Prop. 150 L (2011–2012)

Endringar i forseinkingsrentelova mv. (gjennomføring av direktiv 2011/7/EU av 16. februar 2011 om kamp mot forseinka betaling i handelshøve)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Justis- og beredskapsdepartementet føreslår i proposisjonen her visse lovendringar til gjennomføring av direktiv 2011/7/EU om kamp mot forseinka betaling i handelshøve, som har blitt innlemma i EØS-avtalen. Det blir gjort framlegg om enkelte endringar i forseinkingsrentelova og kjøpslova, slik at norsk rett kjem i samsvar med direktivet. Direktivet gjeld i avtalar om kjøp av varer og tenester mellom føretak og mellom føretak og offentlege myndigheiter. Forbrukarar er ikkje omfatta av direktivet, og får ikkje endra rettsstillinga si som følgje av endringsforslaga, med unnatak av ei generell auke i forseinkingsrentesatsen.

Departementet føreslår ei auke i forseinkingsrentesatsen med eit prosentpoeng. For forbrukarar kan ein framleis fastsette i forskrift ein lågare sats enn den som føljer av lova, om det er ynskjeleg. Vidare blir det foreslått føresegner som har til føremål å korte ned kredittida i avtalar mellom føretak og i avtalar mellom føretak og det offentlege. Føresegne rør ikkje ved høvet til å avtale betalingsplanar (avdrag). Det blir også gjort framlegg om ein kompensasjon til fordringshavaren til dekning av inndrivingskostnader når det skal betalast forseinkingsrente etter lova. Det blir også gjort klårt at visse avtalevilkår som rør ved retten til forseinkingsrenter og erstatning for inndrivingskostnader anten skal sjåast som urimelege eller presumerast å vere urimelege. Departementet gjer framlegg om at enkelte vilkår ikkje kan nyttast når ei offentleg myndigheit er skuldnar. Somme av føresegnene i lovforslaget er gjort ufråvikelege, slik at ein ikkje ved avtale kan fråvike dei til ulempe for fordringshavaren.

Til forsida