Prop. 124 S (2010–2011)

Delvis bompengefinansiering av Fosenpakka i Sør- og Nord-Trøndelag

Til innhaldsliste

4 Trafikkgrunnlag og nytte av utbygginga

Trafikkgrunnlag

Trafikktala som er nytta i bompengesøknaden, er baserte på registrert trafikk per døgn (ÅDT) på ferjestrekningane og fv 715 i referanseåret 2007. Tala for trafikken på fv 715 er kontrollerte opp mot teljingar i 2009. Desse tilseier eit par hundre køyretøy meir i døgnet. Sidan teljingane berre omfatta ei veke, er det valt ikkje å ta omsyn til desse.

Det er i hovudsak trafikk internt på Fosen som vil bli påverka av bompengeinnkrevjinga. Dei gjennomførte trafikkanalysane viser til dels vesentleg trafikkbortfall på innkrevjingsstadene. Innkrevjinga vil påverka trafikken i ferjesambanda i noko mindre grad enn internt på Fosen. Etter ei samla vurdering har Statens vegvesen rekna trafikkbortfallet til å liggja på mellom 15 og 30 pst. I finansieringsanalysen er det lagt til grunn ei trafikkavvisning på 25 pst i alle innkrevjingssnitta.

I finansieringsanalysen er det lagt til grunn at bompengeinnkrevjinga vil starta opp i 2012. Utan trafikkavvisning er det lagt til grunn ein ÅDT på 430 køyretøy på ferjestrekninga Brekstad – Valset i 2012. På ferjestrekninga Flakk – Rørvik er det lagt til grunn ein ÅDT på 2 180 køyretøy, medan ÅDT ved Krinsvatn er rekna til 1 685 køyretøy. Etter trafikkavvising er det rekna med ein ÅDT på til saman 3 220 køyretøy, fordelt med 320 køyretøy på ferjestrekninga Brekstad – Valset, 1 635 køyretøy på strekninga Flakk – Rørvik og 1 265 køyretøy ved Krinsvatn.

Det er lagt til grunn ein årleg trafikkvekst på 1,9 pst frå 2012 til 2013, 1,1 pst frå 2014 til 2019 og 0,8 pst frå 2020.