Prop. 150 L (2011–2012)

Endringar i forseinkingsrentelova mv. (gjennomføring av direktiv 2011/7/EU av 16. februar 2011 om kamp mot forseinka betaling i handelshøve)

Til innhaldsliste

9 Eigedomsatterald

Artikkel 9 i direktivet inneheld føresegner om at medlemsstatane skal syte for at ein seljar bevarer eigedomsretten til varer inntil kjøpesummen er fullt betalt når eigedomsatterhald er uttrykkeleg avtalt mellom kjøparen og seljaren før varene er leverte.

Direktivet svarar på dette punktet fullt ut til artikkel 4 i 2000-direktivet. Det vart i samband med gjennomføringa av 2000-direktivet lagt til grunn at det ikkje ville vere naudsynt med endringar i dei norske reglane om eigedomsatterhald. Departementet viser til Ot.prp. nr. 3 (2003–2004) kapittel 7 om forståinga av desse føresegnene i direktivet og høvet til norsk rett.

I høyringsnotatet uttala departementet at sidan det nye direktivet ikkje er endra på dette punktet, vil det framleis ikkje vere naudsynt med endringar av norsk rett.

Det er ikkje kome merknader til dette punktet i høyringsrunden.

Departementet legg etter dette til grunn at direktivet artikkel 9 ikkje gjer det naudsynt med endringar i norsk rett.

Til forsida