Prop. 124 S (2010–2011)

Delvis bompengefinansiering av Fosenpakka i Sør- og Nord-Trøndelag

Til innhaldsliste

6 Samferdselsdepartementet si vurdering

Samferdselsdepartementet tilrår det føreslåtte opplegget med innkrevjing av bompengar ved fv 715 Krinsvatn og på ferjesambanda Brekstad – Valset og Flakk – Rørvik, for å finansiera Fosenpakka delpakke 1 og 2. Gjennomføring av tiltaka vil vera viktige for regional utvikling på Fosenhalvøya.

Samferdselsdepartementet vil peika på at det er stor uvisse i mange av kostnadsoverslaga for prosjekt og tiltak i Fosenpakka. Dette er ein vanleg situasjon for ei pakke med mange prosjekt som blir gjennomførte over ein lang periode. For dei fleste prosjekta som er prioritert for oppstart i perioden 2010-2013, ligg det føre godkjende reguleringsplanar eller arbeidet med reguleringsplanar starta opp. Omfanget av utbygginga vil bli tilpassa den økonomiske ramma. Sidan Fosenpakka i stor grad omfattar utbetringstiltak og mindre prosjekt, bør det ikkje vere problematisk å tilpassa utbygginga til tilgjengelege midlar.