Prop. 116 LS (2010–2011)

Endringar i skatte- og avgiftsreglane mv.

Til innhaldsliste

10 Arveavgift og rådighet over arven etter førsteavdøde ved uskifte mellom sambuarar

10.1 Innleiing

Arveavgiftslova § 9 andre ledd fastsett at rådigheita over arven ikkje reknast som erverva så lenge attlevande ektemake held slike midlar i uskifta bu. Dette suspenderer arveavgiftsberekninga for dei arvingane som elles er avgiftspliktige. Først ved utdelingar frå uskiftebuet eller opphør av dette, skjer arveavgiftsplikta. Departementet gjer framlegg om at denne føresegna også skal gjelde for uskifte mellom sambuarar. Lovframlegget jamsteller såleis i arveavgiftslova attlevande sambuar og ektemake som har rett til å sitje i uskifte.

10.2 Bakgrunn

Etter arvelova § 28 c kan person som var sambuar med avdøde ved dødsfallet og som har, har hatt eller ventar barn med avdøde, ta over følgjande eigedelar som den avdøde eigde, uskift med den avdøde sine arvingar etter lova:

  1. felles bustad og innbu

  2. bil og fritidseigedom med innbu som tente til felles bruk for sambuarane

Den attlevande kan på same vis ta over også andre eigedelar uskift dersom det er fastsett i testament eller arvingane samtykkjer.

Arveavgiftslova har fleire reglar som jamsteller ektemakar og sambuarar. Dette gjeld § 4 fjerde ledd som fritar for arveavgift midlar som nokon tar imot som arv eller gåve frå sin ektemake eller sambuar, jf. § 47 A. Også i § 2 første ledd bokstav a og d, samt i regelen sitt andre og fjerde ledd, blir ektemakar og sambuarar jamstelte. Det same gjeld § 5 fjerde ledd, § 7 femte ledd, § 8 andre ledd, § 14 fjerde ledd og § 28 første ledd. Desse reglane kom inn i arveavgiftslova ved lov 28. juni 2002 nr. 49 med verknad frå 1. januar 2002, jf. Ot. prp. nr. 75 (2001-2002).

Ved lov av 9. desember 2005 nr. 116 vart sambuaromgrepet i arveavgiftslova § 47 A endra frå berre å gjelde sambuarar som nemnd i folketrygdlova § 1-5 til også å gjelde sambuarar som har budd saman i minst to år i eit ekteskapsliknande eller partnarskapsliknande forhold.

Å jamstelle sambuarar og ektemakar i arveavgiftslova når det gjeld uskifte, er såleis å følgje opp lovgjevinga i arvelova med å jamstelle ektemakar og sambuarar der.

10.3 Vurderingar og forslag frå departementet

Det følgjer av arveavgiftslova § 5 første ledd at arvingen si rådigheit over arven er ein generell føresetnad for arveavgiftsplikt. Så jamvel om uskifte for sambuar ikkje er regulert i § 9 andre ledd, vil det at arvingen manglar rådigheita over arven etter først avlidne, avskjere avgiftsplikt inntil vidare. I Skattedirektoratet si ”Håndbok i arveavgift” er det lagt til grunn at arvingen etter først avlidne ikkje får rådigheita over midlane før det vert gjennomført eit skifte eller at det delast ut midlar frå sambuaruskiftet. Når det gjeld opphør av sambuars uskiftebu, viser ein elles til fordelingsnorma i arvelova § 28 bokstav e og g.

For ektemaken eller sambuaren får likevel ikkje denne utsetjinga med å svare avgift på grunn av uskifte nokon verknad, da midlar som desse tar imot som arv eller gåve er fritatt for arveavgift, jf. arveavgiftslova § 4 femte ledd.

Lovteknisk kan det likevel ikkje sjåast som fullgodt at uskifte i samanheng med arveavgift for sambuarar ikkje direkte er regulert i arveavgiftslova tilsvarande som for ektemakar. Departementet legg derfor fram forslag om endring av arveavgiftslova § 9 andre ledd.

For at utsetjinga med å svare arveavgift under uskifte skal omfatte alle tilfeller der sambuaren har slik rett, må sambuaromgrepet i arveavgiftslova svare til sambuaromgrepet i arvelova.

Sambuaren sin rett til å sitje i uskifte etter arvelova § 28 c er knytt til det vilkår at sambuarane har, har hatt eller ventar barn med avdøde. Det er såleis høvet til felles barn som er avgjerande for sambuar sin rett til å sitje i uskifta bu. Sambuaromgrepet i arveavgiftslova dekkjer sambuarar som har eller hadde barn saman, jf. folketrygdlova § 1-5, men denne regelen omfattar ikkje sambuarar som ventar barn saman, (men den krev på den andre sida ikkje at desse sambuarane lever i ekteskapsliknande forhold).

Retten til å sitje i uskifte for sambuarar som ventar barn saman, vert grunngitt i Ot. prp. nr.73 (2007-2008) avsnitt 9.4.2, kor det mellom anna er referanse til avsnitt 9.2.2 der det igjen er vist til grunngjevinga i avsnitt 9.3.1 i høyringsnotatet, kor det heiter mellom anna:

”Når det gjelder spørsmålet om det er tilstrekkelig at partene venter barn sammen, tilsier hensynet til det ufødte barnet at det gis adgang for den gjenlevende til å overta felles bolig og innbo uskiftet. Justisdepartementet antar derfor at en gjenlevende samboer som har eller har hatt barn med avdøde, eller som venter barn med avdøde, bør kunne sitte i uskifte. Hensynet til oversiktlighet i regelverket taler også for at reglene om arv og uskifte utformes likt på dette punktet.”

Departementet gjer derfor framlegg om endring av arveavgiftslova § 47 A slik at den også omfattar sambuarar som etter arvelova § 28 c kan sitje i uskifte med den avlidne sambuaren sine arvingar. Slike sambuarar og deira uskifte er nemnde i eit anna forslag i denne proposisjonen vedrørande arveavgiftslova § 7 første, andre, tredje og fjerde ledd og § 9 andre ledd. Sjå kapittel 9. Departementet foreslår at lovendringa tek til å gjelde straks. Ein viser til endring av arveavgiftslova § 9 andre ledd og forslag til ny § 47 A andre ledd.

10.4 Økonomiske og administrative følgjer

Forslaget kan ikkje sjåast å ha særlege økonomiske eller administrative konsekvensar.

Til forsida