Prop. 133 S (2011–2012)

Samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 9/2012 av 10. februar 2012 om innlemming i EØS-avtala av forordning (EF) nr. 282/2008 om materiale og gjenstandar av resirkulert plast som er meinte for å kome i kontakt med næringsmiddel

Til innhaldsliste

2 Kommisjonsforordning (EF) nr. 282/2008 av 27. mars 2008 om materiale og gjenstandar av resirkulert plast som er meinte for å kome i kontakt med næringsmiddel, og om endring av forordning (EF) nr. 2023/2006

KOMMISJONEN FOR DEI EUROPEISKE FELLESSKAPA HAR —

med tilvising til traktaten om skipinga av Det europeiske fellesskapet,

med tilvising til europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1935/2004 av 27. oktober 2004 om materialer og gjenstander beregnet på å komme i kontakt med næringsmidler1 og om oppheving av direktiv 80/590/EØF og 89/109/EØF, særleg artikkel 5 nr. 1, og

etter å ha rådspurt Den europeiske styresmakta for næringsmiddeltryggleik («styresmakta»), og

ut frå desse synsmåtane:

  • 1) Europaparlaments- og rådsdirektiv 94/62/EF av 20. desember 1994 om emballasje og emballasjeavfall2 fremjar attvinning og forbrenning i avfallsforbrenningsanlegg med energiutvinning og resirkulering av emballasjeavfall.

  • 2) I forordning (EF) nr. 1935/2004 er det fastsett allmenne prinsipp for å fjerne skilnadene mellom lovene i medlemsstatane med omsyn til materiale og gjenstandar som er i kontakt med næringsmiddel, og i artikkel 5 nr. 1 ) er det fastsett at det skal vedtakast særlege tiltak for grupper av materiale og gjenstandar. I medhald av den forordninga bør harmonisering av reglar om materiale og gjenstandar av resirkulert plast, prioriterast.

  • 3) I kommisjonsdirektiv 2002/72/EF av 6. august 2002 om plastmaterialer og plastgjenstander beregnet på å komme i kontakt med næringsmidler3 er det fastsett reglar for plastmateriale og plastgjenstandar som er meinte for å kome i kontakt med næringsmiddel.

  • 4) Plastemballasjeavfall kan innehalde restar frå tidlegare bruk, ureinande stoff frå feilbruk og ureinande stoff frå stoff som ikkje er tillatne. Det bør difor fastsetjast særlege krav for å sikre at materiale og gjenstandar som er framstilte av resirkulert plast og som er meinte for å kome i kontakt med næringsmiddel, oppfyller krava i artikkel 3 i forordning (EF) nr. 1935/2004.

  • 5) I kommisjonsforordning (EF) nr. 2023/2006 av 22. desember 2006 om god framstillingspraksis for materiale og gjenstandar som er meinte for å kome i kontakt med næringsmiddel4 er det fastsett reglar for god framstillingspraksis for grupper av materiale og gjenstandar som er meinte for å kome i kontakt med næringsmiddel, som er førde opp i vedlegg I til forordning (EF) nr. 1935/2004, og kombinasjonar av desse materiala og gjenstandane eller resikulerte materiale og gjenstandar som vert nytta i desse materiala og gjenstandane.

  • 6) Plastavfall kan handsamast mekanisk for å framstille resirkulerte materiale og gjenstandar eller det kan brytast ned til monomerar og oligomerar ved kjemisk depolymerisering. Monomerar og oligomerar som er eit resultat av kjemisk depolymerisering, bør ikkje handsamast på ein annan måte enn monomerar som er framstilte ved kjemisk syntese. Dei kjem difor inn under godkjenninga av monomerar og tilsetjingsstoff i direktiv 2002/72/EF og skal oppfylle dei spesifikasjonane og reinleikskriteria som er fastsette der. Dei vert difor ikkje omfatta av denne forordninga.

  • 7) Avkapp og skrap frå framstillinga av plastmateriale som er meinte for å kome i kontakt med næringsmiddel, som ikkje har vore i kontakt med næringsmiddel eller på annan måte er vortne ureina og som vert omsmelta på staden til nye produkt eller selde til tredjemann som ein del av eit kvalitetskontrollsystem i samsvar med reglane for god framstillingspraksis som er fastsette i forordning (EF) nr. 2023/2006, vert rekna som eigna for kontakt med næringsmiddel og bør ikkje kome inn under verkeområdet til denne forordninga. Alt anna avskjer og skrap frå framstillinga av plastmateriale som er meinte for å kome i kontakt med næringsmiddel, bør kome inn under verkeområdet til denne forordninga.

  • 8) Resirkulert plast som vert nytta bak ein funksjonell plastbarriere som definert i direktiv 2002/72/EF, bør ikkje omfattast av framgangsmåten for godkjenning i denne forordninga. Dei føresegnene som er fastsette i direktiv 2002/72/EF med omsyn til stoff som vert nytta bak ein funksjonell barriere, vert rekna som tilstrekkelege for å sikre tryggleiken også til resirkulert plast som vert nytta bak ein funksjonell barriere.

  • 9) I direktiv 2002/72/EF er det fastsett lister over stoff som er godkjende for bruk i framstillinga av plastmateriale eller plastgjenstandar som er meinte for å kome i kontakt med næringsmiddel. Tryggleiken til desse stoffa er vurdert og det er fastsett migrasjonsgrenser for trygg bruk av dei. For å sikre det same tryggleiksnivået for materiale og gjenstandar av resirkulert plast skal berre godkjende monomerar og tilsetjingsstoff tilsetjast den resirkulerte plasten og migrasjonsgrensene bør òg gjelde for resikulerte plastmateriale som er meinte for å kome i kontakt med næringsmiddel.

  • 10) I direktiv 2002/72/EF er det fastsett at det skal utferdast ei samsvarsfråsegn og utarbeidast dokumentasjon for å sikre at relevante opplysningar om trygg bruk av plastmateriale vert overførde mellom driftsansvarlege og til dei rette styresmaktene. Desse allmenne reglane gjeld òg for resirkulert plast og bør difor òg nyttast på materiale og gjenstandar av resikulert plast som er meinte for å kome i kontakt med næringsmiddel.

  • 11) Tryggleiken til materiale og gjenstandar av resirkulert plast kan berre sikrast ved å kombinere følgjande faktorar: eigenskapane til innsatsmateriala, sorteringseffektivitet og ein effektiv framgangsmåte for å minske ureining, alt sett i høve til kva den resirkulerte plasten skal nyttast til. Desse faktorane heng saman med kva type plast og resirkuleringsprosess som er nytta. Det er berre mogleg å vurdere alle desse aspekta saman i individuelle vurderingar av resirkuleringsprosessane, følgd av individuelle godkjenningar.

  • 12) Tryggleiken til resirkulert plast kan berre sikrast dersom resirkuleringsprosessen gjer det mogleg å framstille resirkulert plast av reproduserbar kvalitet. Dette kan kontrollerast gjennom bruk av eit effektivt kvalitetstryggingssystem. Difor bør berre resirkulert plast frå ein resirkuleringsprosess som er styrt av eit effektivt kvalitetsstryggingssystem, bringast i omsetning.

  • 13) I direktiv 2002/72/EF er det fastsett ei liste over monomerar og utgangsstoff som er tillatne (positivliste), som vil seie at alle andre er utelukka, for bruk i framstillinga av plastmateriale og plastgjenstandar som er meinte for å kome i kontakt med næringsmiddel, og difor bør berre materiale og gjenstandar som oppfyller føresegnene i direktiv 2002/72/EF, nyttast i resirkuleringsprosessen. Dette kan oppnåast ved å sortere plastgjenstandane før resirkulering. For visse materiale, som til dømes polyolefin, kan det på grunn av dei fysisk-kjemiske eigenskapane deira, vere naudsynt med 100 % effektiv sortering for å sikre at den resirkulerte plasten oppfyller krava i artikkel 3 i forordning (EF) nr. 1935/2004. Denne sorteringseffektiviteten kan oppnåast i produktsyklusar innanfor ei lukka og kontrollert kjede. For andre materiale, til dømes PET, kan tryggleiken til den resirkulerte plasten sikrast med lågare sorteringseffektivitet ettersom han ved tidlegare bruk har vore i kontakt med næringsmiddel, som kan oppnåast med innsamlingssystem for hushaldsavfall. Den sorteringseffektiviteten som er naudsynt for kvart materiale bør fastsetjast for kvart einskilt tilfelle.

  • 14) Plastavfall kan verte ureina av stoff frå tidlegare bruk eller tilfeldig feilbruk av plasten eller av stoff som kjem frå plast som ikkje er meint for å kome i kontakt med næringsmiddel. Ettersom det ikkje er råd å kjenne alle moglege typar ureining og ettersom ulike typar plast har ulike evner til å binde og frigjere ureiningar, er det ikkje mogleg å fastsetje eigenskapar ved sluttproduktet som skal gjelde for alle typar resirkulert plast. Ein kombinasjon av karakterisering av eigenskapane til innsatsmateriala saman med ein høveleg framgangsmåte for å fjerne moglege ureiningar er difor naudsynt for å ha kontroll med tryggleiken til sluttproduktet.

  • 15) I den mekaniske handsaminga der plastavfallet vert malt til småbitar og reingjorde, er det svært viktig at desse ureiningane vert fjerna. Det må kunne visast at resirkuleringsprosessen effektivt kan minske den potensielle ureininga til eit nivå som ikkje utgjer ein fare for menneskehelsa. Ureiningane bør berre migrere på eit nivå som kan jamførast med eller som er godt under dei nivåa som er viste ved robustheitstestar av resirkuleringsprosessen eller ved andre høvelege analysemetodar, og bør oppfylle krava i artikkel 3 i forordning (EF) nr. 1935/2004. Gjennom ei tryggleiksvurdering bør det fastsetjast at resirkuleringsprosessen oppfyller desse kriteria. For materiale og gjenstandar som ikkje kan fyllast, som til dømes sprinkelkasser og pallar, som vert handsama i produktsyklusar innanfor ei lukka og kontrollert kjede der alle steg i framstillinga, distribusjonen og bruken vert kontrollerte, kan det vere tilstrekkeleg å prove at ureining kan utelukkast når desse produkta berre vert nytta i kontakt med tørrmat som til dømes frukt og grønsaker.

  • 16) Visse typar plastmateriale og plastgjenstandar som er framstilte av resirkulert plast, er berre eigna for å vere i kontakt med særskilde typar næringsmiddel på visse vilkår. Desse materiala og gjenstandane og høvelege vilkår for kontakt bør kartleggjast ved ei tryggleiksvurdering.

  • 17) Skilnader mellom nasjonale lover og forskrifter med omsyn til tryggleiksvurdering og godkjenning av resirkuleringsprosessar som vert nytta i framstillinga av materiale og gjenstandar som er meinte for å kome i kontakt med næringsmiddel, kan hindre fri rørsle for desse materiala og gjenstandane, noko som vil skape vilkår for ulik og illojal konkurranse. Det bør difor innførast ein framgangsmåte for godkjenning på grunnlag av den framgangsmåten for godkjenning som er fastsett i artikkel 9 til 12 i forordning (EF) nr. 1935/2004.

  • 18) Den framgangsmåten for godkjenning som er fastsett i artikkel 9 til 12 i forordning (EF) nr. 1935/2004, er meint for godkjenning av stoff. Endringar av den framgangsmåten bør innførast i denne forordninga for å tilpasse framgangsmåten for godkjenning til godkjenninga av resirkuleringsprosessar. Desse endringane gjeld særlege sakshandsamingsreglar som nemnt i artikkel 5 nr. 1 bokstav n) i forordning (EF) nr. 1935/2004.

  • 19) Den europeiske styresmakta for næringsmiddeltryggleik («styresmakta») bør utføre ei tryggleiksvurdering av resirkuleringsprosessen. For å informere søkjaren om kva opplysningar som skal sendast inn for bruk i tryggleiksvurderinga, bør Styresmakta offentleggjere detaljerte retningslinjer for utarbeiding og innsending av søknaden.

  • 20) Etter tryggleiksvurderinga av resirkuleringsprosessen bør det gjerast eit risikohandsamingsvedtak om denne resirkuleringsprosessen kan godkjennast eller ikkje. Det vedtaket bør gjerast i samsvar med den framgangsmåten med forskriftsutval som er nemnt i artikkel 23 nr. 2 i forordning (EF) nr. 1935/2004, for å sikre eit nært samarbeid mellom medlemsstatane og Kommisjonen.

  • 21) Resirkuleringsprosessen er spesifikk for kvart føretak med omsyn til kva parameterar som vert nytta i teknologien og prosessen. Difor bør berre spesifikke prosessar godkjennast. Den framgangsmåten for godkjenning som er fastsett i artikkel 9 til 12 i forordning (EF) nr. 1935/2004, bør tilpassast.

  • 22) Det bør vere mogleg å nytte prosessen på ulike produksjonsstader så lenge den teknologien og dei parametrane som er omtala i søknaden og godkjenninga, vert nytta.

  • 23) Ålmenta bør informerast om dei godkjende resirkuleringsprosessane. For dette føremålet bør det opprettast eit fellesskapsregister, som nemnt i artikkel 5 nr. 1 bokstav m) i forordning (EF) nr. 1935/2004, over resirkuleringsprosessar som er godkjende i medhald av denne forordninga, medrekna ei utgreiing om bruksområdet for den plasten som vert resirkulert etter den godkjende prosessen.

  • 24) Medlemsstaten bør inspisere og kontrollere resirkulerings- og foredlingsanlegget. Europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 882/2004 av 29. april 2004 om offentlig kontroll for å sikre at fôrvare- og næringsmiddelregelverket samt bestemmelsene om dyrs helse og velferd overholdes5 omfattar òg offentleg kontroll av materiale som kjem i kontakt med næringsmiddel. For å kontrollere om resirkuleringsprosessen vert nytta som spesifisert i godkjenninga og for å kontrollere om eit effektivt kvalitetstryggingssystem er på plass, er det mest effektivt at dei rette styresmaktene gjennomfører revisjon av resirkuleringsanlegget. Difor bør offentlege kontrollar som vert utførde for å sikre samsvar med denne forordninga, omfatte revisjon som fastsett i artikkel 10 i forordning (EF) nr. 882/2004. Revisjonane bør gjennomførast på den mest mogleg konstnadseffektive måten med minst mogleg administrativ og økonomisk byrde for dei rette styresmaktene og dei små og mellomstore føretaka.

  • 25) For å sikre effektiv kontroll bør medlemsstatane og Kommisjonen informerast om dei resirkulerings- eller produksjonsstadene der den godkjende resirkuleringsprosessen vert nytta.

  • 26) Industrien bør kunne nemne på merkinga at emballasjen inneheld resirkulert plast. Forbrukarane skal likevel ikkje villeiast av merkinga med omsyn til resirkulert innhald. I EN ISO 14021 er det er fastsett reglar for merking av resirkulert plast med omsyn til innhaldet av resirkulert plast. For å sikre høveleg informasjon til forbrukarane ved merkinga av resirkulert plast, bør dei følgje dei klare reglane som er fastsette i EN ISO 14021, eller tilsvarande reglar.

  • 27) I artikkel 16 i forordning (EF) nr. 1935/2004 er det fastsett krav om ei samsvarsfråsegn for materiale og gjenstandar. Ein foredlar av materiale og gjenstandar av resirkulert plast bør gje ei fråsegn om at han berre nyttar resirkulert plast som er framstilt ved ein godkjend prosess, og at sluttproduktet oppfyller dei fellsskapsføresegnene og nasjonale føresegnene som gjeld, særleg forordning (EF) nr. 1935/2004 og direktiv 2002/72/EF. Resirkuleraren bør gje foredlaren opplysningar om at den resirkulerte plasten er framstilt ved ein godkjend prosess og spesifisere bruksområdet for han. Difor bør ei samsvarsfråsegn sendast med både dei ferdige materiala og gjenstandane av resirkulert plast og den resirkulerte plasten. Dei allmenne opplysningane som fråsegna skal innehalde, er alt fastsette i direktiv 2002/72/EF. Denne forordninga bør difor berre spesifisere kva tilleggsopplysningar som skal gjevast om innhaldet av resirkulert plast i materiale og gjenstandar av resirkulert plast.

  • 28) Ettersom resirkulerte materiale og gjenstandar allereie er på marknaden i medlemsstatane, bør det sikrast at overgangen til ein fellesskapsframgangsmåte for godkjenning vert smidig og ikkje forstyrrer den eksisterande marknaden for materiale og gjenstandar av resirkulert plast. Søkjarar bør få tilstrekkeleg med tid til å gjere tilgjengeleg for styresmakta dei opplysningane som er naudsynte for tryggleiksvurderinga av den resirkulerte plasten som vert nytta i slike produkt. Det bør difor fastsetjast eit visst tidsrom («den første godkjenningsfasen») der søkjarane bør sende inn opplysningar om eksisterande resirkuleringsprosessar til styresmakta. Søknader om godkjenning av nye resirkuleringsprosessar kan òg sendast inn i løpet av den første godkjenningsfasen. Styresmakta bør straks vurdere alle søknader både om eksisterande og nye resirkuleringsprosessar som det er sendt inn tilstrekkelege opplysningar om i løpet av den første godkjenningsfasen.

  • 29) Det må fastsetjast særlege krav til det kvalitetstryggingssystemet som vert nytta i resirkuleringsprosessane. Ettersom kvalitetstrygginga er ein del av den gode framstillingspraksisen som kjem inn under forordning (EF) nr. 2023/2006, bør dei særskilde krava til kvalitetstryggingssystemet førast opp i vedlegget til den forordninga.

  • 30) Dei tiltaka som er fastsette i denne forordninga, er i samsvar med fråsegna frå Det faste utvalet for næringsmiddelkjeda og dyrehelsa —

VEDTEKE DENNE FORORDNINGA:

Artikkel 1

Mål og verkeområde

  • 1. Denne forordninga skal nyttast på plastmateriale og plastgjenstandar og delar av dei som er meinte for å kome i kontakt med næringsmiddel, som nemnt i artikkel 1 i direktiv 2002/72/EF, og som inneheld resirkulert plast (heretter kalla materiale og gjenstandar av resirkulert plast).

  • 2. Denne forordninga skal ikkje nyttast på følgjande materiale og gjenstandar av resirkulert plast såframt dei er framstilte i samsvar med god framstillingspraksis som fastsett i forordning (EF) nr. 2023/2006:

    • a) materiale og gjenstandar av resirkulert plast som er produserte av monomerar og utgangsstoff som er framstilte ved kjemisk polymerisering av plastmateriale og plastgjenstandar,

    • b) materiale og gjenstandar av resirkulert plast som er framstilte av unytta avskjer og skrap frå plastproduksjon i samsvar med direktiv 2002/72/EF, og som vert resirkulerte ved produksjonsanlegget eller som vert nytta ved eit anna anlegg,

    • c) materiale og gjenstandar av resirkulert plast der den resirkulerte plasten vert nytta bak ein funksjonell plastbarriere, som fastsett i direktiv 2002/72/EF.

  • 3. Dei plastmateriala og plastgjenstandane som kjem inn under verkeområdet til denne forordninga, er òg omfatta av direktiv 2002/72/EF.

Artikkel 2

Definisjonar

  • 1. For føremåla med denne forordninga skal dei definisjonane som er fastsette i forordning (EF) nr. 1935/2004 og direktiv 2002/72/EF, nyttast.

  • 2. Vidare tyder:

    • a) «resirkuleringsprosess» ein framgangsmåte der plastavfall vert resirkulert i samsvar med definisjonen av resirkulering i nr. 7 i artikkel 3 i direktiv 94/62/EF om emballasje og emballasjeavfall. For føremålet med denne forordninga er denne termen avgrensa til prosessar der det vert framstilt resirkulert plast,

    • b) «innsatsmateriale av plast» plastmateriale og plastgjenstandar som er samla inn og sorterte etter bruk og nytta som innsatsmateriale i ein resirkuleringsprosess,

    • c) «produktsyklusar innanfor ei lukka og kontrollert kjede» framstillings- og distribusjonssyklusar der produkt sirkulerer innanfor eit kontrollert ombruks- og distribusjonssystem, og der det resirkulerte materialet berre kjem frå desse einingane i kjeda slik at mengda av materiale som vert utilsikta innført utanfrå, er avgrensa til det teknisk minst moglege,

    • d) «robustheitstest» ei framsyning av kor effektivt ein resirkuleringsprosess fjernar kjemisk ureining frå plastmateriale eller plastgjenstandar,

    • e) «foredlar» den fysiske eller juridiske personen som er ansvarleg for å sikre at krava i denne forordninga med omsyn til materiale og gjenstandar av resirkulert plast, er oppfylte i det føretaket som denne fysiske eller juridiske personen kontrollerer,

    • f) «resirkulerar» den fysiske eller juridiske personen som er ansvarleg for å sikre at krava i denne forordninga med omsyn til resirkuleringsprosessen, er oppfylte i det føretaket som denne fysiske eller juridiske personen kontrollerer.

Artikkel 3

Krav til materiale og gjenstandar av resirkulert plast

  • 1. Materiale og gjenstandar av resirkulert plast skal bringast i omsetning berre dersom dei innheld resirkulert plast frå ein resirkuleringsprosess som er godkjend i samsvar med denne forordninga.

  • 2. Den godkjende resirkuleringsprosessen som er nemnd i nr. 1 i denne artikkelen, skal styrast ved hjelp av eit høveleg kvalitetstryggingssystem som sikrar at den resirkulerte plasten oppfyller dei krava som er fastsette i godkjenninga.

Kvalitetstryggingssystemet skal vere i samsvar med dei nærmare reglane som er fastsette i vedlegget til forordning (EF) nr. 2023/2006.

Artikkel 4

Vilkår for godkjenning av resirkuleringsprosessar

For å verte godkjend må ein resirkuleringsprosess oppfylle følgjande vilkår:

  • a) kvaliteten til innsatsmaterialet av plast skal definerast og kontrollerast i samsvar med kriterium som er fastsette på førehand og som sikrar at dei ferdige, resirkulerte plastmateriala og plastgjenstandane er i samsvar med artikkel 3 i forordning (EF) nr. 1935/2004,

  • b) innsatsmaterialet av plast skal kome frå materiale og gjenstandar av plast som er framstilte i samsvar med fellesskapsregelverket for materiale og gjenstandar av plast som er meinte for å kome i kontakt med næringsmiddel, særleg rådsdirektiv 78/142/EØF av 30. januar 1978 om tilnærming av medlemsstatenes lovgivning om materialer og gjenstander som inneholder vinylkloridmonomer og er beregnet på å komme i kontakt med næringsmidler6 og direktiv 2002/72/EF,

  • c)

    • i) innsatsmaterialet skal kome frå ein produktsyklus innanfor ei lukka og kontrollert kjede som sikrar at berre materiale og gjenstandar som er meinte for å kome i kontakt med næringsmiddel, vert nytta og all ureining kan utelukkast, eller

    • ii) det må visast ved ein robustheitstest eller ved andre høvelege vitskaplege prov, at prosessen gjer det mogleg å minske ureininga av innsatsmaterialet av plast til ei mengd som ikkje utgjer ein fare for menneskehelsa,

  • d) kvaliteten til den resirkulerte plasten skal definerast og kontrollerast i samsvar med kriterium som er fastsette på førehand og som sikrar at dei ferdige materiala og gjenstandane av resirkulert plast er i samsvar med artikkel 3 i forordning (EF) nr. 1935/2004,

  • e) det skal fastsetjast bruksvilkår for den resirkulerte plasten som skal sikre at materiala og gjenstandane av resirkulert plast oppfyller artikkel 3 i forordning (EF) nr. 1935/2004.

Artikkel 5

Søknad om godkjenning av resirkuleringsprosessen og fråsegn frå styresmakta

  • 1. Den framgangsmåten for godkjenning som er fastsett i artikkel 9 og 10 i forordning (EF) nr. 1935/2004, skal nyttast tilsvarande for godkjenning av resirkuleringsprosessar, med atterhald for dei særlege føresegnene som er fastsette i nr. 2 til 4 i denne artikkelen.

  • 2. Den tekniske dokumentasjonen skal innehalde dei opplysningane som er nemnde i retningslinjene for tryggleiksvurdering av ein resirkuleringsprosess, som styresmakta skal offentleggjere seinast seks månader etter den datoen då denne forordninga vart kunngjord.

  • 3. Styresmakta skal innan seks månader etter at ho har har motteke ein gyldig søknad gje ei fråsegn om resirkuleringsprosessen oppfyller vilkåra i artikkel 4 eller ikkje.

  • 4. Dersom fråsegna er positiv til at den vurderte resirkuleringsprosessen vert godkjend, skal fråsegna frå styresmakta omfatte følgjande:

    • a) ei kort omtale av resirkuleringsprosessen,

    • b) eventuelle tilrådingar med omsyn til vilkår og restriksjonar for utgangmaterialet av plast,

    • c) eventuelle tilrådingar med omsyn til vilkår og restriksjonar for resirkuleringsprossessen,

    • d) eventuelle kriterium for karakterisering av den resirkulerte plasten,

    • e) eventuelle tilrådingar med omsyn til vilkåra for verkeområdet til den resirkulerte plasten,

    • f) eventuelle tilrådingar for overvaking av at resirkuleringsprosessen oppfyller vilkåra i godkjenninga.

Artikkel 6

Godkjenning av resirkuleringsprosessar

  • 1. Kommisjonen skal gjere eit vedtak retta til søkjaren der han tildeler eller avslår godkjenning av resirkuleringsprosessen.

    Artikkel 11 nr. 3 i forordning (EF) nr. 1935/2004 skal nyttast.

  • 2. I vedtaket skal det takast omsyn til fråsegna frå styresmakta, relevante føresegner i fellesskapsretten og andre faktorar som er viktige for det aktuelle tilfellet.

    Dersom vedtaket ikkje er i samsvar med fråsegna frå styresmakta, skal Kommisjonen leggje fram ei grunngjeving for avvika.

  • 3. Vedtaket om godkjenning skal omfatte følgjande:

    • a) namnet på resirkuleringsprosessen,

    • b) namnet og adressen til innehavaren/innehavarane av godkjenninga,

    • c) ei kort omtale av resirkuleringsprosessen,

    • d) eventuelle vilkår og restriksjonar for innsatsmaterialet av plast,

    • e) eventuelle vilkår og restriksjonar for resirkuleringsprosessen,

    • f) eventuell karakterisering av den resirkulerte plasten,

    • g) eventuelle vilkår for verkeområdet til den resirkulerte plasten som er framstilt i resirkuleringsprosessen,

    • h) eventuelle krav med omsyn til overvaking av at resirkuleringsprosessen oppfyller vilkåra i godkjenninga,

    • i) datoen då godkjenninga tek til å gjelde.

  • 4. Vedtaket om tildeling av eller avslag på godkjenninga skal offentleggjerast i Tidend for Den europeiske unionen.

  • 5. Den godkjenninga som vert tildelt innehavaren av godkjenninga, skal gjelde i heile Fellesskapet.

Den godkjende resirkuleringsprosessen skal førast opp i det registeret som er nemnt i artikkel 9 nr. 1.

Artikkel 7

Plikter som følgjer av godkjenninga

  • 1. Etter at resirkuleringsprosessen er vorten godkjend i samsvar med denne forordninga skal innehavaren av godkjenninga eller eventuelle andre driftsansvarlege som nyttar den godkjende resirkuleringsprosessen på lisens, etterleve alle vilkår og restriksjonar som er knytte til godkjenninga.

    Alle foredlarar som nyttar resirkulert plast frå den godkjende resirkuleringsprosessen eller eventuelle driftsansvarlege som nyttar materiale eller gjenstandar som inneheld resirkulert plast frå den godkjende resirkuleringsprosessen, skal etterleve alle vilkår og restriksjonar som er knytte til godkjenninga.

  • 2. Innehavaren av godkjenninga eller eventuelle andre driftsansvarlege som nyttar den godkjende resirkuleringsprosessen på lisens, skal straks melde frå til Kommisjonen om alle nye vitskaplege og tekniske opplysningar som kan innverke på tryggleiksvurderinga av resirkuleringsprosessen med omsyn til menneskehelsa.

    Om naudsynt skal styresmakta gå gjennom vurderinga på nytt.

  • 3. Ei godkjenning skal ikkje påverke det allmenne skadebotansvaret og strafferettslege ansvaret som ein driftsansvarleg har med omsyn til resirkuleringsprosessen, materialet eller gjenstanden som inneheld resirkulert plast frå den godkjende resirkuleringsprosessen, og næringsmiddel som er i kontakt med slike materiale eller gjenstandar.

Artikkel 8

Endring, mellombels oppheving og tilbakekalling av godkjenninga av ein resirkuleringsprosess

  • 1. Innehavaren av godkjenninga kan i samsvar med den framgansmåten som er fastsett i artikkel 5 nr. 1, søkje om ei endring av den eksisterande godkjenninga.

  • 2. Følgjande skal vere lagd ved den søknaden som er nemnd i nr. 1:

    • a) ei tilvising til den opprinnelege søknaden,

    • b) teknisk dokumentasjon som inneheld dei nye opplysningane i samsvar med dei retningslinjene som er nemnde i artikkel 5 nr. 2,

    • c) eit nytt fullstendig samandrag av den tekniske dokumentasjonen i eit standardisert format.

  • 3. På eige initiativ eller på oppmoding frå ein medlemsstat eller Kommisjonen skal styresmakta, i samsvar med den framgangsmåten som er fastsett i artikkel 5, når han vert nytta, vurdere om fråsegna eller godkjenninga framleis er i samsvar med denne forordninga.

  • 4. Kommisjonen skal straks undersøkje fråsegna frå styresmakta og om naudsynt førebu eit utkast til vedtak.

  • 5. I eit utkast til vedtak som endrar godkjenninga, skal alle naudsynte endringar i bruksvilkåra og eventuelt i restriksjonane som er knytte til den godkjenninga, førast opp.

  • 6. Der det er naudsynt skal godkjenninga endrast, mellombels opphevast eller tilbakekallast i samsvar med den framgangsmåten som er nemnd i artikkel 6.

Artikkel 9

Fellesskapsregister

  • 1. Kommisjonen skal opprette og halde ved lag eit fellesskapsregister over godkjende resirkuleringsprosessar.

  • 2. Registeret skal gjerast tilgjengeleg for ålmenta.

  • 3. Kvar oppføring i registeret skal innehalde dei opplysningane som er nemnde i artikkel 6 nr. 3.

Artikkel 10

Offentleg kontroll

  • 1. Den offentlege kontrollen av eit resirkuleringsanlegg og eit foredlingsføretak skal gjerast i samsvar med dei reglane som er fastsette i forordning (EF) nr. 882/2004, og skal særleg omfatte revisjon som kontrollteknikk, som nemnt i artikkel 10 i forordning (EF) nr. 882/2004.

  • 2. I den offentlege kontrollen skal det kontrollerast at resirkuleringsprosessen tilsvarer den godkjende prosessen og at det er fastsett eit effektivt kvalitetstryggingssystem i samsvar med forordning (EF) nr. 2023/2006.

  • 3. Innehavaren av godkjenninga skal melde frå til den rette styresmakta i medlemsstaten om den resirkulerings- eller produksjonsstaden der den godkjende resirkuleringssprosessen vert nytta. Medlemsstatane skal sende dei opplysningane vidare til Kommisjonen.

Produksjons- eller resirkuleringsanlegg i tredjestatar skal meldast til Kommisjonen.

Kommisjonen skal gjere tilgjengeleg og ajourføre eit register over resirkuleringsanlegg i Fellesskapet og i tredjestatar.

Artikkel 11

Merking av materiale og gjenstandar av resirkulert plast

Ved frivillig opplysing om det resirkulerte innhaldet i materiale og gjenstandar av resirkulert plast skal dei reglane som er fastsette i ISO 14021:1999 eller tilsvarande, følgjast.

Artikkel 12

Samsvarsfråsegn og dokumentasjon

  • 1. I tillegg til krava i artikkel 9 i direktiv 2002/72/EF, skal samsvarsfråsegna for materiale og gjenstandar av resirkulert plast innehalde dei opplysningane som er fastsette i del A i vedlegg I til denne forordninga.

  • 2. I tillegg til krava i artikkel 9 i direktiv 2002/72/EF skal samsvarsfråsegna for resirkulert plast innehalde dei opplysningane som er fastsette i del B i vedlegg I til denne forordninga.

Artikkel 13

Overgangstiltak for godkjenning av resirkuleringsprosessar

  • 1. I den første godkjenningsfasen for resirkuleringsprosessar skal den framgangsmåten som er fastsett artikkel 5, 6 og 7, nyttast med atterhald for nr. 2 til 6 i denne artikkelen.

  • 2. Innan 18 månader etter at styresmakta har offentleggjort retningslinjene for tryggleiksvurderinga av ein resirkuleringsprosess som fastsett i artikkel 5 nr. 2, skal driftsansvarlege som søkjer godkjenning, sende inn søknad i samsvar med artikkel 5.

  • 3. Kommisjonen skal gjere tilgjengeleg for ålmenta eit register over resirkuleringsprosessar som det er send inn ein gyldig søknad for i samsvar med nr. 2.

  • 4. Styresmakta skal gje ei fråsegn om kvar resirkuleringsprosess som det er send inn ein gyldig søknad for, i løpet av det tidsrommet som er nemnt i nr. 2 i denne artikkelen. Fristen på seks månader for å gje fråsegna i samsvar med artikkel 5 nr. 3, skal ikkje nyttast.

  • 5. Søknader som styresmakta ikkje kunne gje ei fråsegn om fordi søkjaren ikkje har etterlevd dei fristane som er fastsette for utfyllande opplysningar i samsvar med artikkel 10 nr. 2 i forordning (EF) nr. 1935/2004, skal ikkje vurderast for ei eventuell første godkjenning.

  • 6. Innan seks månader etter at alle fråsegner som er nemnde i nr. 4, er mottekne, skal Kommisjonen sende inn til Det faste utvalet for næringsmiddelkjeda og dyrehelsa for å få deira fråsegn, utkast til vedtak der han tildeler eller avslår godkjenning av resirkuleringsprosessane som er nemnde i nr. 1.

Artikkel 14

Overgangstiltak for handel med og bruk av resirkulert plast

  • 1. Handel med og bruk av resirkulert plast frå ein resirkuleringsprosess som allereie eksisterer på den datoen då denne forordninga tek til å gjelde og som ikkje er godkjend eller som det ikkje er send inn ein gyldig søknad for i samsvar med artikkel 13, skal tillatast inntil seks månader etter den datoen då dei vedtaka som er nemnde i artikkel 13 nr. 6, vert gjorde.

  • 2. Handel med og bruk av materiale og gjenstandar av resirkulert plast frå ein resirkuleringsprosess som allereie eksisterer på den datoen då denne forordninga tek til å gjelde og som ikkje er godkjend eller som det ikkje er send inn ein gyldig søknad for i samsvar med artikkel 13, skal tillatast inntil lagra er tømde.

Artikkel 15

Endring av forordning (EF) nr. 2023/2006

Vedlegget til forordning (EØF) nr. 2023/2006/EF vert endra i samsvar med vedlegg II til denne forordninga.

Artikkel 16

Iverksetjing

Denne forordninga tek til å gjelde 20. dagen etter at ho er kunngjord i Tidend for Den europeiske unionen.

Artikkel 3, 9, 10 og 12 skal likevel nyttast frå den datoen då dei vedtaka som er nemnde i artikkel 13 nr. 6, vert gjorde. Inntil den datoen skal gjeldande nasjonale føresegner om materiale og gjenstandar av resirkulert plast og resirkulert plast framleis nyttast i medlemsstatane.

Denne forordninga er bindande i alle delar og gjeld direkte i alle medlemsstatane.

Utferda i Brussel, 27. mars 2008.

For Kommisjonen

Androulla VASSILIOU

Medlem av Kommisjonen

Vedlegg I

DEL A

Tilleggsopplysningar i samsvarsfråsegna for materiale og gjenstandar av resirkulert plast

Den skriftlege fråsegna som er nemnd i artikkel 12 nr. 1, skal innehalde følgjande tilleggsopplysningar:

Ei fråsegn om at berre resirkulert plast frå ein godkjend resirkuleringsprosess er nytta, saman med EF-registernummeret til den godkjende resirkuleringsprosessen.

DEL B

Tilleggsopplysningar i samsvarsfråsegna for resirkulert plast

Den skriftlege fråsegna som er nemnd i artikkel 12 nr. 2, skal innehalde følgjande tilleggsopplysningar:

  • 1. Ei fråsegn om at resirkuleringsprosessen er godkjend saman med EF-registernummeret til den godkjende resirkuleringsprosessen.

  • 2. Ei fråsegn om at innsatsmaterialet av plast, resirkuleringsframgangsmåten og den resirkulerte plasten oppfyller dei spesifikasjonane som godkjenninga byggjer på.

  • 3. Ei fråsegn om at det er oppretta eit kvalitetstryggingssystem i samsvar med avsnitt B i vedlegget til forordning (EF) nr. 2023/2006.

Vedlegg II

I vedlegget til forordning (EF) nr. 2023/2006 vert det gjort følgjande endringar:

  • 1) Etter overskrifta vert følgjande avsnittsoverskrift sett inn:

    • «A. Trykkfargar»

  • 2) Nytt avsnitt B skal lyde:

    • «B. Kvalitetstryggingssystem for plastresirkuleringsprosessar som kjem inn under forordning (EF) nr. 282/2008 om materiale og gjenstandar av resirkulert plast som er meinte for å kome i kontakt med næringsmiddel, og om endring av forordning (EF) nr. 2023/2006

  • 1. Det kvalitetstryggingssystemet som resirkuleraren har innført, skal gje tilstrekkeleg forsikring om at resirkuleringsprosessen sikrar at den resirkulerte plasten oppfyller krava i godkjenninga.

  • 2. Alle faktorar, krav og føresegner som resirkuleraren har vedteke i samband med kvalitetstryggingssystemet sitt, skal dokumenterast på ein systemtatisk og ordentleg måte i form av skriftlege strategiar og framgangsmåtar.

    Denne dokumentasjonen over kvalitetstryggingssystemet skal gje høve til ei einsarta tolking av kvalitetsstrategien og -framgangsmåtane, som til dømes kvalitetsprogram, planar, handbøker, registreringar og tiltak for å sikre sporing.

    Dokumentasjonen skal særleg innehalde:

    • a) ei handbok for kvalitetsstrategiar med ein klar definisjon av kvalitetsmåla til resirkuleraren, organiseringa av verksemda og særleg organisasjonsstrukturen, ansvaret til den administrative leiinga og dei organisatoriske fullmaktene deira med omsyn til framstillinga av den resirkulerte plasten,

    • b) planar for kvalitetskontroll, mellom anna for karakterisering av innsatsmateriale og resirkulert plast, kvalifikasjonane til leverandørar, prosessar for sortering, reingjering, djupreingjering, oppvarming eller alle andre delar av prosessen som verkar inn på kvaliteten til den resirkulerte plasten, medrekna valet av punkt som er avgjerande for kvalitetskontrollen av resirkulert plast,

    • c) framgangsmåtar for forvalting og drift som er gjennomførde for å overvake og kontrollere heile resirkuleringsprosessen, medrekna inspeksjons- og kvalitetstryggingsteknikkar i alle produksjonsledd, særleg fastsetjing av kritiske grenser på dei punkta som er avgjerande for kvaliteteten til den resirkulerte plasten,

    • d) metodar for overvaking av effektiviteten til kvalitetssystemet og særleg evna til å oppnå den ønskte kvaliteten for den resirkulerte plasten, medrekna kontroll av produkt som ikkje oppfyller krava,

    • e) prøvingar og analyseprotokollar eller alle andre vitskaplege prov som er nytta før, under eller etter framstillinga av resirkulert plast, kor ofte dei vil verte utførde og kva prøvingsutstyr som vert nytta. Det skal vere mogleg å spore tilbake kalibreringa av prøvingsutstyret,

    • f) dei dokumentasjonsverktøya som vert nytta.»

Fotnotar

1.

TEU L 338 av 13.11.2004, s. 4.

2.

TEF L 365 av 31.12.1994, s. 10. Direktivet sist endra ved direktiv 2005/20/EF (TEU L 70 av 16.3.2005, s. 17).

3.

TEF L 220 av 15.8.2002, s. 18. Direktivet sist endra ved direktiv 2007/19/EF (TEU L 91 av 31.3.2007, s. 17).

4.

TEU L 384 av 29.12.2006, s. 75.

5.

TEU L 165 av 30.4.2004, s. 1. Retta i TEU L 191 av 28.5.2004, s. 1). Forordninga sist endra ved kommisjonsforordning (EF) nr. 180/2008 (TEU L 56 av 29.2.2008, s. 4).

6.

TEF L 44 av 15.2.1978, s. 15.