Prop. 128 L (2012–2013)

Endringar i odelslova

Til innhaldsliste

6 Spesialmerknader til lovforslaget

Til § 8

Første ledd første punktum seier at utanom odlaren får òg etterkommarane hans odelsrett dersom nokon av foreldra har ått heile eigedomen med odel, eller nokon av besteforeldra er siste eigar av heile eigedomen med odel. Av etterkommarane til odlaren vil såleis barn av eigar av heile eigedomen med odelsrett ha odelsrett. Barnebarn vil ha odelsrett dersom nokon av besteforeldra er siste eigar av heile eigedomen med odel.

Barn av søsken til ein eigar med odelsrett (nevøar og nieser) vil ikkje lenger ha odelsrett.

For etterkommarar av sameigarar med odelsrett blir det framleis likevel ikkje kravd at foreldra eller besteforeldra som har odelsrett, har ått heile eigedomen.

Til § 16 fjerde ledd

Fjerde ledd får to punktum.

Fjerde ledd første punktum seier at jord som blir lagt til ein eigedom som tilleggsjord, går inn under odel eller odling på den eigedomen jorda blir lagt til når departementet har godkjent kjøpet av di kjøparen bør få tilleggsjord. Første punktum fører vidare delar av gjeldande fjerde ledd.

Fjerde ledd andre punktum er nytt og gjeld tilleggsjord som det er odel på. Etter gjeldande § 16 fjerde ledd går tilleggsjord som er odelsjord, inn under odel eller odling på eigedomen jorda blir lagt til. Vilkåra er at jorda er gjort odelsfri etter odelslova § 31, eller at foreldingstida er ute. Etter andre punktum vil kravet nå berre vere at foreldingstida er ute.

Til § 31

Regelen blir oppheva.

Til § 33

Første ledd første punktum er tilpassa opphevinga av § 31. Det same gjeld andre ledd. Formuleringa ”§§ 30 til 32” er bytta ut med formuleringa ”§§ 30 eller 32”.

Til forsida