Prop. 16 L (2010–2011)

Endringar i folketrygdlova og enkelte andre lover (samleproposisjon hausten 2010)

Til innhaldsliste

Del 1
Materielle endringar

2 Endringar i kvalifikasjonsgrunnlaget for dagpengar under arbeidsløyse

2.1 Innleiing

Departementet foreslår å endre kvalifikasjonsgrunnlaget for dagpengar under arbeidsløyse slik at foreldrepengar, svangerskapspengar og svangerskapsrelaterte sjukepengar tel som arbeidsinntekt i kravet til minsteinntekt for dagpengar under arbeidsløyse.

2.2 Bakgrunn

Folketrygdlova § 4-4 gjeld kravet om ei minste arbeidsinntekt for å ha rett til dagpengar. Etter gjeldande rett blir fødselspengar, svangerskapspengar og svangerskapsrelaterte sjukepengar ikkje rekna som arbeidsinntekt. Bakgrunnen for forslaget om å ta desse ytingane med i minsteinntekta, er eit søksmål mot staten om den no oppheva ventestønaden. Spørsmålet i saka gjaldt same prinsipp som for dagpengar, om at fødselspengar, svangerskapspengar og svangerskapsrelaterte sjukepengar ikkje blir rekna med som arbeidsinntekt i kvalifikasjonsgrunnlaget. Å utelukke desse ytingane frå kvalifikasjonsgrunnlaget var hevda å stride mot generalklausulen i likestillingslova § 3. Saka er forlikt, men sjølv om det ikkje ligg føre ein dom i saka, inneber det ei innrømming av at gjeldande reglar er i strid med likestillingslova. Likestillings- og diskrimineringsnemnda har ved fleire høve uttalt at ytingane må inkluderast som arbeidsinntekt for å kvalifisere til dagpengar. Regjeringsadvokaten har vore klår på at ein må etablere ny praksis med verknad med ein gong for nye saker om dagpengar.

2.3 Departementet si vurdering og forslag

Det er eit generelt prinsipp i dagpengeordninga at dagpengar skal erstatte bortfall av arbeidsinntekt. Med denne lovendringa får fleire arbeidssøkjarar rett til dagpengar og endringa styrkjer rettane til kvinnelege arbeidstakarar i samband med graviditet og fødsel. Forslaget påverkar ikkje kor mykje den enkelte dagpengemottakar får utbetalt sidan foreldrepengar, svangerskapspengar og svangerskapsrelaterte sjukepengar allereie inngår i berekningsgrunnlaget for dagpengane.

Gjeldande reglar er til ugunst for kvinnelege arbeidstakarar som er reelle arbeidssøkjarar, særleg der kvinna har hatt ein periode med tette fødsler, slik at det ikkje har vore mogleg å tene opp tilstrekkeleg arbeidsinntekt. Til samanlikning gir avtent verneplikt sjølvstendig rett til dagpengar i inntil 26 veker utan krav om tidlegare tilknyting til arbeidslivet. Denne regelen er i første rekke til gunst for menn. Sjølv om ein ikkje har noko juridisk plikt til å følgje oppmodinga om lovendring frå Likestillings- og diskrimineringsnemnda, er konsekvensen likevel at folketrygdlova § 4-4 framleis vil vere i strid med generalklausulen i likestillingslova § 3, noko som i seg sjølv tilseier ei endring.

Departementet foreslår derfor at folketrygdlova § 4-4 blir endra slik at foreldrepengar, svangerskapspengar og svangerskapsrelaterte sjukepengar blir rekna med som arbeidsinntekt i kravet til minsteinntekt for dagpengar for nye tilfelle. Ein viser til lovforslaget.

2.4 Ikraftsetjing. Økonomiske og administrative konsekvensar

Departementet foreslår at endringa trer i kraft 1. januar 2011.

Forslaget inneber at fleire kan få rett til dagpengar, noko som er anslått å gi auka utbetalingar på om lag 69 mill. kroner i 2011. Talet vil auke når endringa er fullt fasa inn, og på usikkert grunnlag er aukinga berekna til om lag 100 mill. kroner i 2012.

Det er ikkje venta større administrative konsekvensar av forslaget.

3 Oppheving av særreglane for dagpengemottakarar over 64 år

3.1 Innleiing

Departementet foreslår å oppheve dei særreglane etter folketrygdlova § 4-17 som no gjeld for dagpengemottakarar på 64 år eller meir.

3.2 Bakgrunn

Det er fleire særreglar for eldre arbeidssøkjarar i folketrygdlova kapittel 4.

Det følgjer av folketrygdlova § 4-5 at alder er eitt av kriteria for vurderinga av om ein arbeidssøkjar skal reknast som reell arbeidssøkjar, sjølv om han eller ho søkjer om deltidsarbeid eller berre søkjer arbeid innafor eit avgrensa geografisk område. I praksis får dagpengemotakarar over 60 år vere lokal- og deltidsarbeidssøkjarar.

Folketrygdlova § 4-17 har ei rekkje særreglar for dagpengemottakarar som er 64 år eller meir:

  • dagpengemotakarar som har fylt 64 år, kan få dagpengar fram til fylte 67 år

  • medlem som fyller kravet til minste arbeidsinntekt etter § 4-4 første ledd første gongen dei krev dagpengar etter fylte 64 år, treng ikkje å fylle dette kravet dersom dei seinare søkjer om dagpengar på nytt

  • medlem som er godskrivne pensjonspoeng for minst tre av dei siste fem åra før krav om dagpengar er sett fram, skal ha eit minste dagpengegrunnlag på tre gonger grunnbeløpet

  • dagpengegrunnlaget blir regulert i samsvar med endringane i grunnbeløpet for dei som har fylt 64 år før grunnbeløpsendringa 1. mai

  • næringsinntekt blir rekna med ved prøvinga av kravet til minsteinntekt og ved fastsettinga av dagpengegrunnlaget. Dette gjeld likevel berre dersom verksemda er stansa og det ville være urimeleg å krevje at søkjaren skulle halde fram med verksemda

3.3 Departementet si vurdering og forslag

Særreglane for dagpengemottakarar over 64 år inneber at ein i yttertilfella kan få dagpengar samanhengande frå ein er 62 år til ein er 67 år, altså i fem år. Grunngjevinga for særreglane er at arbeidstakarar som mister arbeidet sitt når dei er i 60-åra, kan ha større vanskar med å komme tilbake til arbeidslivet enn yngre arbeidslause. Historisk har særordninga også hatt samanheng med behovet for førtidspensjoneringsløysingar, særleg i samband med nedbemanningar av verksemder.

Det er no eit uttalt ønske å halde eldre arbeidstakarar i arbeidslivet så lenge som mogleg. Det har vore ein positiv utvikling i arbeidsgivar si generelle haldning til eldre arbeidstakarar frå 2003 til 2009, jf. Seniorpolitisk barometer 2009. Den nye alderspensjonen byggjer opp under det sistnemnde, mellom anna ved at ein kan tene opp rett til pensjon fram til fylte 75 år. Samstundes får fleire eit generelt høve til å ta ut alderspensjon, heilt eller delvis, frå fylte 62 år. Som ein følgje av dette, vil det vere urimeleg å bruke dagpengar som en form for tidleg pensjon. Bruk av dagpengar som en tidlegpensjon, vil føre til at ein sparer alderspensjonen frå folketrygda og kan ta han ut seinare. Problemstillinga er nærmare drøfta under punkt 2.2.8 i Prop. 1 S (2010-2011) for Arbeidsdepartementet. Mange av dei som fell ut av arbeidslivet når dei er i sekstiåra, blir omfatta av andre inntektssikringsordningar, som t.d. AFP eller sjukepengar. Om lag 80 – 90 prosent av kvinnene og nesten alle menn med rett til AFP i privat sektor kan ta ut alderspensjon frå folketrygda frå dei er 64 år. Retten til AFP i privat sektor fell bort etter at ein har vore arbeidslaus i 26 veker. Det er grunn til å tru at dei aller fleste, når 26-ukersgrensa nærmar seg, vil ta ut AFP og alderspensjon for å sikre at retten til AFP ikkje fell bort. Blant dei som ikkje har rett til AFP, er delen kvinner som ikkje kan ta ut pensjon når dei er 64 år, ein god del lågare. I dag er det nesten berre menn som mottek dagpengar etter særreglane. Det er derfor grunn til å tru at dei aller fleste av dei som blir råka av at desse reglane blir oppheva, vil ha rett til alderspensjon frå folketrygda. Ei oppheving av særreglane vil også bidra til å hindre at eldre gjennom særreglane blir stimulerte til å tilpasse seg passive ytingar før pensjoneringsalder. Departementet foreslår ei avvikling og utfasing av særreglane slik at dagpengeregelverket for dei som er fylt 64 år blir likt det som gjeld for dagpengemottakarar elles.

Departementet vil be Arbeids- og velferdsetaten sørgje for at den gruppa som blir råka, får tidleg og kvalifisert oppfølging med sikte på overgang til arbeid. Oppfølging kan skje i form av Arbeids- og velferdsetatens ordinære formidlings- og oppfølgingsbistand. Departementet vil følgje konsekvensane av utfasinga av særreglane nøye og vil be etaten om å rapportere særskild på utviklinga, med særleg fokus på den gruppa som ikkje kjem over i arbeid eller har rett til pensjon før fylte 67 år. Etaten vil også bli beden om å rapportere om kva slags oppfølging denne gruppa får.

3.4 Ikraftsetjing. Økonomiske og administrative konsekvensar

Departementet legg til grunn at særreglane for dagpengemottakarar på 64 år eller meir blir oppheva med verknad frå og med 1. januar 2011.

Dei som får dagpengar ved årsskiftet og som er nær ved å bli omfatta av særreglane, vil kunne ha innretta seg på å bli omfatta av dei reglane som gjeld no. Forslaget her er derfor at opphevinga ikkje tar til å gjelde før frå 1. januar 2012 for dei som får dagpengar per 1. januar 2011, og som ville vore omfatta av særreglane dersom opphevinga ikkje hadde funne stad. Ein slik overgangsperiode vil gi denne gruppa rimeleg tid til å innrette seg etter endringane i regelverket.

Endringa vil etter dette få verknad frå og med 1. januar 2011 for alle som får rett til dagpengar etter 31. desember 2010. For alle andre dagpengemottakarar gjeld endringa frå og med 1. januar 2012. Det vil seie at dagpengemottakarar som er fylt 63 år før 1. januar 2011, kan ha dagpengar etter gjeldande særreglar til og med 31. desember 2011.

Endringa ventast å gi ei økonomisk innsparing i 2012 på om lag 145 mill. kroner.

Det er ikkje venta nemneverdige administrative konsekvensar.

4 Endre samordningsreglar for dagpengar og arbeidsavklaringspengar

4.1 Innleiing

Departementet foreslår at dagpengane ikkje skal samordnast mot alderspensjon og ny AFP i privat sektor, og at arbeidsavklaringspengane ikkje skal samordnast mot alderspensjon.

4.2 Bakgrunn

Innføring av ein fleksibel alderspensjon i folketrygda frå fylte 62 år inneber ein valfridom i forhold til uttakstidspunkt for alderspensjon, og full fridom til å kombinere arbeids- og pensjonsinntekter utan avkorting. Dette gjer det nødvendig å ta stilling til om personar som har rett til å ta ut alderspensjon frå folketrygda òg skal ha rett til å få dagpengar under arbeidsløyse og arbeidsavklaringspengar utan avkorting.

Etter gjeldande reglar kan ein person som samtidig har rett til dagpengar under arbeidsløyse og andre fulle folketrygdytingar til dekning av inntektsbortfall, velje stønad. Dagpengane fell etter folketrygdlova § 4-24 bort dersom ein vel ei anna full folketrygdyting eller full AFP. Dersom ein får reduserte folketrygdytingar eller redusert AFP, blir dagpengane reduserte med tilsvarande sum, men likevel slik at netto utbetaling ikkje blir mindre enn fulle dagpengar, jf. folketrygdlova § 4-25.

Ein person som samtidig har rett til arbeidsavklaringspengar og andre fulle folketrygdytingar til dekning av inntektsbortfall, kan velje stønad. Arbeidsavklaringspengane fell etter folketrygdlova § 11-23 bort dersom ein vel ei anna full folketrygdyting. Dersom ein får reduserte folketrygdytingar, blir arbeidsavklaringspengane redusert med tilsvarande prosent som den reduserte stønaden utgjer, jf. folketrygdlova § 11-24. Dei som har arbeidsavklaringspengar kan etter gjeldande reglar ikkje samstundes få AFP.

Samordningsreglane blir i dag ikkje brukt i forhold til alderspensjon, då ein ikkje kan få dagpengar eller arbeidsavklaringspengar etter fylte 67 år og ein ikkje kan få alderspensjon før fylte 67 år.

4.3 Departementet si vurdering og forslag

I ny fleksibel alderspensjon, med valfri pensjonsalder frå 62 til 75 år, blir det lov å kombinere alderspensjon og arbeid utan avkorting. Det nye pensjonssystemet er utforma for å stimulere til arbeid ved at årleg pensjon ikkje blir avkorta mot arbeidsinntekt og ved at årleg pensjon blir høgare desto seinare han blir teken ut. Rettar til midlertidige folketrygdytingar ved sjukdom og arbeidsløyse må vurderast på denne bakgrunnen.

Pensjonskommisjonen gjorde ikkje ei nærmare vurdering av spørsmålet om rettar i samband med sjukdom og arbeidsløyse, og dette har heller ikkje vore nærmare vurdert i dei meldingane som har vore fremma som underlag for pensjonsreforma. I St.meld. nr 5 (2006-2007) Opptjening og uttak av alderspensjon i folketrygden er det sagt:

”I arbeidet med å reformere folketrygdens alderspensjon legger regjeringen vekt på at personer med svekket helse og personer som blir arbeidsledige fortsatt skal ha tilgang til andre gode trygdeordninger. Den fleksible alderspensjonen i folketrygden er utformet for at arbeidsføre kan velge mellom arbeid og pensjon etter 62 år.”

I Ot.prp. nr. 37 (2008-2009) Om lov om endringer i folketrygdloven (ny alderspensjon) er følgjande varsla:

”Videre må det tas stilling til hvordan folketrygdens korttidsytelser skal tilpasses de nye reglene om fleksibelt uttak av alderspensjon fra 62 år. Det må her blant annet tas stilling til om disse ytelsene (sykepenger, arbeidsavklaringspenger og dagpenger) skal kunne utbetales sammen med fleksibel alderspensjon.”

Det er i dag eit gjennomgåande prinsipp i folketrygda at det ikkje samtidig blir gitt to fulle stønader til livsopphald. Om det blir gitt fulle dagpengar eller arbeidsavklaringspengar til personar som samtidig får utbetalt alderspensjon, kan samla utbetaling frå folketrygda i ein periode bli svært høg. I Prop. 1 S (2010-2011) for Arbeidsdepartementet er denne problemstillinga nærmare vurdert, og det er varsla eit høyringsnotat våren 2011 med ein brei gjennomgang av regelverket for korttidsytingar for personar over 62 år og korleis forholdet mellom korttidsytingane og alderspensjon for denne aldersgruppa bør vere.

Ei vidareføring av gjeldande reglar for samordning for å hindre doble ytingar, vil slå urimeleg ut. Det vil for eksempel føre til at personar som har teke ut alderspensjon ikkje vil kunne få dagpengar, mens personar som ikkje har teke ut alderspensjon, vil kunne få dagpengar.

Departementet meiner derfor at det er nødvendig å fjerne gjeldande reglar om at utbetalt alderspensjon fører til reduksjon av dagpengar under arbeidsløyse og arbeidsavklaringspengar frå 2011.

Når det gjeld ny AFP i privat sektor, er denne ytinga nært knytt til fleksibel alderspensjon. Nivået på ytinga er tilpassa alderspensjon med sikte på samla sett å gi ei god pensjonsdekning. Det gjeld tilsvarande reglar som for alderspensjon når det gjeld levealdersjustering og høvet til å ha arbeidsinntekt ved sida av pensjonen. Vidare skal ny AFP reknast med i vurderinga av om vilkåra for tidleguttak av alderspensjon er oppfylte, og tidleguttak av AFP er berre mogeleg dersom vilkåra for uttak av alderspensjon er oppfylte. Departementet vil foreslå dei same løysingane for fleksibel alderspensjon og ny AFP, slik at dagpengane ikkje skal samordnast når ein får utbetalt ny AFP.

Det er tilsvarande klart at AFP i privat sektor etter dagens reglar må samordnast med dagpengane også frå 2011, slik at dagens reglar om samordning kan leggjast til grunn. Dei same reglane må gjelde for personar som tek ut pensjon etter den nye lova om avtalefesta pensjon for personar som er med i Statens pensjonskasse, og for kommunal avtalefesta pensjon som etter reglane blir redusert ut frå arbeidsinntekt eller arbeidstid. Desse gruppene er ikkje direkte regulerte i gjeldande reglar.

Departementet foreslår at retten til dagpengar etter § 4-24 tredje ledd skal falle bort for personar som har ugradert avtalefesta pensjon, med unntak av pensjon etter AFP-tilskottslova kapittel 2 og 3 (ny AFP). Tilsvarande skal dei som får avtalefesta pensjon som er gradert ut frå arbeidsinntekt eller arbeidstid etter forslaget til endringar i § 4-25 tredje ledd, få samordna dagpengane med pensjonen etter dei same reglane som i dag. Dette omfattar ikkje ny AFP, som ikkje blir redusert av desse grunnane. Departementet viser til lovforslaget.

4.4 Ikraftsetjing. Økonomiske og administrative konsekvensar

Departementet foreslår at endringa trer i kraft 1. januar 2011.

I dag blir ikkje dagpengar eller arbeidsavklaringspengar samordna med alderspensjon etter folketrygdlova, fordi det følgjer av aldersgrensene for ytingane at ein ikkje kan få ytingane på same tid. Forslaget om å oppheve samordningsreglane mot alderspensjon etter folketrygdlova vil dermed ikkje føre til at det blir gitt dagpengar eller arbeidsavklaringspengar i andre tilfelle enn i dag. Endringane vil soleis ikkje føre til auka utgifter til dagpengar eller arbeidsavklaringspengar.

Når det gjeld samordning av dagpengar og AFP, fører endringane til at det kan bli gitt dagpengar i fleire tilfelle enn i dag. Departementet har ikkje grunnlag for å kunne seie kor mange som vil ta ut alderspensjon og ny AFP i privat sektor samtidig som dei får dagpengar. Det er derfor ikkje mogeleg å rekne på kva økonomiske konsekvensar denne endringa har.

Departementet legg til grunn at endringane ikkje vil ha administrative konsekvensar.

5 Sjukepengar til personar over 62 år når fleksibel alderspensjon blir innført frå 1. januar 2011

5.1 Innleiing

Det skal innførast fleksibel pensjonsalder mellom 62 og 75 år frå 1. januar 2011. Det gjer at ein kan velje uttakstidspunkt for pensjon og har fullt høve til å kombinere pensjon og arbeidsinntekt utan avkorting. Departementet foreslår at ein skal kunne få sjukepengar etter vanlege reglar fram til fylte 67 år også når ein har teke ut alderspensjon. I dag gir ein sjukepengar i inntil 60 dagar til personar som mottek alderspensjon og har inntekt over to gonger grunnbeløpet. Departementet foreslår at ein held fram med å gi sjukepengar i inntil 60 dagar til personar mellom 67 og 70 år med arbeidsinntekt over to gonger grunnbeløpet, men foreslår at ein skal gi denne avgrensa sjukepengeretten uavhengig av om den sjukmelde har teke ut alderspensjon eller ikkje. Departementet foreslår at det som i dag, ikkje blir gitt sjukepengar til personar over 70 år.

I samband med dette blir det også foreslått ei klar regulering av sjukepengeretten for personar med avtalefesta pensjon (AFP). Personar med AFP etter dei nye reglane i privat sektor vil få sjukepengar etter dei same reglane som personar med alderspensjon frå folketrygda, mens personar med AFP etter dei gamle reglane får sjukepengar etter dei same reglane som i dag. Desse reglane skal også gjelde for personar med offentleg AFP. Pensjonsretten for begge gruppene med AFP blir regulert i § 8-52.

5.2 Bakgrunn. Gjeldande rett

Tap av pensjonsgivande inntekt på grunn av sjukdom gir rett til sjukepengar, jf. folketrygdlova § 8-3. Dette inneber at ein kan få sjukepengar til og med det kalenderåret ein fyller 69 år. Sjukepengar til personar som har teke ut alderspensjon er regulert i folketrygdlova § 8-51. Personar mellom 67 og 70 år som mottek alderspensjon, har rett til sjukepengar (av heile inntekta opp til 6 G) i inntil 60 dagar dersom inntektsgrunnlaget overstig to gongar grunnbeløpet. Ein tener opp ny sjukepengerett etter å ha vore heilt arbeidsfør i 26 veker etter at ein sist fekk sjukepengar frå trygda, jf. folketrygdlova § 8-12 fjerde ledd. Etter fylte 70 år har ein ikkje rett til sjukepengar.

Sjukepengeretten for personar med avtalefesta pensjon (AFP) er regulert i folketrygdlova § 8-52. Det blir ikkje gitt sjukepengar til ein medlem som har full AFP som er omfatta av regelen i folketrygdlova § 3-19 sjette ledd om godskriving av pensjonspoeng for perioden med AFP. Dei som har gradert slik pensjon (delpensjon), får sjukepengar på grunnlag av den inntekta dei har ved sidan av pensjonen.

Frå 1. januar 2011 skal det innførast fleksibel pensjonsalder mellom 62 og 75 år i dagens alderspensjon. Alderspensjonen skal justerast for venta levealder på uttakstidspunktet, sjå endringslova til folketrygdlova (ny alderspensjon) § 19-6. Nøytralt uttak inneber at den einskilde sjølv må betale kostnadene ved tidleg uttak. For å kunne ta ut alderspensjon før fylte 67 år må ein ha tent opp nok alderspensjon til at pensjonen ved 67 år svarar til minste pensjonsnivå når ein fyller 67 år, jf. endringslova § 19-11. Frå fylte 67 år vil alle kunne ta ut alderspensjon, og personar med inga eller låg opptening vil som i dag få rett til eit minste pensjonsnivå. Ein kan ta ut alderspensjonen heilt eller delvis og ein kan endre eller oppdatere uttaksgraden ein gong i året. Ein kan likevel ta ut full pensjon eller stanse pensjonen til ei kvar tid, jf. endringslova § 19-10.

For personar fødde frå og med 1943 er arbeidsinntekta pensjonsgivande til og med det året ein fyller 75 år, jf. folketrygdlova § 3-15.

Tilsvarande reglar gjeld for ny alderspensjon, sjå folketrygdlova kapittel 20.

Frå 2011 blir det også nye reglar for AFP i privat sektor. Den nye avtalefesta pensjonen blir gitt på livsvarig basis og vil faktisk og praktisk fungere som eit påslag til den nye alderspensjonen i folketrygda. Han blir ikkje redusert på grunn av arbeidsinntekt. Etter reglane må ein ta ut AFP saman med alderspensjonen frå folketrygda, men det er lov å stanse alderspensjonen seinare. Personar med rett til AFP vil derfor alltid ha rett til alderspensjon frå folketrygda.

Personar som tek ut pensjon før 2011, får AFP etter dei tidlegare reglane, dvs. med ein sterkt avgrensa rett til å ha arbeidsinntekt ved sidan av full (ugradert) pensjon. Det same gjeld for personar som tek ut pensjon etter den nye lova om avtalefesta pensjon for personar som er med i Statens pensjonskasse eller etter § 21 tredje og fjerde ledd i lova om Statens pensjonskasse. I dei kommunale ordningane gjeld dei same reglane for avtalefesta pensjon fram til fylte 65 år, og i perioden mellom 65 og 67 år dersom pensjonen blir rekna på same måten som dagens AFP i privat sektor. Dersom pensjonen mellom 65 og 67 år blir rekna som tenestepensjon, kan pensjonisten fritt ha inntekt i privat sektor, men ved arbeid i offentleg sektor blir pensjonen redusert i høve til storleiken på ny eller attverande stillingsdel.

Folketrygdlova § 8-51 regulerer i dag i kva utstrekning alderspensjonistar som har arbeidsinntekt ved sida av pensjonen skal kunne få sjukepengar. Innføring av fleksibel alderspensjon frå 62 år gjer det naudsynt å vurdere sjukepengeretten til yrkesaktive som kan ta ut en alderspensjon frå fylte 62 år etter reglane for fleksibel alderspensjon. Tilsvarande er det naudsynt å sjå nærare på sjukepengeretten etter § 8-52 for personar med AFP.

5.3 Departementet si vurdering og forslag

Departementet foreslår å endre reglane i folketrygdlova § 8-51 slik at ein kan få sjukepengar i tilnærma same utstrekning som i dag.

I dag gir ein sjukepengar etter dei vanlege reglane fram til fylte 67 år, som i dag er tidlegaste tidspunkt for uttak av alderspensjon. Med innføring av fleksibel alderspensjon må ein sjølv betale kostnadene ved tidlegare uttak av alderspensjon. Ikkje alle vil ha rett til å ta ut alderspensjon før fylte 67 år, sjå ovanfor. Departementet meiner at fram til fylte 67 år, når alle har rett til alderspensjon, skal tap av pensjonsgivande inntekt på grunn av sjukdom gi rett til sjukepengar etter dei vanlege reglane.

Etter dagens reglar gir tap av pensjonsgivande inntekt på grunn av sjukdom rett til sjukepengar. Personar mellom 67 og 70 år med arbeidsinntekt har derfor rett til sjukepengar etter dei vanlege reglane dersom dei ikkje får utbetalt alderspensjon. Men i praksis tek dei aller fleste ut alderspensjon frå fylte 67 år, mellom anna fordi ein allereie no kan kombinere arbeid og pensjon utan at pensjonen blir avkorta. Uttak av alderspensjon er heller ikkje til hinder for at ein kan tene opp større pensjon fram til 70 år. Dette inneber at dei fleste mellom 67 og 70 år i praksis er omfatta av reglane om sjukepengar til alderspensjonistar i folketrygdlova § 8-51, som gir sjukepengar i inntil 60 sjukedagar for dei som har inntekt over to gonger grunnbeløpet.

Med nøytralt uttak må pensjonisten sjølv betale kostnadene ved å ta ut alderspensjon tidleg. Dette, og dessutan at ein kan stanse pensjonen når ein vil, gjer at det ikkje er aktuelt å knytte retten til sjukepengar mellom 67 og 70 år til om det er teke ut alderspensjon. Dersom ein lagar ulike reglar alt etter om det er tatt ut pensjon eller ikkje, vil pensjonistar som blir sjuke kunne be om å få stoppa pensjonen og dermed få sjukepengar på lik line med personar som ikkje har tatt ut pensjon. I røynda vil då alle mellom 67 og 70 år ha fulle sjukepengeretter. Arbeids- og velferdsetaten vil då kunne få mykje meirarbeid med å stanse og sette i verk alderspensjonar.

I praksis vil, som nemnt, i dag personar mellom 67 og 70 ta ut alderspensjon og dermed få ein avkorta sjukepengerett. Departementet foreslår at denne gruppa frå 2011 skal ha rett til sjukepengar i same utstrekning som i dag, men uavhengig av om ein faktisk har teke ut alderspensjon. Det blir då gitt sjukepengar i 60 sjukepengedagar til personar mellom 67 og 70 år med inntekt over to gonger grunnbeløpet. Den som har vore helt arbeidsfør i 26 veker etter den siste sjukepengeutbetalinga frå trygda, tener opp ny rett til sjukepengar, slik som i dag.

Dersom pensjonsgivande inntekt etter fylte 70 år skal gi rett til sjukepengar frå trygda, vil sjukepengeordninga bli vesentleg utvida. Faren for å bli sjuk er større i høgare alder, og departementet meiner at det ikkje er rimeleg at trygda skal kompensere for tap av arbeidsinntekt på grunn av sjukdom for personar opp til 75 år.

Når endringa i § 22-13 fjerde ledd bokstav c, slik ho lyder etter endringa i lov 11. desember 2009 nr. 112 om endringar i folketrygdloven mv. (tilpasninger i folketrygdens regelverk som følge av pensjonsreformen) blir sett i kraft frå 1. januar 2011, kan ein få alderspensjon først frå og med månaden etter den månaden da kravet ble satt fram. Pensjonen blir stort sett utbetalt den 20. i månaden. Ifølgje Arbeids- og velferdsdirektoratet vil det normalt vere kort behandlingstid i desse sakene.

Departementet foreslår vidare at reglane om sjukepengar ved uttak av AFP blir presiserte i lova. Ny AFP i privat sektor er nært knytt til fleksibel alderspensjon, og stønadsmottakarane bør ha den same retten til sjukepengar som er foreslått i § 8-51. Det blir da gitt sjukepengar etter dei vanlege reglane fram til fylte 67 år. Mellom fylte 67 og 70 år blir det gitt sjukepengar dersom grunnlaget utgjer minst 2 G, men avgrensa til 60 sjukepengedagar. Personar med pensjonsuttak før 2011 med pensjon etter dei gamle reglane for AFP i privat sektor får den same sjukepengeretten som i dag, slik at personar med ugradert pensjon ikkje får rett til sjukepengar, mens pensjonistar med gradert pensjon får sjukepengar på grunnlag av inntekta dei har ved sidan av pensjonen. Desse reglane vil også gjelde for personar som tek ut pensjon etter den nye lova om avtalefesta pensjon for personar som er med i Statens pensjonskasse og for kommunal avtalefesta pensjon som blir redusert ut frå arbeidsinntekt eller arbeidstid. Personar mellom 65 og 67 år med kommunal avtalefesta pensjon rekna som tenestepensjon, får likevel vanleg rett til sjukepengar ved arbeid i privat sektor, slik som etter reglane i dag.

Moglegheita for å få utbetalt både alderspensjon og korttidsytingar som for eksempel sjukepengar medfører utfordringar for pensjonsreforma sin verkemåte. I Prop. 1 S (2010-2011) for Arbeidsdepartementet er denne problemstillinga nærmare vurdert, og det er varsla eit høyringsnotat våren 2011 med ein brei gjennomgang av regelverket for korttidsytingane for personar over 62 år og korleis forholdet mellom korttidsytingane og alderspensjonen for denne aldersgruppa bør vere.

Departementet viser til forslag om endring i folketrygdlova § 8-3, § 8-12 fjerde ledd og §§ 8-51 og 8-52 .

5.4 Iverksetjing. Økonomiske og administrative konsekvensar

Departementet foreslår at endringane trer i kraft 1. januar 2011.

Forslaget skal sikre at yrkesaktive får tilnærma den same retten til sjukepengar som etter gjeldande reglar. Endringa vil derfor ikkje føre til økte utgifter til sjukepengar. Forslaget til endringar kan gi noko meirarbeid i startfasen før ein får maskinelle løysingar på plass.

6 Arbeidsavklaringspengar til personar som tidlegare har fått arbeidsavklaringspengar og sjukepengar og som igjen blir arbeidsuføre

6.1 Innleiing

Departementet foreslår at retten til å få arbeidsavklaringspengar sjølv om ein ikkje får aktiv behandling, deltek på eit arbeidsretta tiltak eller liknande skal avgrensas til seks månader.

Det blir også foreslått at personar som tidlegare har mottatt sjukepengar etter kapittel 8 i til saman 248, 250 eller 260 sjukepengedagar i løpet av dei siste tre åra (§ 8-12), og igjen blir arbeidsuføre mens dei er i arbeid skal kunne få arbeidsavklaringspengar i inntil seks månader.

6.2 Bakgrunn

Arbeidsavklaringspengar gis som hovudregel mens ein får aktiv behandling, deltek på eit arbeidsretta tiltak eller mens ein etter å ha prøvd slike tiltak blir vurdert å ha ei viss mogelegheit for å komme i arbeid, og får oppfølging frå Arbeids- og velferdsetaten for å bli i stand til å skaffe seg eller å behalde arbeid som han eller ho kan utføre jf. folketrygdlova § 11-13. Arbeidsavklaringspengar kan også gis til personar som tidlegare har mottatt arbeidsavklaringspengar, men som ikkje fyller vilkåra for å få ytinga etter hovudregelen. Vilkåret er at personen innan seks månader igjen blir arbeidsufør som følgje av ein annan sjukdom mens han eller ho er i arbeid utan å ha opparbeida ny rett til sjukepengar eller at han eller ho innan eit år igjen blir arbeidsufør som følgje av same sjukdom.

6.3 Høyringa

Departementet sende 3. desember 2009 på høyring eit forslag om at det skulle presiserast at ein berre kan få arbeidsavklaringspengar etter unntaksreglane i inntil seks månader. Det blei dessutan foreslått at det skulle tas inn eit nytt unntak for å fange opp personar som tidlegare har mottatt sjukepengar og som etter det tidlegare regelverket kunne få rehabiliteringspengar. Det blei også foreslått at desse unntaka skulle delast inn i bokstaver slik at det blir lettare å lese dei. Forslaget blei sendt på høyring til:

Akademikerne

Arbeidsgiverforeningen SPEKTER

Arbeids- og velferdsdirektoratet

Arbeidssamvirkenes Landsforening

Attføringsbedriftene

Barneombudet

Bedriftsforbundet

Datatilsynet

Den norske advokatforening

Den norske dommerforening

Departementene og Statsministerens kontor

Direktoratet for arbeidstilsynet

Finansnæringens Hovedorganisasjon

Forum for arbeid med bistand

Forum for arbeidstrening

Fri rettshjelp, Oslo

Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon

Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon

Husbanken

Innvandrernes Landsorganisasjon

Institutt for menneskerettigheter

Institutt for samfunnsforskning

Integrerings- og mangfoldsdirektoratet

Juridisk rådgivning for kvinner

Juss-Buss

Jussformidlingen

Jusshjelpa i Nord-Norge

Kirkens bymisjon

Kommunal Landspensjonskasse

Kreftforeningen

KS – Kommunesektorens interesse- og arbeidsgiverorganisasjon

Kontaktutvalget mellom innvandrere og myndighetene

Landets pasientombud

Landsorganisasjonen Norge (LO)

Landsrådet for arbeid til yrkeshemmede

Likestillings- og diskrimineringsombudet

Mangfold i arbeidslivet

Nasjonalforeningen for folkehelsen

Norges Blindeforbund

Norges Handikapforbund

Norsk Attføringsforum

Næringslivets hovedorganisasjon

Oslo kommune

Rettspolitisk forening

Riksrevisjonen

Rådet for psykisk helse

Samarbeidsforum for funksjonshemmedes organisasjoner

Sametinget

Senter for seniorpolitikk

Skattedirektoratet

Sosial- og helsedirektoratet

Statens pensjonskasse

Statens råd for funksjonshemmede

Statens seniorråd

Statistisk sentralbyrå

Stiftelsen Rettferd for taperne

Stortingets ombudsmann for forvaltningen

Unio – Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede

Utlendingsdirektoratet

Velferdsalliansen

Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund (YS)

6.4 Høyringsinstansane sine merknader

Kreftforeninga var den einaste av høyringsinstansane som uttalte seg om den føreslåtte endringa i § 11-13. Dei skreiv:

”Det er ikke umiddelbart forståelig hva departementet foreslår med denne presiseringen og hvilke unntak det refereres til. Om vi forstår forslaget riktig, er dette imidlertid en innstramming sammenlignet med nåværende lov når det foreslås å begrense ytelsen til inntil 6 måneder. En slik innstramming er vi sterkt imot. Dette fordi mange personer med lange behandlingsløp og svingende forløp har behov for arbeidsavklaringspenger utover 6 måneder også etter denne bestemmelsen, fordi inntil 6 måneder for enkelte er altfor kort tid til å få nødvendig fotfeste i arbeidslivet. Det er svært uheldig, og sikkert utilsiktet, om forslaget medfører at flere må over på uførepensjon og i verste fall sosialhjelp fordi ytelsen kun kan mottas et halvt år. Igjen vil vi understreke behovet for å lage så inkluderende ordninger som mulig.”

6.5 Departementet si vurdering og forslag

Paragraf 11-13 tredje ledd regulerar tilfelle der arbeidsevna berre er reint forbigåande nedsett, slik at bruker ikkje fyller vilkåra i § 11-5 om at arbeidsevna skal være ”nedsatt i en slik grad at personen blir hindret i å beholde eller skaffe seg inntektsgivende arbeid”. Fram til 1. mars 2010 kunne personar som tidlegare hadde mottatt rehabiliteringspengar, og som innan eitt år igjen blei arbeidsuføre som følgje av same sjukdom og personar som tidlegare hadde mottatt rehabiliteringspengar, og som innan seks månader igjen blei arbeidsuføre som følgje av annan sjukdom mens vedkommande var i arbeid utan å ha opparbeida seg rett til sjukepengar, få rehabiliteringspengar. Desse reglane blei i Ot.prp. nr. 4 (2008-2009) Om lov om endringer i folketrygdloven og i enkelte andre lover (arbeidsavklaringspenger, arbeidsevnevurderinger og aktivitetsplaner) foreslått vidareførte i det nye regelverket for arbeidsavklaringspengar.

I dei tilfella som er regulerte i § 11-13 tredje ledd inneber regelen i realiteten ei forlenging av sjukepengeretten, men med redusert sats. Det går ikkje fram av regelverket kor lenge ein i dei omtalte tilfella skal kunne få arbeidsavklaringspengar. Rehabiliteringspengar kunne som hovudregel berre gis i inntil eitt år, mens arbeidsavklaringspengar som hovudregel skal kunne gis i inntil fire år. Det har ikkje vore meininga å utvide perioden for unntaket. Departementet viser til at hovudregelen skal fange opp tilfelle der nedsettinga av arbeidsevna har ein viss varigheit og meiner at det må gå fram av loven når personen må vurderast etter hovudregelen. Departementet foreslår at dette skiljet skal gå ved seks månader, dvs. at det skal kunne gis arbeidsavklaringspengar etter unntaksregelen i inntil seks månader.

Departementet er dessutan blitt oppmerksam på at formuleringane i § 11-13 tredje ledd ikkje fullt ut dekkjer dei situasjonene som var dekte i den no oppheva § 10-8 tredje ledd. Departementet foreslår derfor at det i tillegg blir tatt inn ein ny regel om at personar som tidlegare har mottatt sjukepengar etter kapittel 8 i til saman 248, 250 eller 260 sjukepengedagar i løpet av dei siste tre åra (§ 8-12), og igjen blir arbeidsuføre mens dei er i arbeid skal kunne få arbeidsavklaringspengar i inntil seks månader.

6.6 Ikraftsetjing. Økonomiske og administrative konsekvensar

Departementet foreslår at endringa trer i 1. januar 2011.

Forslaget om å avgrense perioden der ein kan få arbeidsavklaringspengar etter unntaksreglane i § 11-13 vil kunne føre til ei beskjeden innstramming samanlikna med dagens regelverk. Forslaget om å gi ein ny unntaksregel vil kunne medføre ein beskjeden auke samanlikna med dagens regelverk. Endringane vil ikkje medføre administrative konsekvensar.

Til forsida