Prop. 136 S (2011–2012)

Pensjonar frå statskassa

Til innhaldsliste

2 Omtale av ordninga

Generelt

Pensjonar frå statskassa blir gitt med heimel i Grunnlova § 75 bokstav i som har denne ordlyden:

Det tilkommer Storthinget:

  • i. at revidere midlertidige Gage- og Pensionslister og deri gjøre de forandringer, det finder fornødne

Pensjon frå statskassa er ikkje ei pensjonsordning i vanleg forstand med krav til oppteningstid gjennom medlemskap. Det er ei særordning som gir Stortinget høve til, ut frå ei vurdering av om det er rimeleg, å gi ei pensjonsyting til personar som ikkje har kunna tene opp pensjonsrettar på ordinær måte. Pensjonen byggjer ikkje på rettskrav, lov eller forskrift, og blir gjerne omtala som gåvepensjon (”billighetspensjon”).

Løyvinga av pensjon frå statskassa har utvikla seg gjennom praksis ved at Stortinget handsamar dei årlege proposisjonane. Proposisjonane gjeld pensjonar som departementet har løyvt mellombels, og som Stortinget skal godkjenne.

Pensjon frå statskassa blir berre gitt i unnatakstilfelle, og har i dag svært lite omfang.

Nærare om gjeldande praksis

Pensjon frå statskassa kan bli gitt som alders-, uføre- og attlevandepensjon. Det er tidlegare teneste i staten som kan gi grunnlag for slik pensjon. Arbeid i statsaksjeselskap eller annan statseid verksemd, kommunal teneste eller arbeid i verksemd som mottek stønad frå staten, gir ikkje grunnlag for pensjon frå statskassa. Det blir kravt minst to års samanhengande teneste, men kortare tenestetid kan likevel leggjast til grunn dersom tenesta har vore i direkte tilknyting til anna teneste i staten.

Den største gruppa som i dag får pensjon frå statskassa, er lokalt tilsette ved norske utanriksstasjonar. Dei aller fleste av desse blir omfatta av lokale trygde- og pensjonsordningar, og arbeidstilhøva deira blir regulerte etter lovgivinga i tenestelandet. Unnataksvis kan det likevel hende at det ikkje finst lokale ordningar, eller at dei aktuelle ordningane ikkje sikrar dei tilsette tilstrekkeleg. I ein slik situasjon kan utanriksstasjonen søkje om pensjon frå statskassa. Ved dei norske utanriksstasjonane er det i dag i underkant av 1000 lokalt tilsette. Kvart år blir det innvilga rundt 10 nye søknader om pensjon frå statskassa. Det er no om lag 130 tidlegare lokalt tilsette som får pensjon frå statskassa.

Det er òg gitt pensjon frå statskassa til tidlegare statstilsette som ikkje har vore medlemer i Statens pensjonskasse, fordi stillinga ikkje var særskilt innlema av Stortinget. Til dømes blei einskilte stillingar som hadde eit mellombels preg ikkje innlema. Pensjon frå statskassa er gitt når det er vurdert å vere urimeleg at vedkomande ikkje får nokon pensjonsyting for den aktuelle perioden. Retten til medlemskap følgjer i dag av lov om Statens pensjonskasse § 5, som seier at arbeidstakarar i staten si teneste med minst 14 timar pr. veke er medlemer i Pensjonskassa.

Vidare har pensjon frå statskassa vore gitt for krigsteneste under andre verdskrig. Det gjeld personar som tenestegjorde utanfor Noreg i perioden 9. april 1940 – 31. desember 1945 som befal eller meinig. Dersom vedkomande var meinig, har det vore krav om at han eller ho i tillegg var befal etter krigen. Pensjon frå statskassa har også blitt gitt til yrkesbefal som tenestegjorde i Heimestyrkane eller anna illegal verksemd under krigen. Pensjon frå statskassa er hovudsakleg ei tilleggsyting til befal i Forsvaret som har medlemskap i Pensjonskassa for tid utanom perioden 9. april 1940 – 31. desember 1945, og ikkje ei påskjøning for krigstenesta.

I tillegg har det blitt gitt pensjon frå statskassa i einskilte heilt særskilde tilfelle der departementet og Stortinget har sett det som rimeleg.

Utrekning av pensjonen

Full pensjon utgjer 66 prosent av pensjonsgrunnlaget, som i utgangspunktet er årslønna på tidspunktet då vedkomande slutta i stillinga. Det blir også tatt omsyn til tenestetida. Dersom det ikkje er betalt inn pensjonspremie, blir berre 2/3 av tenestetida rekna som pensjonsgivande.

For lokalt tilsette blir det gjort frådrag i pensjonen for eventuell yting frå lokal pensjonsording som kan samanliknast med norsk folketrygd. Yting som kan samanliknast med norsk tilleggspensjon kjem til frådrag fullt ut, medan det blir gjort frådrag med ¾ for yting som kan samanliknast med norsk grunnpensjon. Storleiken på ”folketrygdytingar” i dei ulike landa varierer, og frådraget i pensjonen frå statskassa blir derfor tilpassa etter skjønn.

Pensjon frå statskassa til andre grupper blir i dei fleste tilfelle gitt som ekstra tenestetid i Statens pensjonskasse. Denne tenestetida blir lagt saman med anna oppteningstid i statleg eller kommunal tenestepensjonsordning. Pensjonen blir samordna med pensjon frå folketrygda etter dei ordinære samordningsreglane.

Til forsida