 slutta fylkestinget seg til at Ryfast blir gjennomført som eit riksvegprosjekt og at Ryfast blir ein del av rv 13. I mars 2012 gjekk fylkestinget inn for at Ryfast blir bygd som eit fylkesveganlegg og overført til staten etter at utbygginga er gjennomført. Samferdselsdepartementet held fast ved at Ryfast blir gjennomført som eit riksvegprosjekt.

Det er tidlegare vurdert å nytta ordninga med alternativ bruk av ferjetilskot, jf. St.prp. nr. 67 (2002-2003), Innst. S. nr. 272 (2002-2003) og St.meld. nr. 16 (2008-2009) Nasjonal transportplan 2010-2019, side 88-89. Ordninga går ut på at innsparte drifts- og kapitalkostnader kan nyttast som delfinansiering av vegprosjekt som avløyser, evt. innkortar, ferjesamband. Framtidige drifts- og vedlikehaldskostnader for det nye veganlegget skal trekkjast frå det innsparte ferjetilskotet. For ferjesambandet Lauvvik – Oanes oppstår det inga netto innsparing for staten. For ferjesambandet Stavanger – Tau utgjorde det fylkeskommunale driftstilskotet om lag 17 mill. kr i 2011. Dette er utgifter som fylkeskommunen ikkje lenger må betala når ferjesambandet blir lagt ned. Samferdselsdepartementet viser til at det fylkeskommunale tilskotet til prosjektet er vesentleg lågare enn kapitaliserte innsparingar.

Forsand kommune har gått i mot finansieringsopplegget for Ryfast. Kommunen ønskjer at fylkesvegprosjektet med tunnel mellom Espedal og Frafjord blir innarbeidd i opplegget. Dersom dette ikkje blir tatt til følgje, ber Forsand kommune om at Hundvågtrafikken tar sin del av utgiftene. Samferdselsdepartementet viser til at finansieringsopplegget blei lagt fram etter lokale prosessar. Dei andre kommunane og Rogaland fylkeskommune har slutta seg til finansieringsopplegget. Departementet meiner at samanhengen mellom nytte og betaling er tilfredsstillande. Departementet legg etter dette til grunn at det er tilstrekkeleg lokalpolitisk tilslutning til opplegget. Dersom økonomien i prosjektet blir betre enn føresett, går departementet likevel inn for at dette skal føra til lågare takstar i Solbakktunnelen.

Samferdselsdepartementet viser til at Eiganestunnelen er føresett delfinansiert med bompengar frå Nord-Jærenpakka. Departementet vil komma tilbake til utbyggings- og finansieringsplan for prosjektet Eiganestunnelen når alle avklaringar ligg føre, jf. Prop. 28 S (2011-2012).