Prop. 113 S (2011–2012)

Innkrevjing av lokalt finansieringstilskott på omsetnad av drivstoff i Tromsø og ein del andre saker på Samferdseldepartementet sitt område

Til innhaldsliste

5 Vidareføring av ordninga med innkrevjing av lokalt finansieringstilskott på omsetnad av drivstoff i Tromsø (Tromsøpakke 3, trinn 1)

5.1 Innleiing

Samferdselsdepartementet gjer i denne proposisjonen framlegg om å vidareføra ordninga med innkrevjing av lokalt finansieringstilskott på omsetnad av drivstoff i Tromsø. Framlegget inneber vidareføring av ordninga i fire år fram til 31. juli 2016.

Tromsø kommune har søkt om å vidareføra ordninga med drivstoffavgift for å finansiera kommande arbeid knytt til utvikling av transportsystemet i Tromsø. Utviklinga er i tråd med tilrådingane i konseptvalutgreiinga for Tromsø, som vart behandla av Regjeringa i desember 2011. Det var lagt opp til at midlane skulle nyttast til gjennomføring av nokre mindre infrastrukturtiltak på kommunalt og fylkeskommunalt vegnett samt planlegging av seinare tiltak.

Veglova § 27a slår fast at finansieringstilskotet berre kan nyttast til bygging av offentleg veg. Det er derfor ikkje heimel i veglova til å nytta midlane til planlegging. På eit møte mellom Tromsø kommune, Troms fylkeskommune og Samferdselsdepartementet 27. februar 2012 var det semje om at innkravde drivstoffmidlar berre skal nyttast til bygging av offentleg veg, og at planlegging skal finansierast over offentlege budsjett.

Departementet legg etter dette til grunn at innkrevjingsordninga blir vidareført i fire år, og at midlane som er innkravde med heimel i veglova § 27a skal nyttast i samsvar med dei føringane som er gitt i St.prp. nr. 62 (2003-2004), jf. Innst. S. nr. 222 (2003-2004).

5.2 Nærare om Tromsøpakke 3, trinn 1

Tromsøpakke 3, trinn 1, omfattar tiltak for kollektivtransport, inkl. universell utforming, tiltak for gåande og syklande og trafikktryggleikstiltak på kommunalt og fylkeskommunalt vegnett i Tromsø. I tillegg er det prioritert midlar til planlegging av framtidige tiltak i samsvar med konseptvalutgreiinga for transportsystemet i Tromsø.

Tiltak for kollektivtransport, gåande og syklande

Ei fireårig utviding av drivstoffavgifta vil gi relativt små inntekter. Hovudsatsinga er derfor lagt på ei strekning – Stakkevollvegen. Stakkevollvegen er ein kommunal veg. Vegen er eit viktig bindeledd mellom sentrum og Breivikaområdet der Tromsø hamn, universitet og sjukehus er lokaliserte. Det er lagt opp til å gjennomføra tiltak for prioritering av kollektivtrafikken og etablering av sykkelfelt og tosidig fortau på heile strekninga. Tiltaka vil også ha ein positiv effekt på trafikktryggleiken. Det ligg føre godkjent reguleringsplan for tiltaka. Tiltaka på Stakkevollvegen er kostnadsrekna til 117 mill. kroner, og er føresett finansiert med 92 mill. kroner frå drivstoffavgifta, og med 25 mill. kroner frå Tromsø kommune.

Det vil i tillegg bli gjennomført tiltak for gåande, syklande og trafikktryggleikstiltak på fv 53 mellom Tromsøysundtunnelen og Tønsnes. Tiltaka som er kostnadsrekna til 46 mill. kroner, er føresett finansierte med midlar frå Troms fylkeskommune. Troms fylkeskommune skal også nytta 6 mill. kroner på tiltak knytt til universell utforming.

Stakkevollvegen og fv 53 inngår i eit samanhengande hovudnett for sykkelvegar som er skissert i kommunedelplan for gåande og syklande i Tromsø. Kommunedelplanen blei vedteken i 1998.

Planlegging i samsvar med konseptvalutgreiinga

Konseptvalutgreiinga peikar på store behov for investeringstiltak både på riksvegane, for kollektivtransporten og for å betra forholda for gåande og syklande. Det er derfor naudsynt å gjennomføra eit omfattande planarbeid. Mellom anna er det behov for å starta arbeidet med planlegging av transportsystemet mellom Breivika, Giæverbukta og lufthamna. I den samanhengen vil det også vera naudsynt å gjera konkrete vurderingar av kor den nye Kvaløyaforbindelsen skal gå. Dette transportsystemet spelar også ei viktig rolle for Breivika hamn. I tillegg er det behov for å revidera eksisterande plan for gang- og sykkelvegar. Kommunen og fylkeskommunen tek ansvar for naudsynt planlegging på eige vegnett. Totalt er det føresett 42 mill. kroner til planlegging, der 40 mill. kroner blir finansiert med statlege midlar, medan Tromsø kommune og Troms fylkeskommune bidrar med 1 mill. kroner kvar.

Fireårs forlenging av drivstoffavgift som finansieringsform gjeld trinn 1. Det er ikkje tatt stilling til finansiering av trinn 2. Eit framtidig trinn 2 vil kunna omfatta tiltak på E8 i Tromsdalen, fv 59 frå Breivika inklusive tilkomsten til Tromsø hamn, kryssområda i Breivika og Giæverbukta og ny tunnel på rv 862 Breivika - Langnes. Alle desse områda har i dag relativt høg trafikkbelastning.

5.3 Lokale vedtak

Tromsø kommune handsama saka i kommunestyremøte 29. februar 2012 og gjorde dette vedtaket:

  • “1. Tromsø kommune ber Samferdselsdepartementet fremme sak om forlengelse avdrivstoffavgiften for Stortinget.

  • 2. Tromsø kommune ønsker å videreføre drivstoffavgiften for å forberede det kommende arbeidet med å utbedre transportsystemet i Tromsøs byområder i henhold til konseptvalgutredningen for Tromsø. Forberedelsen omfatter både bygging av viktige tiltak og planlegging av senere tiltak.

  • 3. Innkrevingsperioden for nåværende ordning utløper 31. juli 2012. Det bes om at innkrevingsperioden forlenges med 4 år. Avgiften videreføres på dagens nivå, som er kr 0,89 pr. liter drivstoff, men indeksreguleres årlig etter konsumprisindeksen.

  • 4. Det legges til grunn at inntektene fra drivstoffavgiften inngår som finansieringsbidrag til en Tromsøpakke 3 med følgende finansieringsplan:

    • a. Inntekt fra drivstoffavgift, 92 mill. kroner i avtaleperioden

    • b. Statlige midler, 40 mill. kroner i avtaleperioden

    • c. Fylkeskommunale midler, 53 mill. kroner i avtaleperioden

    • d. Kommunale midler, 23 mill. kroner i avtaleperioden

    • e. Sum totalt i avtaleperioden, 211 mill. kroner

    I de statlige midlene forutsettes refusjon av merverdiavgiftsandelen på drivstoffavgiften.

  • 5. Prioritering av tiltakene i Tromsøpakke 3 er som følger:

    • a. Tiltak for gående, syklende, kollektivtrafikk og trafikksikkerhet (80 % av inntektene)

    • b. Planlegging av transportsystemet (20 % av inntektene)

    • c. Planlegging skal finansieres av rene statlige, fylkeskommunale og kommunale midler i pakken i henhold til veglovens § 27a.

    Tiltakene er nærmere spesifisert i saksframlegget

  • 6. Styringsgruppen gis fullmakt til å gjøre endringer i forhold til den vedtatte handlingsplanen. Styringsgruppa skal bestå av representanter fra Staten, Troms fylkeskommune og Tromsø kommune”.

Fylkesrådet i Troms handsama saka 28. februar 2012 og gjorde dette vedtaket:

  • «1. Fylkesrådet ber Samferdselsdepartementet fremme sak om forlengelse av drivstoffavgiften for Stortinget.

  • 2. Fylkesrådet ønsker å videreføre drivstoffavgiften for å forberede det kommende arbeidet med å utbedre transportsystemet i Tromsøs byområder i henhold til konseptvalgutredningen for Tromsø. Forberedelsen omfatter både bygging av viktige tiltak og planlegging av senere tiltak.

  • 3. Innkrevingsperioden for nåværende ordning utløper 31. juli 2012. Det bes om at innkrevingsperioden forlenges med 4 år. Avgiften videreføres på dagens nivå, som er kr 0,89 pr. liter drivstoff, men indeksreguleres årlig etter konsumprisindeksen.

  • 4. Det legges til grunn at inntektene fra drivstoffavgiften inngår som finansieringsbidrag til en Tromsøpakke 3 med følgende finansieringsplan:

    • a. Inntekt fra drivstoffavgift, 92 mill. kroner i avtaleperioden

    • b. Statlige midler, 40 mill. kroner i avtaleperioden

    • c. Fylkeskommunale midler, 53 mill. kroner til investering og 36 mill kr. til drift av kollektivtransport i avtaleperioden

    • d. Kommunale midler, 23 mill. kroner i avtaleperioden

    • e. Sum totalt i avtaleperioden, 211 mill. kroner til investering, og 36 mill kr til drift (Buss).

    I de statlige midlene forutsettes refusjon av erverdiavgiftsandelen på drivstoffavgiften.

  • 5. Prioritering av tiltakene i Tromsøpakke 3 er som følger:

    • a. Tiltak for gående, syklende, kollektivtrafikk og trafikksikkerhet (80 % av inntektene)

    • b. Planlegging av transportsystemet (20 % av inntektene)

    • c. Planlegging skal finansieres av rene statlige, fylkeskommunale og kommunale midler i pakken i henhold til veglovens § 27a.

    Tiltakene er nærmere spesifisert i saksframlegget

  • 6. Styringsgruppen gis fullmakt til å gjøre endringer i forhold til den vedtatte handlingsplanen. Styringsgruppa skal bestå av representanter fra Statens vegvesen, Troms fylkeskommune og Tromsø kommune.»

Saka vart lagt fram for fylkestinget som orienteringssak i møte 20. mars 2012.

I vedtaka er det lagt til grunn 23 mill. kroner i kommunale midlar, medan rett beløp er 26 mill. kroner. Dermed vert totalsummen for avtaleperioden 211 mill. kroner. I tillegg kjem 36 mill. kroner i fylkeskommunale midlar til drift av kollektivtransport.

5.4 Om innkrevjingsordninga

Etter § 27a i veglova av 21. juni 1963 nr. 23 kan det med samtykke frå Stortinget krevjast inn eit lokalt finansieringstilskott på omsetnad av drivstoff. Tilskottsmidlane kan berre nyttast til finansiering av bygging av offentleg veg. I forarbeida til lova (Ot.prp. nr. 4 (1989-90)) blei det vist til at finansieringstilskottet skal koma som eit tillegg til statlege løyvingar og nyttast til utbygging av hovudvegnettet i Tromsø. Som omtalt i St.prp. nr. 33 (2006-2007), legg Samferdselsdepartementet til grunn at dette kan vera eit hovudvegnett for biltrafikk, gåande og syklande eller kollektivtrafikk, jf. mellom anna St.prp. nr. 7 (1989-90) og St.prp. nr. 62 (2003-2004).

Stortinget gav i 1990 tilslutning til å krevja inn avgift på omsetnad av drivstoff for å delfinansiera hovudvegutbygginga i Tromsø (Tromsøpakke 1), jf. St.prp. nr. 7 (1989-90), St.prp. nr. 69 (1989-90) og Innst. S. nr. 116 (1989-90). Innkrevjinga starta opp 1. juli 1990, og skulle avsluttast i 2001. I samband med handsaminga av St.prp. nr. 1 (1995-96) vart innkrevjingsperioden forlenga ut 2003 for å kompensera for inntektssvikt i høve til prognosane i St.prp. nr. 7 (1989-90).

Dagens innkrevjingsordning (Tromsøpakke 2) starta opp 1. august 2004, jf. St.prp. nr. 62 (2003-2004) og Innst. S. nr. 222 (2003-2004). Gjennom handsaminga av St.prp. nr. 33 (2006-2007) jf. Innst. S. nr. 117 (2006-2007), vart det vedteke å forlengja innkrevjinga med fire år til 31. juli 2012.

Tiltaka i Tromsøpakke 3, trinn 1, er føresett finansierte med statlege, fylkeskommunale og kommunale midlar, i tillegg til det lokale finansieringstilskottet frå omsetnad av drivstoff. I prinsippet er det slik at dei ulike forvaltningsnivåa finansierer tiltak innanfor eige ansvarsområde, jf. St.prp. nr. 62 (2003-2004) og St.prp. nr. 33 (2006-2007).

Det er lagt til grunn at finansieringstilskottet blir vidareført på dagens nivå, dvs. 89 øre per liter drivstoff i 2011-prisnivå. Finansieringstilskottet kan indeksregulerast i samsvar med konsumprisindeksen kvart år etter same praksis som for Tromsøpakke 2.

5.5 Forslag til finansieringsplan

Tabell 5.1 viser forslag til finansieringsplan for Tromsøpakke 3, trinn 1. Det er lagt til grunn at innkrevjinga skal vidareførast frå 1. august 2012 og avsluttast 31. juli 2016. Det vil i liten grad bli nytta midlar frå drivstoffavgifta i 2012. Finansieringsplanen viser derfor av praktiske årsaker perioden 2013–2016.

Rekneskapstala frå Tromsø Veg AS viser at nettoinntekta frå drivstoffavgifta dei tre siste åra (2009-2011) har vore på om lag 23 mill. kroner per år. Med bakgrunn i dette er netto inntekt frå drivstoffavgifta stipulert til 92 mill. kroner i perioden 2013-2016.

I tråd med gjeldande praksis er det lagt til grunn at meirverdiavgifta blir refundert gjennom løyvingar over statsbudsjettet. Dette er stipulert til om lag 5 mill. kroner per år. Denne praksisen er etablert etter som ordinære bompengar er fritatt frå meirverdiavgift. Inkludert denne refusjonen er det føresett 40 mill. kroner i statlege midlar til Tromsøpakke 3, trinn 1, for perioden 2013-2016.

I tråd med dei lokalpolitiske vedtaka er det lagt til grunn at Troms fylkeskommune og Tromsø kommune vil bidra med høvesvis 53 mill. kroner og 26 mill. kroner i perioden 2013-2016.

Finansieringskostnadene for eventuelle lån er stipulert til om lag 5 mill. kroner for perioden innkrevjinga varer. Denne kostnaden er føresett dekka innanfor ramma av pakka.

Tabell 5.1 Finansieringsplan (mill. 2012- kroner)

Forslag 2013-2016

Finansieringstilskott

92

Statlege midlar

40

Fylkeskommunale midlar

53

Kommunale midlar

26

SUM

211

Av den samla ramma på 211 mill. kroner til trinn 1 av Tromsøpakke 3 i perioden 2013-2016 er det lagt til grunn at 169 mill. kroner skal brukast til infrastrukturtiltak på kommunalt og fylkeskommunalt vegnett, medan 42 mill. kroner skal gå til planlegging i samsvar med konseptvalutgreiinga.

Dersom prosjekta vert dyrare, eller føresetnadene om finansiering vert endra, må omfanget av tiltak tilpassast dei økonomiske rammene. Det er lagt opp til at styringsgruppa for Tromsøpakke 3 årleg gjer naudsynte justeringar basert på dei årlege budsjetta og føringane i denne proposisjonen.

5.6 Samferdselsdepartementet si vurdering

Tromsø kommune opplever ein sterk vekst i folketal og blant anna ei spennande utvikling innan kompetansekrevjande private og offentlege arbeidsplassar. Utviklinga i Tromsø vil ha betyding for kor raskt og på kva måte ein klarer å utnytta dei moglegheitene som opnar seg i nordområda og kor stor del av ringverknadene som vil kunna koma i landsdelen. Lukkast ein ikkje å leggja til rette for ny privat næringsverksemd i Tromsø med tilgang på tilstrekkeleg kvalifisert arbeidskraft, eigna næringslokale og gode samferdselsløysingar er det ein fare for at ny verksemd ikkje vert lokalisert til byen, men at veksten skjer utanfor landsdelen.

Det er allereie i dag kapasitets- og miljøutfordringar knytt til transportsystemet i Tromsø. Det er knappheit på areal for bustadbygging og næringsutvikling som fylgje av transportssystemet. Resultatet er høgare prisar og redusert utvikling. Den kraftige veksten i befolkninga som er venta vil gjera desse utfordringane større. Samferdsledepartementet tek til etterretning at Tromsø kommune og Troms fylke så langt ikkje har ynskt eit omfang av trafikantbetaling for utvikling av infrastrukturen som er vanleg i andre byområde og at aktiviteten i dei planlagde aktivitene dei neste fire åra derfor er låge. Samferdselsdepartementet er nøgd med at Tromsø kommune og Troms fylkeskommune ynskjer sterkare satsing på kollektivtrafikk, trafikktryggleik og tiltak for gåande og syklande. Dette er i samsvar med måla i konseptvalutgreiinga for transportsystemet i Tromsø, og i tråd med dei signala eit breitt fleirtal i Stortinget har gjeve blant anna gjennom Klimaforliket og behandlinga av Nasjonal transportplan. Departementet ser også positivt på at det vert prioritert å få i stand planlegging i samsvar med det valde konseptet for å førebu seinare arbeid med å utbetra transportsystemet i Tromsø. Dette er i tråd med Regjeringa sitt mål for utvikling av transportsystema i dei største byane.

Samferdselsdepartementet vil understreka at finansieringa av Tromsøpakke 3, trinn 1 skal vera i samsvar med dei prinsippa som ligg til grunn for ordinære bompengeprosjekt/-pakker. Dette inneber at forvaltningsnivåa skal finansiera tiltak innafor sine ansvarsområde, og at drivstoffavgifta berre kan finansiera tiltak som det er heimel for i veglova § 27a.

Departementet legg også vekt på at ordninga med lokal drivstoffavgift ikkje må oppfattast som ei ny kommunal avgift for å løysa ordinære oppgåver på vegnettet, men representera ei satsing på konkrete tiltak. Tiltak som skal finansierast av drivstoffavgifta må utgjera ei ekstraordinær satsing gjennom bygging av eit hovudvegnett i Tromsø. Drivstoffavgifta kan derfor ikkje finansiera alle typar tiltak framlagt i denne proposisjonen, men vil saman med statlege, fylkeskommunale og kommunale midlar vera med på å gjennomføra satsinga som er føresett.

I det opplegget som det no er semje om lokalt, vil midlar frå finansieringstilskottet gå til tiltak på Stakkevollvegen. Midlar frå Tromsø kommune går i hovudsak også til dette tiltaket. Midlane frå Troms fylkeskommune går i hovudsak til å finansiera tiltak for trafikktryggleik og gang- og sykkelvegar langs fv 53 samt tiltak for universell utforming. Dei statlege midlane vil gå til å finansiera planlegging av riksvegsystemet. Planleggingsmidla skal nyttast slik at dei fylgjer opp dei politiske føringane som er gitt gjennom Stortingets behandling av Klimameldinga og Nasjonal transportplan.

For å sikra rasjonell framdrift uavhengig av takten i offentlege løyvingar og inntekter av drivstoffavgifta, tilrår Samferdselsdepartementet at Tromsø Veg AS får løyve til å ta opp lån på inntil 30 mill. kroner. Kapitalkostnaden ved evt. lån skal dekkjast av midlar frå drivstoffavgifta. Selskapet har hatt tilsvarande løyve til å ta opp lån i samband med Tromsøpakke 1 og 2.

Etter gjeldande praksis blir meirverdiavgifta på finansieringstilskottet ført tilbake til Tromsø gjennom dei årlege løyvingane over statsbudsjettet kap. 1320, post 30. Departementet vil vidareføra denne ordninga og legg til grunn at desse midlane inngår i det statlege bidraget og vert nytta til planlegging av riksvegsystemet.

5.7 Avtale

Etter at Stortinget har gjort vedtak om innkrevjing av lokalt finansieringstilskott på omsetnad av drivstoff i Tromsø blir det inngått ein avtale mellom Vegdirektoratet og Tromsø Veg AS i tråd med føresetnadene som er lagt til grunn i denne proposisjonen.