Prop. 133 S (2011–2012)

Samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 9/2012 av 10. februar 2012 om innlemming i EØS-avtala av forordning (EF) nr. 282/2008 om materiale og gjenstandar av resirkulert plast som er meinte for å kome i kontakt med næringsmiddel

Til innhaldsliste

6 Vurdering

Ved bruk av matkontaktmateriale av resirkulert plast kan det vere ein risiko for at plasten ureinar matprodukt. Eit av dei viktigaste omsyna bak forordning (EF) nr. 282/2008 er difor å regulere resirkuleringsprosessar for å sikre at resirkulerte plastmateriale ikkje utgjer ein fare for menneskehelsa. Forordninga skal òg harmonisere regelverket for resirkulerte plastmateriale over landegrensene, og leggje til rette for fri rørsle for slike varer på den indre marknaden. Eit tredje omsyn er at resirkulering av plastmateriale er energisparande og kan medverke til meir miljøvennleg bruk av tilgjengelege ressursar.

Innlemminga av forordning (EF) nr. 282/2008 i EØS-avtala vil medverke til ei harmonisert regulering av dette området i EU- og EØS-EFTA-statane. Forordninga tek omsyn til behovet for å ta vare på menneskehelsa, legg til rette for fritt varebyte og medverkar til å fremje miljøvennleg ombruk.

Helse- og omsorgsdepartementet tilrår at Noreg tek del i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av kommisjonsforordning (EF) nr. 282/2008 av 27. mars 2008 om materiale og gjenstandar av resirkulert plast som er meinte for å kome i kontakt med næringsmiddel, som endrar forordning (EF) nr. 2023/2006 om god framstillingspraksis for materiale og gjenstandar som er meinte for å kome i kontakt med næringsmiddel. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.