Prop. 110 S (2010–2011)

Investeringar i Forsvaret

Til innhaldsliste

3 Nye prosjekt for godkjenning (kapittel 1760)

3.1 Framskaffing av fire F-35 kampfly til treningsformål

3.1.1 Innleiing

Ved handsaminga av proposisjonen om nye kampfly til Forsvaret (Innst. S. nr. 299 (2008-2009), jf. St.prp. nr. 36 (2008-2009)) 8. juni 2009 gav Stortinget si tilslutning til å byrje ein forhandlingsprosess om kjøp av nye kampfly av typen F-35.

I Prop. 1 S (2010-2011) informerte regjeringa at den tok sikte på, innan utgangen av 2011, å innhente fullmakt frå Stortinget for å framskaffe inntil fire treningsfly med leveranse frå 2016.

Hovudformålet med F-35-programmet er å framskaffe kampfly med våpen og støtteutstyr i ei mengd som samsvarer med ambisjonsnivået for kampflyvåpenet, jf. St.prp. nr. 48 (2007-2008) og dei militærfaglege vurderingane av F-35 som er omtala i ovannemnde St.prp. nr. 36. Behovet er berekna til å vere 56 fly, medrekna våpen- og logistikkprogram.

3.1.2 Bakgrunn

For å betre framdrifta er det i løpet av det siste året vedteke endringar i det amerikanskleia fleirnasjonale F-35-programmet. Amerikanske styresmakter har tilført meir ressursar til utviklingsfasen av programmet, for både å redusere risikoen for forseinkingar og høgare kostnader i produksjonsfasen. Desse endringane har påverka det norske F-35-programmet.

Som ein konsekvens av første del av desse endringane, vart det i Prop 1. S (2010-2011) tilrådd å framskaffe eit mindre antall treningsfly i 2016, medan hovudleveransen av norske F-35 fly vart vurdert justert frå 2016, til 2018 og framover.

Den 6. januar 2011 fremja amerikanske styresmakter ei vidare justering av F-35-programmet, mellom anna vart utviklinga av dei tre variantane av F-35 fråkopla kvarandre. F-35A er den vanlege versjonen som Noreg planlegg å kjøpe, F-35B er ein versjon som kan ta av og lande vertikalt og F-35C er hangarskipversjonen.

Den vidare testinga av dei tre variantane vil i større grad skje uavhengig av kvarandre, slik at dei ikkje forseinkar kvarandre. Ein reknar med at utviklinga er gjort ferdig i slutten av 2015 eller tidleg i 2016, med påfølgjande operativ testing og evaluering.

Gjennom desse to endringane har amerikanske styresmakter vedteke å utsetje delar av si bestilling, i høve til den opphavlege planen. Produksjonskostnadene for flya i perioden fram til 2020 er difor vorte dyrare. Departementet tok høgde for ei slik utvikling alt i 2008, gjennom den såkalla usikkerheitsanalysen, ein analyse som rutinemessig vert gjort for alle større innkjøp til Forsvaret.

3.1.3 Framskaffing av fire F-35 treningsfly

Den optimale innfasinga av F-35, som omtala i St.prp. nr. 36 (2008-2009) Nye kampfly til Forsvaret, la til grunn at vi fekk levert fly med tilstrekkeleg operativ modenskap. Tilstrekkeleg operativ modenskap inneber at utviklingsfasen er ferdig og at det er gjennomført vellykka operative testar. Både utvikingsfasen og den operative testinga var opphavleg planlagt ferdig i 2014. Vår plan om å starte framskaffinga i 2016 gav oss difor ein to års buffer.

I tida etter handsaminga av ovannemnde proposisjon er det som sagt gjort endringar i F-35-programmet, som har medført forseinkingar i utviklingsfasen.

For å imøtekome behovet for å ta i mot fly med tilstrekkelig operativ modenskap, vart vår leveranseplan justert ved handsaminga av Prop. 1 S (2010-2011). Hovudframskaffinga av norske F-35 startar no i 2018 i staden for i 2016.

Etter ei grunding vurdering av dei seinaste endringane i USA, er det framleis regjeringa si vurdering at ein leveranse av treningsfly i 2016, i tråd med den opphavlige leveranseplanen, bør gjennomførast.

Tilrådingane i Prop. 1 S (2010-2011) vart fremja for å redusere usikkerheita knytte til vår eigen framskaffing, i lys av endringane nemnde ovanfor. Fire fly ved eit treningssenter i USA frå 2016, auka til åtte fly ved hovedfremskaffinga frå 2018, er tilstrekkeleg for å sikre den initielle operative kapasiteten (IOC) i 2019. Treningsflya vil medverke til at vi får utdanna ei tilstrekkelig mengd pilotar og anna personell til å kunne ta imot hovudleveransen frå 2018. Det vil òg vere viktig for å halde samdriftstida mellom F-35 og F-16 så kort som mogeleg og den samla kampflyleveransen i overgangsfasen på eit tilfredsstillande operativt nivå.

Ei framskaffing no vil òg vere eit tydeleg signal om at Noreg er ein påliteleg partnar i F-35-programmet. Denne tilliten vil vere viktig for det industrielle samarbeidet som er etablert, inkludert norske utviklingsprosjekt slik som Joint Strike Missile (JSM) og 25 millimeter APEX-ammunisjon.

3.1.4 Industrielle vurderingar

Regjeringa har gjennom St.meld. nr. 38 (2006-2007) etablert ein helskapleg strategi knytt til å ivareta dei næringspolitiske aspekta ved framskaffingar til Forsvaret. Denne strategien ligg òg til grunn for den industrielle oppfølginga knytt til kjøp av kampflyet F-35. Regjeringa si målsetting er at den industrielle verdiskapinga i Noreg knytt til levering av ny kampflykapasitet og tilhøyrande system, skal tilsvare framskaffingskostnadene.

3.1.5 Ekstern kvalitetssikring

Ekstern kvalitetssikring av prosjektet er gjennomført i samsvar med retningslinene frå Finansdepartementet. Resultata frå kvalitetssikringa er at prosjektdokumentasjonen dannar eit tilstrekkeleg grunnlag for eit vedtak om gjennomføring.

Forsvarsdepartementet vil følgje opp tilrådingane frå ekstern kvalitetssikrar i det vidare arbeidet med prosjektet. Resultata frå kvalitetssikringa ligg til grunn for den tilrådde kostnadsramma.

3.1.6 Kostnadar

Framskaffingskostnadene var i 2008 rekna ut til å vere om lag 42 mrd. kroner (noverdi 2008-kroner). Med teknisk justering for prisauke og endring i valutakursar, tilsvarar dette om lag 51 mrd. noverdi 2011-kroner. Av den tekniske endringa frå 42 mrd. kroner til 51 mrd. kroner utgjer justering for prisauke om lag seks mrd. kroner og oppdaterte valutakursar om lag tre mrd. kroner. Med reviderte føresetnader etter at restruktureringa av programmet er gjennomført, er den estimerte kostnaden for heile framskaffinga no berekna til om lag 52 mrd. kroner (noverdi 2011-kroner). Samanlikna med berekninga i 2008 er då framskaffingskostnaden auka med om lag ein mrd. kroner.

Avgjerda i 2008 var eit val mellom to kampflykandidatar. Kostnadane er difor presenterte i noverdi. Når det no skal takast stilling til ein konkret kostnadsramme for ei konkret investering, er det vanleg å presentere kostnadane i reelle kroner, utan neddiskontering. Utan neddiskontering vert den forventa kostnaden (P50) for heile kampflyframskaffinga 61 mrd. 2011-kroner. Inkludert usikkerheitsavsetting (P85) er kostnadsramma for totalframskaffinga 72 mrd. 2011-kroner.

Den tilrådde kostnadsramma (post 45) for ei framskaffing av fire F-35 til treningsformål er 4,8 mrd. kroner. Dette beløpet er medrekna ei avsetting for usikkerheit.

3.2 Utvikling av Joint Strike Missile, trinn 2

3.2.1 Innleiing

Stortinget gav ved handsaminga av proposisjonen om nye kampfly til Forsvaret (Innst. S. nr. 299 (2008-2009), jf. St.prp. nr. 36 (2008-2009)) 8. juni 2009, sin tilslutning til å byrje ein forhandlingsprosess om kjøp av nye kampfly til Forsvaret av typen F-35. I innstillinga var fleirtalet i komiteen oppteken av at moglege leveransar til flyet, då særleg integrasjon av norskutvikla system, skulle følgjast opp spesielt. Ein av desse kapasitetane var eit nytt missil kalla Joint Strike Missile (JSM).

Stortinget er tidlegare orientert om utviklinga av JSM for kampflyet F-35. JSM har no gått igjennom trinn 1, der målet var å utvikle eit godkjent førebels design for JSM, utarbeide dei operative krava til JSM og gjennomføre integrasjonsstudiar for å sjå korleis missilet kan bli integrert i F-35. Trinn 1 vart ferdigstilt og godkjent sommaren 2010. Dette var ein av føresetnadane for å kunne gå vidare med ei tilråding om gjennomføring av neste steg.

Neste steg i utviklinga er kalla trinn 2. Dette trinnet inneber vidareutvikling av missilet, slik at det møter kravet til å kunne bli integrert i F-35.

Ei vidareføring av dette arbeidet vil bidra til at Forsvaret kan få ein unik strategisk kapasitet på plass, omtrent samstundes som F-35 er planlagt levert til Noreg. JSM vert utvikla av Kongsberg Defence Systems (KDS) i samarbeid med Forsvaret, og ei verkeleggjering av missilet vil vere viktig for den industrielle satsinga knytt til anskaffinga av F-35.

3.2.2 Kapasiteten

Moderniseringa av kampflyvåpenet er eit sentralt og kritisk element i den vidare utviklinga av Forsvaret i dei komande åra. Det er viktig for å bevare den nasjonale evna til raskt og fleksibelt å kunne møte utfordringar som kan truge norsk tryggleik. Dette inneber òg framskaffing av naudsynte våpen som skal kunne nyttast på F-35. Ei slik heilskapleg tilnærming har vore lagt til grunn for arbeidet som er i gong i samband med anskaffinga av F-35, flyet som er vald som erstatning for dagens F-16. Dette inngår òg i dei samla kostnadsvurderingane.

I den gjeldande langtidsplanen, jf. St.prp. nr. 48 (2007-2008), er det sentralt at den framtidige kampflystrukturen må oppretthalde Forsvaret si evne til å levere våpen mot overflate- og landmål til støtte for sjø- og landoperasjonar. Det inneber at våre F-35-fly må utstyrast med relevante våpen.

På denne bakgrunnen er det stilt krav til at dei nye kampflya skal kunne bere langtrekkjande antioverflatevåpen med sjø- og landmålskapasitet. Flya skal kunne handtere ulike oppgåver under same flytokt, dvs. dei skal ha evne til å utføre både antiluft- og antioverflateoppdrag.

Forsvarets forskningsinstitutt har på oppdrag frå Forsvarsdepartementet gjennomført ein alternativanalyse for langtrekkjande antioverflatevåpen til nye kampfly. Resultatet av denne studien syner at JSM er det einaste alternativet som oppfyller krava.

JSM står såleis fram som det einaste missilet som vil kunne vere tilgjengeleg rundt 2020 som kan internt berast i F-35 og som kan oppfylle dei krava som er utarbeidd i F-35-programmet. Utviklinga og anskaffinga av JSM er planlagt gjennomført i fire trinn.

3.2.3 Industrielle vurderingar

Regjeringa har gjennom St.meld. nr. 38 (2006-2007) etablert ein helskapleg strategi knytt til å ivareta dei næringspolitiske aspekta ved anskaffingar til Forsvaret. Denne strategien ligg òg til grunn for den industrielle oppfølginga knytt til kjøp av kampflyet F-35. Regjeringa si målsetting er at den industrielle verdiskapinga i Noreg knytt til levering av ny kampflykapasitet og tilhøyrande system, skal tilsvare anskaffingskostnadene.

Alt i St.prp. nr. 1 (2004-2005) presenterte Forsvarsdepartementet ein industriell strategi der det vart uttrykt ønskje om å introdusere norske våpensystem på F-35. Eitt av de omtalte prosjekta var utvikling og mogleg integrering av JSM frå KDS. I St.prp. nr. 1 (2005-2006) vart det følgt opp med spesifikk informasjon om status i arbeidet med å innpasse JSM i F-35.

Ei utvikling av JSM er òg viktig for den vidare utviklinga av KDS og for konkurransekrafta til Kongsberg-bedrifta. Missilverksemda har sidan 60-talet vore den teknologiske og industrielle berebjelken for utvikling og vekst for KDS. JSM vil posisjonere KDS som ein leiande og konkurransedyktig missilleverandør og forsterke deira internasjonale posisjon. Samstundes vil JSM gi KDS ein leiande posisjon i gjennomføringa av eit langsiktig høgteknologiprosjekt med stor internasjonal forankring. Samla vil dette bidra til både å oppretthalde levedyktige arbeidsplassar på Kongsberg og skape nye arbeidsplassar i åra som kjem. Dette vil òg gjere det mogeleg i framtida å utvikle eit langt breiare nasjonalt engasjement av små- og mellomstore bedrifter som underleverandørar til KDS.

3.2.4 Fleirnasjonalt samarbeid

Regjeringa vurderer det som eit realistisk mål å få etablert eit fleirnasjonalt samarbeid for den vidare utviklinga og integrasjonen av JSM etter trinn 2. Dersom målet om eit fleirnasjonalt samarbeid om den vidare utviklinga og integrasjonen av JSM likevel ikkje blir nådd, er det regjeringa si vurdering at det ikkje vil vere grunnlag for å gå vidare med seinare trinn av utviklinga og etterfølgjande anskaffing av missilet.

3.2.5 Ekstern kvalitetssikring

Ekstern kvalitetssikring av prosjektet er gjennomført i samsvar med retningslinene frå Finansdepartementet. Resultata frå kvalitetssikringa er at prosjektdokumentasjonen dannar eit tilstrekkeleg grunnlag for eit vedtak om gjennomføring.

Forsvarsdepartementet vil følgje opp tilrådingane frå ekstern kvalitetssikrar i det vidare arbeidet med prosjektet. Resultata frå kvalitetssikringa ligg til grunn for den tilrådde kostnadsramma.

3.2.6 Kostnader

Den tilrådde kostnadsramma (post 45) for trinn 2 er 1 029 mill. kroner. I dette beløpet inngår kontrakten med KDS medrekna meirverdiavgift, førebuande studiar ved Lockheed Martin i USA og eit beløp avsett for usikkerheit i kostnadsramma.

Gjennomføringskostnadene (post 01) for prosjektet vil bli dekt innanfor drifta av det etablerte F-35-programmet.

Kostnadene for JSM er rekna med i kostnadsramma for anskaffinga av det totale F-35-programmet.