Prop. 110 S (2010–2011)

Investeringar i Forsvaret

Til innhaldsliste

5 Saker til informasjon

5.1 Regionfelt Østlandet

Prosjektet Regionfelt Østlandet vart vedteke ved Stortinget si handsaming av Innst. S. nr. 232 (2001–2002) jf. St.prp. nr. 55 (2001–2002). I feltet øvast skarpskyting, manøvrering og samvirke. Ein mindre del av Regionfelt Østlandet vart teke i bruk i 2005, og Angrepsfelt sør vart opna i mai 2007.

Med unntak av opparbeiding av ein langdistansestandplass for artilleriet og nokre mindre tilpassingar av etablerte anlegg, vart bygge- og anleggsarbeida avslutta i 2010. Arbeida med Angrepsfelt nord er førebels stilt i ro. Årsaka er i hovudsak at det er eit anna behov for dette feltet i dag enn det som låg til grunn då prosjektet vart godkjend. Ein må difor mellom anna avklare behovet nærare.

I grunnervervet for Regionfelt Østlandet er kontantoppgjeret avslutta. Det er i gang ein jordskifteprosess for dei partane som ynskjer makeskifte som erstatning. Jordskifteplanen er forsinka, og etter gjeldande plan skal den verte vedteke sommaren 2011. Deretter kjem mellom anna etterfølgjande skjønn som vil omfatte støyulemper og eventuell ankebehandling.

5.2 Energiøkonomisering

Oppvarming av bygningar og bruk av fly og farty er blant dei aktivitetane som har dei viktigaste miljøaspekt med omsyn til energibruk og utslepp av klimagassar. Gjennom handsaminga av Innst. S. nr. 7 (2008-2009), jf. St.prp. nr. 1 (2008-2009), vart Stortinget informert om behova for investeringar i energiøkonomiseringstiltak (ENØK) i Forsvarets etablissement over heile landet. Målsetjinga med ENØK-prosjektet er å byggje om eksisterande varmesentralar basert på fossilt brensel til varmesentralar som brukar meir miljøvenlege og kostnadseffektive energikjelder som varmepumper, bruk av fjernvarme og anlegg basert på biobrensel. Tiltaka skal redusere energiforbruket og utsleppa av CO2 i Forsvaret, og er såleis eit bidrag til dei klimapolitiske målsetjingar som er uttrykt i St.meld. nr. 34 (2006-2007) – Norsk klimapolitikk. Tiltaka er samla berekna til å koste omlag 340 mill. kroner og vert gjennomført i tre fasar over ein periode frå 2009 til 2017. For å halde best mogeleg oppsyn med omfang og kostnadar og god framdrift, vert tiltaka gjennomført som enkeltprosjekt.

I fase I av ENØK-prosjektet er det sett i gang ENØK-tiltak på Andøya, Sortland, Ramsund, Bjerkvik, Laksevåg, Kolsås, Huseby og Kjevik med ein samla kostnad på 100,9 mill. kroner. Totalt vil dei åtte ENØK-tiltaka redusere utsleppa av CO2 i Forsvaret med omlag 7000 tonn årleg. Forsvaret vil ved fullføring av tiltaka redusere sine driftskostnadar med netto omlag 9,5 mill. kroner årleg.

I fase II av ENØK-prosjektet er det foreløpig godkjent tiltak i Bergen og i Bodin leir med ein samla kostnad på omlag 26 mill. kroner og ein planlagt reduksjon av CO2-utsleppa med 2145 tonn årleg. Forsvarssektoren har ytterlegare åtte tiltak under planlegging for fase II. ENØK-tiltak i fase II er planlagt gjennomført frå 2011 av, medan fase III er føreslege for utføring frå 2015.

5.3 Forskingsfarty

Prosjektet vart godkjent ved Stortinget si handsaming av Innst. 7 S (2010-2011), jf. Prop. 1 S (2010-2011). Prosjektet omfattar kjøp av eit nytt forskingsfarty til erstatting av det eksisterande fartyet F/S Marjata III.

Når gjennomføringskostnadene for Etterretningstenesta blir inkludert vert prosjektets gjennomføringskostnader (post 01) 56 mill. kroner og ikkje 26 mill. kroner som det vart informert om i Prop. 1 S (2010-2011).

5.4 Nasjonalt kompetansesenter for helikopter

Regjeringa har ved fleire anledningar informert om forstudien for mogeleg etablering av eit nasjonalt kompetansesenter for helikopter i Noreg, seinast i Prop. 1 S (2010-2011).

Forsvarsdepartementet har vurdert funn og anbefalingar i forstudien, samanholdt med Forsvarets behov for tenester i samband med driften av Forsvarets nye helikopter NH-90.

Forstudien syner at det truleg er kundegrunnlag for etablering av simulator for trening av sivile og militære pilotar og besetning i Noreg. Ein føresetnad er at simulatoren blir etablert og drevet av industrien i Noreg. Sivile og militære brukarar, eventuelt også utanlandske, vil på dette grunnlag kunne kjøpe treningstimar i simulatoren.

Innanfor logistikkstøtte vurderer Forsvaret nærmare kva Forsvaret må gjere sjølve og kva som kan eller må utførast av andre aktørar. Det er lite sannsynleg at slike tenester vil kunne utførast frå ein stad, eller av ein aktør.

I løpet av året vil Forsvaret senda ut førespurnad om informasjon i forbindelse med kjøp av simulatortreningstimar og tenester innanfor logistikkstøtte for NH-90-helikopter.

Eit samla senter, ”nasjonalt kompetansesenter for helikopter”, med simulator, logistikk og utdanning, som var utgangspunktet i forstudien, vil såleis neppe bli realisert på ein stad, men vil verte bygd opp gradvis i eit nettverk mellom fleire aktørar.

Vidareutvikling av Luftforsvaret sin hovudverkstad på Kjeller

Det er sett i gang ei utgreiing som ser på korleis Luftforsvaret sin hovudverkstad på Kjeller (LHK) bør utviklast vidare. Bakgrunnen for vurderinga er eit ynskje om å tilpasse verksemda til forventa framtidige endringar i vedlikehaldskonsepta for fly. Ved at vedlikehaldet i aukande grad blir integrert i kontraktane ved kjøp av nye system, er det naudsynt å utgreie løysingar der denne verkstaden kan konkurrere i den opne marknaden. Formålet er såleis å vurdere om det er eit forretningsmessig grunnlag for LHK som kommersiell aktør, og gjennom det kunne posisjonere verksemda for å kunne ta på seg vedlikehaldsoppdrag for leverandørane av materiell som F-35 kampfly og NH-90 helikopter. Tilråding er venta å ligge føre innan sommaren 2011, og regjeringa vil eventuelt kome attende til saka på eigna vis.

5.5 Vern av toppskyttar på pansra køyrety av typen Iveco

Forsvarets logistikkorganisasjon signerte sommaren 2010 kontrakt med ein leverandør om levering av ei løysing for vern av toppskyttar på pansra køyrety av typen IVECO. Ei slik løysing var planlagt levert i 1. kvartal 2011. Leveransane er forsinka med om lag eitt år. Grunnen er svakheiter ved det leverte produktet, og at det dermed kunne vere ein risiko å ta det i bruk.

Tryggleiken for personellet er likevel ivaretatt ved at same operasjonskonseptet for oppdrag i Afghanistan i dag blir fulgt. Tryggleiken har difor ikkje vorte dårlegare, men vil bli betre når ei ny løysing er på plass.