Prop. 156 S (2012–2013)

Ein del saker på Samferdselsdepartementets område

Til innhaldsliste

4 Programkategori 21.50 Jernbaneformål

4.1 Kostnader for investeringsprosjekt på jernbane

ERTMS – stasjonstiltak Austfoldbana, Austre line

Prosjektet er omtalt i Prop. 1 S (2012-2013), side 149. Der går det fram at ein heldt på med detaljplanlegginga av tiltaka og at det derfor ikkje var lagt fram kostnadsoverslag tidlegare. Utbygginga omfattar dei fem stasjonane Kråkstad, Tomter, Spydeberg, Askim og Mysen på austre line. Stasjonstiltaka er nødvendige for å gjennomføre og ta i bruk ERTMS på erfaringsstrekninga, men dei inngår ikkje i sjølve ERTMS-prosjektet.

Jernbaneverket har no utarbeidd detaljplanar for dei fem stasjonane i prosjektet. På dette grunnlaget foreslår Samferdselsdepartementet ei samla kostnadsramme på 572 mill. kr og ei styringsramme på 489 mill. kr. Innafor den samla kostnads- og styringsramma ligg det til rette for ei meir effektiv porteføljestyring av dei fem stasjonsprosjekta, enn om dei einskilde prosjekta skulle ha kvar si kostnads- og styringsramme.

Kapasitetsaukande tiltak Oslo S - Lysaker

Prosjektet er omtalt i Prop. 1 S (2012-2013), side 145, med ei kostnadsramme på 64 mill. kr og ei styringsramme på 51 mill. kr.

Jernbaneverket har no utarbeidd detaljplan for prosjektet. Denne har auka omfang og kompleksitet samanlikna med tidlegare planar. Det auka omfanget gjeld m.a. grensesnitta for sikringsanlegga på stasjonane Lysaker og Skøyen og fjernstyringa av desse. Prosjektet er nødvendig for å gjennomføre ruteendring frå desember 2014.

Samferdselsdepartementet foreslår å auke kostnadsramma til 91 mill. kr og styringsramma til 80 mill. kr.

Det er ikkje behov for å auke løyvinga for 2013.

GSM-R Redundant kjernenett

Prosjektet er omtalt i Prop. 1 S (2012-2013), side 148, med ei kostnadsramme på 240 mill. kr og ei styringsramme på 210 mill. kr. Jernbaneverket har utarbeidd ein detaljplan for tiltaket som har auka omfang og kostnader. Kostnadsauken omfattar m.a. lokale, programvaretilpassingar og systemkomponentar.

Samferdselsdepartementet foreslår å auke kostnadsramma til 284 mill. kr og styringsramma til 271 mill. kr.

I budsjettet for 2013 er det sett av i alt 156 mill. kr til å oppgradere GSM-R og Jernbaneverkets telenett. Det er ikkje behov for å auke løyvinga for 2013.

Dobbeltspor Hell - Værnes og Værnes haldeplass

Prosjektet er omtalt i Prop. 1 S (2012-2013), side 143. Det blei der sett av 50 mill. kr med sikte på mogeleg oppstart av prosjektet i 2013. Vidare går det fram at Samferdselsdepartementet ville kome tilbake med forslag til kostnads- og styringsrammer for prosjektet.

Jernbaneverket arbeider med detaljplanlegginga av Værnes haldeplass i samarbeid med Avinor AS. Innafor løyvinga på budsjettet for 2013 har Jernbaneverket sett av 40 mill. kr til detaljplanlegginga og eventuell byggjestart av haldeplassen. Vidare har Jernbaneverket sett av 10 mill. kr til å planleggje Hell-Værnes. Jernbaneverket arbeider med reguleringsplan og detaljplan for strekninga. Samferdselsdepartementet vil kome tilbake til prosjektet når nærare planavklaring med kostnads- og styringsrammer ligg føre.

Voss stasjon

Prosjektet er sist omtalt i Prop. 1 S (2012-2013), side 149, med ei kostnadsramme på 250 mill. kr og ei styringsramme på 230 mill. kr. Etter at Prop. 1 S (2012-2013) blei lagt fram, har prosjektet auka i omfang og kostnader. Jernbaneverkets prognose for sluttkostnaden i prosjektet er no på 344 mill. kr etter at alle kontraktane i prosjektet er inngått.

Jernbaneverket har sidan sommaren 2012 gått nøye gjennom prosjektet, men har ikkje funne tenelege tiltak for å redusere kostnadene. Det har m.a. vist seg nødvendig å gjennomføre eit omfattande fornyingsarbeid med å skifte ut det jernbanetekniske anlegget på stasjonen, da det viste seg å vere i mykje dårlegare stand enn det var rekna med i dei opphavlege planane. Kostnadene med å fornye anlegga på Voss stasjon er om lag 114 mill. kr.

Prosjektet blei sett i gang og er gjennomført på eit altfor dårleg plangrunnlag. Kostnadsstyringa i prosjektet har òg vore for dårleg. Ut frå erfaringa i dette prosjektet har Samferdselsdepartementet bedt Jernbaneverket om omgåande å setje i verk tiltak for å betre planlegginga og kostnadsstyringa av nye prosjekt. Særleg gjeld dette mindre prosjekt der problema har vore størst.

I budsjettet for 2013 er det sett av 91 mill. kr til å gjere ferdig prosjektet Voss stasjon. Samferdselsdepartementet legg til grunn at prosjektet blir gjennomført i 2013 som tidlegare planlagt, utan nye kostnadsrammer eller løyvingsendring. Behov for midlar ut over det som er sett av i budsjettet for 2013, må Jernbaneverket dekkje ved omdisponeringar innafor ramma i vedteke budsjett.

4.2 Fullmakt til restverdisikring av togmateriell

I samband med behandlinga i Stortinget av Prop. 36 S/Innst. 105 S (2012-2013) fekk Samferdselsdepartementet i 2012 fullmakt til å gi NSB AS ytterlegare restverdigaranti for oppgraderingar og nyinvesteringar innafor ei ramme på inntil 4 095 mill. kr for det materiellet som inngår i det statlege kjøpet av persontransporttenester frå NSB. Det blei opplyst at fullmakta for 2013 må endrast tilsvarande, og at departementet ville kome tilbake med forslag om dette.

Samferdselsdepartementet foreslår at ramma i fullmakta om å gi NSB ytterlegare restverdigaranti blir auka med 870 mill. kr i 2013, frå 1 085 mill. kr til 1 955 mill. kr, jf. forslag til romartalsvedtak.