Prop. 110 S (2010–2011)

Investeringar i Forsvaret

Til innhaldsliste

4 Tidlegare vedtekne materiellprosjekt – Godkjenning av endring av omfang og kostnadsramme (kapittel 1760)

4.1 Logistikkprosjektet i LOS-programmet i Forsvaret

LOS-programmet i Forsvaret inneheld fleire prosjekt for å etablere eit felles integrert forvaltningssystem (FIF) i Forsvaret. Det første større leveranseprosjektet vart innført i 2003 og det gav Forsvaret eit nytt system for eksternrekneskap, også kalla FIF 1.0. Det andre større prosjektet var Økonomiprosjektet, som vart godkjent ved Stortinget si handsaming av Innst. S. nr. 87 (2006-2007), jf. St.prp. nr. 20 (2006-2007). Økonomiprosjektet vart satt i drift i 2008. Logistikkprosjektet, som er det tredje og siste store prosjektet i programmet, vart godkjent ved Stortinget si handsaming av Innst. S. nr. 317 (2007-2008), jf. St.prp. nr. 55 (2007-2008). Regjeringa informerte i St.prp. nr. 1 (2008-2009) om at kontrakt med leverandør var planlagt inngått våren 2009. I Prop. 1 S (2009-2010) vart Stortinget informert om at det ville bli gjennomført ein ny konkurranse, og i Prop. 1 S (2010-2011) informerte regjeringa om at to tilbod var motteke og at kontrakt kunne forventas tidleg i 2011.

Logistikkprosjektet skal gi Forsvaret ei fullstendig logistikkløysing for prosessar innanfor materiellinvestering, konfigurasjonsstyring, vedlikehald og avansert forsyning. Forvaltningssystemet vil med denne logistikkløysinga bli kalla FIF 3.0.

Båe motteke tilbod har ein pris som langt overstig den vedtekne kvalitetssikra kostnadsramma. Årsaka til auka er at omfanget tidligare har vore undervurdert. Regjeringa har difor gjort ei fornya vurdering av prosjektet.

Å stoppe prosjektet vil innebere at Forsvaret må behalda mange gamle datasystem som er kostbare å drifte og vedlikehalde. Innføringa av Logistikkprosjektet er også viktig for den vidare fornyinga av Forsvaret.

Det er vorte gjennomført ein grundig gjennomgang av omfanget av prosjektet basert på kostnad opp mot nytte, konsekvensar ved å ta noko ut av omfanget, pris og risiko. I tillegg har det vore gjennomført ei ny vurdering av om gevinstar framleis kan realiserast.

Regjeringa har på denne bakgrunn konkludert med framleis å tilrå gjennomføring av Logistikkprosjektet, og at tidligare anslag om gevinstar framleis er gjeldande. Dette gjev ein auke av prosjektet si kostnadsramme (post 45) på 235 mill. kroner og ein auke av gjennomføringskostnadane på 101 mill. kroner. Prosjektets nye kostnadsramme er nå 786 mill. kroner.