Prop. 151 L (2010–2011)

Oppheving av hermetikkavgiftsloven og endringar i enkelte andre lover

Til innhaldsliste

4 Endring i fiskeeksportloven

4.1 Bakgrunn for forslaget

Eksportutvalget for fisk AS (EFF) er organisert med hovudkontor i Tromsø, og har i tillegg utekontor i 12 land og marknadsaktivitetar i 20 land. Det noverande namnet gjev eit lite dekkande bilete av selskapet sitt totale verkeområde, som no meir enn før også omfattar den norske marknaden.

Ordet ”eksportutval” er henta frå tidsepoken under og like etter 2. verdskrig, då lisensiering og regulering av fiskeeksporten var viktige oppgåver for eksportutvala. Desse vart avvikla ved den nye fiskeeksportloven som kom i 1990 - noko som førte til at EFF vart etablert i 1991. På bakgrunn av at arbeidsoppgåvene til EFF no hovudsakleg omfattar felles marknadsføring av norsk sjømat og omdømmebygging knytt til norsk sjømat, er det ønskjeleg å modernisere namnet, slik at ordet ”eksportutval” blir fjerna.

4.2 Høyring

Fiskeri- og kystdepartementet sende 17. juni 2011 forslag om endring av namn til følgjande instansar:

  • Finansdepartementet

  • Fornyings- og administrasjonsdepartementet

  • Nærings- og handelsdepartementet

  • Utanriksdepartementet

  • Fiskeridirektoratet

  • Toll- og avgiftsdirektoratet

  • Eksportutvalget for fisk AS

  • Innovasjon Noreg

  • Næringslivets hovedorganisasjon

  • Landsorganisasjonen

  • Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening

  • Norges Fiskarlag

  • Norges Kystfiskerlag

  • Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund

  • Norges Råfisklag

  • Norges Sildesalgslag

  • Norske Sjømatbedrifters Landsforening

  • Rogaland Fiskesalgslag

  • Skagerakfisk

  • Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag

  • Vest-Norges Fiskesalslag

Det er foreslått at EFF endrar namn til Norges sjømatråd AS/Noregs sjømatråd AS. Høyringsinstansane som har uttalt seg stiller seg i hovudsak positive til sjølve namneendringa. Dei ser på det noverande namnet som lite dekkande, og alle som har uttalt seg støttar ei namneendring. I det nye forslaget er bruken av ”råd” problematisert av Norges Råfisklag, Norges Sildesalgslag og Norske Sjømatbedrifters Landsforening. Andre gode namneforslag er vurderte, men då dei er registrerte på private næringsaktørar er desse forslaga ikkje aktuelle.

Dei andre høyringsinstansane støttar endringa av namnet frå Eksportutvalget for fisk AS til Norges sjømatråd AS.

4.3 Departementet si vurdering

I vurderinga av namneendringa er det lagt vekt på at Norges sjømatråd AS har ei god engelsk omsetjing med tanke på den internasjonale verksemda. Vidare er det lagt vekt på at selskapsnamnet reflekterer at det har ein offisiell status, i tillegg til at selskapet står for marknadsføring av sjømat. Namnet gir heller ikkje inntrykk av at selskapet sjølve driv med sal av sjømat.

På bakgrunn av dette blir det gjort framlegg om at Eksportutvalget for fisk AS endrar namn til Norges sjømatråd AS, med engelsk omsetjing Norwegian Seafood Council og forkortinga Sjømatrådet på norsk. Selskapet er eit heileigd statleg AS og skal i nynorsksamanheng ha det offisielle namnet Noregs sjømatråd og kortforma Sjømatrådet. Norges/Noregs sjømatråd skal i samsvar med norsk rettskriving skrivast med liten s. Kortforma Sjømatrådet skal skrivast med stor S. Namnet gjer det uproblematisk å vidareføre dagens e-postadresser (seafood.no og godfisk.no).

Namneendringa inneber at Norges sjømatråd AS, eller Sjømatrådet, vil erstatte Eksportutvalget for fisk AS og Eksportutvalget i fiskeeksportloven med tilhøyrande forskrifter.

Eksportutvalget for fisk AS har oppretta og registrert eit dotterselskap med namnet Norges sjømatråd AS (Sjømatrådet) for å sikre namnet. Etter lovendringa vil det bli gjennomført ein fusjon mellom dette dotterselskapet og morselskapet Eksportutvalget for fisk AS slik at sistnemnde kan overta namnet Norges sjømatråd AS (Sjømatrådet).

4.4 Økonomiske og administrative konsekvensar

Det er rekna med at namneendringa vil koste mellom 600.000 og 1.000.000 kroner. Opp mot halvparten av kostnaden vil gå med til å gjere namnet kjent. Midla knytte til namneendringa blir dekte av selskapet sjølv og finansierte av eksportavgifta. Vurderinga er såleis at endringa ikkje vil føre til vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar.