Prop. 150 L (2011–2012)

Endringar i forseinkingsrentelova mv. (gjennomføring av direktiv 2011/7/EU av 16. februar 2011 om kamp mot forseinka betaling i handelshøve)

Til innhaldsliste

5 Transaksjonar mellom føretak og det offentlege

5.1 Føresegnene i direktivet

Artikkel 4 fastset at medlemsstatane skal sikre at når skuldnaren er ei offentleg myndigheit, skal fordringshavaren ha rett til lovfastsett rente for forseinka betaling utan at det er naudsynt med ei betalingspåminning til skuldnaren, når fristane for betaling i artikkel 4 nr. 3, 4 eller 6 er ute og vilkåra i nr. 1 bokstav a og b er tilfredsstilte. Etter bokstav a må fordringshavaren ha oppfylt sine skyldnader etter avtala og lova. Vidare er det eit vilkår etter bokstav b at fordringshavaren ikkje har motteke det skuldige beløpet til rett tid, med mindre skuldnaren ikkje er ansvarleg for forseinkinga.

Artikkel 4 nr. 2 bokstav a og b fastslår nærare kva som er den aktuelle referanserentesatsen. Føresegna her er lik føresegna i artikkel 3 nr. 2, sjå punkt 4.1 ovanfor.

Artikkel 4 nr. 3 bokstav a pålegg medlemsstatane å sikre at betalingsfristane i handelshøve, når ei offentleg myndigheit er skuldnar, ikkje overstig:

  • i) 30 kalenderdagar etter at skuldnaren har motteke faktura eller tilsvarande betalingsoppmoding,

  • ii) dersom datoen for mottak av faktura eller tilsvarande betalingsoppmoding er usikker, 30 kalenderdagar etter mottak av varene eller tenestene,

  • iii) dersom skuldnaren tek imot faktura eller tilsvarande betalingsoppmoding tidlegare enn varene eller tenestene, 30 kalenderdagar etter mottak av varene eller tenestene,

  • iv) dersom det skal nyttast ei lov- eller avtalefesta godkjennings- eller verifikasjonsprosedyre som skal fastsette i kva grad varene eller tenestene er i samsvar med avtala, og skuldnaren har motteke faktura eller tilsvarande betalingsoppmoding tidlegare eller same dagen som ei slik godkjennings- eller verifikasjonsprosedyre finn stad, 30 kalenderdagar etter denne datoen.

Vidare fastset artikkel 4 nr. 3 bokstav b at medlemsstatane skal sikre at datoen for mottak av faktura ikkje beror på avtaleregulering mellom skuldnaren og fordringshavaren. Medlemsstatane må også sikre at betalingsfristen i avtala ikkje overstig dei fristane som er nemnde i artikkel 4 nr. 3, med mindre noko anna er tydeleg avtalt og under føresetnad av at ei slik avtale er objektivt grunna i lys av særskilte omstende ved avtala, og at betalingsfristen ikkje under noko omstende overstig 60 dagar, jf. artikkel 4 nr. 6.

Medlemsstatane kan etter artikkel 4 nr. 4 lenge fristen etter artikkel 4 nr. 3 bokstav a til maksimum 60 dagar for offentlege myndigheiter som utfører økonomiske aktivitetar av industriell- eller kommersiell karakter ved å tilby varer eller tenester på marknaden, og som fell inn under kommisjonsdirektiv 2006/111/EF av 16. november 2006 om innsyn i medlemsstatenes økonomiske forbindelser med offentlige foretak samt om økonomisk innsyn i visse foretak. Etter bokstav b kan ein også ha ei slik lenging av betalingsfristen for offentlege einingar som er godtekne med tanke på å tilby helsetenester.

Artikkel 4 nr. 5 inneheld nærare føresegner som avgrensar kor lang tid som kan nyttast på ei aksept- eller verifikasjonsprosedyre nemnd i punkt iv ovanfor. Som hovudregel skal det ikkje gå meir enn 30 dagar frå då varene eller tenestene vart leverte, når ikkje anna er tydeleg avtalt og på det vilkår at ei slik avtaleregulering ikkje er klårt urimeleg for fordringshavaren etter artikkel 7. Føresegna svarar til artikkel 3 nr. 4 omhandla i punkt 4 ovanfor.

5.2 Gjeldande rett

Forseinkingsrentelova har ingen særskilte føresegner om transaksjonar mellom føretak og det offentlege. Det vil såleis etter gjeldande rett vere dei same allmenne føresegnene som gjeld mellom private føretak som vil gjelde også i forholdet mellom føretak og offentlege myndigheiter i den utstrekning lova gjeld.

5.3 Høyringsnotatet

I høyringsnotatet punkt 4.2 uttalte departementet:

«Med føresegnene i artikkel 4 tek direktivet sikte på å betre stillinga til fordringshavaren når ei offentleg myndigheit er skuldnar. Fortala punkt 23 viser til at lange betalingsfristar og forseinka betaling frå skuldnarar som er offentlege myndigheiter påfører føretak urimelege kostnader. Difor innfører direktivet særlege føresegner for å motverke denne ulempa, mellom anna ein hovudregel om at betalingsfristar i avtaler mellom offentlege myndigheiter og føretak normalt ikkje kan vere meir enn 30 kalenderdagar. Departementet gjer i høyringsnotatet her framlegg om lovreglar til gjennomføring av direktivet sine reglar om transaksjoner mellom verksemder og offentlege myndigheiter, sjå framlegg til ny § 4 b i forseinkingsrentelova i punkt 11 notatet her.
Departementet vurderer det slik at det ikkje vil vere naudsynt å gjennomføre artikkel 4 nr. 4 i lov, og foreslår ein forskriftsheimel som gjer det mogleg å fastsetje forskrifter som set lengre betalingsfristar for visse verksemder. Departementet oppmodar høyringsinstansane til å uttale seg om det synest å vere behov for slike reglar.
Når det gjeld gjennomføringa av direktivet artikkel 4 nr. 1 og nr. 2, viser departementet til vurderinga av dei tilsvarande spørsmåla i høyringsnotatet punkt 3.2.1 og 3.2.3.»

5.4 Høyringsfråsegnene

Bergen kommune uttalar:

«En er tilfreds med at forslaget frå Kommisjonens side om at fordringshaver skal ha rett til en kompensasjon på 5 % av kravet ved forsinket betaling frå det offentlige, ikkje er videreført i det vedtatte direktiv».

Norske Inkassobyråer Forening uttalar at ein deler departementet sine vurderingar. Foreininga viser også til fråsegna når det gjeld den lovtekniske løysinga i punkt 4.4 ovanfor.

5.5 Departementets vurdering

På bakgrunn av høyringsrunden går departementet inn for framlegget i høyringsnotatet, likevel slik at departementet føreslår ein ny § 2 b i staden for ein ny § 4 b. Føresegnene i direktivet artikkel 4 nr. 3 til nr. 6 er difor føreslått gjennomført i ein ny § 2 b i forseinkingsrentelova, i hovudsak i tråd med framlegget i høyringsnotatet. Departementet meiner likevel at ein bør presisere verkeområdet til § 2 b. Sidan direktivet berre gjeld avtaler om kjøp av varer eller tenester, vurderer departement det slik at ein ikkje bør la dei særlege føresegnene om avtaler mellom offentlege myndigheiter og private verksemder få større rekkjevidde enn det direktivet krev. I eit nytt første ledd i § 2 b er det difor presisert at føresegna gjeld for avtaler mellom det offentlege og føretak om kjøp av varer eller tenester.

Artikkel 4 nr. 1 er slik departementet ser det allereie i hovudsak gjennomført i forseinkingsrentelova § 2 første ledd første punktum og andre ledd. I høyringsnotatet la departementet til grunn at føresegnene i direktivet allereie var i tråd med føresegnene i lova, og at det difor ikkje ville vere naudsynt med endringar i lovteksten. Departementet ser det no slik at det er behov for ei føresegn i lova som gjer det klårt at ein ikkje kan avtale ei lågare forseinkingsrente enn den lovfastsette renta i avtaler mellom ein næringsdrivande og det offentlege som gjeld kjøp av varer og tenester. Ei slik føresegn er i tråd med den føreslåtte reguleringa i den svenske utgreiinga om gjennomføring av direktivet i svensk rett, SOU 2012:11 Snabbare betalingar. Departementet føreslår at dette kjem til uttrykk i en ny § 2 b fjerde ledd bokstav c.

Som nemnt føreslår departementet at artikkel 4 nr. 2, jf. artikkel 2 nr. 6 og nr. 7, vert gjennomført ved justering av rentesatsen i forseinkingslova § 3.

Til forsida