Prop. 136 S (2011–2012)

Pensjonar frå statskassa

Til innhaldsliste

3 Departementet si vurdering

Som nemnt ba fleirtalet i Arbeids- og sosialkomiteen om ei vurdering av alternativ til pensjon av statskassa til lokalt tilsette ved norske utanriksstasjonar.

Pensjon frå statskassa var på 1800-talet hovudordninga for pensjon til tidlegare statstilsette. Ettersom det er oppretta stadig fleire lovfesta pensjonsordningar som gir rett til alders-, uføre- og attlevandepensjon, har pensjon frå statskassa fått tilsvarande mindre omfang. Pensjon frå statskassa er i dag ein sikringsventil, der Stortinget ut i frå ei rimeleghetsvurdering kan gi ei pensjonsyting i særskilde høve.

Dei siste åra har proposisjonen om pensjon frå statskassa berre omhandla pensjon til lokalt tilsette ved norske utanriksstasjonar. Det er grunn til å tru at det vil kome få nye søknader om pensjon frå statskassa som gjeld tidlegare statstilsette utan medlemskap i Statens pensjonskasse. Det same gjeld for personar med krigsteneste under andre verdskrig. Når det gjeld pensjon frå statskassa på særskilde grunnlag, kan ein ikkje utelukke at det også i framtida kan vere personar som ikkje blir fanga opp av det ordinære regelverket. For slike høve vil praksisen med pensjon frå statskassa framleis vere aktuell som ein sikringsventil.

Særleg om lokalt tilsette ved norske utanriksstasjonar

Arbeidsdepartementet har i samråd med Utanriksdepartementet gjort ei vurdering av pensjonsforholda til lokalt tilsette ved norske utanriksstasjonar.

Det følgjer av utanriksinstruksen at ”lønns- og arbeidsbetingelser skal nedfelles i en arbeidskontrakt som skal være i samsvar med tjenestelandets lover og regler. Lokalt ansatte skal sikres gjennom adekvate lokale trygde- og forsikringsordninger.”

Dei aller fleste er omfatta av lokale trygde- og pensjonsordningar. Utanriksstasjonane har eit ansvar for at det blir oppretta slike lokale ordningar.

I praksis er det i dag tre mogelege pensjonsløysingar som er aktuelle for denne gruppa:

  • 1) Allmenne trygdeordningar i tenestelanda. Det kan vere private eller folketrygdliknande ordningar.

  • 2) Statens pensjonskasse. Lokalt tilsette som er norske borgarar er pliktige medlemer av norsk folketrygd, med mindre dei er pliktig trygda i landet der dei bur, eller kan velje pensjonsordning i EØS-land. Lokalt tilsette som er medlemmer i norsk folketrygd skal meldast inn i Statens pensjonskasse.

  • 3) Pensjon frå statskassa. I land utan allmenne trygdeordningar og der private ordningar ikkje finst eller er usikre, er det aktuelt for lokalt tilsette å søkje om pensjon frå statskassa.

Hovudregelen er at pensjonstilknytinga skal vere til ei pensjonsordning i tenestelandet. Tilknytinga avheng av kva for ei pensjonsordning som finst på tenestestaden og lovgivinga som gjeld der. Sjølv om pensjonsrettane til dei lokalt tilsette er teke inn i arbeidskontrakten etter utanriksinstruksen, kan tilhøve i tenestelandet, til dømes politisk uro, høg inflasjon og stor uvisse med omsyn til bank- og forsikringsordningar, føre til at vedkomande ikkje får den ytinga han eller ho har opparbeidt seg rett til ved alderdom, uførleik eller tap av forsørgar. Etter departementet si vurdering er det i slike situasjonar formålsteneleg at utanriksstasjonen kan søkje om pensjon av statskassa for dei som elles ikkje ville fått pensjon.

Eit alternativ til dagens pensjonsløysingar kunne vere å opprette ei eiga lovfesta pensjonsordning for lokalt tilsette ved norske utanriksstasjonar. Ei lovfesta ordning bør i utgangspunktet omfatte alle lokalt tilsette. For dei aller fleste lokalt tilsette vil dette kunne innebere at ein flytter pensjonsoppteninga frå ei lokal pensjonsordning til ei norsk lovfesta ordning. Departementet meiner at dette kan vere uheldig. Det vil blant anna kunne føre til at tilknytinga til den lokale ordninga blir broten. Det vil dessutan vere vanskeleg å utforme detaljerte reglar for ei eiga lovfesta ordning som er tilpassa lønns- og pensjonssystema i dei ulike landa. Ordninga må i så fall gi rom for ein viss grad av skjønn, og vil derfor neppe kunne bli vesentleg meir formålstenleg enn den ordninga med pensjon frå statskassa som vi har i dag. Departementet kan på denne bakgrunnen ikkje sjå at ei eiga lovfesta pensjonsordning for lokalt tilsette ved norske utanriksstasjonar er eit høveleg alternativ.

Til forsida