Prop. 113 S (2011–2012)

Innkrevjing av lokalt finansieringstilskott på omsetnad av drivstoff i Tromsø og ein del andre saker på Samferdseldepartementet sitt område

Til innhaldsliste

3 Bergensprogrammet i Hordaland – førebuing av tredje etappe av Bybanen

Gjennom handsaminga av Prop. 108 S (2009-2010) slutta Stortinget seg til eit opplegg for utviding av Bergensprogrammet, med vidareføring i 10 år frå 2015 til 2025. Vidareføringa er føresett å gi rom for å finansiera parallell utbygging av andre etappe av Bybanen og Ringveg vest, bygging av Skansentunnelen og satsing på tiltak innafor programområda.

Det ligg føre forslag om ytterlegare utviding av Bergensprogrammet. Det er føresett at dette vil gi rom for å gjennomføra tredje etappe av Bybanen, byggja verkstad/depot for Bybanen og auka satsinga på tiltak innafor programområda. Bergen kommune slutta seg til opplegget i møte i bystyret 20. februar 2012. Hordaland fylkeskommune slutta seg til opplegget i møte i fylkestinget 13.-14. mars 2012. Før saka kan leggjast fram for Stortinget skal det gjennomførast ekstern kvalitetssikring (KS2).

Bybanen skal gå frå Kaigaten i Bergen sentrum til Nesttun og vidare til Rådal og Bergen lufthamn Flesland. Første etappe, som omfattar den om lag 10 km lange strekninga frå sentrum til Nesttun, vart opna for trafikk i 2010. Andre etappe, som omfattar den om lag 3,6 km lange strekninga frå Nesttun til Rådal, er planlagt opna for trafikk sommaren 2013. Tredje etappe omfattar strekninga frå Rådal til Flesland.

For å sikra kontinuerleg utbygging av Bybanen har Hordaland fylkeskommune søkt om løyve til å nytta 55 mill. kr i bompenger til tredje etappe i 2012. Den mellombels finansieringa skal skje ved at Bergen Bompengeselskap AS aukar låneopptaket tilsvarande. Midlane skal nyttast til å finansiera førebuande arbeid, inkl. prosjektering og grunnerverv, med sikte på anleggsstart i 2013. I tillegg er det lagt til grunn at delar av kostnaden eventuelt blir dekka gjennom midlar frå belønningsordninga.

Samferdselsdepartementet går inn for at det blir gitt løyve til auka låneopptak for å sikra nødvendig framdrift i førebuingane til anleggsstart for tredje etappe av Bybanen. Departementet viser til at det vart gitt løyve til eit tilsvarande opplegg i samband med gjennomføringa av andre etappe av Bybanen og Ringveg vest, jf. St.prp. nr. 1 (2008-2009), side 101, og St.prp. nr. 72 (2008-2009), side 8-9.

Samferdselsdepartementet vil komma tilbake til utvidinga av Bergensprogrammet når tilstrekkelege avklaringar ligg føre.