Prop. 166 S (2012–2013)

Tilleggsløyvingar som følgje av reguleringa av grunnbeløpet og pensjonar i folketrygda mv. frå 1. mai 2013

Til innhaldsliste

2 Bakgrunn – nærare om reguleringa

Reglane for regulering

Reglane for regulering av pensjonar i folketrygda går fram av folketrygdlova §§ 1-4 og 19-14 og forskrift 6. mai 2011 nr. 465 om beregning av lønnsveksten som skal benyttes ved regulering av grunnbeløpet og alderspensjon i folketrygden. Alderspensjon under utbetaling skal regulerast med eit gjennomsnitt av lønns- og prisveksten. Dette gjennomføres ved at pensjonen blir regulert i samsvar med lønnsauken og deretter fråtrekt ein fast faktor på 0,75 prosent. Satsane for minste pensjonsnivå blir regulerte i samsvar med lønnsauken og deretter justerte for effekten av levealdersjusteringa for 67-åringar i reguleringsåret. Grunnbeløpet og alderspensjon under opptening blir regulerte i samsvar med lønnsauken. Uførepensjon og andre ytingar som blir regulerte i tråd med endringar i grunnbeløpet, blir dermed regulerte i samsvar med lønnsauken. Tilsvarande reglar gjeld i andre pensjonsordningar.

Til grunn for reguleringa ligg venta lønnsauke i reguleringsåret, justert for eventuelle avvik mellom venta og faktisk lønnsauke dei siste to åra. Det skal også vurderast om det er særlege tilhøve som har påverka lønnsutviklinga for einskilde grupper, og om effekten av dette skal haldast utanfor ved fastsetjinga av lønnsauken. Talgrunnlaget skal drøftast med organisasjonane til pensjonistane, dei funksjonshemma og arbeidstakarane før grunnbeløpet og pensjonane blir regulerte.

Drøftingar med organisasjonane

Grunnlaget for reguleringa har vore drøfta med Pensjonistforbundet, Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon, Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner, Landsorganisasjonen i Norge, Unio, Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund og Akademikerne. Sjå nærare om drøftingane i vedlagte protokollar.

I tråd med forskrift 6. mai 2011 nr. 465 blir det etter dette lagt til grunn ein venta lønnsauke på 3,5 prosent i 2013 i tråd med anslaget til regjeringa som går fram av Revidert nasjonalbudsjett for 2013. I trygdeoppgjeret 2012 vart det lagt til grunn for reguleringa av grunnbeløpet ein venta lønnsauke på 3,75 prosent i tråd med anslaget til regjeringa som går fram av Revidert nasjonalbudsjett for 2012. Faktisk lønnsauke for 2012 er anslått til 4,0 prosent i rapporten ”Grunnlaget for inntektsoppgjørene 2013” frå Det tekniske berekningsutvalet for inntektsopppgjera av 25. mars 2013. Partane er samde om at det ligg føre eit avvik på 0,25 prosentpoeng for 2012. I trygdeoppgjøret 2012 vart det lagt til grunn ein faktisk lønnsauke på 4,2 prosent i 2011. Faktisk lønnsauke for 2011 er i rapporten frå Det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera framleis sett til 4,2 prosent. Partane er samde om at det dermed ikkje ligg føre eit avvik for 2011.

Reguleringa av grunnbeløpet, pensjonane og satsane for minste pensjonsnivå frå 1. mai 2013

Når det er avvik dei to siste åra, skal det først takast omsyn til avvika og deretter til den venta prosentvise lønnsauken i inneverande år. Den samla årlege lønnsauken er på denne bakgrunnen fastsett til 3,76 prosent.

Reguleringa av grunnbeløpet og pensjonane skjer med verknad frå 1. mai. Det nye grunnbeløpet frå 1. mai 2013 skal dermed fastsetjast slik at den prosentvise auken i det gjennomsnittlege grunnbeløpet frå 2012 til 2013 blir lik den samla årlege lønnsauken. Det gjennomsnittlege grunnbeløpet auka med 3,76 prosent frå 2012 (81 153 kroner) til 2013 (84 204 kroner). Nytt grunnbeløp frå 1. mai 2013 er fastsett til 85 245 kroner. Den prosentvise auken i grunnbeløpet frå 82 122 kroner til 85 245 kroner frå 1. mai 2013 er 3,80 prosent. Det inneber at uførepensjonistar og andre som får pensjonar og ytingar regulerte gjennom endringar i grunnbeløpet, får ein tilsvarande auke frå same dato. Alderspensjon under opptening blir også oppregulert med 3,80 prosent.

Alderspensjon under utbetaling blir regulert med lønnsauken og deretter fråtrekt 0,75 prosent. Pensjonen blir først oppregulert med 3,80 prosent og frå denne summen blir det fråtrekt 0,75 prosent. Dette inneber at alderspensjonistar får auka pensjonen med 3,02 prosent frå 1. mai 2013.

Satsane for minste pensjonsnivå for alderspensjonistar er auka frå 1. mai 2013 med lønnsauken på 3,80 prosent og deretter justerte for effekten av levealdersjusteringa for 67-åringar. Dette skjer ved å multiplisere med forholdstalet i 2012 på 1,010 og dividere med forholdstallet i 2013 på 1,015. Dette inneber at satsane er auka med 3,29 prosent frå 1. mai 2013.

Satsane er frå 1. mai 2013 sette til 133 546 kroner for låg sats, 155 372 kroner for ordinær sats, 167 963 kroner for høg sats og 251 957 kroner for særskilt sats. Sjå nærare om dei ulike satsane i folketrygdlova § 19-18.

Til forsida