Prop. 113 S (2011–2012)

Innkrevjing av lokalt finansieringstilskott på omsetnad av drivstoff i Tromsø og ein del andre saker på Samferdseldepartementet sitt område

Til innhaldsliste

1 Framdrift i prosjektet om nytt køyretøy- og førarkortregister, Autosys

Statens vegvesen arbeider med å modernisera dagens førarkort- og motorvognregister, jf. omtalen i Prop. 1 S dei seinare år, samt Prop. 127 S (2009-2010). Det sentrale førarkort- og motorvognregisteret (Autosys) blei utvikla tidleg på 1980-tallet, og er sidan gradvis vidareutvikla. Driftskostnadene for systemet er etter kvart blitt betydelege. Den teknologiske utviklinga har kome langt sidan Autosys blei etablert. I dag er det heilt andre standardar som gjeld både innan programmeringsspråk, databaseløysingar og maskinvare, og det er nødvendig å utvikla eit nytt system.

Ei modernisering av registeret er viktig for etaten, og for ei rekkje sentrale brukarar. Saks- og kundebehandlarar i Statens vegvesen, andre offentlege brukarar (Toll- og avgiftsdirektoratet, Politi og Forsvaret) og private aktørar (bilimportørar, forsikringsselskap og trafikkskular) er alle brukarar av systemet. Autosys er blant anna eit kjelderegister for særavgiftene på motorvogner, og det er avgjerande for riktig fastsetjing av avgiftene at data frå Autosys er korrekte. Utforminga av motorvognavgiftene i framtida er òg avhengig av at Autosys inneheld tilstrekkelege opplysningar knytta til køyretøy og eigar, og at registeret blir bygd opp med nødvendig grad av fleksibilitet for framtidige behov. Autosys har om lag 15 000 brukarar.

Prosjektet med nytt førarkort- og motorvognregister blir gjennomført for å få eit register med utgangspunkt i auka kundefokus og effektivisering. I tillegg er det behov for å få ei løysing som tilfredsstiller Statens økonomireglement. Funksjonane i dagens Autosys vil i stor grad bli vidareførte i ny løysing.

Samfunnsøkonomisk lønnsemd av den nye IKT-løsninga er knytt til modernisering av IKT-plattforma og utvikling av nye tenester for brukarane.

Kostnadsramma for prosjektet er 763 mill. kr og styringsramma er 599 mill. kr. Tala er i 2012 kroner. Kostnadene vil bli dekka innafor Statens vegvesen sitt budsjett. Prosjektet har tidlegare vore planlagt gjennomført over fem år fram til og med 2014 med prosjektavslutning første kvartal 2015. Fleire leveransar vil bli sette i produksjon i perioden. Prosjektet vil byggja vidare på tidlegare gjennomført arbeid, blant anna modulen for enkeltgodkjenning av køyretøy som blei sett i produksjon ved årsskiftet 2009/2010.

Prosjektet er delt inn i fleire leveransar, og dette gir moglegheit for tidleg å avdekkja om ein har utfordringar med omsyn til kostnad og framdrift. Det er utfordringar med utviklingsmetoden i prosjektet. Hovudtiltaka vil vera i større grad å tilpassa prosjektmetodikken som blir nytta, til prosjektet sin kompleksitet og storleik. Dette blir blant anna gjort gjennom å endra prosjektet til ein meir integrert organisasjon mellom leverandør og Statens vegvesen. Dette vil redusera ytterlegare administrasjon samt sikra at meir tid blir brukt til funksjonelle avklaringar og konstruksjon av løysing.

Første del av prosjektet har gitt nokre upårekna utfordringar. Dette er blant anna auka funksjonelt omfang og auka teknisk kompleksitet i forhold til opphavleg plan. Auka funksjonelt omfang kjem som følgje av nye internasjonale krav samt endra føresetnader for løysinga. Endringane har oppstått etter at sentralt styringsdokument (SSD) blei ferdigstilt i 2009. Krav til tryggleik og etablering av ny IT-plattform har òg vist seg å vera meir omfattande enn før rekna.

I første leveranse har omfangsauke, teknisk kompleksitet og utfordringar knytt til desse, bidrege til auka kostnad og endra framdrift. Dette resulterer vidare i at andre leveranse har fått forseinka oppstart med inntil 5 månader. Statens vegvesen har gått gjennom heile prosjektet på nytt med dei endringane ein har oversikt over pr. i dag. Ny prognose har kalkulert inn forlenging av alle gjenståande fasar basert på den erfaringa Statens vegvesen nå har.

Det er gjort ein grundig gjennomgang av prosjektet, og ei rekkje tiltak er identifiserte og gjennomførte for å sikra den vidare kontrollen med framdrifta og omfanget av prosjektet. Korrigerande tiltak som allereie viser betring, blir no gjennomførte. Statens vegvesen vil framover leggja opp til ei endå tettare oppfølging av prosjektet for å sikra at eventuelle upårekna forhold blir avdekka på eit tidspunkt som gjer det mogleg med korrigerande tiltak. Ekstern kvalitetssikrar fungerte ikkje slik pårekna, og det er derfor avgjort å tilsetja ny. Prosessen med å få på plass ein erstattar er sett i gong og forventa å bli fullført i løpet av mai.

Den opphavlege usikkerheitsavsetninga var vurdert ut frå at prosjektet i 2009 hadde ein betydelig usikkerheitsfaktor. Prosjektet følgjer prosessen for usikkerheitsstyring som er spesifisert i SSD. Med bakgrunn i denne prosessen blir nødvendig usikkerheitsavsetning som går inn i prosjektet si kostnadsramme, vurdert. Dette er noko som blir gjort jamleg. Prosjektet har i høve til prognosearbeidet vurdert usikkerheita i prosjektet og nødvendig avsetning for dette. Dei nye tiltaka som nå blir gjennomførte i prosjektet, samt dei erfaringane som til nå er gjort og at opphavleg usikkerheit knytta til auka omfang og kompleksitet nå er tillagt prognosen, gjer at dei totale kostnadane knytte til prosjektet si identifiserte usikkerheit er vurdert redusert. Ut i frå dagens prognosar vurderer Statens vegvesen difor at kostnadsramma vil halda.

Statens vegvesen er av den oppfatning at det er viktigare å prioritera kvalitet i løysinga framfor prosjektert opphavleg framdriftsplan. Dette er i samsvar med prioriteringane gitt i sentralt styringsdokument. Ny prognose tilseier at prosjektet vil vara ut 2015, som er 9 månader forlenging. Det er rekna med at meirkostnaden for å drifta noverande Autosys vert om lag 30 mill. kr.

Prosjektet erstattar delar av dagens Autosys undervegs i arbeidet, og typegodkjenningsfunksjonen vil bli sett i drift i løpet av 2012. Siste leveranse kan i samsvar med ny prognose takast i bruk i september 2015. Ei forlenging av prosjektet inneber òg ein forlenga driftsperiode for dagens Autosys med tilhøyrande kostnader.

Som følgje av omfangsauke og justert framdrift vil prosjektet få endra fordeling innanfor opphavleg kostnadsramme. Endringa medfører auke i kostnadene til Steria som leverandør og Statens vegvesen som prosjektorganisasjon, slik at reservar og avsetjing for uvisse blir redusert til 95 mill. kr. I tillegg blir det ei justering av periodiseringa i den resterande prosjektperioden. Departementet vil koma attende til ei meir detaljert utgreiing og ny risikovurdering i Prop. 1 S (2012-2013). Det vil der bli gjort nærare greie for kva for tiltak som er sette eller skal setjast i verk, irekna organisatoriske tiltak, og korleis ekstern kvalitetssikrar skal brukast.