Prop. 166 S (2012–2013)

Tilleggsløyvingar som følgje av reguleringa av grunnbeløpet og pensjonar i folketrygda mv. frå 1. mai 2013

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Regjeringa gjer med dette framlegg om å auke løyvingar på statsbudsjettet for 2013 som følgje av reguleringa av grunnbeløpet (G) og pensjonar i folketrygda og i visse andre pensjonsordningar frå 1. mai 2013.

Departementet viser til forskrift fastsett ved kongeleg resolusjon 24. mai 2013 om grunnbeløp, reguleringsfaktorer, satser for minste pensjonsnivå i folketrygden fra 1. mai 2013 og virkningstidspunkt for regulering av kravet til minsteinntekt for rett til dagpenger.

Grunnbeløpet er auka frå 82 122 kroner til 85 245 kroner frå 1. mai, det vil seie med 3,80 prosent. Uførepensjonistar og andre som får pensjonar og ytingar regulerte gjennom endringar i grunnbeløpet, får dermed ein tilsvarande auke frå same dato. Alderspensjon under opptening blir også oppregulert med 3,80 prosent.

Alderspensjon under utbetaling blir regulert med lønnsauken på 3,80 prosent og deretter fråtrekt 0,75 prosent. Dette inneber at alderspensjonistar får auka pensjonen med 3,02 prosent frå 1. mai 2013.

Satsane for minste pensjonsnivå for alderspensjonistar er auka med lønnsauken på 3,80 prosent og deretter justerte for effekten av levealdersjustering, noko som inneber at satsane er auka med 3,29 prosent. Satsane er frå 1. mai 2013 sette til 133 546 kroner for låg sats, 155 372 kroner for ordinær sats, 167 963 kroner for høg sats og 251 957 kroner for særskilt sats.

Meirutgiftene for 2013 som følgje av reguleringa av grunnbeløpet og pensjonar blir om lag 6 397 mill. kroner.

Som ei oppfølging av brev1 frå Arbeids- og sosialkomitéen knytt til handsaminga av Prop. 137 LS (2009–2010) tok Arbeidsdepartementet i proposisjonane for regulering av grunnbeløpet for 2010 og 2011 utgangspunkt i saldert budsjett som ”frå tal” i vedtaksdelen til proposisjonane. Etablert praksis når Regjeringa legg fram budsjettforslag for Stortinget, er likevel at ”frå tala” tar utgangspunkt i det siste forslaget til endra løyvingar som Regjeringa har fremma for Stortinget. Regjeringa la dette til grunn for trygdeoppgjøret i 2012, sjå Prop. 125 S (2011–2012). For å sikre lik praksis for budsjettproposisjonar til Stortinget har Arbeidsdepartementet som utgangspunkt i vedtaksdelen i denne proposisjonen nytta Prop. 149 S (2012–2013) som ble fremma samtidig med Revidert nasjonalbudsjett.

Fotnotar

1.

Brev frå Stortinget datert 10. juni 2010 med referanse: BeS/2010
Til forsida