Prop. 133 S (2011–2012)

Samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 9/2012 av 10. februar 2012 om innlemming i EØS-avtala av forordning (EF) nr. 282/2008 om materiale og gjenstandar av resirkulert plast som er meinte for å kome i kontakt med næringsmiddel

Til innhaldsliste

5 Økonomiske og administrative konsekvensar

Mattilsynet må vidaresende søknader om godkjenning av prosessar for resirkulering av plast til Europakommisjonen, i tillegg til å revidere og føre tilsyn med verksemder som er omfatta av slike godkjenningar, og føre tilsyn med plast for å kontrollere at produkta kjem frå godkjende attvinningsprosessar. Dette vil inngå i det løpande arbeidet til Mattilsynet, og er ikkje venta å føre til nemnande økonomiske eller administrative konsekvensar.

Dei få industriverksemdene som nyttar resirkulert plast som matkontaktmateriale, vil etter innlemminga av forordning (EF) nr. 282/2008 i EØS-avtala måtte utarbeide ein søknad om godkjenning til Kommisjonen.

Verksemdene må etablere eit kvalitetssystem som òg omfattar den delen av verksemda som produserer dei resirkulerte plastmateriala. Avhengig av graden av kontroll med råvarene (inputkontroll) og graden av reinsing og så vidare, vil verksemdene òg måtte justere produksjonen til å oppfylle krava i forordninga.