Prop. 119 L (2011–2012)

Endringar i kommunelova m.m. (eigenkontroll mv.)

Til innhaldsliste

11 Merknader til dei einskilde føresegnene

Merknader til kommunelova

Til § 17 nr. 2

Framlegget er omtala i kapittel 3.2.

Framlegget inneber at kontrollutvalet skal veljast på det konstituerande møtet i kommunestyret eller fylkestinget. Val av kontrollutval blir dermed ei obligatorisk sak på dette møtet, saman med val av formannskap/fylkesutval, ordførar/fylkesordførar og varaordførar. Føremålet med endringa er å sikre at kontrollutvalet får ei samansetjing som er i samsvar med lova § 77 nr. 1 fjerde punktum, ved at minst éin medlem av kommunestyret/fylkestinget blir vald inn i kontrollutvalet. Dette kan sikrast dersom ein vel kontrollutvalet før ein vel andre folkevalde organ.

Til § 17 nr. 3

Framlegget er omtala i kapittel 3.2.

Det følgjer av gjeldande lov at kontrollutvalet skal tre i funksjon frå det tidspunktet det er valt. Framlegget har samanheng med framlegget til endring i § 17 nr. 2 om endra tidspunkt for val av kontrollutval, og inneber at utvalet skal tre i funksjon frå det konstituerande møtet.

Til § 29 nr. 4

Framlegget er omtala i kapittel 6.1.

I føresegna blir det teke inn ei tilvising til §§ 31 og 31 a. At §§ 31 og 31 a vil bli gjeldande også for kommunale føretak, inneber at styret i kommunalt føretak må følgje dei same reglane om lukking av møte som gjeld for folkevalde organ.

Samstundes blir føresegna i § 68 nr. 5 oppheva. § 68 nr. 5 fastset at møte i styret skal haldast for lukka dører dersom ikkje kommunestyret har bestemt noko anna.

Framlegget inneber at møta i styret i kommunale føretak som hovudregel skal haldast for opne dører, jf. § 31 nr. 1. Møtet skal likevel lukkast dersom styret skal handsame opplysningar som er underlagde lovbunden teieplikt, jf. § 31 nr. 2. Det same gjeld dersom styret skal handsame ei sak som gjeld tenestlege tilhøve til ein arbeidstakar, jf. § 31 nr. 3. Styret kan vedta å lukke møtet når omsynet til personvern krev det, jf. § 31. nr. 4. Etter § 31 nr. 5 kan styret òg vedta å lukke møtet når omsynet til tungtvegande offentlege interesser tilseier det. § 31 nr. 5 stiller vilkår både om at tungtvegande offentlege omsyn krev lukking, og om at offentleglova inneheld ein heimel om unntak frå innsyn dersom opplysningane hadde stått i eit dokument. Tilvisinga til offentleglova inneber at styret må identifisere kva for ein unntaksheimel i offentleglova som gjer at vilkåret er oppfylt.

For nærare merknader til korleis ein skal forstå og praktisere § 31, viser departementet til Prop. 152 L (2009–2010), særleg s. 44–45.

Til § 48 nr. 5

Framlegget er omtala i kapittel 5.

Framlegget går ut på at årsmeldinga til kommunane og fylkeskommunane skal gjere greie for tiltak som er sette i verk og tiltak som er planlagde for å sikre forsvarleg (”betryggende”) kontroll i verksemda, jf. kommunelova § 23 nr. 2. Det er administrasjonssjefen som er ansvarleg for å sikre forsvarleg kontroll. Kravet om rapportering om arbeidet med internkontrollen er meint som eit verkemiddel til å setje arbeidet med internkontroll på dagsordenen lokalt. Gjennom rapporteringa vil kommunestyret og kontrollutvalet få informasjon og med det eit høve til å drøfte internkontrollarbeidet i kommunen. Kravet om rapportering skal medverke til å støtte opp under og synleggjere det arbeidet som kommunane og fylkeskommunane gjer med å utvikle internkontrollen.

Til § 50 nr. 1

Framlegget er omtala i kapittel 7.1.

Opninga for å ta opp lån til bygg, anlegg og varige driftsmiddel etter kommunelova § 50 nr. 1 blir frå 2014 avgrensa til netto anskaffingskost i året (netto investeringsutgifter i året). Med netto anskaffingskost meiner departementet summen av brutto anskaffingskost for investeringane i året etter at kompensasjon for meirverdiavgift (og øyremerkte tilskot) knytt til anskaffingane er trekt frå.

Til § 65 nr. 3

Framlegget er omtala i kapittel 6.3.

Framlegget presiserer at eventuelle tilsettevalde i styret i eit kommunalt føretak skal veljast både blant og av dei tilsette sjølve.

Til § 71 nr. 2

Framlegget er omtala i kapittel 6.2.

Dagleg leiar i eit kommunalt føretak har eit heilskapleg ansvar for internkontrollen i verksemda. Framlegget tek sikte på å endre ordlyden i føresegna slik at ordlyden speglar det reelle innhaldet i dette internkontrollansvaret, og inneber såleis inga endring i gjeldande rett. Føresegna er skriven etter mønster av kommunelova § 23 nr. 2, som regulerer internkontrollansvaret som administrasjonssjefen har for den kommunale administrasjonen.

Til § 77 nr. 2

Framlegget er omtala i kapittel 3.3.

Det blir føreslått at medlemmer og varamedlemmer i kommunestyrekomitear og fylkestingskomitear skal nemnast i oversikta over dei som er utelukka frå val til kontrollutvalet. Bakgrunnen er den sentrale posisjonen komiteane har som saksførebuande organ for kommunestyret. Dette gjer at medlemmene av komiteane bør vere likestilte med medlemmer av nemnder med avgjerdsmynde. Dette er i tråd med det departementet har lagt til grunn etter kommunelova § 10a, men det bør presiserast i § 77 nr. 2.

Det blir føreslått at også varamedlemmer i kommunestyrekomitear og fylkestingskomitear skal vere utelukka frå val til kontrollutvalet. Dermed vil desse varamedlemmene bli likestilte med varamedlemmene i nemnder med avgjerdsmynde som er utelukka frå val etter gjeldande reglar.

Til § 80

Framlegget er omtala i kapittel 4.2.

Overskrifta til paragrafen blir føreslått endra frå Selskapskontroll til Innsyn og undersøkelser i selskaper. Paragrafen regulerer kontrollutvalets og revisors rett til å krevje opplysningar frå og gjere undersøkingar i selskapa. Den er ingen heimel for selskapskontroll. Framlegget inneber at overskrifta blir i samsvar med innhaldet i paragrafen.

Framlegget inneber at innsynsretten blir utvida til å gjelde interkommunale styre etter § 27 i kommunelova. Dermed blir desse styra likestilte med interkommunale selskap etter IKS-lova og kommunale/fylkeskommunale aksjeselskap. Samstundes blir det føreslått at innsynsretten skal gjelde for alle aksjeselskap som er fullt ut åtte av kommunar, fylkeskommunar eller interkommunale selskap, anten direkte eller gjennom dotterselskap i eitt eller fleire ledd.

Merknader til lov om interkommunale selskap

Til § 20

Framlegget er omtala i kapittel 8.4.

Til § 22

Framlegget er omtala i kapittel 8.1 og 8.2.

Framlegget inneber ei harmonisering med reglane om lån og finansiell risiko i kommunelova §§ 50 og 52.

I første ledd er det gjort visse språklege endringar samanlikna med tidlegare ordlyd i § 22 første ledd. Endringane er ikkje meinte å endre det materielle innhaldet i føresegna.

Andre ledd første punktum svarar til innhaldet i kommunelova § 50 nr. 1 første punktum og § 50 nr. 2 første punktum. Andre punktum inneber at opptak av lån til finansiering av bygningar, anlegg og varige driftsmiddel frå 2014 blir avgrensa til netto anskaffingskost, etter at kompensasjon for meirverdiavgift knytt til anskaffingane (og øyremerkte tilskot) er trekt frå. Tredje punktum svarar til innhaldet i kommunelova § 50 nr. 5.

Tredje ledd inneber at dersom minst éin av deltakarane i selskapet er registrert i ROBEK etter reglane i kommunelova § 60, skal departementet godkjenne vedtak om opptak av lån og vedtak om langsiktige leigeavtalar. Innhaldet i godkjenningsordninga for selskapet vil elles tilsvare det som følgjer av gjeldande godkjenningsordning.

Fjerde ledd svarar til innhaldet i kommunelova § 50 nr. 7 bokstav a.

Femte ledd fastset ei frist for tilbakebetaling av likviditetslån og brukte trekkrettar.

Innhaldet i sjette ledd er uendra frå gjeldande rett.

Sjuande ledd svarar til innhaldet i kommunelova § 52 nr. 3 og er nytt.

Innhaldet i åttande ledd er uendra frå gjeldande rett.

Til § 27

Framlegget er omtala i kapittel 8.5, 8.6 og 8.7.

Første ledd siste punktum inneber at interkommunale selskap skal følgje reglane i bokføringslova med forskrift.

Framlegget til andre ledd er ei presisering av ansvaret som representantskapet og styret skal ha for rekneskapen og årsmeldinga.

Tredje ledd inneber at departementet får heimel til å fastsetje nærare reglar om årsrekneskapen for interkommunale selskap i forskrift.

Merknader til inndelingslova

Til § 26 første ledd

Framlegget er omtala i kapittel 9.

Framlegget gjev kommunane og fylkeskommunane større fridom. Det blir opp til kommunane og fylkeskommunane kor mykje innbyggjartalet skal ha å seie for samansetjinga av fellesnemnda, og minimumstalet frå kvar kommune eller fylkeskommune blir redusert. Departementet vidarefører føringa om at samansetjinga av fellesnemnda bør avspegle innbyggjartalet. Det er opp til kommunane og fylkeskommunane å finne fram til ei samansetjing av fellesnemnda som gjev dei involverte høveleg representasjon, samstundes som talet på medlemmer i fellesnemnda ikkje hindrar at nemnda er funksjonsdyktig.

Merknader til kvitvaskingslova

Til § 4 annen ledd nr. 1

Framlegget er omtala i kapittel 4.1.

Framlegget går ut på at den som har ansvaret for revisjon av rekneskapen for kommune eller fylkeskommune, og for kommunalt eller fylkeskommunalt foretak, får plikt til å rapportere etter kvitvaskingslova. Ansvarleg for revisjon av rekneskapen vil i interkommunale revisjonseiningar og revisjonsselskap vere den oppdragsansvarlege revisoren, sjå forskrift om revisjon i kommuner og fylkeskommuner § 2 andre ledd. Der revisor er tilsett i kommunen, er ansvarleg for revisjon av rekneskapen den som har det faktiske ansvaret for revisjonen. Det vil vere opp til leiinga eller leiaren hjå den einskilde kommunerevisor å peike ut kven som har det faktiske ansvaret for revisjon, på same måte som det er opp til den einskilde interkommunale revisjonseining eller revisjonsselskap å peike ut oppdragsansvarleg revisor. Desse vil etter framlegget få same plikt til å rapportere som registrerte og statsautoriserte revisorar, det vil seie ei plikt til å undersøkje og eventuelt rapportere dersom revisor har mistanke om at ein transaksjon er knytt til kvitvasking eller terrorfinansiering. Denne plikta til å rapportere til Økokrim kjem ikkje i staden for rapporteringspliktene som følgjer av kommunelova og revisjonsforskrifta.

Til forsida