Prop. 136 S (2012–2013)

Endringar i statsbudsjettet 2013 under Forsvarsdepartementet (Investeringar i Forsvaret og andre saker)

Til innhaldsliste

5 Saker til informasjon

5.1 Kampflykjøpet

5.1.1 Gjennomføring av kampflykjøpet og fleirnasjonalt partnarskap

Signering av produksjons- og oppfølgingsavtalen for F-35-partnarskapet (PSFD MoU), som er ein føresetnad for å delta som partnar i programmet, vart inngått ved årsskiftet 2006-2007 mellom dei ni partnarnasjonane. Produksjons- og oppfølgingsavtalen regulerer dei sentralt styrde aktivitetane som er planlagde både i produksjons- og driftsfasen. Avtalen gjev Noreg tilgang til programmet og dei rettane som er knytte til dette. Avtalen forpliktar samstundes Noreg til å bidra med å dekkje utgifter forbunde med fellesaktivitetar slik som utvikling av produksjons- og vedlikehaldssystem samt vidareutvikling av kampflysystemet. Deltakinga i partnarskapet gjev Noreg høve til å påverke kva våpensystem som skal verte integrerte på F-35 og er såleis viktig også for norsk industri. Deltakinga kan òg opne dørene for eit utvida samarbeid innan fleire viktige og sentrale område slik som vedlikehald og oppdateringar av flya.

I samsvar med den framforhandla produksjons- og oppfølgingsavtalen, er Noreg forplikta til å betale sin relative del av dei årlege felleskostnadene for deltakinga i det fleirnasjonale produksjonssamarbeidet. Kostnadene i samband med denne deltakinga er rekna ut frå storleiken på flykjøpet, på grunnlag av dei samla tingingane frå alle partnarnasjonane.

Dei første utbetalingane på produksjons- og oppfølgingsavtalen vart gjorde i 2007, og fram til utgangen av 2012 er det utbetalt 493 mill. kroner. For resten av investeringsperioden, fram til 2025, utgjer dette ein forventa kostnad på om lag 800 mill. kroner. Av dette vil 146 mill. kroner verte utbetalte i 2013.

5.1.2 Nasjonal våpenutvikling

Den nasjonale våpenutviklinga av 25mm APEX-ammunisjon og JSM pågår. Begge desse våpna vil, ferdig utvikla, gi auka operativ evne sett i forhold til andre samanliknbare våpen planlagd for F-35. I tillegg til sjølve våpenutviklinga vert det gjort eit omfattande arbeid, både mot F-35 Joint Strike Fighter Program Office (JPO) i Washington og mot styresmaktene i dei ulike partnarnasjonane, for å oppnå fleirnasjonal semje om ein tidsmessig integrasjon av dei norskutvikla våpensystema på F-35. I år er det planlagt med eit forbruk på 356 mill. kroner.

Joint Strike Missile

Utviklinga av JSM trinn 2, jf. Stortingets vedtak ved handsaming av Innst. 441 S (2010-2011), jf. Prop. 110 S (2010-2011), pågår. Framdrifta i utviklinga er positiv, og trinn 2 er venta ferdigstilt som planlagt medio 2013. Arbeidet med eit oppdatert vedtaksgrunnlag for den siste delen av utviklinga, JSM utvikling trinn 3, pågår. Regjeringa vil kome attende til Stortinget om denne saka så snart vedtaksgrunnlaget føreligg. Samstundes ser Forsvarsdepartementet på løysingar for å sikre kompetanse og moment i overgangen mellom JSM trinn 2 og trinn 3.

Arbeidet med å få på plass ei deling av kostnadane for integreringa av JSM med andre nasjonar, har vist seg svært vanskeleg. Dersom det viser seg naudsynt å gå vidare med utvikling og integrering utan samarbeid med andre partnarnasjonar, jf. Innst. 441 S (2010-2011), jf. Prop. 110 S (2010-2011), så vil regjeringa komme attende til dette spørsmålet på eigna måte.

APEX-ammunisjonen

Nammo på Raufoss vil no gå vidare med neste trinn i utviklinga av APEX-ammunisjonen. Målet med denne delen av APEX-prosjektet er å bringe ammunisjonen fram til eit ferdig utvikla produkt, som er klar til serieproduksjon, og kvalifisert for integrasjon på F-35. Kvalifiseringa av APEX omhandlar ulike testar for å avgjere om ammunisjonen tilfredsstiller dei operative og tekniske krava som er sette av Forsvaret, JPO og kanonprodusenten. Dette omfattar òg testfyringar. Samstundes med kvalifiseringa av sjølve ammunisjonen ved Nammo må det verte gjennomført ulikt arbeid relatert til integrering og sertifisering på F-35 for å klargjere flyet for ammunisjonen. Integrasjonen og sertifiseringa vert handtert innanfor rammene av flykjøpsprogrammet.

Etter gjeldande planar vil 25mm APEX bli integrert på F-35 i utviklingsfasen saman med to andre ammunisjonstypar. Dette inneber at 25mm APEX vil vere tilgjengeleg for bruk på F-35 ved avslutta utviklingsfase og har dermed eit godt potensial for sal til andre F-35-nasjonar. Fleire nasjonar har synt stor interesse for 25mm APEX og dei eigenskapane denne ammunisjonen har.

5.1.3 Våpenanskaffing

For å sikre nødvendig vern av flya er det behov for å anskaffe ulike former for vernetiltak (motmiddel), mellom anna narremiddel mot varme- og radarsøkjande missilar. Dette er materiell med lang leveringstid og som må verte anskaffa gjennom eigne avtalar med amerikanske styresmakter (Foreign Military Sales - FMS). Regjeringa vil no starte anskaffinga av motmiddel for å sikre at materiellet vert tilgjengeleg til den planlagde etableringa av initiell operativ evne i 2019. Dei andre våpenanskaffingane til F-35 vil verte fremja for Stortinget på eit seinare tidspunkt. Det vert ikkje planlagt med utbetalingar i 2013.

5.1.4 Programmeringslaboratorium

I Prop. 1 S (2012-2013) informerte regjeringa om behovet for å etablere eit programmeringslaboratorium (PRL) i USA for å halde flya sine elektroniske system oppdaterte. Vidare vart det varsla at regjeringa ville kome tilbake til Stortinget med kostnadsbiletet når partnarlanda hadde vorte samde om organisering og finansiering. Arbeidet med naudsynte avklaringar mellom deltakarnasjonane føregår enno, og dei økonomiske konsekvensane er ikkje endeleg avklart og difor ikkje mogleg å fremje i denne proposisjonen.

5.1.5 Industriutvikling i samband med kampflykjøpet

Regjeringa legg stor vekt på å etablere eit industrisamarbeid mellom norsk og amerikansk industri i samband med anskaffinga av F-35. Målsettinga for industrisamarbeidet er å sikre ei nasjonal verdiskaping over tid i same storleik som kostnaden med kjøpet av flya, noko som utgjer om lag halvparten av kostnaden for F-35-programmet.

Det er generelt sett vanskeleg for norsk industri å få tilgang til den amerikanske marknaden for forsvarsmateriell. Dette gjeld òg for F-35-programmet, mellom anna fordi industrien i partnarnasjonane, med unntak av USA, berre får høve til konkurrere om utvalde komponentar og delsystem, som i stor grad er bestemt av leverandørane Lockheed Martin og Pratt & Whitney.

Industrisamarbeidet mellom partnarnasjonane har frå starten av vore basert på prinsippet om «best value» der forsvarsleverandørane må konkurrere om oppdrag. «Best value» er vald som prinsipp for å sikre dei lågaste levetidskostnadene for flya. Den norske deltakinga i utviklingsfasen har gjeve industrien vår høve til å konkurrere om deleproduksjon til flyskroget og motoren, og har hittil gjeve kontraktar til ein verdi av om lag 2,2 mrd. kroner (358 mill. US dollar).

Noregs posisjon som ein truverdig partnar i det fleirnasjonale programmet er styrkt gjennom den varsla framskundinga av hovudanskaffinga kombinert med ei anskaffing av to treningsfly alt i 2015. I fjor gav amerikanske styresmakter tydeleg uttrykk for støtte til integrasjonen av JSM frå Kongsberg Defence Systems (KDS). På styremøtet i det internasjonale programmet i vår vart det mellom anna lagt til rette for at JSM kan integrerast på F-35. Vidare vart APEX-ammunisjon frå Nammo sikra integrering i utviklingsfasen av flyet. Eit vedtak om kjøp av seks fly i hovudleveransen i 2017 vil styrkje sjansane for norsk industri ytterlegare.

Med utgangspunkt i behova til Forsvaret har regjeringa, etter at Stortinget vedtok å kjøpe F-35-flyet, vore oppteken av å auke den norske industrielle deltakinga i programmet. For Noreg er både JSM og APEX sentrale operative kapasitetar på flyet, og vidareutvikling av desse våpna er sentrale element i det norske kampflyprogrammet. KDS engasjerer i dag 20 norske underleverandørar i utviklinga av JSM, og vil truleg kunne auke dette talet om missilet vert ferdig utvikla. Såleis kan F-35-samarbeidet resultere i at meir enn 30 norske bedrifter vert engasjerte i dette høgteknologiske industrisamarbeidet.

Det er dermed etablert eit godt grunnlag for at kampflykjøpet skal kunne møte den industrielle målsettinga. Samla ligg det føre eit potensial for norsk industri på 60–70 mrd. kroner i løpet av produksjonstida til F-35. Flyprodusenten Lockheed Martin og motorleverandøren Pratt & Whitney har indikert norsk industriproduksjon til F-35-programmet for ca. 36 mrd. kroner i løpet av produksjonstida, under føresetnad av at norsk forsvarsindustri framleis er konkurransedyktig.

KDS reknar vidare med eit potensial for sal av JSM-missilet på 20-25 mrd. kroner, medan Nammo reknar med eit potensial for sal av APEX-ammunisjonen på 10 mrd. kroner. Den skarpe konkurransen med forsvarsleverandørar i andre land, den langsiktige anskaffinga, og fokuset på kostnader, gjer at det naturlegvis knyter seg ei grad av uvisse til desse vurderingane.

Også når det gjeld vedlikehald av F-35, er det vesentleg rom for industrielt innslag. Saman med dei europeiske partnarane arbeider departementet med å få på plass eit samarbeid i Europa. Som skrive i Prop. 73 S (2011-2012) er det ei målsetting at norsk industri, inkludert Aerospace Industrial Maintenance Norway SF (AIM Norway), er med og konkurrerer om vedlikehaldsoppdrag i framtida. Ei oppstart av hovudanskaffinga med levering frå 2017 vil bidra til å kunne posisjonere norske bedrifter tidleg overfor Lockheed Martin og Pratt & Whitney, og dermed auke sjansane for å få innpass i vedlikehalds- og oppfølgingsarbeida.

Departementet har i nært samarbeid med norsk industri gjennomført fleire møte med dei amerikanske leverandørane for å posisjonere norske bedrifter. Mellom anna besøkte ein politisk leia industridelegasjon i mars 2013 Fort Worth i Texas for samtalar med Lockheed Martin. Sjølv om den norske industribasen innan militært flyvedlikehald er liten, er det identifisert konkrete prosjekt som det skal arbeidast vidare med. AIM Norway arbeider aktivt med å posisjonere seg for å konkurrere om kontrakt for vedlikehald av motoren til F-35. Å vinne kontrakt og etablere eit depot for motorvedlikehald vil gjere AIM Norway til ein integrert del av industrisamarbeidet knytt til anskaffinga av F-35 og samstundes sikre ei vidareutvikling av kompetansen som har blitt bygd opp i føretaket. Dette er målsettingar som Forsvarsdepartementet støttar.

Før det vert inngått juridisk forpliktande avtalar om kjøp av fly, vil departementet halde fram med å leggje vekt på å følgje opp realiseringa av industriprosjekta, i tillegg til kostnadsutviklinga og realiseringa av kapasitetane til flyet.

5.2 Logistikkprosjektet i LOS-programmet i Forsvaret

LOS-programmet i Forsvaret inneheld fleire prosjekt for å etablere eit felles integrert forvaltningssystem (FIF) i Forsvaret. Logistikkprosjektet, som er det tredje og siste store prosjektet i programmet, vart godkjent ved Stortinget si handsaming av Innst. S. nr. 317 (2007-2008), jf. St.prp. nr. 55 (2007-2008). Logistikkprosjektet skal gje Forsvaret ei fullstendig logistikkløysing for prosessar innanfor materiellinvestering, konfigurasjonsstyring, vedlikehald og avansert forsyning. Forvaltningssystemet vil med denne logistikkløysinga bli kalla FIF 3.0.

Regjeringa informerte i St.prp. nr. 1 (2008-2009) om at kontrakt med leverandør var planlagt inngått våren 2009. I Prop. 1 S (2009-2010) vart Stortinget informert om at det ville bli gjennomført ein ny konkurranse, og i Prop. 1 S (2010-2011) informerte regjeringa om at to tilbod var mottekne og at ein kunne rekne med kontrakt tidleg i 2011. Begge de to tilboda låg langt over den vedtekne ramma, og regjeringa fremja difor eit framlegg om å få auka ramma i Prop. 110 S (2010-2011). Stortinget slutta seg til framlegget gjennom handsaminga av Innst. 441 S (2010-2011).

Forsvaret inngjekk kontrakt med Accenture AS for oppstart av prosjektet i september 2011. Gjennomføringa av fyrste fase, designfasen, skulle vore avslutta innan 1. september 2012, men leverandøren er blitt mykje forseinka, og designfasen vart fyrst avslutta 21. mars 2013.

Forsvaret har gjennomført ei ekstern vurdering av Accenture si evne til å gjennomføre eit slikt prosjekt, og det kan tyde på at leverandøren ikkje har hatt god nok kompetanse knytt til leiing og styring av eit slikt stort prosjekt. Accenture har den seinare tida gjennomført endringar gjennom å styrkje prosjektet med meir kapasitet og ny leiing. Det same eksterne konsulentselskapet vurderte også Forsvaret si evne til å gjennomføre og ta i bruk eit slikt prosjekt. Forsvaret kom godt ut av denne vurderinga, men det er like fullt teke einskilde grep for å styrkje denne evna.

Kontrakten er ein målpriskontrakt med ”ansporingsmekanismar”. Det inneber at det er avtalt ei viss mengde timar som leverandøren kan bruke til dei enkelte fasane i prosjektet. Dersom dei brukar færre timar, får dei halvparten av Forsvaret si innsparing som bonus. Dersom dei brukar lengre tid enn avtalt, betalar Forsvaret berre halv pris for dei overskytande timane. Accenture AS har brukt fleire timar enn planlagt for designfasen. Det er sannsynlig at dei vil bruke fleire timar enn planlagt også i dei resterande fasane. Dette inneber at det er stor risiko for at den vedtekne kostnadsramma ikkje lenger er tilstrekkeleg for å gjennomføre alle delane av prosjektet slik det opphavleg vart planlagt.

Regjeringa ønskjer ikkje no å be om meir pengar til prosjektet, men vil halde fram med prosjektet innanfor den vedtekne kostnadsramma på 822 mill. kroner, jf. Innst. 7 S (2012–2013) til Prop. 1 S (2012-2013). Det endelege omfanget vil mellom anna bli vurdert på grunnlag av Accenture AS si leveringsevne, kostnadsutviklinga og gjennomføringstida i fortsettinga, der tilnærminga i hovudsak er endra slik:

For å redusere risiko i gjennomføringa og sikre kontroll med kostnadsutviklinga, er det gjennom kontraktsforhandlingar no semje om å dele prosjektet opp i tre delar med eit bestemt omfang og med ein ny tidsplan. Det er òg innarbeidd vilkår som gjev Forsvaret rett til å avbestille delar av omfanget vederlagsfritt. Det er òg lagt inn fleire milepælar i kontrakten med døgnmulkter knytte til seg for å styrkje målpriskontrakten.

Fyrste leveransen inneheld alle dei viktigaste elementa som gjer at Forsvaret kan gå over til SAP som ERP-standard, og at ei rekkje gamle system, spesielt i Sjøforsvaret og Luftforsvaret, kan fasast ut. Den nye gjennomføringsplanen inneber at prosjektet vil bli ferdigstilt om lag to år seinare enn planlagt, noko som medfører at Forsvaret sine gjennomføringskostnader aukar frå 383 mill. kroner til 593 mill. kroner. I tillegg er det gjennomført ei ny vurdering av gevinstar. Førebels syner denne vurderinga eit vesentleg auka gevinstpotensial i det samla prosjektet.

Regjeringa vil framleis vidareføre Logistikkprosjektet innanfor den vedtekne kostnadsramma, men fasedelt for å redusere risikoen i gjennomføringa sett opp mot ramma for prosjektet. Regjeringa vil fyrst ta stilling til det endelege omfanget når dei viktigaste elementa i prosjektet er på plass. Det er vesentleg no å hauste erfaring med den justerte tilnærminga og leveringane. Regjeringa kjem attende med saka til Stortinget i budsjettproposisjonen for 2014.