Prop. 152 L (2011–2012)

Lov om gjennomføring i norsk rett av EØS-avtalen vedlegg V punkt 2 (forordning (EU) nr. 492/2011) om fri rørsle av arbeidstakarar innanfor EØS-området (EØS-arbeidstakarlova)

Til innhaldsliste

5 Om forordning (EU) nr. 492/2011

5.1 Innhaldet i forordninga

Forordning (EU) nr. 492/2011 erstattar forordning (EØF) nr. 1612/68 om rett til fri rørsle av arbeidskraft innan EU. Den nye forordninga er ein konsolidert versjon av tidlegare forordning med endringar, da den tidlegare forordninga har vorte endra fleire gonger. Forordninga er revidert av omsyn til klarleik og av praktiske årsaker. Forordninga introduserer ikkje nye materielle reglar. Endringane er tekniske og redaksjonelle oppdateringar.

Forordninga slår fast at fri rørsle er ein grunnleggjande rett for arbeidstakarar og familiane deira. Mobiliteten til arbeidskrafta innanfor Unionen skal vere eitt av midla til å sikre at arbeidstakarar kan få betre leve- og arbeidsvilkår og lette den sosiale framgangen sin. Samstundes skal slik mobilitet medverke til å oppfylle dei økonomiske behova til medlemsstatane. Retten til fri rørsle skal etter forordninga sannkjennast utan forskjellsbehandling.

Forordninga skal sikre at all forskjellsbehandling på grunnlag av nasjonalitet mellom arbeidstakarar frå medlemsstatane avskaffast når det gjeld sysselsetjing, lønn og andre arbeidsvilkår. Det same gjeld den retten desse arbeidstakarane har til å flytte fritt innanfor Fellesskapet for å utøve lønna verksemd, med atterhald for dei avgrensingane som er grunngjevne med omsynet til offentleg orden, offentleg tryggleik eller folkehelse. Kapittel 1 i den nye forordninga presiserer at alle arbeidstakarar innanfor Unionen skal ha lik behandling. Prinsippet inneber at alle borgarar i medlemsstatane får den same prioriteten til arbeid som innanlandske arbeidstakarar.

Forordninga har, slik forordning 1612/68 og hadde, ei rekkje reglar som gjev rettar for enkeltpersonar når det gjeld tilgang til sysselsetjing og lik behandling. Forordninga oppstiller også føresegner om arbeidsformidling, om kontrolltiltak for å fremje jamvekta på arbeidsmarknaden og om organ som skal sikre eit nært samarbeid mellom medlemsstatane om fri rørsle for og sysselsetjing av arbeidstakarar.

5.2 EØS-relevansen av forordninga

Det er berre EØS-relevante rettsaktar frå EU som skal innlemmast i EØS-avtalen. Denne forordninga gjeld føresegner om fri rørsle av arbeidstakarar innanfor Unionen og utgjer dermed ei sentral plikt etter EØS-avtalen.