Prop. 112 L (2011–2012)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

3 Sakshandsamingsreglar i eigedomsskattesaker mv.

3.1 Innleiing og samandrag

Departementet foreslår nye reglar for sakshandsaming i saker om eigedomsskatt, i tillegg til ei lovteknisk endring av takseringsreglane. Gjeldande sakshandsamingsreglar for eigedomsskatt er særs mangelfulle, og difor trengst det nye slike reglar. I Ot.prp. nr. 77 (2005-2006) varsla Finansdepartementet ein gjennomgang av reglane om sakshandsaming og klage i eigedomsskattesaker. Eit forslag om nye reglar for sakshandsaming blei sendt på høyring 15. november 2010, med frist for merknader 12. februar 2011. Departementet foreslo at forvaltningslova stort sett skal gjelde i eigedomsskattesaker, men med nokre unntak.

Departementet foreslår som eit utgangspunkt at forvaltningslova skal gjelde for handsaming av eigedomsskattesaker. Dette gjeld mellom anna reglane om habilitet, dei generelle reglane for sakshandsaming i forvaltningslova kapittel 3 (rettleiing, utgreiing, rett til å bruke advokat mv.), varsel og innsyn mv.

Departementet har vurdert kva for unntak som bør gjelde frå forvaltningslova. Departementet foreslår at teieplikta skal følgje reglane i likningslova istadenfor reglane i forvaltningslova. Retten til å få dekt sakskostnader skal òg følgje reglane i likningslova. For vedtak om takst og overtakst foreslår departementet at kravet til innhaldet i grunngjevinga i forvaltningslova § 25 blir erstatta av eit krav om ”stutt grunngjeving”. Departementet foreslår òg eit unntak frå kravet om grunngjeving for den årlege utskrivinga av eigedomsskatt. Departementet foreslår å innføre ein særskild habilitetsregel som inneber at medlem i formannskapet ikkje kan delta i eigedomsskattenemnder. Departementet foreslår òg eit unntak frå forvaltningslova § 11 d andre ledd, om å skrive ned observasjonar tenestemenn gjer når dei er med på synfaring i samband med taksering av eigedomen. Departementet foreslår særskilde klagereglar for eigedomsskattesaker. Ei kommunal klagenemnd skal avgjere alle eigedomsskatteklager, med mindre eigedomsskattekontoret rettar vedtaket. Klagefristen skal vere seks veker frå utsending av skattesetelen, etter mønster frå reglane i likningslova. Departementet foreslår at klage over taksten kan bli fremja kvart år i samband med utskrivinga av eigedomsskatt, dersom det ikkje er klaga på same grunnlag tidlegare år.

Departementet foreslår å endre dei gjeldande reglane om retting i eigedomsskattelova. Departementet foreslår at retting til ugunst for skattytar som hovudregel må skje innan 1. mars året etter utskrivinga av eigedomsskatt. For feil som følgje av at skattytar har brote plikten til å gi opplysningar eller medverke til takseringa, og for retting til gunst for skattytar, foreslår departementet at fristen for omgjering er tre år frå utgangen av skatteåret. Dette svarar til den allmenne foreldingsfristen på tre år. Departementet foreslår at reglane i likningslova skal gjelde for omgjering av skattetakstane for kraftanlegg. Departementet foreslår ei særskild regulering av omgjering av takstvedtak framover i tid.

I følgje eigedomsskattelova § 23 gjeld likningslova § 11-1 nr. 4 og 5 og skattebetalingslova § 17-1 fjerde og femte ledd på tilsvarande vis for søksmål og tvistar for tingretten i sak om tvangsfullføring og mellombels sikring av eigedomsskatt. Departementet foreslår ingen endringar i desse reglane for skattytar, men foreslår ei tilsvarande søksmålsfrist for kommunen. Søksmålet skal då bli retta mot leiaren av klagenemnda.

Departementet foreslår å innføre ei plikt for eigar av fast eigedom til å gi opplysningar og medverke ved taksering i samband med utskriving av eigedomsskatt, samt at skattytar ikkje kan motsetje seg nødvendig fotografering av eigedomen i samband med takseringa.

Departementet drøftar kvifor det ikkje blir foreslått å gi kommunar rett til innsyn og klage ved fastsetjing av skattegrunnlaget for kraftanlegg.

Departementet foreslår ei lovteknisk opprydding i lovføresegner om fastsetjing av skattetakstane. Departementet meiner det bør framgå av eigedomsskattelova at kommunal taksering er hovudregelen, og at reglane om fastsetjing av skattegrunnlaget for kraftverk er ein unntaksregel. Departementet foreslår difor å ta inn reglane i byskattelova §§ 4 og 5 i eigedomsskattelova, utan at det skal skje ei realitetsendring av gjeldande rett.

3.2 Gjeldande rett

3.2.1 Sakshandsaming i eigedomsskattesaker

3.2.1.1 Vedtak om å innføre eigedomsskatt

Eigedomsskatten er frivillig for kommunen, og det er kommunestyret i kvar kommune som avgjer om kommunen skal ha eigedomsskatt, og kor omfattande utskrivinga skal vere innafor dei ulike alternativa i lova, jf. lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane (eigedomsskattelova) §§ 1 til 3. Kommunestyret skal vedta skattesats mv. i samband med den årlege budsjetthandsaminga, jf. eigedomsskattelova § 10. Eigedomsskattelova har få reglar om sakshandsaming når kommunestyret innfører eigedomsskatt. Kommunestyret må følgje reglane i kommunelova av 25. september 1992 (kommunelova) kapittel 6 for sakshandsaming i folkevalde organ.

3.2.1.2 Utskriving og innkrevjing

Kommunen har ansvaret for å fastsetje og krevje inn eigedomsskatten. I følgje eigedomsskattelova § 14 skal ”eigedomsskattekontoret” skrive ut skatten. Kommunen vel sjølv kva for organ som skal vere eigedomsskattekontor, og i mange kommunar er oppgåva lagt til skatteoppkrevjaren. Skatteoppkrevjaren har ansvaret for å krevje inn eigedomsskatten, jf. eigedomsskattelova § 24.

Sakshandsaming etter eigedomsskattelova er unntatt frå reglane i forvaltningslova, jf. eigedomsskattelova § 31. I Ot.prp. nr. 44 (1974-75) i merknadene til § 31 blei det sagt at dette samsvarer med reglane i landskattelova § 140 og byskattelova § 131. Det blei òg sagt at departementet ville kome tilbake til spørsmålet om betre samsvar mellom forvaltningslova og reglane om eigedomsskatt i samband med utkast til ny likningslov (dvs. likningslova av 1980). Eigedomsskatt blei ikkje nemnt då lov av 13. juni 1980 nr. 24 om likningsforvaltning blei innført.

Departementet har likevel uttalt at allmenne forvaltningsrettslege prinsipp gjeld på ulovfesta grunnlag for sakshandsaming av eigedomsskattesaker, og at prinsippa fyller ut reglane i eigedomsskattelova. Sivilombudsmannen har støtta dette i sine fråsegn. Høgsterett la same standpunktet til grunn i ein dom inntatt i Rt. 2010 s. 740, der Høgsterett uttalte at prinsippa i forvaltningslova gjeld analogisk i eigedomsskattesaker.

Eigedomsskattelova kapittel 5 har nokre reglar om skatteutskrivinga. Eigedomsskattekontoret skal sende ut skattesetel til skattytarane, jf. eigedomsskattelova § 14 siste ledd. Skatten skal så langt råd er vere skriven ut før 1. mars i skatteåret, jf. eigedomsskattelova § 14 andre ledd. Første året kommunen innfører botnfrådrag er fristen 1. april. Første året kommunen innfører eigedomsskatt skal utskrivinga vere ferdig innan utgangen av juni, jf. lov 4. mars 1960 om tillegg til skattelover for landet og for byene.

Eigedomsskattekontoret skal lage ei eigedomsskatteliste over alle faste eigedomar i kommunen, jf. eigedomsskattelova § 15. Kontoret skal sørgje for at eigedomsskattelista ligg ute til offentleg gjennomsyn i minst tre veker etter at skatten er fastsett og vedtaket om utlegging er kunngjort.

3.2.2 Skattegrunnlaget

Eigedomsskattelova § 8 seier at likningsverdet for eigedomen skal vere grunnlaget for eigedomsskattetaksten. Regelen er berre delvis iverksett, og gjeld berre for anlegg for produksjon av elektrisk kraft. Når det gjeld likningsverdet, følgjer reglane om sakshandsaming og avgjerd sakshandsamingsreglane i likningslova. Eigedomsskattelova § 17 andre ledd om retting, og § 18 om skattekontoret si plikt til å gi opplysningar til eigedomsskattekontoret, har trådt i kraft for kraftanlegg.

For andre eigedomar følgjer det av eigedomsskattelova § 33, at taksering fortsatt skal skje etter reglane i skattelov for byane av 18. august 1911 (byskattelova). Omsetningsverdet er utgangspunktet for takseringa, men departementet har uttalt at kommunen kan velje å setje taksten lågare ved å bruke ein såkalla reduksjonsfaktor. Reduksjonsfaktor inneber at taksten blir sett til ein del av omsetningverdet, som må vere lik for alle eigedomane som kommunen takserer etter denne føresegna.

Allmenn taksering skal som hovudregel skje kvart tiande år, jf. byskattelova § 4. Kommunen har ansvaret for takseringa, som anten skal bli gjort av oppnemnde takstmenn, eller av ei sakkunnig nemnd. Både skattytar og formannskapet kan krevje overtakst. I åra mellom allmenn taksering, kan nokre omstende føre til ny taksering for enkelte eigedomar, jf. byskattelova § 4 fjerde ledd. Reduksjonsfaktoren ligg fast i heile takstperioden. Botnfrådrag er ikkje ein del av taksten, og må bli vedteke kvart år for å gjelde.

Eigedomsskattekontoret gjer det administrative arbeidet med taksering av eigedomane. Finansdepartementet har laga eit rettleiande utkast til vedtekter for skattetakstane av 20. desember 2000 nr. 1394. Kommunane står fritt til å velje om desse skal gjelde i kommunen. Utkastet inneheld nokre minimumskrav til sakshandsaminga ved takseringa, samansetning av takstnemndene, habilitet, overtakst mv.

3.2.3 Klage og overprøving

Kommunestyrets vedtak om å skrive ut eigedomsskatt og fastsetjing av eigedomsskatteområde (eigedomsskattelova §§ 2 og 3), er vedtak under fritt skjøn. Det same gjeld vedtak om fritak for særskilde eigedomar (eigedomsskattelova § 7), vedtak om skattøyre og botnfrådrag (eigedomsskattelova § 11) og vedtak om ulike skattøyre (eigedomsskattelova § 12). For desse vedtaka gjeld reglane om mindretalsklage i kommunelova § 59, som inneber at Fylkesmannen kan overprøve om avgjerda er lovleg.

Eigedomsskattelova §§ 19 til 22 har eigne klagereglar som ikkje er sett generelt i verk, jf. eigedomsskattelova § 33. Iverksetjinga blei utsett fordi lova la opp til at taksten skulle vere lik likningsverdet, og klagereglane var laga med tanke på denne løysinga.

Klage over taksten følgjer reglane i byskattelova § 4 første ledd siste punktum. Elles finst det ingen lovfesta klageordning for eigedomsskatt.

Eigedomsskattelova §§ 16 og 17 inneheld reglar om retting av utskrivinga av eigedomsskatt, medan eigedomsskattelova § 23 regulerer fristen for å reise søksmål om vedtak om eigedomsskatt.

3.3 Høyring

Eit forslag om at forvaltningslova i hovudsak skal gjelde for sakshandsaming i eigedomsskattesaker blei sendt på høyring 15. november 2010, med frist for innspel 12. februar 2011. Forvaltningslova blei mellom anna foreslått å gjelde for habilitet, plikt til å rettleie, advokathjelp, førehandsvarsel, teieplikt, dekning av sakskostnader, rett til innsyn, grunngjeving mv. Departementet foreslo at Fylkesmannen skal vere klageorgan for klager som gjeld anna enn verdsetjing av eigedom. Klager over verdsetjinga skulle framleis gå til ei kommunal nemnd. Unntak frå forvaltningslova blei òg foreslått for klagefrist og retting. I tillegg blei det foreslått ei plikt for eigar (skattytar) til å gi opplysningar og medverke til utskriving av eigedomsskatt. Departementet foreslo samstundes ei lovteknisk opprydding i takseringsreglane.

Departementet har fått inn 105 høyringsfråsegn. Ni høyringsinstansar har ingen merknader til forslaget. Alle 96 høyringsinstansane som har gitt innspel, ønskjer ei lovfesting av sakshandsamingsreglar, og støtter forslaget om at forvaltningslova skal gjelde i eigedomsskattesaker. Innspela gjeld kva for unntak som bør gjelde frå forvaltningslova.

Ingen av høyringsinstansane har innvendingar mot forslaget om at reglane i forvaltningslova om habilitet, plikt til å rettleie, varsel på førehand og rett til innsyn skal gjelde i saker om eigedomsskatt. Dei fleste høyringsinstansane støttar òg forslaget om at eigar (skattytar) får plikt til å gi opplysningar og medverke til taksering av eigedom.

Mange av høyringsinstansane meiner at reglane om grunngjeving i forvaltningslova bør gjelde. Kommunenes Sentralforbund (KS) og Landssamanslutninga av Vasskraftkommunar (LVK) meiner at kravet om grunngjeving ikkje bør gjelde for vedtak om taksering. Dei ønskjer heller at kravet til stutt grunngjeving, som gjeld i dag, framleis bør gjelde.

Fleire høyringsinstansar meiner at reglane om teieplikt heller bør følgje reglane i likningslova enn forvaltningslova.

Høyringsfråsegnene blir referert meir detaljert under kvart enkelt tema nedanfor.

3.4 Bør sakshandsaming i eigedomsskattesaker skje etter forvaltningslova eller likningslova

3.4.1 Innleiing

Forvaltningslova gjeld verksemd som blir driven av offentlege forvaltningsorgan, dersom ikkje anna er bestemt i lov eller med heimel i lov, jf. forvaltningslova § 1. Sakshandsamingsreglane i forvaltningslova er utforma for å passe i dei fleste forvaltningssaker. Likevel avvik skatteforvaltning frå andre forvaltningsområder på fleire måter. Ei sentral problemstilling er om desse avvika gjer det nødvendig med eigne sakshandsamingsreglar i eigedomsskattesaker, eller om forvaltningslova kan gjelde her òg.

I følgje eigedomsskattelova 31 gjeld ikkje forvaltningslova for sakshandsaming etter eigedomsskattelova. Eigedomsskattelova har nokre særskilde sakshandsamingsreglar, men reglane om administrativ og rettsleg prøving i kapittel 6 i eigedomsskattelova er ikkje iverksett fullt ut.

Eigedomsskattelova byggjer på føresetnaden om at eigedomsskattetaksten skal vere lik likningsverdet for eigedomen, jf. eigedomsskattelova § 8. Reglane om sakshandsaming for verdsetjing var difor meint å følgje reglane i likningslova, jf. eigedomsskattelova §§ 19 til 22.

Då eigedomsskattelova blei vedteke blei ikkje eigedomsskattelova § 8 mv. iverksett. Iverksetjing blei utsett til eit nytt sentralt takseringssystem for bustad- og fritidseigedomar var på plass. Eit forslag om nytt takseringssystem blei lagt fram for Stortinget i Ot.prp. nr. 55 (2000-2001), men Stortinget forkasta forslaget. Seinare blei eigedomsskattelova § 8 iverksett for anlegg for produksjon av elektrisk kraft. For andre eigedomar følgjer det av eigedomsskattelova § 33 at taksering framleis skal følgje reglane i skattelov for byane av 18. august 1911 (byskattelova). Frå 2010 blei det innført nye reglar for å fastsetje likningsverdet for bustader. Eit forslag om at kommunane kan velje å bruke grunnlaget for likningsverdet som eigedomsskattetakst for bustader, blei sendt på høyring 28. mars 2012. Høyringsfristen er 26. juni 2012.

3.4.2 Zimmer-utvalet

Eit offentleg utval, som professor Frederik Zimmer var leiar for (Zimmer-utvalet), drøfta i NOU 1996:20 ”Ny lov om eiendomsskatt” om det burde vere særskilde sakshandsamingsreglar i eigedomsskattelova, eller om likningslova eller forvaltningslova burde gjelde for eigedomsskattesaker.

Utvalet foreslo at likningsverdet skulle vere skattegrunnlag, og meinte difor at sakshandsaming som gjaldt verdsetjing måtte følgje reglane i likningslova. For andre spørsmål foreslo Zimmer-utvalet at reglane i forvaltningslova skulle gjelde. Utvalet meinte mellom anna at likningslova er laga for å passe for inntekts- og formuesskatt, og ikkje passar like godt for eigedomsskatt.

Zimmer-utvalet fant ingen prinsipiell grunn i forarbeida til eigedomsskattelova eller likningslova for at ikkje forvaltningslova skal kunne gjelde i eigedomsskattesaker. Utvalet meinte at omsyna som har ført til eigne sakshandsamingsreglar for likningshandsaminga ikkje gjeld i same grad for eigedomsskatt. Utvalet foreslo difor at forvaltningslova skal gjelde for sakshandsaming etter eigedomsskattelova. Utvalet meinte likevel at det var behov for å utgreie kva for særskilde unntak som bør gjelde i tillegg. I høyringa etter at NOU 1996:20 blei lagt fram, kom det svært få merknader til sakshandsamingsreglane.

3.4.3 Vurderingar og forslag frå departementet

I norsk forvaltningslovgiving er det eit etablert prinsipp at sakshandsamingsreglane i forvaltningslova skal gjelde, dersom ikkje det er gode grunnar for særskilde reglar. Prinsippet framgår av forvaltningslova § 1.

Sakshandsamingsreglane på skatte-, avgifts- og tollområdet er fragmentariske og regulert i fleire ulike lover. Likningslova gjeld for fastsetjing av inntekts- og formuesskatt og trygdeavgift. Delar av likningslova gjeld òg for fastsetjing av petroleumsskatt, svalbardskatt og artistskatt. Forvaltningslova gjeld ikkje på desse områda. Forvaltningslova gjeld derimot for fastsetjing av arveavgift, meirverdiavgift, særavgifter og toll, og for saker om folkeregistrering.

For likningsforvaltninga har tilstrekkeleg vektige omsyn ført til at det er gitt eigne sakshandsamingsreglar istadenfor reglane i forvaltningslova. Ein viktig grunn er at likningsstyresmaktene driv masseforvaltning der det kvart år blir treft ei stor mengd vedtak på kort tid. I tillegg byggjer likningssystemet på at skattytar har hovudansvaret for at saka er godt nok opplyst, motsett av det som gjeld for dei fleste andre forvaltningsområda. Historisk er det òg lagt vekt på at det er praktisk for likningsstyresmaktene å ha alle sakshandsamingsreglane samla i ei lov, jf. Ot.prp. nr. 29 (1978-79) s. 12 til 14.

Departementet meiner at omsyna som har ført til særskilde sakshandsamingsreglar for skatteforvaltning ikkje gjeld i same grad for utskriving av eigedomsskatt. Eigedomsskatt er ein objektskatt som byggjer på marknadsverdet av eigedomen, og ikkje tar omsyn til inntekt eller formue hos skattytar. Kommunen takserer sjølv eigedomane.

Eigedomsskatt er likevel ei form for masseforvaltning på den måten at kommunen i ein avgrensa periode skal treffe ei stor mengd avgjerder som er retta mot alle eller mange eigare av fast eigedom i kommunen. Etter departementets vurdering er dette ikkje til hinder for at forvaltningslova gjeld, men fører til at det er behov for nokre særskilde reglar. Skattytar har heller ikkje ansvaret for at saka er godt nok opplyst i eigedomsskattesaker. Sånn sett har eigedomsskatt meir til felles med andre forvaltningsområde enn med likning av inntekt og formue.

Høgsterett har uttalt at prinsippa i forvaltningslova gjeld analogisk i eigedomsskattesaker, jf. Rt. 2010 s. 740.

Kommuneadministrasjonen er vand med reglane i forvaltningslova, og difor bør det ikkje vere særleg problematisk for kommunane dersom sakshandsamingsreglane i forvaltningslova blir innført for eigedomsskatt.

På bakgrunn av desse vurderingane foreslo departementet i høyringsnotatet at eigedomsskattelova § 31 blir fjerna, slik at forvaltningslova skal gjelde for sakshandsaming i eigedomsskattesaker. Forslaget omfattar ikkje verdsetjing av kraftanlegg, som skjer med grunnlag i likningsverdet, som framleis skal følgje reglane i likningslova.

Departementet foreslo visse unntak frå forvaltningslova, og unntaka blir drøfta nedanfor i pkt. 1.5.

Alle høyringsfråsegnene er positive til at forvaltningslova skal gjelde i saker om eigedomsskatt. Høyringsinstansane har merknader til kva for unntak som bør gjelde, men støttar forslaget om at sakshandsamingsreglane i forvaltningslova skal gjelde dersom ikkje andre særskilde reglar er innteke i eigedomsskattelova.

Skattedirektoratet og Oljeindustriens Landsforbund foreslår at det bør framgå av eigedomsskattelova at forvaltningslova gjeld, med mindre anna følgjer av særskilde reglar i eigedomsskattelova.

Departementet er samd i at pedagogiske omsyn taler for ei slik løysing, slik dette òg er regulert i skattebetalingslova og meirverdiavgiftslova. Departementet foreslår difor at ein slik regel blir tatt inn i eigedomsskattelova.

Departementet viser til forslag til eigedomsskattelova § 29.

3.5 Unntak frå reglane i forvaltningslova for eigedomsskattesaker

3.5.1 Innleiing

Høyringsfråsegnene gjeld i stor grad kva for unntak som bør gjelde istadenfor reglane i forvaltningslova. Høyringsinstansane har ulike syn på kva for unntak som bør gjelde, og dei foreslår reglar som til dels strider mot kvarandre. Høyringsfråsegnene blir kommentert nedanfor under punktet dei høyrer heime. Høyringsfråsegn som ikkje gjeld sakshandsamingsreglar blir ikkje handsama her.

3.5.2 Habilitet

3.5.2.1 Bakgrunn og gjeldande rett

At ein person er inhabil vil seie at særlege omstende er eigna til å svekkje tilliten til at han eller ho er upartisk i ei sak. Habilitetsreglar inneber at personar ikkje skal handsame eller avgjere saker når dei er inhabile.

Eigedomsskattelova inneheld berre ein habilitetsregel for klagenemnder (§ 21), som ikkje er sett iverk. På ulovfesta grunnlag er det lagt til grunn at prinsippet om forsvarleg sakshandsaming i forvaltninga gjeld i eigedomsskattesaker, og at visse habilitetsreglar difor må gjelde for sakshandsaming etter eigedomsskattelova.

Forvaltningslova kapittel II inneheld habilitetsreglar. I følgje forvaltningslova § 6 første ledd er ein offentleg tenestemann inhabil i saker der han sjølv er part eller i ”slekt eller svogerskap med part i opp- eller nedstigende linje eller i sidelinje så nær som søsken.” Den praktiske hovudregelen følgjer av forvaltningslova § 6 andre ledd, som seier at ein person er inhabil når ”særegne forhold” er eigna til å svekkje tilliten til at han eller ho er upartisk.

3.5.2.2 Vurderingar og forslag frå departementet

I høyringsnotatet foreslo departementet at reglane om habilitet i forvaltningslova skal gjelde for eigedomsskattesaker. Ingen høyringsinstansar har merknader til den delen av forslaget. KS og LVK foreslår ein regel om at medlem i formannskapet ikkje kan vere medlem i takstnemnder.

Formannskapet forvaltar partsrettane til kommunen i saker om eigedomsskatt. Omsynet til at nemndene er uavhengige inneber at medlemmer i formannskapet ikkje bør delta i nemndene. Departementet foreslår difor ein særskild regel i eigedomsskattelova § 21 om at medlem i formannskapet ikkje kan delta i eigedomsskattenemnder.

Departementet legg til grunn at medlem i kommunestyret og tilsette i administrasjonen i kommunen normalt ikkje er inhabile til å førebu eller handsame saker om eigedomsskatt av di dei eig fast eigedom i kommunen. Dersom vedtaket gjeld særskilde eigedomar, eller ein person eig ein stor del av eigedomane i kommunen, kan personen vere inhabil på grunn av ”særegne forhold” etter forvaltningslova § 6 andre ledd. Ein person som blir rekna som ”part” i saka er inhabil etter forvaltningslova § 6 første ledd. Departementet foreslår at reglane i forvaltningslova om habilitet skal gjelde i eigedomsskattesaker.

Departementet viser til forslag til eigedomsskattelova § 21.

3.5.3 Rettleiingsplikt, advokathjelp mv.

3.5.3.1 Bakgrunn og gjeldande rett

Reglane i forvaltningslova kapittel III er allmenne sakshandsamingsreglar som gjeld i alle saker for forvaltninga. Plikta til å rettleie følgjer av forvaltningslova § 11, mens plikta til utgreiing følgjer av forvaltningslova § 17 første ledd. Likningslova § 3-1 inneheld ein regel om plikt til å rettleie. Eigedomsskattelova har ikkje samsvarande reglar.

I NOU 1996:20 uttalte Zimmer-utvalet at reglane i forvaltningslova § 11 om plikta til å rettleie, § 11 a om å avgjere saker utan ugrunna opphald, § 11 b om at Kongen kan gi fristreglar, § 11 c om at Kongen kan gi reglar om nemnder og § 12 om rett til å bruke advokat eller annan fullmektig, vil passe for eigedomsskattesaker òg.

3.5.3.2 Vurderingar og forslag frå departementet

Forvaltningslova byggjer på eit prinsipp om utgreiing, og inneber at forvaltninga har eit sjølvstendig ansvar for at saka er godt nok opplyst. Likningsforvaltninga byggjer på sjølvmelding for skattytar, og opplysningsplikt for skattytar og tredjepartar, sånn at skattytar sjølv har ansvaret for opplysningane i saka. Likningsstyresmaktene kan òg kontrollere opplysningane. Systemet har samanheng med at likningsforvaltninga er masseforvaltning.

Eigedomsskatt er ein objektskatt knytt til den særskilde eigedommen, uavhengig av kva inntekt og formue eigaren har. Taksering og utskriving av eigedomsskatt byggjer ikkje på oppgåveplikt for eigar. Kommunen er åleine ansvarleg for at skattegrunnlaget blir riktig, motsett til korleis det ville vore dersom eigar sjølv ga opplysningane. Vedtak om eigedomsskatt liknar sånn sett meir på andre forvaltningsvedtak enn på ordinær likningshandsaming. Skattytaren kan til dømes ha bruk for rettleiing i samband med takseringa av eigedomen, men neppe like mykje når den årlege utskrivinga skjer. Plikta til rettleiing er avgrensa av forvaltningslova § 11 første ledd siste punktum, som seier at omfanget av rettleiinga må vere tilpassa situasjonen for forvaltningsorganet og kapasiteten organet har til å ta på seg sånn verksemd.

I høyringsnotatet foreslo departementet ingen unntak frå reglane i forvaltningslova kapittel III.

KS foreslår eit unntak frå forvaltningslova § 11 d andre ledd, som krev at observasjonar som tenestemann som deltar på synfaring gjer, skal ”såvidt mulig nedtegnes eller protokolleres.”

Departementet meiner det er upraktisk at tilsette frå administrasjonen som deltar på synfaring av eigedomane, må skrive ned alle observasjonar som han eller ho gjer, mens eksterne konsulentar mv. ikkje treng å dokumentere noko. Forvaltningslova inneheld ikkje eit absolutt krav om å skrive ned alt, men departementet meiner det er greit å klårgjere rettstilstanden med eit eige unntak i eigedomsskattelova.

Departementet foreslår at reglane om sakshandsaming i forvaltningslova kapittel III skal gjelde for eigedomsskattesaker, med unntak for forvaltningslova § 11 d andre ledd siste punktum.

Departementet viser til forslag til eigedomsskattelova § 29.

3.5.4 Teieplikt

3.5.4.1 Bakgrunn og gjeldande rett

Teieplikt i saker om skatt, avgift og toll er regulert i fleire lover. Dei fleste reglane byggjer på teieplikta i likningslova.

Eigedomsskattelova § 29 seier at reglane om teieplikt i likningslova § 3-13 gjeld for tenestemenn og nemndsmedlemmer i eigedomsskattesaker.

I forvaltningslova er teieplikt regulert i §§ 13 til 13 f. Hovudregelen i forvaltningslova § 13 er at alle som gjer teneste eller arbeider for eit forvaltningsorgan, har plikt til å hindre at andre får adgang til eller kjennskap til informasjon om personlege forhold eller tekniske innretningar, framgangsmåter mv. som vedkomande får vite om i samband med tenesta eller arbeidet.

Teieplikt for likningsstyresmaktene følgjer av likningslova § 3-13. Likningsforvaltninga byggjer på eit prinsipp om sjølvdeklarering, og likningsstyresmaktene er difor særs avhengig av eit ope og tillitsfullt forhold til skattytar og andre med opplysningsplikt. Teieplikta for likningsstyresmaktene er meir omfattande enn teieplikta som følgjer av forvaltningslova.

Zimmer-utvalet uttalte i NOU 1996:20 at grunnen til at teieplikt følgjer reglane i likningslova istadenfor reglane i forvaltningslova, verkar å vere meir tradisjon enn prinsipp, og utvalet foreslo at teieplikt skulle følgje reglane i forvaltningslova.

3.5.4.2 Vurderingar og forslag frå departementet

I høyringsnotatet foreslo departementet å oppheve eigedomsskattelova § 29, sånn at teieplikta skulle følgje av reglane i forvaltningslova §§ 13 til 13 f. Grunnen var at departementet meinte at likningsstyresmaktene får innsyn i meir sensitive opplysningar enn eigedomsskattenemndene mv., og at det ikkje var behov for den strenge teieplikta i likningslova for opplysningar om eigedomsskatt.

KS, LVK, NHO, OLF og Storbedriftenes skatteforum meiner at teieplikt i eigedomsskattesaker bør følgje reglane i likningslova. Høyringsinstansane viser til at teieplikta i eigedomsskattesaker har vore regulert av likningslova dei siste 30 åra, og at reglane difor er godt innarbeidd. Teieplikta etter likningslova er streng, men seier klårt at alle opplysningar om ”noens formues- eller inntektsforhold eller andre økonomiske, bedriftsmessige eller personlige forhold” er omfatta av teieplikta, jf. likningslova § 3-13. Teieplikta etter forvaltningslova gjeld ”noens personlige forhold” og ”tekniske innretninger og fremgangsmåter samt drifts- eller forretningsforhold som det vil være av konkurransemessig betydning å hemmeligholde av hensyn til den som opplysningen angår,” jf. forvaltningslova § 13 første ledd. Høyringsinstansane meiner at teieplikta etter forvaltningslova vil bli uklår i eigedomsskattesaker, og at omsynet til effektiv sakshandsaming taler for å la reglane i likningslova fortsetje å gjelde.

Departementet meiner det må vektige grunnar til for å gjere unntak frå reglane i forvaltningslova. Forvaltningslova skjermar i liten grad opplysningar om økonomi og næringsverksemd mv. Mange opplysningar om eigedomsskatt er allereie offentlege, men det gjeld til dømes ikkje taksering av verk og bruk. Teieplikta er viktig for tillitsforholdet mellom skattytar og kommunen i samband med takseringa. I pkt. 1.5.12 foreslår departementet ei opplysningsplikt for skattytar i samband med takseringa. Dette tilseier at opplysningane vedkomande har plikt til å gi blir verna av teieplikt. Særleg når det gjeld verk og bruk, er departementet samd i at reglane om teieplikt i likningslova passar betre enn reglane i forvaltningslova. Ulike reglar om teieplikt for ulike typar eigedom er ikkje praktisk, og dei same reglane om teieplikt bør gjelde i alle eigedomsskattesaker.

Etter ei ny vurdering har departementet kome til at teieplikta i eigedomsskattesaker bør følgje reglane i likningslova. Departementet foreslår difor at regelen i eigedomsskattelova § 29 ikkje blir oppheva. Føresegna blir omredigert sånn at regelen i gjeldande § 29 blir nytt andre ledd i same føresegn.

Departementet viser til forslag til eigedomsskattelova § 29.

3.5.5 Varsling før vedtak

3.5.5.1 Bakgrunn og gjeldande rett

Reglane om kontradiksjon, innsyn og grunngjeving byggjer på omsynet til rettstryggleik. Reglane er ein føresetnad for at parten kan ta hand om eigne interesser på ein aktiv måte. Behovet for innsyn og grunngjeving for parten må bli avvega mot omsynet til effektiv sakshandsaming for forvaltninga.

Eigedomsskattelova inneheld ikkje reglar om varsling før vedtak eller rett til å uttale seg i saka.

Forvaltningslova § 16 inneheld ein regel som seier at part som ikkje har uttalt seg i saka, ”skal varsles før vedtak treffes og gis høve til å uttale seg innen en nærmere angitt frist.” Varsling er ikkje nødvendig dersom ”vedkommende part allerede på annen måte har fått kjennskap til at vedtak skal treffes og har fått rimelig foranledning til å uttale seg, eller varsel av andre grunner må anses åpenbart unødvendig,” jf. forvaltningslova § 16 tredje ledd bokstav c.

Zimmer-utvalet meinte at varsling ikkje var nødvendig i eigedomsskattesaker, men spørsmålet om varsel ved taksering blei ikkje vurdert av di takstane skulle byggje på verdet ved likninga.

3.5.5.2 Vurderingar og forslag frå departementet

I høyringsnotatet foreslo departementet at reglane i forvaltningslova om varsling og rett til å uttale seg i saka, skal gjelde for eigedomsskattesaker. Departementet meinte at varsling særleg er aktuelt før taksering av eigedomane. I samband med takseringa er det naturleg å be om at skattytar stadfester opplysningar kommunen har, eller at skattytar blir bedt om å gi opplysningar om areal og anna som er relevant for takseringa, jf. pkt. 1.5.12 nedanfor.

Ingen høyringsinstansar har innvendingar mot at reglane i forvaltningslova § 16 skal gjelde for eigedomsskattesaker. LVK ønskjer at det blir tatt inn i forarbeida at varsling berre er aktuelt i samband med takseringa. LVK legg til grunn at førespurnad til skattytar om informasjon eller kontroll av opplysningar blir rekna som tilstrekkeleg varsel.

Departementet uttalte i høyringsnotatet at varsling før den årlege utskrivinga av eigedomsskatt ikkje er nødvendig, jf. forvaltningslova § 16 første ledd bokstav c. Grunnen er at eigedomsskattetakstane då er dei same som året før, og skattøyrane kommunane kan bruke er strengt lovbundne. Mange vedtak om eigedomsskatt er ikkje enkeltvedtak, men er generelle vedtak om botnfrådrag, skattøyre mv. Sjølv om den årlege utskrivinga er eit enkeltvedtak, er det i hovudsak takseringa som er særskild for dei ulike eigedomane. Departementet meiner difor at det ikkje er nødvendig med eigen heimel for å utelate varsling før den årlege utskrivinga av eigedomsskatt. Departementet legg òg til grunn at varsel i samband med takseringa kan bli gitt ved å be skattytar om å gi eller stadfeste opplysningar om eigedomen.

Departementet foreslår ingen unntak frå forvaltningslova om varsling og kontradiksjon i eigedomsskattesaker.

3.5.6 Rett til innsyn

3.5.6.1 Bakgrunn og gjeldande rett

Eigedomsskattelova har ikkje reglar om partsinnsyn. Innsynsrett blir likevel rekna for å følgje av allmenne forvaltningsrettslege prinsipp, og Høgsterett har lagt til grunn at prinsippet om partsinnsyn gjeld i eigedomsskattesaker, jf. Rt. 2010 s. 740.

Departementet har tidlegare uttalt at det bør ”være mest mulig åpenhet rundt grunnlaget for eiendomsskattetakstene. Etter departementets syn bør derfor skattyter etter forespørsel få opplyst hvilken type eiendom, hvilket areal og hvilket skjønn som er lagt til grunn ved beregningen av eiendomsskattetaksten for hans eiendom.”

I praksis følgjer innsyn òg av regelen i eigedomsskattelova § 15, som påleggjer eigedomsskattekontoret å føre ei eigedomsskatteliste der alle faste eigedomar i kommunen blir ført opp med takst anten dei er skattskuldige eller ikkje. Lista skal liggje ute til offentleg gjennomsyn i minst tre veker etter at det er kunngjort at lista er lagt ut. I lista skal det stå kva for skattesatsar som er nytta og kor stor den utskrivne skatten er for kvar eigedom. Gjennom desse listene kan skattytarane få innsyn i skattegrunnlag og eigedomsskattetakstar for andre eigedomar.

Allmenne forvaltningsreglar om innsyn følgjer av offentleglova § 3 og forvaltningslova §§ 18 til 21, i tillegg til allmenne rettsprinsipp om forsvarleg sakshandsaming.

Zimmer-utvalet meinte at reglane om partsinnsyn i forvaltningslova vil passe godt i eigedomsskattesaker.

3.5.6.2 Vurderingar og forslag frå departementet

Retten til innsyn er ein viktig garanti for rettstryggleiken, og ein føresetnad for effektiv klagerett. Innsyn sikrar òg at saka blir godt nok opplyst.

I høyringsnotatet foreslo departementet at reglane om rett til innsyn i forvaltningslova skal gjelde for eigedomsskattesaker. Ingen av høyringsinstansane har merknader til dette.

LVK uttaler følgjande når det gjeld retten til innsyn:

”Når det gjelder fvl § 18 d, første ledd, bokstav c, bør det imidlertid presiseres i proposisjonen at ikke alle dokumenter til eller fra takstnemnda eller overtakstnemnda er gjenstand for partsinnsyn, jf Rt 2010 s. 740. For det første vil dokumenter fra eiendomsskattekontoret som sekretariat for nemndene følge regelen i § 18a om interne dokumenter. Videre vil eksterne utredninger for den interne saksforberedelsen i takstnemnda ikke omfattes av § 18d, men følge reglene i § 18b. Begge eksemplene er praktisk i eiendomsskattesaker.”

Vedtak om taksering, omtaksering og den årlege utskrivinga er enkeltvedtak. I følgje forvaltningslova §§ 18 flg. har ein part rett til å gjere seg kjent med dokumenta i saka, unntatt organinterne dokument.

Departementet viser til ein dom frå Høgsterett om partsinnsyn i organinterne dokument, jf. Rt. 2010 s. 740:

”Forvaltningsloven § 18b annet ledd gir adgang til å gjøre unntak for deler av dokument som inneholder råd om og vurderinger av hvordan et organ bør opptre i en sak. Jeg finner det klart at en utredning fra et advokatkontor faller inn under dette […]
Etter forvaltningsloven § 18b annet ledd er det videre et vilkår at dokumentet er innhentet for den interne saksforberedelse. Lagmannsrettens bevisvurdering må som nevnt forstås slik at advokatfirmaets utredning ble innhentet av eiendomsskattekontoret i egenskap av klagenemndens sekretariat og på dens vegne. Situasjonen var følgelig at dokumentet knytter seg til forberedelsen av en sak nemnden skulle behandle og som lå innenfor dens kompetanseområde. Rettslig sett må da eiendomsskattekontoret sees som samme organ som klagenemnden, og forsendelsen mellom kontoret og nemnden er å anse som ledd i den interne saksforberedelse.”

Departementet legg til grunn at innhaldet fortsatt er gjeldande rett sjølv om dommen byggjer på analogisk bruk av forvaltningslova § 18 b. Unntaket for organinterne dokument gjeld likevel ikkje delar som inneheld ”faktiske opplysninger eller sammendrag eller annen bearbeidelse av faktum,” jf. forvaltningslova § 18 c. Dette gjeld til dømes areal, korleis eigedomen ligg til og andre objektive kjenneteikn. Departementet meiner retten til innsyn skal gjelde både i år med taksering/omtaksering og i samband med den årlege utskrivinga.

Departementet meiner det ikkje er behov for særskilde reglar i eigedomsskattelova om partsinnsyn.

3.5.7 Grunngjeving

3.5.7.1 Bakgrunn og gjeldande rett

Eigedomsskattelova inneheld berre ein regel om grunngjeving av klagevedtak i eigedomskattelova § 22. Regelen krev ”ei stutt grunngjeving av avgjerda.” Den er ikkje iverksett, men Høgsterett har i dom i Rt. 1987 s. 1166 lagt til grunn at kravet likevel gjeld.

Forvaltningslova §§ 24, 25 og 27 handlar om grunngjeving av enkeltvedtak. Utgangspunktet er eit krav om grunngjeving samstundes med at enkeltvedtaket blir treft. Unntak krev særlege grunnar.

Zimmer-utvalet foreslo at forvaltningslova §§ 24 og 25 berre skulle gjelde når skattytar kravde grunngjeving. Grunnen var at utvalet meinte det normalt ikkje var tvil om utskriving av eigedomskatt på eigedomen, og kva for reglar som skulle gjelde. Utvalet trong ikkje å vurdere grunngjeving av takseringsvedtak av di likningsverdet skulle vere grunnlag for eigedomsskattetakstane.

3.5.7.2 Vurderingar og forslag frå departementet

Reglane om grunngjeving av vedtak er ein viktig føresetnad for å utøve klageretten. I høyringsnotatet uttalte departementet at det ikkje fann tilstrekkeleg gode grunnar for å avvike frå hovudregelen om grunngjeving i forvaltningslova § 24. Departementet uttalte mellom anna:

”Det er et spørsmål om det bør gjøres unntak for samtidig begrunnelse ved den årlige utskrivingen av eiendomsskatt for hver enkelt eiendom. Departementet legger til grunn at kommunen kan utarbeide en standardisert begrunnelse knyttet til verdsettelse av eiendom for eiendomsskatteformål, som inkluderer prinsippene for verdsettelse, samt hvilke kriterier og grunnlag som er lagt til grunn for den enkelte eiendommen, samt utregning av eiendomsskatten for eiendommen. Det er tilstrekkelig at begrunnelsen framgår av skatteseddelen. For avgjørelse av søknad om fritak om eiendomsskatt vil begrunnelsen trolig måtte være mer individuell enn begrunnelsen for verdsettelsen, avhengig av hvordan kommunen vurderer slike søknader.”

Dei fleste høyringsinstansane støttar forslaget om at grunngjeving skal følgje reglane i forvaltningslova.

KS og LVK meiner at det er nødvendig med unntak frå reglane om grunngjeving. Dei meiner at reglane om grunngjeving i forvaltningslova er for omfattande til å sameine med effektiv massesakshandsaming. KS og LVK meiner dessutan at det ikkje er nødvendig å gjenta grunngjevinga for taksten kvart år.

Skattebetalerforeningen meiner det er bruk for strengare krav til grunngjevinga i klagevedtak enn det som gjeld i dag. Skattebetalerforeningen og Oljeindustriens landsforening (OLF) meiner at alle merknader frå skattytar bør bli tatt for seg i grunngjevinga. OLF meiner òg at nemnda må grunngi dersom taksten avvik frå forslag frå taksator.

Departementet er samd i at behovet skattytar har for grunngjeving av taksten må vere sameina med omsynet til effektiv sakshandsaming og bruken av ressursar i kommunen. Ei stutt grunngjeving sikrar rettstryggleiken for skattytar samstundes som kommunen ikkje blir tyngt av for mykje arbeid. Departementet meiner at det normalt er nok med eit skjema som viser kva for faktiske opplysningar om eigedomen og sjablonverdet som er brukt, og korleis skattegrunnlaget er rekna ut. Mange kommunar nyttar eit skjema for dette allereie. Når det gjeld takstvedtak for verk og bruk, er det ofte nødvendig med ei grundigare grunngjeving. Departementet legg til grunn at ei ”stutt grunngjeving” ikkje tyder at grunngjevinga kan vere kortare enn det som er nødvendig for at skattytar kan forstå korleis skattegrunnlaget er fastsett, og dermed ha godt nok grunnlag for å utøve klageretten. Departementet legg difor til grunn at kva som ligg i ei ”stutt grunngjeving” kan variere ut frå kva enkeltvedtaket gjeld. Departementet meiner at det er nok med ei ”stutt grunngjeving” av takstvedtak og klagevedtak over takst (overtakst), i samsvar med gjeldande rett og med regelen i eigedomsskattelova § 22.

Departementet meiner at det følgjer av gjeldande rett at klageorganet må vurdere alle klagepunkta og merknadene frå skattytar, og at det ikkje er nødvendig å seie dette i lova.

Departementet foreslår at grunngjeving følgjer reglane i forvaltningslova, med unntak av ein særskild regel om ”stutt grunngjeving” av takst og overtakst. Departementet meiner det ikkje er nødvendig å gjenta grunngjevinga for taksten kvart år, men at skattytar kan be om utskrift av grunngjevinga dersom vedkomande ønskjer å få den på nytt.

Departementet viser til forslag til eigedomsskattelova § 29.

3.5.8 Sakskostnader

3.5.8.1 Bakgrunn og gjeldande rett

Eigedomsskattelova inneheld ingen særskilde reglar om at skattytar kan får dekt sakskostnader i samband med klagesaker. Allmenn erstatningsrett kan gi skattytar rett til å få dekt kostnader dersom kommunestyret eller eigedomsskattekontoret har vore aktlause på ein sånn måte at dei har plikt til å betale skadebot, og vilkåra for skadebot elles er til stades (økonomisk tap og årsakssamanheng). Det kan likevel vere vanskeleg å få tilkjent sakskostnader utan å saksøkje kommunen.

Forvaltningslova § 36 har reglar om dekning av sakskostnader. Utgangspunktet når eit vedtak er endra til gunst for skattytar, er at vedkomande skal bli tilkjent dekning for vesentlege kostnader som har vore nødvendig for å få vedtaket endra. Unntak gjeld dersom endringa ”skyldes partens eget forhold eller forhold utenfor partens og forvaltningens kontroll, eller andre særlige forhold taler mot det,” jf. forvaltningslova § 36 første ledd. Forvaltningslova inneheld òg reglar om kven som skal avgjere om parten skal få dekt kostnader, frist for å fremje krav om dekning av kostnader, samt at parten skal bli gjort merksam på retten til å krevje at kostnadene blir dekt.

I følgje likningslova § 9-11 har skattytar krav på heil eller delvis dekning av sakskostnader når skatteklagenemnda eller Riksskattenemnda endrar likninga til gunst for skattytar. Når skattekontoret endrar likninga, kan sakskostnader berre bli tilkjent dersom endringa kjem som følgje av ei domsavgjerd, jf. likningslova § 9-11 nr. 3. Sakskostnader kan berre bli tilkjent dersom ”kostnadene er vesentlige, pådratt med god grunn og det ville være urimelig om skattyteren måtte dekke dem selv,” jf. likningslova § 9-11 nr. 4. Fristen for å krevje dekning av sakskostnader er tre veker frå vedtaket frå nemnda er kome fram, eller tre veker frå melding om at saka skal bli handsama av Riksskattenemnda eller skattekontoret, er kome fram.

3.5.8.2 Vurderingar og forslag frå departementet

I høyringsnotatet foreslo departementet at dekning av sakskostnader i eigedomsskattesaker skal følgje av forvaltningslova. Alle høyringsinstansene er samd i at det er nødvendig å innføre ein rett for skattytar til å få dekt sakskostnader når kommunen har gjort feil.

KS og LVK meiner at reglane i likningslova bør gjelde for dekning av sakskostnader i eigedomsskattesaker. Dei underbyggjer standpunktet med at forvaltningslova gir skattytar krav på dekte sakskostnader utan omsyn til om forvaltninga har gjort ein feil. Endringar i eigedomsskattesaker kan gjelde skjønet om takseringa mv., og KS og LVK peiker på at klagenemnda kan vegre seg mot å endre skjønet dersom det fører til at skattytar har krav på å få dekt sakskostnadene.

Liknande motsegn blei fremma då føresegna i forvaltningslova § 36 blei handsama i Stortinget, jf. Innst. O. nr. 4 (94-95), men blei ikkje lagt vekt på. Departementet meiner like fullt at eigedomsskatten kan vere i ei særstilling på same måte som likningsforvaltninga, av di utskrivinga av eigedomsskatt er massevedtak. Ved allmenn taksering skal kvar kommune handsame mange saker på kort tid. Dess fleire saker, dess større er behovet for å kunne endre vurderingar og skjønet undervegs utan at det er knytta opp til at kommunen har gjort feil. Dekning av sakskostnader er viktig for rettstryggleiken. Omsynet til rettstryggleik må bli vege mot auka ressursbruk og kostnader for kommunen. Departementet meiner det er uheldig dersom kommunane må dekkje sakskostnader utan omsyn til om endringa kjem som følgje av at kommunen har gjort feil eller ikkje. Etter ei ny vurdering er departementet difor kome til at reglane om dekning av sakskostnader i eigedomsskattesaker bør følgje reglane i likningslova.

Departementet viser til forslag til eigedomsskattelova § 29.

3.5.9 Klage

3.5.9.1 Bakgrunn og gjeldande rett

Klage over vedtak om eigedomsskatt er aktuelt for vedtak om å skrive ut eigedomsskatt i ein kommune, fritak, botnfrådrag og skattøyre mv., og for utskrivinga av skatt på den særskilde eigedomen, feil ved takseringa mv. Klagereglane er forskjellige for dei ulike typane vedtak, og nokre typar vedtak manglar i dag klagereglar.

Kommunelova inneheld reglar om sakshandsaming for kommunale organ. Sakshandsamingsreglane gjeld for kommunale organ i saker om eigedomsskatt, mellom anna når ein kommune treff vedtak om å innføre eigedomsskatt, fritak for nokre eigedomar, val av skattøyre mv. Reglane om mindretalsklage i kommunelova § 59 inneber at tre eller fleire av medlemmene i kommunestyret kan ta avgjerda inn for departementet (delegert til Fylkesmannen). Fylkesmannen kan oppheve vedtaket dersom det er ulovleg vedteke. Enkeltpersonar kan ikkje klage etter reglane i kommunelova.

Eigedomsskattelova §§ 19 til 22 om administrativ klage og rettsleg prøving er ikkje iverksett, jf. eigedomsskattelova § 33. I eigedomsskattesaker er det berre iverksett reglar om klage over eigedomsskattetakstane. Klagereglane i likningslova gjeld for verdsetjinga av kraftanlegg av di eigedomsskattetakstane byggjer på likningsverdet, jf. eigedomsskattelova § 8 og likningslova §§ 8-11 og 9-4. Verdsetjing av andre eigedomar følgjer reglane i byskattelova §§ 4 og 5. Byskattelova § 4 har reglar om klage over eigedomsskattetakstane, som skal gå til overtakstnemnda eller ei sakkunnig ankenemnd. Både skattytar og kommunen kan klage på eigedomsskattetaksten, jf. byskattelova § 4 fjerde ledd.

Zimmer-utvalet meinte det var stort behov for nye klagereglar i eigedomsskattesaker. Av di eigedomsskattetakstane skulle byggje på likningsverdet for eigedomane, meinte utvalet at klage over takstane måtte skje etter reglane i likningslova. For andre vedtak foreslo utvalet å innføre klagereglar lik reglane i eigedomsskattelova §§ 19 til 22, som ikkje er iverksett.

3.5.9.2 Vurderingar og forslag frå departementet

Allment om klagereglar

Klagereglar er viktige for rettstryggleiken. Dei sikrar at ein part kan få overprøvd avgjerder, og at avgjerder som ikkje er riktige blir retta.

Gjeldande eigedomsskattelov har reglar om klage over eigedomsskattetaksten, jf. eigedomsskattelova §§ 8 og 33, samt byskattelova § 4. Klage over den årlege utskrivinga av eigedomsskatt manglar regulering. Departementet meiner det er særs viktig med ei klageordning for den årlege utskrivinga av eigedomsskatt.

Forskjellige typar vedtak om eigedomsskatt blir treft av kommunestyret, eigedomsskattekontoret, klagenemndene mv. Departementet foreslår i utgangspunktet at reglane i forvaltningslova skal gjelde. Klagereglane i forvaltningslova er forskjellige for enkeltvedtak og vedtak som blir rekna som forskrifter, jf. forvaltningslova § 2. Departementet legg til grunn at det følgjer av tolking kva for eigedomsskattevedtak som etter forvaltningslova er enkeltvedtak og ikkje, og at det normalt ikkje vil vere tvil om kva type vedtak det er snakk om.

Vedtak om å skrive ut eigedomsskatt i ein kommune, området for eigedomsskatt, fritak, skattøyre og botnfrådrag mv. er vedtak som kommunestyret har stor valfridom til å avgjere. Eigedomsskatten er ein frivillig kommunal skatt. Omsynet til kommunalt sjølvstyre gjer at vedtak innafor ramma av det frie skjønet for kommunen ikkje bør gi grunnlag for klage. I høyringsnotatet foreslo departementet at det ikkje var naudsynt med særskilde reglar for kontroll av om vedtak treft av kommunestyret var lovleg, utover reglane i kommunelova § 59.

Ingen av høyringsinstansane er usamd i denne delen av forslaget. Departementet meiner difor at reglane om mindretalsklage i kommunelova § 59 fortsatt skal gjelde for denne typen kontroll.

Klageorgan

Klageorgan i forvaltningslova er alltid eit anna organ enn det som har treft vedtaket. Utgangspunktet er at forvaltningsorganet som er nærmast overordna det organet som har treft vedtaket, er klageorgan. For enkeltvedtak som er treft av forvaltningsorgan oppretta med heimel i lov om kommunar og fylkeskommunar, er klageorganet kommunestyret eller fylkestinget, eller eventuelt ei særskild klagenemnd som desse har oppretta, jf. forvaltningslova § 28 andre ledd. Staten er klageorgan for vedtak som er treft av kommunestyret eller fylkestinget. Kompetansen til å avgjere slike klager er delegert til Fylkesmannen. Forvaltningslova opnar for at Kongen kan vedta andre reglar for særskilde saksområde. Unntak kan vere grunna på ønskje om ei særskild trygg klageordning, spare overordna organ og domstolar for arbeid, sikre at klageorganet er uavhengig, bruk for særskild fagkunnskap eller kjennskap til lokale høve mv.

Zimmer-utvalet foreslo at overprøving av vedtak (som ikkje gjaldt verdsetjing) i utgangspunktet skulle skje av ei nemnd på fylkesplan. Avslag på søknad om fritak frå eigedomsskatt skulle bli overprøvd av Fylkesmannen, avgrensa til om avslaget var lovleg.

I høyringsnotatet foreslo departementet at Fylkesmannen skal vere klageorgan for klager over eigedomsskatt som ikkje gjeld skattetaksten. Grunnen var at sånne klager ofte gjeld kontroll av om vedtaket er lovleg og prøving av faglege vurderingar, som ikkje avgjer eit skjøn. Departementet foreslo at klage over eigedomsskattetaksten framleis skulle bli avgjort av ei kommunal klagenemnd. For kraftanlegg foreslo departementet at klage over eigedomsskattetaksten framleis skulle følgje reglane i likningslova.

Dei fleste høyringsinstansane er imot forslaget, men har ulike syn på kva for organ som bør vere klageorgan i eigedomsskattesaker. Kommunane, KS og LVK ønskjer ei kommunal klageordning for alle klager. Norges Bondelag og Skattebetalerforeningen ser at det kan vere behov for at ei kommunal klagenemnd avgjer klager over takstane. Advokatforeningen, Foreningen Næringseiendom, HSH, NHO og Storbedriftenes skatteforum meiner at alle klager bør bli avgjort av Fylkesmannen. Fleire av høyringsinstansane meiner subsidiært at dersom klageorganet skal vere kommunalt, så må det vere formelle krav til kvalifikasjonane til medlemmene.

KS og LVK meiner klageordninga i eigedomsskattesaker bør vere lovfesta, men at klageorganet bør vere kommunalt. KS peiker på at dei fleste kommunane allereie har ei klageordning for eigedomsskattesaker, og at det ikkje er noko som tyder på at ordninga ikkje gir ei god nok overprøving. KS argumenterer òg med omsynet til det kommunale sjølvstyret, og meiner det er usikkert om kommunane kan få dei statlege klagevedtaka overprøvd av domstolen. KS uttaler at omsynet til rettstryggleiken taler for å styrke den kommunale klageordninga heller enn å overføre kompetansen til staten. KS åtvarar mot to klageorgan av di mange klager gjeld både verdsetjinga og utskrivinga, og at desse klagene bør bli handsama saman. LVK meiner forslaget er så uklårt at det kan bli usikkert kven som skal avgjere kva for klager. Behovet for synfaring er òg brukt som argument for å fortsetje med kommunale klagenemnder.

Advokatforeningen, AL Norske Boligbyggelags Landsforbund, Foreningen Næringseiendom, HSH og Næringslivets Hovedorganisasjon foreslår at Fylkesmannen overprøver alle klager.

Advokatforeningen meiner omsynet til rettstryggleik taler for at Fylkesmannen er klageorgan, og kan ikkje sjå at det er behov for særskilde reglar for klager i eigedomsskattesaker. Advokatforeningen kallar forslaget om to klageorgan er eit ”eksperiment.” Skepsisen mot to klageorgan innafor same lova er allmenn, men blir styrkt når det same enkeltvedtaket må bli bringa inn for to ulike klageorgan. Advokatforeningen meiner at forvaltningslova § 34 må gjelde.

Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) foreslår subsidiært at ei kompetent regional nemnd avgjer klager, sånn at klager faktisk blir overprøvd av eit overordna organ. NHO uttaler at ”[d]e mange rettssakene viser både hvor vanskelig reglene og prinsippene er å forholde seg til for kommunene, og hvor ofte verdsettelsen fremstår som ganske tilfeldig.” Foreningen Næringseiendom støtter høyringsfråsegna frå NHO.

Oljeindustriens Landsforening (OLF) meiner at ei fylkesnemnd med sakkunnige er ei god ordning for klager over verdsetjing av verk og bruk. Jernbaneverket ønskjer òg eit overordna klageorgan med særskild kompetanse.

Storbedriftenes skatteforum (SSF) og Skattebetalerforeningen foreslår at loven inneheld kompetansekrav for medlem i klagenemndene. SSF ønskjer subsidiært ei sakkunnig klagenemnd på fylkesplan, alternativt at Fylkesmannen avgjer alle klager.

Fornyings-, administrasjons og kirkedepartementet (FAD) har ikkje noko imot at Fylkesmannen blir klageorgan for andre vedtak om eigedomsskatt enn verdsetjing. FAD føreset at ”ressursbehovet i fylkesmannsembetene for å løse oppgaven blir nærmere konkretisert i det videre arbeidet, og at dette blir finansiert ved rammeoverføring fra Justisdepartementet til kap 1510 fylkesmannsembetene.”

Fylkesmannen i Hedmark og Fylkesmannen i Møre og Romsdal er dei to einaste fylkesmannsembeta som har sendt inn høyringsfråsegn. Begge meiner at klager over verdsetjinga ikkje er eigna for overprøving av Fylkesmannen.

Gjennomgåinga viser at nesten ingen høyringsinstansar ønskjer to ulike klageorgan i eigedomsskattesaker. Tunge innvendingar mot løysinga kjem frå både kommuneorganisasjonane og skattytarsida. Den viktigaste innvendinga er at forslaget fører til at nokre klager må bli handsama av båe klageorgana. Dette gjeld mellom anna når skattytar klager over taksten (kommunal nemnd), og samstundes klager over at grunngjeving manglar og klager på maktmisbruk (Fylkesmannen). Dersom skattytar klager på at ein eigedom ikkje er verk og bruk (Fylkesmannen), subsidiært over taksten (kommunal nemnd), må den kommunale nemnda anten prejudisielt avgjere om eigedomen er verk og bruk – eller vente med å avgjere klaga til Fylkesmannen er ferdig med klagehandsaminga. I desse tilfella er det grunn til å tru at klagehandsaminga blir forseinka, og at klageorgana vil drive med dobbeltarbeid. Det kan òg vere vanskeleg for skattytar å vite kor vedkomande skal sende klaga. Praktiske omsyn og det å gjere klagehandsaminga enklare, taler for at alle klager blir handsama av eitt og same klageorgan.

Etter ei ny vurdering har departementet kome til at det bør vere berre eitt klageorgan i eigedomsskattesaker.

Departementet foreslo at klager over taksten skulle bli overprøvd av eit kommunalt klageorgan av di taksering krev kompetanse om verdsetjing av faste eigedomar og kjennskap til lokale tilhøve.

Advokatforeningen, NHO mv. er ikkje samde i denne grunngjevinga. Dei meiner det ikkje er særeige for eigedomsskattesaker at det er nødvendig med særleg kompetanse eller kjennskap til lokale tilhøve. Advokatforeningen seier at ”kompetansenivået hos dagens eiendomsskattenemnder i de ulike kommunene er sterkt varierende.” At strengare krav til grunngjeving vil gi mindre behov for synfaring, blir òg brukt som argument for å la Fylkesmannen vere klageorgan. Høyringsinstansane er dessutan redd for at nemndene ikkje vil vere upartiske i mindre kommunar.

Argumentet om at kommunale klageorgan ikkje er nøytrale gjeld generelt, og er ikkje særskildt for eigedomsskattesaker. Det finst likevel mange kommunale klageordningar, og departementet legg til grunn at kommunane vil syte for at ei kommunal klageordning fungerer godt. Rettstryggleiken for skattytar er òg sikra på den måten at vedkomande kan få overprøvd klagevedtaket av domstolen.

Høyringsinstansane er usamde med kvarandre om korleis klagenemndene fungerer i dag. Sakshandsamingsreglane for eigedomsskattesaker har så store manglar at departementet ikkje vil leggje for stor vekt på korleis dagens klageordning verkar. Departementet trur at klagehandsaminga og rettstryggleiken vil bli betre med ein lovfesta klagerett.

Jernbaneverket, SSF og OLF uttaler at taksering av verk og bruk er vanskeleg, og foreslår at klager over taksten blir handsama av ei sakkunnig nemnd på fylkesplan. Behovet for kompetanse kan tale for ei slik organisering av klagenemnda. Departementet meiner likevel at det ikkje er formålstenleg med ei eiga klagenemnd på fylkesplan som berre skal overprøve skattetakstar i eigedomsskattesaker, ev. berre taksering av verk og bruk. Dersom det skal vere eit klageorgan på fylkesplan, meiner departementet at klageorganet bør vere Fylkesmannen.

Departementet er samd med Advokatforeningenmv. i at behovet for synfaring kan minke når kravet om grunngjeving aukar. Departementet trur likevel ikkje det gjeld for taksering av verk og bruk. Takstnemndene og klagenemndene hentar ofte inn sakkunnige til å hjelpe seg med taksering av verk og bruk, og departementet trur ikkje kravet om ei ”stutt grunngjeving” gjer at behovet for synfaring og/eller bruk av sakkunnige vil forsvinne.

To fylkesmannsembete har sendt inn høyringsfråsegn. Båe meiner at Fylkesmannen ikkje bør vere klageorgan for klager over takseringa. Fylkesmannen i Hedmark meiner at også avgrensinga av eigedomsskatteområde er betre eigna for domstolskontroll enn for overprøving hos Fylkesmannen. Fylkesmannen i Møre og Romsdal framhevar ”behovet for at den kommunale nemnd besitter den nødvendige fagkunnskap. Klage over verdsettelsen av eiendom anses som uegnet for ordinær klagesaksbehandling, jf. forvaltningsloven § 28 og for lovlighetskontroll etter kommuneloven § 59.”

Med bakgrunn i desse vurderingane meiner departementet fortsatt at fylkesmannsembeta ikkje i tilstrekkeleg grad er innretta på å vere klageorgan for eigedomsskattetakstane, og særleg når det gjeld taksering av verk og bruk. Dersom Fylkesmannen skal vere klageorgan for eigedomsskattesaker, må fylkesmannsembeta få tilført ressursar for å byggje opp kompetanse om eigedomsskatt.

Eigedomsskattelova har gjeldande reglar om kommunal klagehandsaming for klager over takseringa. Alle kommunar som skriv ut eigedomsskatt har difor ei overtakstnemnd eller sakkunnig ankenemnd (klagenemnd). KS uttaler at mange kommunar har oppretta klageordningar som rekk vidare enn kravet i eigedomsskattelova. Desse klagenemndene har kompetanse og røynsle med handsaming av klager i eigedomsskattesaker. Røynsla vil bli best utnytta om den kommunale klageordninga fortsett.

Eigedomsskatten er ikkje obligatorisk. Det er opp til kommunestyret om kommunen skal ha eigedomsskatt, og valfridomen er stor når det gjeld utforminga av eigedomsskatten. Valfridomen gjeld mellom anna området for eigedomsskatt, skattøyre, botnfrådrag, reduksjonsfaktor i takstane, valfrie fritak mv. Kommunane vil såleis ha ulik praksis uansett, og behovet for lik handsaming mellom kommunane gjeld ikkje for eigedomsskatt på same måte som på andre rettsområde.

Høyringsinstansane er stort sett misnøgde med dagens kommunale klagehandsaming. Rettstryggleiken for skattytar kan tilseie at alle klager bør bli avgjort av Fylkesmannen. Fylkesmannen har liten røynsle med eigedomsskatt. KS har uttalt at dei klagesakene som kjem, ofte er krevjande både fagleg og økonomisk. Departementet legg til grunn at Fylkesmannen vil få ei stor auke i saksmengda dersom han skal vere klageorgan i alle eigedomsskattesaker. Departementet trur òg det er sannsynleg at Fylkesmannen treng hjelp til å utgreie tekniske spørsmål mv. Søksmål over vedtak fatta av Fylkesmannen må bli retta mot staten. Såleis vil staten bli part i alle rettssaker om eigedomsskatt dersom Fylkesmannen blir einaste klageorgan. Auke i talet på tilsette og auka prosesskostnader er varige utgiftspostar, som også vil eksistere etter at fylkesmannsembeta har fått røynsle med eigedomsskatt.

Departementet trur at manglane ved dagens klagehandsaming delvis kan kome av den dårlege reguleringa, og legg til grunn at lovfesta klagerett kan betre rettstilstanden for både skattytare og kommunane. Departementet legg òg vekt på at domstolane kan overprøve klagevedtaka.

Med bakgrunn i desse vurderingane har departementet kome til at klageordninga bør vere kommunal for alle eigedomsskattevedtak.

Departementet meiner likevel at rettstryggleiken bør bli betre ved at det blir lovfesta at medlem i formannsskapet ikkje kan vere medlem i klagenemndene, jf. pkt. 1.5.2 om habilitet. Kommunane har sjølv interesse i å syte for at nemndene er samansett på ein fornuftig måte, sånn at dei treff riktige avgjerder. Behovet for kompetanse i nemndene vil vere forskjellig mellom kommunane mellom anna ut frå kor kompleks takseringa er, bruken av sakkunnige hjelparar og talet på eigedomar i kommunen.

Departementet foreslår at eigedomsskattelova §§ 19 og 20 blir sett i verk, med nokre endringar.

Klagefrist

Sjølv om særlovgivinga legg kompetansen til å avgjere klager til ulike organ, så er det vanleg at reglane i forvaltningslova gjeld for sjølve klagehandsaminga (klagefrist, saksførebuing, klagekompetanse mv.)

Klagefristen etter eigedomsskattelova § 19 er tre veker frå utlegging av skattelista blei kunngjort eller frå utsending av skattesetelen. Regelen er ikkje iverksett. Byskattelova har ikkje reglar om fristen for å krevje overtakst. I utkast til skattevedtekter gitt av Finansdepartementet 20. desember 2000 nr. 1394, er klagefristen fire veker frå skattelista blei lagt ut. Det er valfritt for kommunen å vedta å bruke desse vedtektene.

Klagefristen i forvaltningslova § 29 er tre veker frå melding om vedtaket er motteken av parten. Dersom orientering om vedtaket skjer ved offentleg kunngjering, er kunngjeringa utgangspunktet for fristen.

Etter likningslova § 9-2 nr. 4 er klagefristen for klage over likninga seks veker frå skatteoppgjeret er sendt til skattytar, men likevel ikkje før tidlegast 10. august.

I høyringa foreslo departementet at klagefristen skulle vere fire veker frå det seinaste tidspunktet av utsending av skatteoppgjeret til skattytar og kunngjering av at eigedomsskattelista er lagt ut. KS og LVK støttar forslaget.

Advokatforeningen, Skattebetalerforeningen og Storbedriftenes Skatteforum meiner at klagefristen i forvaltningslova bør gjelde i eigedomsskattesaker. Grunnane som blir gitt er omsynet til rettstryggleik, at det prinsipielt ikkje er heldig med forskjellige fristreglar, og sjølve lengda på fristen.

Justis- og beredskapsdepartementet uttaler følgjande om klagefristen:

”Vi er usikre på om det er den beste løysinga at fristen for å klage på utskriven eigedomsskatt skal løpe frå utskrivinga av eigedomsskatt, slik det ligg i utkastet til § 19 fyrste ledd. Sendingar kan bli forsinka, og for skattytarane vil det vere ein tryggleik å kunne halde seg til ein klagefrist som reknast frå det tidspunktet dei mottek skattesetelen.”

Norges Huseierforbund (NHF) uttaler at:

”Slik Norges Huseierforbund ser det har man da når det gjelder postforsendelse, flyttet risikoen for forsinkelse, bortkommen post, feilsending med mer over på den eiendomsskattepliktige. Selv om man i forslaget innfører fire ukers klagefrist, legger NHF til grunn at departementet bør opplyse at klagefristen bør praktiseres romslig, jf blant annet forvaltningsloven § 31 første og andre ledd.”

OLF meiner at klagefristen ikkje bør vere kortare enn fristen kommunane legg til grunn i dag (fire veker), men at den bør løpe frå mottak istadenfor utsending av vedtaket.

Utgangspunktet er at klagefristen i forvaltningslova skal gjelde, med mindre særskilde grunnar gjer at det bør gjelde ein annan frist i eigedomsskattesaker. Høyringsforslaget byggjer på utkastet til skattetakstvedtekter, som er gitt av Finansdepartementet, og blir brukt av mange kommunar i dag. Administrative omsyn låg til grunn for unntaket som blei foreslått. Særskilde fristreglar gjer regelverket meir komplisert for skatttytar, og dette talar mot ein eigen klagefrist. Advokatforeningen har uttalt at massesendingar ikkje gjer det vanskelegare å fastslå om skattesetelen er motteken eller ikkje, samanlikna med andre sendingar. Trass i dette, er grunnen for å la fristen løpe frå utsendinga at massevedtak inneber mange klager. Difor blir det for mykje arbeid for forvaltninga å kontrollere individuelt mottak i kvar einaste klagesak. Denne oppfatninga er lagt til grunn for klagefristen i likningslova. Hovudregelen er at fristen er seks veker frå skattesetelen er sendt til skattytar. Ein klagefrist som gjeld frå utsendinga inneber at ein og same fristdato gjeld for alle skattytarane. Fristen kan bli gjort kjent for skattytarane samleis som det blir kunngjort at eigedomsskattelista er lagt ut.

Med bakgrunn i dette meiner departementet fortsatt at klagefristen bør løpe frå utsendinga. For å unngå fleire ulike frister, foreslår departementet likevel at fristen blir forlengja til seks veker, sånn at fristen samsvarer med klagefristen i likningslova. Den lange fristen bør vere nok til å bøte på mogleg forseinka post.

Departementet foreslår at klagefristen er seks veker frå utsending av takstvedtaket eller eigedomsskattekravet. Departementet viser til forslag til eigedomsskattelova § 19 første ledd.

Klage over taksten i samband med den årlege utskrivinga av eigedomsskatt

I høyringsnotatet foreslo departementet at skattytar kan klage på taksten i samband med den årlege utskrivinga av eigedomsskatt, så lengje det ikkje er klaga av same grunn tidlegare.

KS og LVK ønskjer ikkje ei slik klageordning. Dei meiner at ordninga vil føre til at klagehandsaminga aldri blir avslutta av di skattytarane vil finne stadig nye klagegrunnar. Dei peiker òg på at kommunane har plikt til å rette vedtak framover i tid i visse tilfelle, og at det minkar behovet skattytar kunne ha for ei slik klageordning. LVK seier mellom anna at ”[a]v hensyntil den offentlige ressursbruken er det viktig at det er realiteten i at takseringen kun skal skje hvert tiende år med mindre særlige grunner foreligger.”

Advokatforeningen, NHO, OLF, Skattebetalerforeningen, Storbedriftenes skatteforum mv. støttar forslaget i høyringsnotatet.

Skattebetalerforeningen meiner klageadgangen bør gjelde kvart år for endringar fram i tid, uansett om vedtaket er overprøvd tidlegare og sjølv om klagegrunnen er den same. Grunnen er at eigedomsskatt er ei bør som kommunen legg på folket, at utskrivinga kvart år er eit eige enkeltvedtak, og at det er ein illusjon at klagenemndene ikkje gjer feil.

OLF meiner departementet må klårgjere om ”endring av takstgrunnlaget også skal ha tilbakevirkende kraft med virkning for tidligere år innenfor samme takstperiode.”

Departementet meiner at behovet skattytarane har for å kunne klage over taksten kvart år må bli vege mot dei negative sidene klageretten har for kommunane. Taksering skjer som hovudregel berre kvart tiande år. Kommunane kan velje å endre takstane prosentvis etter tiårsperioden, med heimel i mellombels tilleggslov til eigedomsskattelova. Takstane kan difor gjelde endå lenger enn ti år. Dersom klageadgangen berre gjeld seks veker etter takstvedtaket er sendt ut, kan skattytar måtte betale eigedomsskatt av for høg takst på ubestemd tid. Fleire grunnar kan føre til at skattytar ikkje klagar på takseringa. Eigar kan til dømes ikkje kjenne til feilen, det kan skje eit eigarskifte midt i klageperioden, eller botnfrådrag og låg skattøyre gjer at feilen har liten eller ingen effekt for storleiken på skatten.

KS og LVK peiker på at det uansett følgjer av god forvaltningsskikk at takstane må bli retta framover i tid, og at plikta til retting er god nok for rettstryggleiken til skattytar. Plikta til å rette eit vedtak kan innebere at ein utvida klagerett ikkje er nødvendig. Ei utviding av klageretten vil likevel ikkje føre til store vanskar for kommunane dersom god forvaltningsskikk gjer at dei allereie er forplikta til å rette vedtaka. Omsynet til rettstryggleik talar for at klageretten er lovfesta. Difor meiner departementet at forslaget bør gjelde. Departementet foreslår at skattytar kan klage på eigedomsskattetaksten i samband med den årlege utskrivinga av eigedomsskatt. Departementet har valt ordet ”skattytar” istadenfor ”eigar” for å vise at det er den som er debitor for eigedomsskatten som har klagerett, mellom anna eigar, festar mv.

Departementet viser til forslag til eigedomsskattelova § 19 første ledd.

3.5.10 Omgjering (retting)

3.5.10.1 Bakgrunn og gjeldande rett

Både offentlege og private interesser kan tale for at eit vedtak blir gjort om/retta utan at det er klaga over, eller sjølv om det ikkje er mogleg å klage over vedtaket. Særpreget ved omgjering samanlikna med klagehandsaming, er at ein ikkje kan krevje at saka blir handsama, og det er heller ikkje ein føresetnad med førespurnad frå parten. Omgjering inneber anten at vedtaket blir endra eller at det blir annullert. Ofte har forvaltninga plikt til å rette eit vedtak som har feil når det er til gunst for ein part, medan interessene må bli vege mot kvarandre dersom rettinga blir til ugunst for ein part.

Eigedomsskattelova har fleire reglar om omgjering (retting). Eigedomsskattekontoret kan rette ”mistak” ved utskrivinga innan utløpet av skatteåret, jf. eigedomsskattelova § 16. Same frist gjeld for å skrive ut skatt på eigedomar som på grunn av feil ikkje er skrive ut skatt på. Regelen er tolka sånn at ”mistak” kan bli retta til gunst for skattytar etter skatteåret òg. Omgjering av andre grunnar enn ”mistak” er regulert i eigedomsskattelova § 17. Utgangspunktet er at dersom det ikkje er skrive ut eigedomsskatt på ein eigedom eller skatten er for låg, så skal utskrivinga bli retta i tråd med det som gjaldt for det enkelte skatteåret. Unntak frå dette utgangspunktet følgjer av eigedomsskattelova § 17 andre til femte ledd. Andre ledd, som berre er iverksett for kraftanlegg, inneber at utskrivinga berre kan bli retta dersom likninga blir endra etter likningslova kapittel 9, når manglande eller for låg skatt kjem av at likningsverdet er sett for lågt. Tredje ledd er tolka sånn at feil rettsbruk berre kan bli retta til gunst for skattytar. Dessutan gjeld foreldingsfristane i lov 18. mai 1979 nr. 18 om forelding av fordringar §§ 2 og 3, jf. eigedomsskattelova § 17 femte ledd. Den allmenne foreldingsfristen er tre år. Eigedomsskattelova § 17 fjerde ledd inneheld ei absolutt grense for å rette feil til ugunst for skattytar på to år etter skatteåret.

Forvaltningslova § 35 inneheld reglar om når eit vedtak kan bli retta utan at det er klaga over. Forvaltningsorganet kan rette vedtaket sjølv, dersom ”endringen ikke er til skade for noen som vedtaket retter seg mot eller direkte tilgodeser eller underretning om vedtaket ikke er kommet fram til vedkommende og vedtaket heller ikke er offentlig kunngjort, eller må anses ugyldig”, jf. forvaltningslova § 35 første ledd. Klageinstansen eller anna overordna organ kan rette vedtak etter dei same vilkåra, jf. forvaltningslova § 35 andre ledd, og kan òg rette til ugunst dersom ”hensynet til andre privatpersoner eller offentlige interesser tilsier det”, jf. forvaltningslova § 35 tredje ledd. I så fall må melding om overprøving bli sendt innan tre veker frå det opprinnelege vedtaket blei sendt.

3.5.10.2 Vurderingar og forslag frå departementet

På same måten som for andre forvaltningsvedtak, bør eigedomsskattevedtak med feil kunne bli retta innan ei viss tid. Døme på feil kan vere feil faktagrunnlag ved takseringa, feil rettsbruk, feil skattøyre som følgje av ulovleg auke eller tastefeil, manglande utskriving mv. Reglar om omgjering bør balansere framskrivingsomsyn for skattytar mot omsynet til riktige avgjerder og lik handsaming av skattytare.

I høyringsnotatet foreslo departementet at gjeldande forbod mot å rette feil rettsbruk til ugunst for skattytar skulle fortsetje å gjelde. Departementet foreslo òg at fristen på to år for retting til ugunst for skattytar, og fristen på tre år for retting til gunst for skattytar, skulle fortsetje å gjelde. Fristen for å rette utskrivinga når feilen kjem som følgje av at skattytar har brote plikta til å gi opplysningar eller medverke til takseringa, blei foreslått til fem år. Takseringa blei foreslått å alltid kunne bli retta framover i tid, medan omgjering av taksten bakover i tid skulle følgje same grenser som andre vedtak.

KS og LVK støttar i hovudsak forslaga om retting, og meiner det særleg er nødvendig å fastslå at takseringa kan bli retta. KS og LVK meiner feil rettsbruk bør kunne bli retta i same grad som andre feil. Dei foreslår at lovteksten klårgjer at retting av eigedomsskattetaksten, når den byggjer på likningsverdet, kan bli retta bakover i tid etter dei same fristane som gjeld i likningslova (kraftanlegg). KS ønskjer at brot på plikta til å gi opplysningar mv. skal gjelde både når brotet fører til feil takst og feil rettsbruk. KS foreslår dessutan å fjerne eigedomsskattelova § 16, som inneheld ein snever rettefrist for ”mistak”. LVK støttar dette forslaget.

KS og LVK meiner lovteksten bør seie at kommunen berre har kompetanse til å rette vedtak, men ikkje plikt til dette. LVK meiner plikten til å rette vedtak som følgje av prinsippet om likehandsaming berre gjeld framover i tid. LVK meiner lova bør klårgjere at fristane for retting ikkje gjeld når resultatet følgjer av ein rettskraftig dom. LVK ønskjer at retting for eigedomsskatt på kraftanlegg skal følgje reglane i likningslova § 9-6. Til slutt meiner LVK det ikkje er nødvendig å avskjere omgjering for kommunane når det gjeld vedtak klagenemnda har avgjort. LVK foreslår at det istadenfor blir tatt inn ein regel i takseringskapitlet om at nemndene er uavhengige.

Justis- og beredskapsdepartementet meiner departementet bør vurdere om det skal framgå av eigedomsskattelova § 17 femte ledd at kommunane i nokre tilfelle har plikt til å rette vedtak.

Skattebetalerforeningen meiner at kommunen bør ha ei ubetinga plikt til å rette feil i tre år etter utskrivinga.

Advokatforeningen er samd i at det trengst særskilde reglar om omgjering, men er ikkje samd i lengda på fristane. Advokatforeningen uttaler mellom anna:

”Forvaltningsloven setter en tidsmessig grense på tre måneder for omgjøringer til ugunst. Vi deler departementets vurdering av at dette kan være en knapp tidsfrist for massevedtak. Departementet henviser til ligningsloven og foreslår en tidsmessig grense på 2 år. Ligningslovens regler bygger på et selvdeklarerende prinsipp. […] Eiendomsskatteloven har imidlertid det motsatte utgangspunkt, nemlig at det er kommunen selv som fastsetter opplysningene for taksering etc. Behovet for en romslig omgjøringsadgang i tid er derfor ikke den samme. Vi kan derfor ikke se at ligningslovens regler er egnet til å kaste lys over dette spørsmålet. Eiendomsskatt skrives ut for ett år om gangen. Advokatforeningen antar at det er hensiktsmessig at omgjøring må foretas før neste års utskrivning. Dessuten anses ett år som tilstrekkelig tid for kommunen til å kunne foreta omgjøringer grunnet feil de selv har herredømme over.
For så vidt gjelder adgangen til å foreta omgjøringer grunnet feil som skattyter har herredømme over (brudd på opplysningsplikt og medvirkningsplikt) foreslår departementet en frist på 5 år. […] Advokatforeningen ser behovet for en utvidet omgjøringsadgang i disse tilfellene. Vi er av den prinsipielle holdning at færrest mulig særregler er et gode i seg selv. Når det gjelder særregler vedrørende frister står dette prinsippet særlig sterkt. Vi er derfor av den oppfatning at man hensiktsmessig bør knytte fristens lengde til den alminnelige foreldelsesfrist på 3 år, jf foreldelsesloven § 2.”

NHO meiner det er ein føresetnad for femårsfristen at ”opplysnings- eller medvirkningsplikten er utformet som et helt konkret pålegg. Det må ikke være uklarhet om brudd på en slik plikt dersom det skal være sanksjonert med en forlenget frist for endring til ugunst.”

OLF ønskjer at det blir presisert at kommunen ikkje kan bruke reglane om retting for å kome unna fristen for utskriving i eigedomsskattelova § 14.

Høyringsinstansane er samd i at det er nødvendig med unntak frå forvaltningslova når det gjeld fristane for omgjering, men er ikkje samde med kvarandre om kor lange fristane bør vere.

For skatteforvaltninga er fristen for å rette til ugunst for skattytar normalt to år, men fristen er ti år når det er gitt opplysningar som er ufullstendige eller ikkje er riktige, jf. likningslova § 9-6. Skatteforvaltninga byggjer på opplysningsplikt for skattytar og andre oppgåvepliktige, og byggjer i stor grad på etterfølgjande kontrollar av opplysningane. Dersom kontrollane skal ha nokon hensikt, må fristane for omgjering gjelde ei stund bakover i tid. Utskriving av eigedomsskatt er ei form for massevedtak, men skil seg frå anna skatteforvaltning på den måten at eigedomsskatten ikkje tek omsyn til andre inntekts- og formuespostar enn verdet av eigedomen. Eigedomsskatten byggjer på utgreiing frå forvaltninga meir enn på prinsippet om sjølvdeklarering, som gjeld i skatteforvaltninga. Behovet for lange rettefristar er difor mindre i eigedomsskattesaker enn i andre skattesaker. Den generelle rettefristen i likningslova er to år. Eigedomsskatten blir skrive ut for eitt år om gongen. Når ein ser bort frå takstvedtaket, så blir vedtak om eigedomsskatt treft årleg. I høyringsnotatet blei framhald av toårsfristen for retting til ugunst for skattytar grunna på at den verkar bra. Eigedomsskatten er ei bør som blir lagt på skattytar, og lange fristar for omgjering til ugunst kan få store økonomiske følgjer for vedkomande. Framskrivingsomsyn taler for så korte fristar for omgjering som mogleg. I denne vurderinga meiner departementet at røynsla med gjeldande fristreglar bør ha mindre å seie enn kor lange fristar som prinsipielt bør gjelde. Departementet meiner difor at fristane for omgjering kan vere kortare i eigedomsskattesaker enn i andre skattesaker.

Advokatforeningen har foreslått at omgjering til ugunst for skattytar må skje før utskrivinga av eigedomsskatt året etter. Ein kortare frist kan vere innan slutten av eigedomsskatteåret. Fristen for utskriving av eigedomsskatt er normalt 1. mars i eigedomsskatteåret. Kommunane bør få ei viss tid til å rette vedtak, og det bør vere mogleg å rette feil som blir avdekka i samband med utskrivinga året etter feilen blir gjort. Departementet har difor kome til at fristen for omgjering til ugunst for skattytar bør vere tidspunktet for utskrivinga av eigedomsskatt året etter vedtaket blei treft. For å unngå tvil om fristen er knytta til utskrivinga for den enkelte eigedomen eller heile utskrivinga i kommunen, foreslår departementet at fristen blir sett til 1. mars året etter utskrivinga.

Omsynet til enkle reglar taler mot å ha forskjellige fristar for omgjering. Når departementet foreslår ein så kort frist som fram til utskrivinga neste år, er det ikkje gode nok grunnar til å ha eigne fristar for ”mistak” eller avskjere retting av feil rettsbruk. Departementet foreslår difor at fristen for omgjering til ugunst for skattytar skal vere lik uansett kva for feil som er gjort.

Fristen for omgjering til ugunst for skattytar når feilen kjem som følgje av at skattytar har brote plikta til å gi opplysningar eller medverke til takseringa, blei i høyringsnotatet foreslått å vere fem år. Grunnen for ein lengre frist var at det er større grunn til å la skattytar ta ansvaret for feil vedkomande sjølv har gjort. Tiårsfristen i likningslova blei vurdert å vere for lang i og med at det ikkje gjeld eit prinsipp om sjølvdeklarering. Advokatforeningen har uttalt at færrast spesialreglar er eit gode i seg sjølv, og at omsynet i særleg grad gjeld for fristreglar.

Advokatforeningen foreslår difor at fristen i desse tilfella blir knytt til den allmenne foreldingsfristen på tre år.

Fristen for omgjering bør vere lengre når skattytar har skuld i feilen enn når det er kommunen som har gjort feil mv. Fristen for omgjering er om lag eitt år når kommunen gjer feil. Den allmenne foreldingsfristen på tre år er to år lengre enn dette. Dei fleste krav blir foraldra etter den allmenne foreldingsfristen. Fristen for retting til gunst for skattytar er òg foreslått å vere knytta til den allmenne foreldingsfristen, og å velje denne fristen gjer at det blir færre ulike fristreglar. Når eigedomsskatt i hovudsak byggjer på utgreiing frå forvaltninga, meiner departementet at forskjellen på to år er nok. Departementet foreslår difor at omgjering til ugunst for skattytar skal følgje den allmenne foreldingsfristen på tre år når feilen kjem som følgje av at skattytar har brote plikta til å gi opplysningar eller medverke til takseringa.

Zimmer-utvalet meinte det var uklårt når forelding etter foreldingslova § 2 (endring til gunst for skattytar) startar for eigedomsskattevedtak, og at betaling av skattekravet, ev. betaling med atterhald, ville verke inn på fristen. Departementet foreslår difor ei særskild føresegn i eigedomsskattelova, som seier at omgjering til gunst for skattytar og ved brot på opplysningsplikta, kan skje innan tre år etter slutten av skatteåret.

Departementet er samd med KS i at det ikkje er grunn til å skilje mellom tilfelle der opplysningssvikt fører til feil rettsbruk og andre typar feil.

Taksering skjer som regel kvart tiande år, og kommunen bør kunne rette feil i takseringa framover i tid – sjølv om dei allmenne omgjeringsreglane har avskore retting bakover i tid. Departementet meiner dette bør framgå klårt av eigedomsskattelova, og foreslår difor ei særskild føresegn om omgjering av takstvedtak framover i tid.

Eigedomsskattetaksten for kraftanlegg byggjer på likningsverd. Likningsverdet byggjer på opplysningar eigar gir i sjølvmeldinga. Likningsstyresmaktene kan rette likninga etter fristane i likningslova § 9-6 når det viser seg at likningsverdet er feil. Zimmer-utvalet foreslo at alle eigedomsskattetakstane skulle byggje på likningsverd, og meinte difor at omgjering skulle følgje reglane i likningslova. Departementet meiner det ikkje er prinsipielt forskjellig å gi feil opplysningar til likningsstyresmaktene for fastsetjing av inntektsskatt mv., og å gi feil opplysningar for fastsetjing av eigedomsskattetakst. Departementet meiner difor at likningslova skal gjelde for omgjering av eigedomsskattetakster, når desse byggjer på likningsverd.

I høyringsnotatet foreslo departementet å avskjere omgjering etter forvaltningslova § 35. LVK meiner dette allereie følgjer av gjeldande rett, og at det ikkje er nokon meining med klagerett for formannskapet dersom kommunestyret kunne gjere om takstane. LVK foreslår at det istadenfor blir tatt inn ein regel i takseringskapitlet om at nemndene er uavhengige.

Departementet og LVK er samd om at formannskapet ikkje kan omgjere vedtak klagenemnda har treft, og spørsmålet gjeld kva for ein lovteknikk som er best for å klarleggje dette. Sjølv om klageretten er stengt, kan retten til omgjering vere til stades. Det er ulike måtar å avskjere omgjering når det gjeld avgjerder treft av uavhengige klageorgan. Forvaltningsregelverket har eksempel både på at omgjering er avskore i lova, og at omgjering er avskore via tolking av forarbeid, samanheng i regelverket og liknande. I Ot.prp. nr. 3 (1976-1977) s. 99 om lov om endringar i forvaltningslova er det uttalt at ”[h]vorvidt det foreligger et slikt over/underordningsforhold som kan gi grunnlag for omgjøring, må som i dag søkes løst ved tolking innen de enkelte saksområder og i det enkelte tilfelle.” I forarbeida til meirverdiavgiftslova la departementet til grunn at ”Klagenemnda for merverdiavgift er et kollegialt organ med en selvstendig og uavhengig stilling, og Finansdepartementet kan ikke sies å være et ”overordnet organ”. Departementet legger derfor til grunn at departementet ikke kan omgjøre Klagenemndas vedtak med hjemmel i forvaltningsloven § 35.” Likningslova har inga føresegn som avskjerer omgjering sjølv om det er heilt klårt at Skattedirektoratet ikkje kan omgjere vedtak skatteklagenemndene har treft. Det same gjeld vedtak etter petroleumsskattelova. Etter ei ny vurdering har departementet kome til at det gir best sameining i regelverket dersom omgjering blir avskore på same måte i skatte- og avgiftslovene, og foreslår difor ikkje ei eiga føresegn om dette i eigedomsskattelova.

Dersom kommunen er misnøgd med vedtak treft av klagenemnda, må den reise sak mot leiaren av nemnda, jf. pkt. 1.5.11 om søksmålsfrist mv.

Kommunen har normalt ikkje plikt til å omgjere vedtak, men i nokre tilfelle kan det stride mot prinsippet om lik handsaming å ikkje rette vedtak som kommunen veit er feil. Det same gjeld dersom vedtaket er ugyldig av andre grunnar.

Departementet foreslår at retting til ugunst for skattytar som hovudregel må skje innan 1. mars året etter utskrivinga av eigedomsskatt. For feil som følgje av at skattytar har brote plikta til å gi opplysningar eller medverke til takseringa, og for retting til gunst for skattytar, foreslår departementet at fristen for omgjering er tre år frå utgangen av skatteåret, som svarar til den allmenne foreldingsfristen på tre år. Departementet foreslår at reglane i likningslova skal gjelde for omgjering av skattetakstane for kraftanlegg. Departementet foreslår ei særskild regulering av omgjering av takstvedtak framover i tid. Departementet foreslår å oppheve eigedomsskattelova § 16.

Departementet viser til forslag til eigedomsskattelova § 17.

3.5.11 Søksmålsfrist

3.5.11.1 Bakgrunn og gjeldande rett

I følgje eigedomsskattelova § 23 gjeld likningslova § 11-1 nr. 4 og 5 og skattebetalingslova § 17-1 fjerde og femte ledd på tilsvarande vis for søksmål og tvistar for tingretten i sak om tvangsfullføring og mellombels sikring av eigedomsskatt. Kommunen er part i sakene.

I følgje likningslova § 11-1 nr. 4 må skattytar reise søksmål om likningsavgjerder innan seks månader etter at skatteoppgjeret eller endringsvedtaket blei sendt til skattytaren. Skattebetalingslova § 17-1 femte ledd seier at ”[e]tter utløpet av fristen i ligningsloven § 11-4 fjerde ledd kan ligningsavgjørelsen ikke bringes inn til prøving ved tingretten i sak om tvangsfullbyrdelse eller midlertidig sikring. Slik prøving skal likevel alltid kunne kreves inntil tre måneder etter den forføyning som det klages over.[…] Det kan gis oppfriskning for oversittelse av fristen etter reglene i tvisteloven §§ 16-12 og 16-14.”

3.5.11.2 Vurderingar og forslag frå departementet

I høyringsnotatet foreslo departementet at søksmålsfristane skal fortsetje å gjelde. Departementet foreslo òg at kommunen skal kunne ta ut søksmål om klagevedtak, retta mot leiaren i klagenemnda.

KS og LVK har ingen merknader til søksmålsfrist. OLF meiner det er uheldig at søksmålsfristen blir ulik for vedtak i klagesaker for overtakstnemnda og Fylkesmannen, og at det er ”betenkelig og bryter med alminnelige rettsprinsipper” at kommunen kan gå til søksmål om klagevedtak.

Departementet foreslår at alle klager skal gå til eitt og same klageorgan, og merknaden om ulike søksmålsfrister er difor ikkje lenger relevant. For at kommunen skal kunne få dom for kva som er riktig rettsbruk når kommunen og nemnda ikkje er samde, må kommunen ha søksmålsadgang. Løysinga er i tråd med allmenn forvaltnings- og prosessrett. For at ein skattytar som har vunne fram i klagenemnda skal slippe å bli part i søksmål kommunen ønskjer å reise, foreslår departementet at leiaren av klagenemnda skal vere riktig saksøkt. Skattytar kan velje å tre inn i saka som partshjelpar mv., jf. tvistelova § 15-7. Departementet legg til grunn at søksmålsadgangen skal sikre kommunen i prinsipielt viktige saker eller saker som har stort proveny. Kommunen vil neppe gå til søksmål om mange klagevedtak, sjølv om den får adgang til å gjere det. Med bakgrunn i dette foreslår departementet å innføre ei føresegn som gir kommunen rett til å saksøkje klagenemnda, og at søksmålet må vere retta mot leiaren av nemnda.

Departementet viser til forslag til endring av eigedomsskattelova § 23 andre ledd.

3.5.12 Plikt til å gi opplysningar

3.5.12.1 Bakgrunn og gjeldande rett

Etter gjeldande rett er det ikkje ei generell plikt til å gi opplysningar og medverke til taksering for skattytar eller andre i eigedomsskattesaker. Eit unntak er likevel plikta til å gi opplysningar om talet på bustader som kvalifiserer for botnfrådrag etter forskrift 11. februar 1993 nr. 107. Etter eigedomsskattelova § 18 har skattekontoret dessutan plikt til å gi relevante opplysningar om likninga til eigedomsskattekontoret. Denne føresegna tek utgangspunkt i at verdifastsetjinga byggjer på likningsverd, og er berre sett i verk for kraftverk. Vidare er det ein føresetnad ved taksering etter byskatteloven § 4, at det er synfaring av eigedomane.

I saker om likning er systemet i stor grad basert på at skattytar har plikt til å gi opplysningar (ukravd og etter krav), jf. mellom anna likningslova §§ 4-1, 4-8 og 4-10.

Forvaltningslova gir forvaltninga ansvaret for å sørgje for at saka blir opplyst. Forvaltningslova § 17 første ledd slår fast at ”forvaltningsorganet skal påse at saken er så godt opplyst som mulig før vedtak treffes,” men lova inneheld ikkje føresegner om plikt til å gi opplysningar. Dette er meir vanleg i særlover. Sjølv om det ikkje er plikt til å gi opplysningar, må forvaltninga kunne rekne med at partane i nokon grad bidreg til opplysning av saka når dei blir oppfordra til det. Som utgangspunkt kan ikkje forvaltninga bli bebreida om opplysningar til gunst for ein part ikkje er kome fram av di parten ikkje har følgt oppfordringa han hadde til å opplyse om tilhøva.

3.5.12.2 Vurderingar og forslag frå departementet

Eigedomsskattekontoret har behov for ei rekkje opplysningar om den enkelte eigedomen i samband med utskriving av eigedomsskatt. Nokre av desse opplysningane kan kommunen få frå den skattepliktige. Det kan til dømes gjelde ulike opplysningar til å fastsetje teknisk verd på verk og bruk, mellom anna investeringstidspunkt og -kostnader for slike innretningar. Synfaring av eigedom ved verdifastsetjinga krev dessutan at taksatorar får tilgang til eigedomen i samband med takseringa.

Det er uheldig dersom dei skattepliktige kan motarbeide skatteutskrivinga ved å halde tilbake nødvendige opplysningar, eller ved ikkje å medverke til synfaring av eigedomen. Departementet meiner at det er behov for ein klårare heimel for å påleggje dei skattepliktige plikt til å gi opplysningar og plikt til å medverke ved skatteutskrivinga.

I høyringsnotatet foreslo departementet difor at det blir innført ei plikt for eigar av fast eigedom til å gi opplysningar og medverke ved taksering i samband med utskriving av eigedomsskatt. Departementet foreslo at eigedomsskattekontoret kan gi eigar (skattytar) pålegg om å gi opplysningar som kan vere av betydning ved utskriving av eigedomsskatt. Plikta skal òg gjelde opplysningar om eigarforholdet, slik at personar som er registrert som eigar el.l., må bidra til å klårgjere kven som er riktig eigar av ein eigedom. Plikta til å gi opplysningar er særleg praktisk i samband med taksering av eigedomen, men er ikkje avgrensa til dette. Det kan òg vere aktuelt å innhente nærmare opplysningar for å vurdere vilkåra for å skrive ut eigedomsskatt, fritak, skattøyre mv.

Etter forslaget i høyringsnotatet omfatta plikta til å gi opplysningar alle typar opplysningar som kan ha betydning for skatteutskrivinga, mellom anna bygningsmessige/tekniske og økonomiske opplysningar, samt opplysningar om bygnings- og tomtearealer. Ut i frå eigedomsskattekontoret sitt behov kan ein etter dette forslaget gi slikt pålegg generelt til alle skattepliktige, eller avgrensa til ei bestemt gruppe (til dømes verk og bruk) eller til enkeltpersonar. Rettar pålegget seg mot ei gruppe skattytarar, er det praktisk at eigedomsskattekontoret bruker skjema for å hente inn opplysningane. Departementet foreslår at eiendomsskattekontoret skal setje ein rimeleg frist for skattytarens medverknad, som ikkje bør vere kortare enn fire veker. Vidare foreslo departementet at det blir lovfesta at eigaren (skattytaren), i tillegg til ev. annan brukar av eiendomen, skal ha plikt til å medverke til synfaring av eigedomen ved taksering. Dette inneber at eigaren i nødvendig grad må gi taksatorar tilgang til eigedomen.

Ved brot på plikt til å gi opplysningar eller medverke, foreslo departementet i høyringsnotatet at ein kan påleggje eigaren forseinkingsavgift etter mønster av likningslova § 10-1, der forseinkingsavgifta blir fastsett på grunnlag av eigedomens skatteverd. Forseinkingsavgifta skal gå til kommunen. Etter forslaget skulle avgifta vere 1 promille av skattegrunnlaget når forseinkinga ikkje er over ein månad, og 2 promille når forseinkinga er ein månad rekna frå den fristen eiendomsskattekontoret har sett. Avgifta skulle ikkje bli sett lågare enn 200 kroner og skal, når forseinkinga ikkje er over to månader, ikkje vere høgare enn 10 000 kroner. Departementet foreslo unntak for forseinkingsavgift når eigaren sitt forhold er unnskyldeleg av grunn som ikkje kunne leggjast eigaren til last. Vidare foreslo departementet at fristen for å rette skatteutskrivinga skal vere fem år når faktisk feil i skattegrunnlaget har sin grunn i at skattytar har brote plikta til å gi opplysningar.

Dei fleste høyringsinstansane støttar innføring av ei plikt for skattytar til å gi opplysningar og medverke i samband med utskriving av eigedomsskatt. Den einaste høyringsinstansen som ikkje er positiv til dette, er Storbedriftenes skatteforum (SSF), som uttaler:

”SSF mener det ikke er tilstrekkelig behov for at eieren skal kunne pålegges slik opplysningsplikt, tatt i betraktning at grunnlaget for eiendomsskatten fastsettes ved takst med befaring, og at eieren normalt uansett har en egeninteresse i å gi opplysninger som er nødvendig for å hindre feil i taksten. SSF mener det uansett bør presiseres at utvidet adgang til å rette utskrivningen 5 år tilbake i tid kun gjelder der eieren har gitt direkte uriktige faktiske opplysninger, og ikke tilfeller der de gitte opplysningene kun anses som for lite utfyllende.”

Etter ei ny vurdering av fristane for å omgjere eigedomsskattevedtak har departementet kome til at fristen for å gjere endring når skattytar har brote plikta til å gi opplysningar mv. skal svare til den allmenne foreldingsfristen på tre år, jf. pkt. 1.5.10.

Skattebetalerforeningen uttaler:

”Vi er enig med departementet i at det er uheldig dersom den skattepliktige kan motarbeide eiendomsskatteutskrivingen ved å holde tilbake nødvendige opplysninger, eller ved å unnlate å medvirke til befaring av eiendommen. Etter Skattebetalerforeningens syn er imidlertid den foreslåtte forsinkelsesavgiften vesentlig for høy. En avgift på 1 promille av grunnlaget for inntil en måneds forsinkelse betyr en avgift på 2 500 kroner dersom eiendommen har en verdi på 2,5 millioner kroner. En slik avgift kan i teorien ilegges for en dags forsinkelse. Dersom det innføres en forsinkelsesavgift, bør denne etter vårt syn innføres som et standardgebyr, for eksempel 200 kroner for forsinkelse inntil en måned og 400 kroner for lengre forsinkelser. Vi har ingen tro på at manglende medvirkning fra de eiendomsskattepliktige vil bli et vesentlig problem — vi har ikke registrert at det har vært et vesentlig problem til nå, selv uten en bestemmelse om plikt til medvirkning. Det foreslås unntak for forsinkelsesavgift når eierens forhold må anses unnskyldelig på grunn av årsak som ikke kan legges vedkommende til last. Lovforarbeidene bør utdype og konkretisere hva som ligger i dette. Etter vår oppfatning bør det ikke nødvendigvis være avgjørende om årsaken kan legges eier til last, jf. også endringene i ligningsloven § 10-3 første ledd, hvor tillegget ”som kan legges ham til last”, er strøket.”

Ei forseinkingsavgift bør vere så høg at det ligg føre eit klårt insentiv til å oppfylle plikta til å gi opplysningar. Departementet legg til grunn at ein kan oppnå dette sjølv om ein senkjer satsen for forseinkingsavgifta frå 1 promille til 0,5 promille når forseinkinga ikkje er over ein månad, og frå 2 til 1 promille når forseinkinga er over ein månad. Departementet er vidare einig med Skattebetalerforeningen om at det – i samsvar med mønsterfråsegna i likningslova § 10-1 nr. 3 – ikkje skal vere avgjerande om den unnskyldelege grunnen for pliktbrotet er noko ein kan leggje eigaren til last eller ikkje. Departementet foreslår difor endringar i lovteksten på desse punkta.

KS og LVK ber departementet om å vurdere ein lovheimel for fotografering av eigedomen ved synfaring. Desse høyringsinstansane syner til at det har vore eit praktisk behov for fotografering, mellom anna ved taksering av visse verk og bruk. Departementet ser at fotografering kan vere til hjelp ved taksering av kompliserte verk og bruk. Det kan høgne presisjonen i takseringsarbeidet, og vil på denne måten òg kome skattytarane til gode gjennom betre takstar. Bilete av eigedomen kan berre bli brukt til eigedomsskatteføremål, og vil vere omfatta av teieplikta. Skattytar har difor ingen gode grunnar til å motsetje seg fotografering. Foto av eigedom kan vere ei personopplysning som er omfatta av personopplysningslova. For å unngå tvil om det er lovleg å fotografere eigedomar, meiner departementet at ein bør gi ein heimel for å fotografere i samband med takseringsarbeidet.

På denne bakgrunn foreslår departementet at det blir innført ei plikt for eigar av fast eigedom til å gi opplysningar og medverke ved taksering i samband med utskriving av eigedomsskatt, samt rett for eigedomsskattekontoret eller dei som utfører takseringa til å ta fotografi av eigedomen i samband med takseringa.

Departementet viser til forslag til eigedomsskattelova § 31.

3.6 Kommunars rett til innsyn og klage når det gjeld kraftanlegg

I høyringsnotatet avviste departementet eit ønskje frå LVK om å gi kommunar rett til innsyn og rett til å klage over skatteetatens vedtak om skattegrunnlag for kraftanlegg når utskriving av eigedomsskatt byggjer på anlegget sitt formuesverd. Grunnen var at dette har vore vurdert av to tidlegare regjeringar (statsbudsjettet 2002 ved Stoltenberg I og statsbudsjettet 2004 ved Bondevik II), og at Stortinget har slutta seg til at det ikkje er behov for endringar. Departementet viser i høyringsnotatet til at det ikkje har skjedd noko nytt som gjer det påkravd med ei anna vurdering, og at nedgongen i klager og krav om innsyn frå kraftverkskommunar sidan 2001 tyder på at dette utgjør ei mindre utfordring enn før.

LVK seier seg i si høyringsfråsegnusamd i dette. LVK meiner at ti års røynsle med kraftskattereformen har avdekt eit klårt behov for ei betre regulering av rett til innsyn og innføring av klageordning for kommunane. LVK har røynsle med at openbare feil i likninga ikkje blir oppdaga gjennom Skatteetaten sin kontroll. Landsstyret i LVK tok for skatteåret 2010 initiativ til en breiare kontroll med skattegrunnlaga for kraftverk. Det blei sett i gang kontroll av 58 likningar så grundig som innsynet tillot. Etter dette blei det sendt inn 41 krav om omgjering frå 37 kommunar. 40 av desse sakene ligg framleis til handsaming ved skattekontoret, som har bedt om tilleggsopplysningar frå skattytar i 38 saker.

Departementet held fast på at kommunar ikkje bør få utvida rett til innsyn og klage over Skatteetaten si fastsetjing av formuesverdet til kraftverk. Departementet viser til at dette spørsmålet har vore vurdert av to tidlegare regjeringar, jf. Ot.prp. nr. 1 (2001-2002) pkt. 11.2 fra Stoltenberg I-regjeringa og Ot.prp. nr. 1 (2003-2004) 10.9 og 10.10 frå Bondevik II-regjeringa. Vurderinga var i båe tilfella at det ikkje var behov for endringar i retten til innsyn eller klage for kommunane. Eit breitt fleirtal i Stortinget har slutta seg til desse vurderingane, jf. Innst. O. nr. 3 (2001-2002) pkt. 12.2.2 og Innst. O. nr. 20 (2003-2004). Departementet kan ikkje sjå at det har oppstått noko nytt som endrar denne vurderinga.

Skatteetaten arbeider med fastsetjing og kontroll av eigedomsskattegrunnlaget på same måte som det blir gjort når det gjeld andre skattegrunnlag. Som eit resultat av systemet i likningslova med likning etter påstand, og avgrensa ressurser hos kontrollstyresmakta, vil det bli feil frå tid til anna. Men det er ikkje haldepunkt for å seie at det blir fleire feil i eigedomsskattegrunnlaget for kraftverk enn i andre skattegrunnlag.

Innføring av utvida rett til innsyn og klage for kommunane vil innebere eit klårt brot med det systemet som skattelova byggjer på når det gjeld skattekreditor si rolle. Departementet meiner feil og manglar ved likninga bør bli motverka med dei alminnelege verkemidla og ressursane som Skatteetaten rår over, for å få ei mest mogleg korrekt fastsetjing av skattegrunnlaget. Forslaget frå LVK impliserer elles ein motsetnad mellom kommunar og skatteetat som ikkje finst. Det vil òg vere ei reell forskjellshandsaming av ein type skattekreditor. Departementet vil difor ikkje gå inn for at kommunane får ein utvida rett til innsyn og klage over likninga av kraftverk.

3.7 Lovteknisk revisjon

3.7.1 Bakgrunn og gjeldande rett

I følgje Ot.prp. nr. 44 (1974-1975) Om lov om eigedomsskatt til kommunane skulle lova tre i kraft frå 1. januar 1976, likevel slik at reglane om verdsetjing og klage over verdsetjing først skulle ta til å gjelde frå eit seinare tidspunkt fastsett av Kongen.

Eigedomsskattelova § 8 var meint å tre i kraft for alle eigedomar når eit nytt takseringssystem for bustad- og fritidseigedomar var etablert. I Ot.prp. nr. 55 (2000-2001) blei det fremja forslag om nye reglar for bustadtaksering i skattelova. Fleirtalet i finanskomiteen rådde Odelstinget til ikkje å gå inn for lovforslaget, jf. Innst. O. nr. 115 (2000-2001). Frå inntektsåret 2010 er det vedtatt eit nytt system for å fastsetje likningsverdet av bustadeigedomar for formuesskatt, jf. Prop. 1 L (2009-2010). Det nye systemet gjeld ikkje for eigedomsskatt. Gjeldande hovudføresegner om taksering følgjer dermed av ei lov som elles er oppheva, og er berre sitert i notene til eigedomsskattelova § 33. Etter eigedomsskattelova § 8 skal likningsverdet året før skatteåret bli lagt til grunn ved utskriving av eigedomsskatt. Det følgjer av eigedomsskattelova § 33 at §§ 8 og 9 berre har trådt i kraft for anlegg for produksjon av elektrisk kraft. For alle andre eigedomar er det framleis føresegnene i den oppheva byskattelova §§ 4, 5 og 9 som gjeld ved fastsetjing av skattegrunnlaget. Desse føresegnene er sitert i notene til eigedomsskattelova § 33. I tillegg inneheld lov av 17. desember 1982 nr. 92 om mellombels tillegg til eigedomsskattelova viktige føresegner om taksering.

Byskattelova § 4 inneheld reglar for å halde takst. Hovudregelen er at det skal vere ei allmenn taksering kvart tiande år. Takstmenn som er nemnt opp av kommunestyret skal taksere, og det er kommunen som skal dekkje kostnadane til takseringa. Dersom det ligg føre særlege tilhøve kan kommunestyret avgjere at taksering skal skje tidlegare eller seinare enn ti år, men likevel ikkje seinare enn tre år etter at taksering skulle vore holdt. Både formannskapet og skattytar kan krevje overtakst, som i tilfelle skal bli holdt av eit dobbelt tal med takstmenn nemnt opp av kommunestyret.

Når det ligg føre særlege tilhøve, kan kommunestyret oppnevne ei sakkunnig nemnd til å fastsetje skattegrunnlaget for den enkelte eigedomen etter forslag frå tilsette synfaringsmenn. Dette er eit alternativ til taksering ved takstmenn. Klage over nemnda si fastsetjing av skattegrunnlaget går til ei sakkunnig klagenemnd etter forutgåande synfaring av eigedomen. Også i desse tilfella kan ein ha revisjon av taksten oftare enn kvart tiande år.

Omtaksering skal skje når ein eigedom er delt, eller bygningar på eigedomen er rive eller øydelagt av brann eller liknande, eller det er ført opp nye bygningar som ein legg til grunn har eit verd på meir enn 10 000 kroner. Båe formannskapet og skattytaren har dessutan rett til å krevje omtaksering i tida mellom dei allmenne takseringane, når det har skjedd forandringar på eigedomen som gjer at verdet av ein eigedom er vesentleg auka eller redusert i høve til andre eigedomar. Krav om omtaksering frå skattytar må vere framsett innan 1. november i året før skattåret, og kostnadane ved omtakseringa må bli dekt av skattytaren. Byskattelova § 5 fastset verdsetjingsprinsippet som skal bli lagt til grunn ved takseringa. Eigedomens takstverd eller skattegrunnlag skal bli sett til det beløp ”som eiendommen efter sin beskaffenhet, anvendelighet og beliggenhet antages å kunne avhændes for under sedvanlige omsætningsforhold ved frit salg.”

Byskattelova § 9 gir særlege reglar ved taksering av eigedom som høyrer til Kongsberg Våpenfabrikk og Den kongelige Mynt.

Lov av 17. desember 1982 nr. 82 om mellombels tillegg til eigedomsskattelova gir reglar om auke av skattegrunnlaget utan allmenn taksering. Etter denne lova kan kommunestyret vedta auke av skattegrunnlaget med maksimum ti prosent for kvart år etter tiårsfristen for den allmenne takseringa.

3.7.2 Vurderingar og forslag frå departementet

Reglane om taksering i byskattelova, samt lov 17. desember 1982 nr. 92, inneheld dei praktiske hovudreglane for fastsetjing av skattegrunnlaget for eigedomsskatt. At dei faktisk gjeldande hovudføresegnene om taksering er plassert i ei lov som elles er oppheva, gir ei uoversiktleg lovregulering og gjer eigedomsskattelova lite tilgjengeleg for brukarane. Omsynet til dei eigedomsskattepliktige tilseier etter departementet si meining at desse reglane om skattegrunnlaget blir revidert reint lovteknisk.

I høyringsnotatet foreslo departementet at føresegnene om taksering i byskattelova §§ 4 og 5, samt i lov 17. desember 1982 nr. 92, blir tatt inn i eigedomsskattelova. Dette er hovudføresegnene om taksering og verdsetjing for eigedomsskatt.

Fleire høyringsinstansar er generelt positive til ei lovteknisk opprydding i føresegner som gjeld eigedomsskattegrunnlaget. Dette omfattar mellom andre Advokatforeningen, LVK, KS og OLF.

NHO støttar ikkje forslaget om lovteknisk revisjon av reglane om skattegrunnlaget. NHO seier:

”Departementet foreslår selv en teknisk revisjon av verdsettelsesreglene som etter NHOs mening snarere skaper ytterligere uklarhet enn klargjøring. Det foreslås å videreføre de gjeldende bestemmelsene i byskatteloven av 1911, ved formelt å flytte dem til en ny § 8-A i Eigedomsskattelova. Samtidig skal § 8 — som ikke er trådt i kraft — fortsatt gjelde. Loven vil altså ha to etterfølgende bestemmelser med motstridende innhold vedrørende verdsettelse. Stortinget vedtok i 1975 å oppheve verdsettelsesreglene fra 1911. De gjelder fortsatt fordi man ikke har hatt på plass et system for akseptable ligningsverdier. Etter NHOs mening bør reglene fra 1911 bli værende i 1911-loven. Det medfører verken formelle eller reelle forbedringer av eiendomsskattelovgivningen om de nå flyttes til 1975-loven. Stortinget bør heller få anledning til å gjøre nye vurderinger av reglenes innhold.”

Departementet held fast på at det bør gå fram av eigedomsskattelova at den faktiske hovudregelen for fastsetjing av skattegrunnlaget er taksering av eigedomen til berekna salsverd, og at reglane for verdsetjing av vannkraftverk i samsvar med likningsverdet er ein unntaksregel. Departementet meiner at dette vil bidra til at føresegnene om skattegrunnlaget blir meir tilgjengeleg for brukarane.

Skattebetalerforeningen meiner at departementet ved revisjonen bør nytte høvet til å gjere enkelte materielle endringar i føresegnene som gjeld skattegrunnlaget. Skattebetalerforeningen viser mellom anna til beløpsgrensa for nytaksering på 10 000 kroner, som foreininga meiner er vesentleg for låg.

Departementet ser òg at det kan vere behov for å gjennomgå og oppdatere innhaldet i nokre av føresegnene som gjeld fastsetjing av skattegrunnlaget. I denne runden har departementet likevel gjort det klårt at ein ikkje tek sikte på nokon realitetsendring av dei gjeldande reglane for fastsetjing av skattegrunnlaget, men berre ei lovteknisk opprydding som ikkje tek sikte på endre innhaldet i gjeldande rett. Rettspraksis og andre rettskjelder mv. i tilknytning til dei føresegnene som blir flytta til eigedomsskattelova vil difor fortsatt vere relevante. Departementet har starta eit arbeid med generell teknisk revisjon av eigedomsskattelova, som vil bli sendt på høyring seinare. Innhaldsmessig oppdatering av nokre av reglane for skattegrunnlaget vil bli vurdert i samband med dette. Departementet er likevel samd i at beløpsgrensa for nytaksering bør bli justert i samsvar med det som i dag er gjeldande rett. LVK har foreslått at kravet på 10 000 kroner blir erstatta med eit krav om en ”monaleg forandring på eigedomen” for å halde nytaksering. Departementet legg til grunn at dette er i samsvar med det som blir praktisert rundt om i kommunene i dag, og foreslår difor ei slik justering av lovteksten frå høyringsnotatet.

Både KS og LVK viser til at departementet i høyringsnotatet har foreslått at eigedomsskattelova § 33 andre ledd blir oppheva. Høyringsinstansane meiner at dette vil føre til at den særskilde fristen for å gjennomføre taksering ved utskriving av eigedomsskatt for første gong etter lov 4. mars 1960 fell bort. Denne føresegna er praktisk viktig for kommunane på grunn av tidspresset som kan oppstå når kommunar skriv ut eigedomsskatt for første gong. KS og LVK har òg merka seg at eigedomsskattelova § 33 tredje ledd er foreslått oppheva. Denne føresegna fastset at kommunestyret kan vedta at siste allmenne taksering skal gjelde fram til eigedomsskattelova § 8 trer i kraft. Høyringsinstansane seier at mange kommunar har treft vedtak i medhald av føresegna, og at bortfall av regelen vil medføre at desse må gå i gang med ny taksering før dei har planlagt.

Den lovtekniske revisjonen tek sikte på å samle alle gjeldande føresegner om skattegrunnlaget i eigedomsskattelova. Siktemålet er ikkje å oppheve eldre føresegner som har ein praktisk funksjon i dag. Departementet foreslår difor at innhaldet i desse føresegnene blir tatt inn i eigedomsskattelova § 8 A-4.

LVK har gitt ei rekkje merknader til språkbruken i lovforslaget i høyringsnotatet. LVK seier:

”LVK er innforstått med at innlemmingen av byskattelovens takseringsbestemmelser i eiendomsskatteloven innebærer en omskriving til nynorsk og at ordlyden på enkelte punkter bør moderniseres. Noen av omskrivningene departementet har valgt i lovforslaget er imidlertid etter LVKs syn uheldige fordi de bryter med den innarbeidede begrepsbruken i eiendomsskatten.”

LVK viser til at det i lovteksten i høyringsnotatet er brukt uttrykket ”taksator” om nemndsmedlemmer (jf. eigedomsskattelova § 8 A-3 tredje ledd), samt at ”taksator” er brukt om det som i byskattelova heiter ”besiktelsesmenn”. LVK meiner at ”taksator” ikkje passar for medlem av nemnda, og at ”besiktelsesmenn” bør bli erstatta av ”synfaringsmenn,” som er meir dekkjande og i samsvar med etablert målbruk. Departementet er einig i dette, og viser til departementet sitt forslag til eigedomsskattelova § 8 A-3 femte ledd.

Vidare viser LVK i si høyringsfråsegn til at kravet om ”særlige grunner” for å bruke ”besiktelsesmenn” i staden for at takstnemda sjølv drar på synfaring av kvar einaste eigedom, bør bli fjerna av di byskattelova ikkje blir forstått på denne måten i dag, og at det ikkje ligg føre nokon grunn til å innføre eit slikt krav på nytt. Føresegna er i dag forstått slik at alle kommunar står fritt til å velje mellom allmenn taksnemnd og sakkunnig takstnemnd. Departementet har ikkje tatt sikte på å endre innhaldet i denne regelen med forslaget i høyringsnotatet, men er samd i at den nye lovteksten i eigedomsskattelova bør ta opp i seg innhaldet av regelen som er blitt til i praksis. Departementet viser til forslag til § 8 A-3 femte ledd.

På denne bakgrunn foreslår departementet at hovudføresegnene om taksering og verdsetjingsprinsipp mv. blir tatt inn i nye §§ 8 A følgjande i eigedomsskattelova. I forslag til § 8 A-1 er det gitt bruksområde for dei ulike verdsetjingsmåtane. Verdsetjingsprinsippet, som i dag går fram av byskattelova § 5, er foreslått tatt inn i § 8 A-2. Reglane for å halde takst i byskattelova § 4, er foreslått overført til eigedomsskattelova § 8 A-3, medan reglar for auke av skattegrunnlaget utan allmenn taksering (kontorjustering), som i dag står i lov 17.desember 1982 nr.12, blir tatt inn i § 8 A-4.

Gjeldande reglar for fastsetjing av skattegrunnlaget i eigedomsskattelova, som berre gjeld for vannkraftverk, er foreslått plassert i nye §§ 8 B følgjande.

Departementet viser til forslag til kapittel 3 i eigedomsskattelova.

3.8 Økonomiske og administrative følgjer

Departementet legg til grunn at dei økonomiske og administrative følgjene av forslaget er små. Forslaget gjer at kommunane og skattytarane vil få eit klårare regelverk å halde seg til når det gjeld utskriving av eigedomsskatt. Både kommunar og skattytare er vane med at forvaltningslova regulerer sakshandsaminga på ei rekkje område. Mange av prinsippa i forvaltningslova har dessutan vore gjeldande rett i eigedomsskattesaker på ulovfesta grunnlag.

Kommunen kan få meir arbeid og auka kostnader som følgje av forslaget. Samstundes kan kommunen ha føremon av at regelverket blir klårare og meir formålstenleg. Klageadgangen auker, men det er uklårt i kor stort mon den vil bli brukt. Dessutan har mange kommunar allereie opna for klager i andre saker enn der klageretten er lovfesta. Med bakgrunn i dette legg departementet til grunn at overgangen til nye sakshandsamingsreglar i hovudsak, og i alle fall etter ei tid, vil innebere enklare regelverk og lettare arbeid for partane. Departementet legg til grunn at forslaget ikkje vil gi utslag i provenyet frå eigedomsskatten.

3.9 Iverksetjing

Departementet føreset at kommunane skal få tid til å områ seg før endringane blir sett i verk. Eigedomsskatten for skatteåret 2012 er som hovudregel allereie skrive ut, jf. eigedomsskattelova § 14. Departementet foreslår difor at forslaget skal gjelde for utskriving av eigedomsskatt frå og med eigedomsskatteåret 2013.

Til forsida