Prop. 116 LS (2010–2011)

Endringar i skatte- og avgiftsreglane mv.

Til innhaldsliste

11 Eingongsavgift på hybridbilar

Motorvogner som berre nyttar elektrisitet til framdrift (elbilar), har i dag fritak for eingongsavgift. Dette føljer av Stortingets vedtak om engangsavgift § 5 første ledd bokstav i. Fritaket gjeld ikkje bilar der ein kan lade batteriet av ein separat forbrenningsmotor under kjøring.

I Stortingets vedtak om engangsavgift § 4 første ledd er det gitt ei særlig lemping i avgifta for hybridbilar (bilar som nyttar både elektromotor og forbrenningsmotor) ved at vekta av elektromotor og batteri, samt effekten frå elektromotoren ikkje er med i berekningsgrunnlaget. Ordninga gjeld i dag berre motorvogner som nyttar stempeldrevet forbrenningsmotor i samvirke med elektrisk motor til framdrift. Motorvogner som utelukkande nyttar elektromotoren til framdrift, mens forbrenningsmotoren berre lader bateria, fell utanfor. Lempinga for hybridbilar som kan ladast gjennom straumnettet, såkalla ”plug-in” hybridar, gjeld i dag berre når både elektromotor og forbrenningsmotor verkar direkte på drivlinja, elles ikkje.

Avgrensinga i § 4 blei laga ut frå dei hybridbilane som var på marknaden då regelen blei innført. Forskjellsbehandlinga mellom hydridbilar der forbrenningsmotoren verkar direkte på drivlinja, og dei kor forbrenningsmotoren bare nyttast som generator, var derfor ikkje tilsikta. Departementet foreslår no å endre vedtaket § 4 slik at kravet om at forbrenningsmotoren må vere til framdrift, blir tatt ut. For å sikre teknologinøytralitet blir også kravet om at forbrenningsmotoren må vere stempeldrevet tatt bort. Fritaket for elbilar i vedtaket § 5 første ledd bokstav i anna punktum blir justert tilsvarande.

Endringa inneber store lettingar i eingongsavgifta for dei bilane det gjeld. Til dømes kan dei bilane som er venta å komme på marknaden i 2011, få ei avgiftslette på opp mot 70 000 kroner. Total eingongsavgift for desse bilane kan då komme ned i omkring 15 pst. av gjennomsnittleg eingongsavgift, noko som tilsvarar 15 000 – 20 000 kroner. Desse tala avheng av dei endelige spesifikasjonane bilane får. Det er usikkert kor mange slike bilar det vil bli selt i år. Dersom det til dømes blir selt 100 slike bilar i løpet av dei to siste månadene av 2011, kan ein anslå at endringa gir eit provenytap på 2 mill. kroner påløpt og 1 mill. kroner bokført i 2011. Dette utgjer 12 mill. kroner i heilårsverknad. Det er i anslaget antatt at dei som kjøper desse bilane, ville kjøpt ein annan tilsvarande bil dersom endringa ikkje vart gjennomført. Den framtidige utviklinga i denne typen teknologi er usikker, til dømes når det gjeld utviklinga i kostnader og priser. Provenytapet kan bli større over tid dersom slike bilar får ein større del av marknaden.

Til forsida